rundskriv nr. 22/10 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 15.12.2010 62683/2010/040 - Gjennomføring av våreksamen 2011 - elevar og privatistar I RUNDSKRIV, BREV OG INFORMASJON Fylkesutdanningssjefen viser til m. a. desse skriv frå Utdanningsdirektoratet: Brev datert 26.06.2010 om sentralgitt eksamen våren 2010 med tilhøyrande eksamensplan. Brev datert 15.01.2009 om trekkordning i Kunnskapsløftet. Rundskriv datert 28.04.2009 om IKT-basert eksamen, sist endra 15.10.2010. Brev datert 13.09.2007 om praktisk eksamen i Kunnskapsløftet, sist endra 07.12.2009. Brev datert 22.04.2009 om hjelpemidlar i Kunnskapsløftet, sist endra 30.11.2009. Brev datert 15.01.2008 om hjelpemidlar i fag for lærlingar, praksiskandidatar og eksaminandar i VKII bedriftsfag i R94, sist endra 27.04.2009. Brev datert 08.12.2010 Endring i hjelpemiddelordningen til eksamen våren 2011. Gjeld praksiskandidater og lærlinger etter Kunnskapsløftet. Brev datert 04.04.2008 om vurderings- og sensorveiledningar, sist endra 02.12.2010. Brev datert 10.06.2009 om matematikk fellesfag, endringar. Brev datert 14.09.2009 om matematikk fellesfag, overgangsordningar, sist endra 11.12.2009. Brev datert 02.02.2009 om bruk av datamaskin til eksamen i Kunnskapsløfet, sist endra 30.11.2009 Brev datert 08.12.2010 om avvikling av utsett eksamen i samisk og norsk. Brev datert 08.12.2010 om forlengelse av overgangsordning for norsk som andrespråk for elever og privatister med kort botid i Norge. NB! Skolane må sjølve halde seg oppdaterte på nettet (utdanningsdirektoratet/eksamen/eksamen i videregående opplæring) om brev og andre meldingar som vert lagt ut om eksamen. Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundveien 9 Telefon: 71 25 80 57 Telefaks: 71 25 87 99 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no
Fylkesutdanningssjefen viser til annonser i regionsavisene om våreksamen 2011 (08.01.2011 og 22.01.2011). Rettleiande eksamensplan for våren 2010 ligg ved dette rundskrivet. II ORGANISERING OG GJENNOMFØRING AV EKSAMEN Fylkesutdanningssjefen v/rådgivarar for eksamen har det overordna ansvaret for koordinering, gjennomføring og kvalitetssikring av eksamen. EKSAMEN FOR ELEVAR 1. Sentralgitte prøver Vi syner til skriva det er vist til ovanfor om sentralgitte prøver. Fylket går inn for at også lokale skriftlege eksamenar for elevar skal følgje same modell som dei sentralgitte. I ein overgangsperiode kan skriftlege oppgåver for privatistar ha eigne krav til hjelpemiddel. 2. Lokalgitte prøver a) Teknisk fagskole Som eit generelt prinsipp skal eksamen leggjast så nært opp til skoleslutt som mogleg. Dette gjeld både munnleg og skriftleg eksamen. I desse studieretningane skal eksamen gjennomførast som tidlegare. Rektor ved den enkelte skole har ansvar for: 1. å trekkje ut elevar 2. å sjå til at det blir laga eksamensoppgåver og kvalitetssikre desse 3. at eksamen blir gjennomført på rett måte b) Vg1, Vg2 og Vg3 i Kunnskapsløftet Rettleiande plan for eksamen er lagt ved. Denne eksamensplanen er ei rammeplan. Endringar av datorar grunna spesielle tilhøve ved skolen, bruk av sensorar osb. må avtalast med rådgivarar for eksamen. Oppsett over eksamensdagar(skolevis) for praktisk eksamen Vg2 yrkesfag vert utarbeid i samarbeid med fagnettverka og skolane i januar/februar 2011. Varsling for munnleg eksamen skal skje 48 timar før eksamen med unntak av eksamen tysdag 14 juni der varsling skjer torsdag 9. juni kl. 10.00 og kl. 14.30 for ettermiddagsparti, varsling til eksamen onsdag 15. juni skjer fredag 10. juni kl. 10.00 og kl. 14.30 ( I følgje Forskrift til Opplæringslova 4-23 er laurdag fridag på same måte som søndag og andre heilagdagar m.o.t. eksamen). Varslingsdato for trekkfaga ved sentralt gitt eksamen og lokalgitt, skriftleg eksamen er fredag 13. mai kl. 09:00. Rådgivarar for eksamen har ansvar for å: 1. peike ut sensorar til lokalgitt eksamen og sentralgitt eksamen med lokal sensur 2. trekkje ut parti i trekkfag etter framlegg frå skolen og oppnemne sensorar til desse 3. samordne utarbeiding av eksamensoppgåver til lokalgitt eksamen så langt det er mogleg.
Rektor har ansvar for: 1. å melde inn til Utdanningsdirekoratet i PAS-systemet trekket for sentralgitt eksamen for bådeelevar og privatistar innan fristen. 2. å melde inn til rådgivarar for eksamen elevar og fag som skal/kan prøvast. Frist for innmelding av trekk er sett til fredag 25. februar 2011. Skolane registrerer oppmeldingsforslag etter trekkreglane for alle typar eleveksamenar, også munnlege, i eksamensmodulen i Extens innan denne fristen. Oppdatering av sensorregisteret hadde frist 1. november 2010. 3. at det vert utarbeidd eksamensoppgåver og å kvalitetssikre desse i faga til lokalgitte prøver, skriftlege og munnlege, og at desse vert levert rektor innan ein fastsett dato (t. d. 1. mai). 4. gode rutinar for gjennomføring av munnleg eksamen. 5. at det vert avtalt dato for felles sensurering og at resultatet for fellessensuren vert overlevert skolen innan 22. juni 2011. Ein rår til at det vert nytta ark med gjennomslag for lokalgitt eksamen og sentralgitt eksamen med lokal sensur slik at svara kan leverast/sendast både til intern og ekstern sensor omgåande etter eksamen. For sentralgitt eksamen med sentral sensur gjeld eigne rutiner. Fylkesutdanningssjefen vil understreke at det er rektors ansvar at utsending av elevsvara skjer omgåande etter eksamen og at alle eksamensoppgåver skal utarbeidast i samsvar med forskrift og læreplan. Det er viktig at skolane legg arbeid i å lage gode og relevante oppgåver slik at det ikkje oppstår kvalitative skilnader mellom skolane innanfor dei einskilde faga. Arbeidet i fagnettverka er viktig for å kvalitetssikre eksamensoppgåvene. c) Hjelpemiddel til sentralt gitt og lokalt gitt skriftleg eksamen for elevar 3-31 i Forskrift til opplæringslova seier korleis eksamen i Kunnskapsløftet skal organiserast i høve til bruk av hjelpemiddel. I brev frå Utdanningsdirektoratet datert 12.02.2008, sist endra 30.11.2009 er det vist til 2 ulike modellar som skal nyttast til sentralgitt skriftleg eksamen. I brevet står m. a.: Modell 1: Alle hjelpemidler er tillatt. Unntak er Internett og andre verktøy som tillater kommunikasjon. For norsk og fremmedspråkene er heller ikke oversettelsesprogrammer tillatt. Modell 2: Del 1 Skrivesaker, passer, linjal og vinkelmåler er tillatt. Del 2 Alle hjelpemidler er tillatt, med unntak av Internett eller andre verktøy som tillater kommunikasjon.
Vidare i brevet er det klårgjort i kva fag dei ulike modellane er tenkt brukt. Modell 2 er spesielt tenkt brukt til matematikk og andre realfag, medan Modell 1 er normalmodell for typiske skrivefag som t.d. språkfag. Vi ser at bruk av alle hjelpemiddel vil utfordre dei som lagar oppgåver i større grad enn før. Elevar skal få vist sin individuelle fagkompetanse på alle taksonomiske nivå. Oppgåvene må difor vere såpass.opne og generelle at det vert mogleg. Oppgåver av ein type som berre etterspør reprodusert faktakunnskap vil ikkje stette krava til eksamen i Kunnskapsløftet. Bruk av datamaskin til eksamen i Kunnskapsløftet, brev frå Utdanningsdirektoratet datert 02.02.2009, sist endra 30.11.2009. Når departement og fylke no har satsa tungt på å spreie og utvikle digital kompetanse med eigne PC ar til kvar elev, ville det vere svært ulogisk at elevane ikkje skal kunne bruke sin eigen PC til eksamen. Det vil ikkje vere naudsynt å tøme datamaskina for fagstoff sidan alle hjelpemiddel kan nyttast med unntak av modell 2, del 1 der ikkje PC kan nyttast. Møre og Romsdal fylke har som skoleeigar høve til å bestemme kva hjelpemiddel som skal nyttast ved lokalt gitt eksamen. Skolen må sikre at elevar ikkje har omsetjingsprogram på maskina si i samband med eksamen i norsk og framandspråk. I tillegg må skolane anten sikre at elevane ikkje kan få tilgang til Internett, eller så må dei leggje til rette for å kunne kontrollere om elevar ulovleg koplar seg til nettet i eksamenstida. Dette kan løysast på ymse vis. Som vedlegg til dette rundskrivet(vedlegg 3) ligg eit skjema skolane kan nytte for å dokumentere at elevane er kjent med følgjene av å bryte reglane som gjeld for PCbruk til eksamen. Eksamenssamarbeidet i opplæringsregion Nord Regionen har ikkje lenger nokon formell rolle med samordning av lokale skriftlege eleveksamenar, berre privatisteksamen. Arbeidet vidare i dette eksamensamarbeidet vil vere opplæring/støtte i oppgåvelaging innan utvalde utdanningsprogram, arbeid med vurdering, samarbeid om sensur for teoriprøva for praksiskandidatar/lærlingar og felles oppgåver og sensur for skriftleg, lokalgitt eksamen for privatistar. Oppmelding av privatistar på privatistweb All oppmelding til privatisteksamen er no web-basert. Prøveavgifta for 2011 er kr. 367 for førstegongsprøve og kr. 752 for forbetringsprøve. Informasjon om oppmelding ligg på nettet under www.privatistweb.no og www.mrfylke.no. Her ligg også informasjon om kven som skal betale prøveavgifta og kven som ikkje skal betale. Privatistweb er open 1. januar til 1. februar. Fristen for oppmelding til våreksamen er 1. februar. Elevar som skal ta ny, utsett eller særskild prøve, skal melde seg til skolen dei var elev på hausten 2010. Desse skal ikkje bruke web-basert oppmelding, men
oppmeldingsfristen er den same. Elev/lærling som ikkje nyttar retten sin til å avleggje ny, utsett eller særskilt prøve ved første fastsette tidspunkt for slik prøve, må gå opp som privatist. Praksiskandidatar/Lærlingar og teorieksamen Eksamen er sentralgitt med lokal sensur. Eksamensdato er 27. mai for Vg3/VKII/avviksfag og 7. juni for Vg2/VKII-nivå og praksiskandidatar etter Kunnskapsløftet. Før ein kan melde seg opp til den praktiske delen av fagprøva, må den tverrfaglege teorieksamenen vere greidd. Informasjon om eksamen blir gitt ved oppmeldinga på web og ved den skolen kandidaten melder seg til. Det blir gitt eit kompetansebevis for den teoretiske delen av fagprøva. Kompetansebeviset skal leggjast ved oppmeldinga til den praktiske prøva. Oppmelding til den praktiske prøva skal som tidlegare sendast til utdanningsavdelinga. Økonomi Rekningane frå sensorar/eksaminatorar/oppgåvelagarar for privatisteksamen (inkl. praksiskandidatar) der fylket har bestilt dette arbeidet, skal sendast til utdanningsavdelinga for utbetaling. Utgifter for eleveksamen også for særskild, utsett og ny prøve for elevar, skal belastast budsjettet for den einskilde skole. Med helsing Per Hoem fylkesutdanningssjef Sverre Hollen ass.fylkesutdanningsdirektør Gjenpart: Gjenpart: Fylkesrådmannen Fylkesordføraren Lærarorganisasjonane Elevorganisasjonen Fagskolen i Ålesund Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda Opplæringskontor og ringar Ressurssentra i fylket
Vedlegg: Vedlegg 1 Rettleiande eksamensplan for elevar Lokalgitt eksamen Vedlegg 2 Annonsetekst for privatisteksamen Våreksamen 2011 Vedlegg 3 Skjema til bruk ved PC-basert eksamen
Vedlegg 1 RETTLEIANDE EKSAMENSPLAN VÅREN 2011 ELEVAR OG PRIVATISTAR Sentralgitte eksamenar i plana er merka med *. Sentral eksamensplan, sjå brev frå Utdanningsdirektoratet av 256.06.2010 m/vedlegg. Eventuell førebuingsdag/dagar er ikkje teke med i denne plana. NB! Varsling av trekkfag skal etter forskrift til Opplæringslova 3-30 skje 48 timar før eksamen. Kunngjering av skriftlege trekkfag er fredag 13. mai kl. 09.00. DATO Vg1 Vg2 Vg3 Fredag 13.05 Måndag 23.05 Onsdag 25.05 Torsdag 26.05 Fredag 27.05 Måndag 30.05 Tysdag 31.05 Onsdag 01.06 Fredag 03.06 Måndag 06.06 Melding om skriftleg trekk, sentalt og lokalgitt kl. 09.00 ENG1002 (st)* MATxxxx* MAT1001/MAT100 6 (yf) Melding om skriftleg trekk, sentralt og lokalgitt kl.09.00 ENG1003 (yf)* NOR1206 (yf) MATxxxx* REAxxxx* Start eksamensperiode praktisk eksamen y-fag IDR2004 Treningslære1/ andre lokale skr. trekkfag Melding om skriftleg trekk, sentralt og lokalt gitt, kl. 09.00 NOR1211 Norsk hm.(st)* Vg3, teori til fagprøve REAxxxx* FOR3001 Visuell kultur. og samf./andre skr. Lokale trekkfag NOR1212 Norsk sm.(st)* REA3005*
Tysdag 07.06 Onsdag 08.06 Torsdag 09.06 Fredag 10.06 Tysdag 14.06 Onsdag 15.06 Torsdag 16.06 Fredag 17.06 Måndag 20.06 Tysdag 21.06 Onsdag 22.06 Melding munnleg trekk Teorieksamen praksiskand. / Lærlingar* Melding munnleg trekk Melding munnleg trekk Melding,munnleg trekk Melding munnleg trekk Melding, munnleg trekk Reservedato munnleg Reservedato munnleg eks. Reservedato munnleg eks Skoleslutt, Skoleslutt, fellessensur Skoleslutt, fellessensur fellessensur Fellessensur Fellessensur Fellessensur NB! Grunna samordning av utarbeiding av eksamensoppgåver og sensurering er det viktig at skolane følgjer den oppsette plana ved dei skriftlege eksamenane. Munnleg eksamen kan avvikast frå plana dersom det vert avtala med rådgivar for eksamen.
VEDLEGG 2 LOGO MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE UTDANNINGSAVDELINGA http://www.mrfylke.no VÅREKSAMEN 2011 i den vidaregåande skolen Privatistar, lærlingar. Teoriprøva for praksiskandidatar og avviksfag Vg3/VKII. Oppmelding til privatisteksamen i Møre og Romsdal er no berre nettbasert (web). Det er totalt 10 vidaregåande skolar i fylket som gjennomfører eksamen for privatistar. Fristen for oppmelding til eksamen ved dei vidaregåande skolane våren 2011 er: Privatistweb er open for oppmelding i perioden 1.- 1. februar 2011. For informasjon og oppmelding, sjå www.privatistweb.no og www.mrfylke.no. Det er viktig at du les informasjonen på privatistweb før du melder deg opp. Skolane vi hjelpe deg med informasjon ut over det du finn på privatistweb. Vi gjer merksam på at eksamen kan bli avvikla ved ein anna skole enn den du set opp som ditt ønske. Oppmeldingsfrist: 1. februar 2011. NB! Det er ikkje høve til å melde seg til privatisteksamen etter denne fristen. Innrykk: Romsdals Budstikke, Tidens Krav, Sunnmørsposten: 8. januar 2011 og 22. januar 2011.
VEDLEGG 3 Bruk av PC til skriftleg eksamen i Kunnskapsløftet ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal 1. Elevar kan bruke privat PC til skriftlege sentralgitte eller lokalgitte eksamenar dersom ikkje noko anna er avtala. Unntak er også sjølvsagt alltid del 1 i todelt eksamen etter modell 2 der berre svært avgrensa hjelpemiddel er tillate. 2. Det er ikkje naudsynt å slette noko fagstoff på maskina sidan alle hjelpemiddel unnateke Internett/kommunikasjon er tillate. Eg er kjent med at eg ikkje har lov til å kople meg til Internett eller nytte annan form for kommunikasjon til medelevar eller andre via mobiltelefon, bluetoothsamband eller liknande i eksamenstida. Eg kjenner og til at eg ikkje kan ha installert omsettingsprogram på datamaskina når det er eksamen i norsk eller framandspråk. Eg kjenner til at skolen kan nytte eiga programvare for å kontrollere om deler av besvarelsen kan vere henta frå kjelder på Internet og at eg difor alltid må oppgi kjelde når eg nyttar stoff skrive av andre. Brot på nokon av desse reglane vil det kunne bli rekna som fusk, og det blir handsama etter 3-37 i Forskrift til opplæringslova. Konsekvens kan bli annullering av eksamen og sperrefrist på 1 år før du på nytt kan gå opp til eksamen i faget. Det kan også bli konsekvens i form av nedsett åtferdskarakter. Eg har lese og forstått reglane for PC-bruk til eksamen her... Stad og dato Elevens underskrift