Vedtekter Oppdatert 24.02.2015 1. Namn formål Namnet til laget er Ørsta Småbåtlag. Formålet til laget er: å arbeide for trygge og gode hamneplassar å ivareta felles interesser til småbåteigarane arbeide for sosialt samhald mellom medlemmane syte for vedlikehald av hamna og hamneområdet, medrekna bygningar og liknande som laget rår over syte for at leigeavtalen med grunneigaren vert halden ved like 2. Andelseigarar medlemmer Den som har kjøpt andelar i hamna er andelseigar i Ørsta Småbåtlag. Ein andelseigar har rett til ein båtplass og stemmerett på årsmøtet. Kvar andelseigar har ei stemme. Andre kan også bli medlemmar i laget, men utan stemmerett på årsmøtet. Ved tildeling av båtplass skal andelseigar med Ørsta Kommune som bustadkommune ha fortrinn fram for utanbygdsbuande. Årsmøtet fastset til ei kvar tid kor mange andelar ein bestemt type(storleik) båtplass skal tilsvara, sjå tabell under. Breidda på båtplassen blir regna frå senter til senter på utliggar. Båtar over 11 meter skal ha lang utliggar. Grunnandel bryggeplass er 10. Deretter regnes 6 andeler per meter. For lang utligger regnes tillegg på 5 andeler. For 2015 er kvar andel pålydande kr 2.250.-. Innkalling til dugnad skal skje etter liste over andelseigar/medlemer. Den som ikkje kan møte skal sjølv skaffe erstatning eller betale avgift etter den satsen årsmøte har vedteke. Ørsta småbåtlag har per 31.12.2014 199 medlemar. Av desse er 163 andelseigarar med tilsaman 5455 andelar, 24 medlemar utan andelar og har registrert 12 støttemedlemar. Det er ingen ledige andelar. 1
3. Hamneavgift Kvar andelseigar pliktar å betale årleg hamneavgift til laget. Denne hamneavgifta skal betalast sjølv om eigaren ikkje nyttar plassen. Hamneavgifta skal betalast innan 30.april. Årsmøtet fastset prisen på hamneavgifta og kan også vedta tilleggsavgifter for forsein betaling og liknande. 4. Oppseiing av båtplass - tilbakebetaling - sal Den som vil seie opp båtplassen sin, må gje skriftleg melding til styret. Båtplassar kan ikkje overdragast til andre enn Ørsta Småbåtlag med unntak av det som er bestemt i 5. Dersom båtplassen vert sagt opp grunna dødsfall, pliktar laget å løyse inn båtplassen innan seks månader etter at laget har motteke melding. Andre som vil seie opp båtplassen sin, gir styret skriftleg melding om dette. Ledige hamneplassar skal gjerast kjent for medlemmane med oppslag på hamneområdet. Betaling til eigaren vert gjort straks ny kjøpar har betalt hamneplassen til fastsett pris. Eigaren disponerer båtplassen til han får oppgjer for plassen og så lenge hamneavgifta vert betalt til rett tid. Tilbakebetaling skjer til den pris som gjeld på oppseiingstidspunktet. Den plass som er sagt opp først, skal seljast først så langt dette er praktisk mogleg. Berre under særlege tilhøve kan styret fråvike denne regelen. 5. Arv overdraging av andelar Den som har arva andelar i hamna skal gi skriftleg melding om dette til styret. Andelar i hamna kan berre overførast til born og barneborn. Andre arveforhold skal godkjennast av styret. Andelar som lengst levande ektefelle overtek i uskifta bo, vert ikkje rekna som overdraging. 6. Utleige av ledige hamneplassar Ledige hamneplassar skal helst seljast. Plassar som laget disponerer og som der ikkje er kjøpar til kan hamnenemnda leige ut. Årsmøtet fastset prisen for utleige. 7. Utleige av eigen plass Ein andelseigar har høve til å leige ut båtplassen sin. Prisen for framleige skal vere den same som laget nyttar ved utleige av ledige plassar. Skriftleg melding om kven som leiger plassen skal sendast styret av utleigaren. Leigaren må og vere medlem i laget. 8. Styre og nemnder/utval Styret er småbåtlaget sitt høgste myndigheit mellom årsmøta. Eit styre på fem andelseigarar med tre varamenn leier laget. Årsmøtet vel styret med formann, nestformann og kasserar. Nestformannen er og sekretær. Formannen skal veljast for eitt år om gongen. Dei andre i styret skal veljast for to år, men slik at berre to går ut om gongen. Laget vel for eitt år tre varamenn. Fyrste varamann møter i styret utan stemmerett. Årsmøtet skal vidare velje to revisorar og ei valnemnd på tre andelseigarar. 2
Til hamnenemnd skal årsmøtet velje sju andelseigarar (ein frå kvar brygge) for to år. Berre tre av nemnda kan gå ut av styret om gongen. Årsmøtet vel formann i hamnenemnda. Årsmøtet vel også husnemd som skal ha tre medlemmer valt mellom andelseigarane. Årsmøtet vel formann. Berre to av nemnda kan gå ut av styret om gongen. Årsmøtet kan opprette andre nemnder og utval. Andelseigarne pliktar å ta på seg ombod i styre og nemnder. Den som går ut av styre og nemnder kan nekte attval for like mange år som han har sete. Styret er klageinstans for eventuell usemje mellom nemnder/utval og andelseigarar/medlemmer. 9. Årsmøte Årsmøtet skal haldast innan utgangen av februar kvart år, og det skal kallast inn med minst to vekers varsel. Saklista skal kunngjerast på førehand. Forslag til endring av vedtekter må vere styret i hende innan utgangen av november månad. Forslag til andre årsmøtesaker må vere komne inn til styret seinast to veker før årsmøtet. Vedtak skal gjerast ved vanleg fleirtal av frammøtte andelseigarar, unnateke saker som gjeld endring av vedtekter som nemnt i 10. Formannen si stemme avgjer ved likt stemmetal. Styret kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte når dei finn det turvande. Slikt årsmøte skal og innkallast når minst 1/3 av andelseigarane krev det skriftleg. Ein andelseigar kan gje fullmakt til ein som har arverett til båtplassen i flg. 5 i vedtektene. Ingen kan møte med meir enn ei fullmakt. Ein andelseigar som er representert ved fullmektig vert rekna som frammøtt. Årsmøtet skal handsame: godkjenne innkalling og sakliste godkjenne fullmakter fastsetjing av stemmetal årsmelding frå styret rekneskap for siste år budsjett og arbeidsplan for inneverande år fastsetjing av avgifter og kontingentar for inneverande år val av styre, revisorar og nemnder andre saker som blir framlagde av styret 10. Endring av vedtektene Endring av laget sine vedtekter kan berre vedtakast på vanleg årsmøte og krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte andelseigarane. Framlegg til vedtektsendring må kunngjerast i saklista til årsmøtet. Nye vedtekter tek til å gjelde straks dei er vedtekne. 3
11. Oppløysing Oppløysing av laget kan vedtakast på årsmøtet om 2/3 av dei frammøtte andelseigarane stemmer for det. Dersom årsmøtet løyser opp laget, skal same årsmøtet vedta kva laget sine aktiva skal nyttast til. 12. Hamnenemnd dagleg leiing Hamnenemnda har det daglege mynde og ansvar i hamna og den skal kontaktast i alle hamnespørsmål. Hamnenemnda avgjer plassering av dei einskilde båtar i hamna innanfor vedtekne utbyggingsplanar. Hamnenemnda har mynde til å flytte båtplassar ved rokkering eller andre behov. Styret utarbeider og vedtek instruks for hamnenemnda. Styret kan engasjere daglegleiar/hamnevakt for eitt år om gongen. Det daglege tilsynet med hamna kan overlatast til hamnevakta. Styret utarbeider og vedtek instruks også for hamnevakta, i samråd med hamnenemnda. Hamnenemnda er underlagt styret. 13. Husnemnd Husnemnda har det daglege mynde og ansvar for bygningar som laget disponerer. Styret skal utarbeide og vedta instruks for husnemnda. Husnemnda er underlagt styret. 14. Fortøying - hamneforhold Båten skal fortøyast forsvarleg og med minst fire fortøyingar med strekkavlastar i gummi. Elektrisk tilkopling skal gjerast med godkjent utstyr. Styret/hamnevakt kan kople frå båtar som ikkje her godkjent tilkopling. Det er ikkje lov å lagre ting på bryggene(som gummibåtar) Småbåtlaget eig og held ved like brygger, fortøyingsbøyer og kjetting i hamna. Fortøyingstau må den einskilde båteigar halde sjølv. Laget er ansvarleg for forsvarleg fortøying av flytebrygger og forsvarleg fortøying mellom feste (botn) og fortøyingsblåser. Båtar som ligg i hamna skal fendrast tilstrekkeleg slik at skader ikkje vert påført eigen eller andre sine båtar. Båtar som hamnenemnda meiner meiner er ein risiko for brygga eller andre båtar, kan hamnenemnda krevje at båteigar tek på land. Dersom det ikkje vert gjort, tek hamnenemnda båten på land på eigaren si rekning og risiko. Etter sjøsetting skal båtane snarast mogleg fortøyast på båteigaren sin plass. Lengre fortøyingsopphald ved sjøsettingsbrygga er ikkje tillate. 15. Manøvrering i hamna Manøvrering innanfor hamneområdet skal gå føre seg med varsemd. Ved gange ut og inn av hamna skal det vere sakte fart. 4
16. Låsing - tjuveri- skade Portane på flytebryggene skal alltid låsast. Småbåtlaget er ikkje ansvarleg for ting som vert stolne frå båtane, eller for annan skade som blir gjort på båtar eller utstyr i hamneområdet. 17. Brot på laget sine vedtekte r Andelseigarar/medlemmar som ved sin oppførsel, fysisk, skriftleg eller munnleg skadar laget eller medlemane, eller som ikkje rettar seg etter lagets vedtekter, instruksar eller andre lovleg fatta vedtak, kan verte suspendert av styret for ei bestemt tid. Medlemen kan krevje at eit vedtak om suspensjon vert lagt fram for årsmøtet. Årsmøtet kan med simpelt fleirtal ta endeleg avgjerd i saka. I grove tilfelle kan årsmøtet ekskludere medlemen. Ein andelseigar som blir ekskludert misser retten til båtplass. 18. Informasjonsplikt Andelseigarane har til ei kvar tid plikt til å halde seg orientert om laget sine aktivitetar og føremål. All viktig informasjon blir hengt opp på lagshuset, annonse i Møre Nytt og står på heimesida, http://www.orstahamna.no/home 19. Hamnereglar Styret har myndigheit til å utarbeide bruksreglar for hamna. 5