rundskriv nr. 25/08 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: 16.12.2008 MR 38006/2008/062 Ref: Gjennomføring av eksamen våren 2009 - elevar og privatistar I RUNDSKRIV, BREV OG INFORMASJON Fylkesutdanningsdirektøren viser til m. a. desse skriv frå Utdanningsdirektoratet: * Brev datert 24.06.2008 endra 25.09.2008 om sentralgitt eksamen våren 2009 med tilhøyrande eksamensplan. * Brev datert 09.09.2008 endra 30.10.2008 informasjon om eksamen våren 2009. * Brev datert 10.01.2008 om trekkordning i Kunnskapsløftet. * Brev datert 16.10.2008 om gjennomføring av IKT-basert eksamen våren 2009. * Brev datert 13.09.2007 om praktisk eksamen i Kunnskapsløftet. * Brev datert 22.09.2008 om hjelpemidlar i Kunnskapsløftet. * Brev datert 04.04.2008 om vurderings- og sensorveiledningar * Brev datert12.09.2008 om forlenga frist for å halde eksamen i R94 NB! Skolane må sjølve halde seg oppdaterte på nettet (utdanningsdirektoratet/eksamen/eksamen i videregående opplæring) om brev og andre meldingar som vert lagt ut om eksamen. Eksamen for privatistar og elevar(dispensasjon) etter Reform 94-ordningane skal følgje dei reglane(rundskriv og brev) som gjeld for denne reforma. Fylkesutdanningssjefen viser til annonser i regionsavisene om våreksamen 2009 (19.12.2008 og 05.01.2009) Rettleiande eksamensplan for våren 2009 ligg ved dette rundskrivet. Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundveien 9 Telefon: 71 25 87 84 Telefaks: 71 25 87 99 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no
II ORGANISERING OG GJENNOMFØRING AV EKSAMEN Fylkesutdanningsdirektøren v/rådgivar for eksamen har det overordna ansvaret for koordinering, gjennomføring og kvalitetssikring av eksamen. EKSAMEN FOR ELEVAR 1. Sentralgitte prøver Vi viser her til brev datert 24.06.2008 seinare endra 25.09.2008 frå Utdanningsdirektoratet med informasjon om sentralgitte prøver med sentral sensur og sentralt gitte prøver med lokal sensur. Det er no kome eige skriv om hjelpemiddel til sentralt gitt eksamen etter Kunnskapsløftet. Fylket går inn for at også lokale skriftlege eksamenar for elevar skal følgje same modell som dei sentralgitte. I ein overgangsperiode kan skriftlege oppgåver for privatistar ha eigne krav til hjelpemiddel. 2. Lokalgitte prøver a) Teknisk fagskole Som eit generelt prinsipp skal eksamen leggjast så nært opp til skoleslutt som mogleg. Dette gjeld både munnleg og skriftleg eksamen. I desse studieretningane skal eksamen gjennomførast som tidlegare. Rektor ved den enkelte skole har ansvar for: 1. å trekkje ut elevar 2. å sjå til at det blir laga eksamensoppgåver og kvalitetssikre desse 3. at eksamen blir gjennomført på rett måte b) Vg1, Vg2 og Vg3 i Kunnskapsløftet og vidaregåande kurs II i Reform 94(Nokre få elevar med dispensasjon for 4-årig løp) Rettleiande plan for eksamen er lagt ved. Denne eksamensplanen er ei rammeplan. Endringar av datorar grunna spesielle tilhøve ved skolen, bruk av sensorar osb. må avtalast med rådgivar for eksamen. Oppsett over eksamensdagar(skolevis) for praktisk eksamen Vg2 vert utarbeid i samarbeid med fagnettverka og skolane i januar/februar 2009. Varsling for munnleg eksamen skal skje 48 timar før eksamen med unntak av eksamen måndag 15. juni der varsling skjer torsdag 11. juni kl. 10.00 og kl. 14.30 for ettermiddagsparti, varsling til eksamen tysdag 16. juni skjer torsdag 11. juni kl. 14.30 ( I følgje Forskrift til Opplæringslova 5-15 er laurdag fridag på same måte som søndag og andre heilagdagar m.o.t. eksamen).
Varslingsdato for trekkfaga ved sentralt gitt eksamen og lokalgitt, skriftleg eksamen er torsdag 14. mai kl. 09:00. Rådgivar for eksamen har ansvar for å: 1. peike ut sensorar til lokalgitt eksamen og sentralgitt eksamen med lokal sensur 2. trekkje ut parti i trekkfag etter framlegg frå skolen og oppnemne sensorar til desse 3. samordne utarbeiding av eksamensoppgåver til lokalgitt eksamen så langt det er mogleg Rektor har ansvar for: 1. å melde inn til Utdanningsdirekoratet i PAS-systemet trekket for sentralgitt eksamen for både elevar og privatistar innan fristen. 2. å melde inn til rådgivar for eksamen elevar og fag som skal/kan prøvast. Frist for innmelding av trekk er sett til mandag 16. februar 2008. Skolane registrerer oppmeldingsforslag etter trekkreglane for alle typar eleveksamenar, også munnlege, i eksamensmodulen i Extens innan denne fristen. 3. at det vert utarbeidd eksamensoppgåver og å kvalitetssikre desse i faga til lokalgitte prøver, skriftlege og munnlege, og at desse vert levert rektor innan ein fastsett dato (t. d. 1. mai). 4. gode rutinar for gjennomføring av munnleg eksamen. 5. at det vert avtalt dato for felles sensurering og at resultatet for fellessensuren vert overlevert skolen innan 18. juni 2009. Ein rår til at det vert nytta ark med gjennomslag for lokalgitt eksamen og sentralgitt eksamen med lokal sensur slik at svara kan leverast/sendast både til intern og ekstern sensor omgåande etter eksamen. For sentralgitt eksamen med sentral sensur gjeld eigne rutinar. Fylkesutdanningsdirektøren vil understreke at det er rektors ansvar at utsending av elevsvara skjer omgåande etter eksamen og at alle eksamensoppgåver skal utarbeidast i samsvar med forskrift og læreplan. Det er viktig at skolane legg arbeid i å lage gode og relevante oppgåver slik at det ikkje oppstår kvalitative skilnader mellom skolane innanfor dei einskilde faga. Arbeidet i fagnettverka er viktig for å kvalitetssikre eksamensoppgåvene. c) Hjelpemiddel til lokalt gitt eksamen for elevar 4-23 i Forskrift til opplæringslova seier korleis eksamen i Kunnskapsløftet skal organiserast i høve til bruk av hjelpemiddel. I brev frå
Utdanningsdirektoratet datert 22.09.2008 er det vist til 2 ulike modellar som skal nyttast til sentralgitt skriftleg eksamen. I brevet står m. a.: Modell 1: Alle hjelpemidler er tillatt. Unntak er Internett og andre verktøy som tillater kommunikasjon. For norsk og fremmedspråkene er heller ikke oversettelsesprogrammer tillatt. Modell 2: Del 1 Skrivesaker, passer, linjal og vinkelmåler er tillatt. Del 2 Alle hjelpemidler er tillatt, med unntak av Internett eller andre verktøy som tillater kommunikasjon. Vidare i brevet er det klårgjort i kva fag dei ulike modellane er tenkt brukt. Modell 2 er spesielt tenkt brukt til matematikk og andre realfag, medan Modell 1 er normalmodell for typiske skrivefag som t. d. språkfag. Vi ser at bruk av alle hjelpemiddel vil utfordre dei som lagar oppgåver i større grad enn før. Elevar skal få vist sin individuelle fagkompetanse på alle taksonomiske nivå. Oppgåvene må difor vere såpass opne og generelle at det vert mogleg. Oppgåver av ein type som berre etterspør reprodusert faktakunnskap vil ikkje stette krava til eksamen i Kunnskapsløftet. Når departement og fylke no har satsa tungt på å spreie og utvikle digital kompetanse med eigne PC ar til kvar elev, ville det vere svært ulogisk at elevane ikkje skal kunne bruke sin eigen PC til eksamen. Det vil ikkje vere naudsynt å tøme datamaskina for fagstoff sidan alle hjelpemiddel kan nyttast med unntak av modell 2, del 1 der ikkje PC kan nyttast. Møre og Romsdal fylke har som skoleeigar høve til å bestemme kva hjelpemiddel som skal nyttast ved lokalt gitt eksamen. Fylket går inn for at dei vidaregåande skolane skal nytte same type hjelpemiddel ved lokale skriftlege eksamenar i Kunnskapsløftet som vert brukt ved sentralgitte skriftlege eksamenar. Skolen må sikre at elevar ikkje har omsetjingsprogram på maskina si i samband med eksamen i norsk og framandspråk. I tillegg må skolane anten sikre at elevane ikkje kan få tilgang til Internett, eller så må dei leggje til rette for å kunne kontrollere om elevar ulovleg koplar seg til nettet i eksamenstida. Dette kan løysast på ymse vis. Som vedlegg til dette rundskrivet(vedlegg 3) ligg eit skjema skolane kan nytte for å dokumentere at elevane er kjent med følgjene av å bryte reglane som gjeld for PC-bruk til eksamen. Fylket vil kome med meir spesifikke tilrådingar om eksamen og PC-bruk seinare.
For dei få elevane som har eksamenar etter R94 denne våren gjeld eigne reglar for bruk av hjelpemiddel. Eksamenssamarbeidet i opplæringsregion Nord Regionen har ikkje lenger nokon formell rolle med samordning av lokale skriftlege eleveksamenar, berre privatisteksamen. Arbeidet vidare i dette eksamensamarbeidet vil vere opplæring/støtte i oppgåvelaging innan utvalde utdanningsprogram, arbeid med vurdering, samarbeid om sensur for teoriprøva for praksiskandidatar/lærlingar og felles oppgåver og sensur for skriftleg, lokalgitt eksamen for privatistar. Oppmelding av privatistar på privatistweb All oppmelding til privatisteksamen er no web-basert. Merk at fristen for å ta eksamen i studieretningsfag på GK og VK I på lege studieretningar er forlenga til våren 2010. Prøveavgifta for 2009 er kr. 345 for førstegongsprøve og kr. 707 for forbetringsprøve. Informasjon om oppmelding ligg på nettet under www.privatistweb.no og www.mrfylke.no. Her ligg også informasjon om kven som skal betale prøveavgifta og kven som ikkje skal betale. Privatistweb er open 1. januar til 15. januar. Fristen for oppmelding til våreksamen er 15. januar. Betalingsfrist er 17. januar. Elevar som skal ta ny, utsett eller særskild prøve, skal melde seg til skolen dei var elev på hausten 2008. Desse skal ikkje bruke web-basert oppmelding, men oppmeldingsfristen er den same. Elev/lærling som ikkje nyttar retten sin til å avleggje ny, utsett eller særskilt prøve ved første fastsette tidspunkt for slik prøve, må gå opp som privatist. Praksiskandidatar/Lærlingar og teorieksamen Eksamen er sentralgitt med lokal sensur. Eksamensdato er 19. mai for VKII/avviksfag og 5. juni for VKI-nivå og praksiskandidatar etter Kunnskapsløftet. Før ein kan melde seg opp til den praktiske delen av fagprøva, må den tverrfaglege teorieksamenen vere greidd. Informasjon om eksamen blir gitt ved oppmeldinga på web og ved den skolen kandidaten melder seg til. Det blir gitt eit kompetansebevis for den teoretiske delen av fagprøva. Kompetansebeviset skal leggjast ved oppmeldinga til den praktiske prøva. Oppmelding til den praktiske prøva skal som tidlegare sendast til utdanningsavdelinga.
Økonomi Rekningane frå sensorar/eksaminatorar/oppgåvelagarar for privatisteksamen (inkl. praksiskandidatar) der fylket har bestilt dette arbeidet, skal sendast til utdanningsavdelinga for utbetaling. Utgifter for eleveksamen også for særskild, utsett og ny prøve for elevar, skal belastast budsjettet for den einskilde skole. Med helsing Per Hoem fylkesutdanningsdirektør Helge Solli rådgivar Gjenpart: Fylkesdirektøren Fylkesordføraren Lærarorganisasjonane Elevorganisasjonen Fagskolen i Ålesund Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda Opplæringskontor og ringar Ressurssentra i fylket VEDLEGG: Vedlegg 1 Rettleiande eksamensplan for elevar Lokalgitt eksamen Vedlegg 2 Annonsetekst for privatisteksamen Våreksamen 2009 Vedlegg 3 Skjema til bruk ved PC-basert eksamen i Kunnskapsløftet
Vidaregåande skolar i Møre og Romsdal Versjon 12.12.08 VEDLEGG 1 RETTLEIANDE EKSAMENSPLAN VÅREN 2009 ELEVAR LOKALGITT EKSAMEN DATO Vg1 Vg2 Vg3 Melding om skriftleg trekk, sentralgitt og lokalgitt kl 14.30 Torsdag 14. mai Melding om skriftleg trekk, sentralgitt og lokalgitt, kl. 14.30 Torsdag 14. mai Melding om skriftleg trekk, sentralgitt og lokalgitt, kl. 14.30 Torsdag 14. mai Fredag 29.05 NOR1206 Norsk skr. Måndag 01.06 2.pinsedag 2.pinsedag 2.pinsedag Tysdag 02.06 Onsdag 03.06 Torsdag 04.06 Fredag 05.06 Start periode praktisk tverrfagleg eksamenvg2 Start periode praktisk tverrfagleg eksamenvg3 Måndag 08.06 Tysdag 09.06 MAT1001 Matematikk P MAT1006 Matematikk T IDR2004 Treningslære 1/ Andre skr. lokale trekkfag FOR3001Visuell kultur og samfunn/andre skr. lokale trekkfag Onsdag 10.06 Melding munnleg trekk Torsdag 11.06 Melding munnleg trekk Melding munnleg trekk Melding munnleg trekk Fredag 12.06 Melding munnleg trekk Slutt periode praktisk tverrfagleg eksamenvg2 Melding munnleg trekk Slutt periode praktisk tverrfagleg eksamenvg3 Melding munnleg trekk Munnleg eksamen Måndag 15.06 Munnleg eksamen Munnleg eksamen Munnleg eksamen Tysdag 16.06 Munnleg eksamen Munnleg eksamen Munnleg eksamen Onsdag 17.06 Fellessensur* Fellessensur* Fellessensur* Torsdag 18.06 Fellessensur* Fellessensur* Fellessensur* Fredag 19.06 Reservedato munnleg eksamen Reservedato munnleg eksamen Måndag 22.06 Ingen eksamen Ingen eksamen Ingen eksamen Tirsdag 23.06 Skoleslutt Skoleslutt Skoleslutt Reservedato munnleg eksamen Detaljoppsett over eksamensdagar for praktisk obligatorisk eksamen for a Vg2 og praktisk/munnleg eksamen på Vg3 vert laga i samråd med skolane/fagnettverka i januar februar 2009. Lokale eksamenar på Vg3 utanom reint munnlege er i hovudsak tenkt lagt veke 23 eller tidleg i veke 24. Datoane for munnleg eksamen er å oppfatte som ei rammeplan der vi forventar at eksamen skal kunne liggje. Detaljplanlegging seinare kan tvinge fram nokre endringar. *) Dersom ansvarlege fylker allokerer sensorar til sentralgitt skriftleg eksamen tidleg nok, kan desse datoane nyttast til munnleg eksamen for sensorar som ikkje deltek i sentral sensur. Det krev at vi kan lese denne informasjonen ut frå PAS tidleg nok til å styre dette. Sidan vi ikkje veit om dette let seg gjere, må vi i utgangspunktet frita desse to dagane frå eksamen.
UTDANNINGSAVDELINGA http://www.mrfylke.no VEDLEGG 2 VÅREKSAMEN 2009 i den vidaregåande skolen Privatistar, lærlingar. Elevar/lærlingar som har rett til ny, utsett og særskild eksamen. Teoriprøva for praksiskandidatar og avviksfag VKII. Oppmelding til privatisteksamen i Møre og Romsdal er no berre nettbasert (web). Det er totalt 10 vidaregåande skolar i fylket som gjennomfører eksamen for privatistar. Fristen for oppmelding til eksamen ved dei vidaregåande skolane våren 2009 er: Privatistweb er open for oppmelding i perioden 1.- 15. januar 2009. For informasjon og oppmelding, sjå www.privatistweb.no og www.mrfylke.no. Det er viktig at du les informasjonen på privatistweb før du melder deg opp. Skolane vi hjelpe deg med informasjon ut over det du finn på privatistweb. Vi gjer merksam på at eksamen kan bli avvikla ved ein anna skole enn den du set opp som ditt ønske. Elevar som skal ha ny, utsett eller særskild prøve melder seg direkte til skolen dei hadde faget ved hausten 2008. Oppmeldingsfrist: 15. januar 2009. NB! Det er ikkje høve til å melde seg til privatisteksamen etter denne fristen. Innrykk: Romsdals Budstikke, Tidens Krav, Sunnmørsposten:19. desember 2008 og 5. januar 2009.
VEDLEGG 3 Bruk av PC til skriftleg eksamen i Kunnskapsløftet ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal 1. Elevar kan bruke privat PC til skriftlege sentralgitte eller lokalgitte eksamenar dersom ikkje noko anna er avtala. Unntak er også sjølvsagt alltid del 1 i todelt eksamen etter modell 2 der berre svært avgrensa hjelpemiddel er tillate. 2. Det er ikkje naudsynt å slette noko fagstoff på maskina sidan alle hjelpemiddel unnateke Internett/kommunikasjon er tillate. Eg er kjent med at eg ikkje har lov til å kople meg til Internett eller nytte annan form for kommunikasjon til medelevar eller andre via mobiltelefon, bluetoothsamband eller liknande i eksamenstida. Eg kjenner og til at eg ikkje kan ha installert omsettingsprogram på datamaskina når det er eksamen i norsk eller framandspråk. Eg kjenner til at skolen kan nytte eiga programvare for å kontrollere om deler av besvarelsen kan vere henta frå kjelder på Internet og at eg difor alltid må oppgi kjelde når eg nyttar stoff skrive av andre. Brot på nokon av desse reglane vil det kunne bli rekna som fusk, og det blir handsama etter 4-25 i Forskrift til opplæringslova. Konsekvens kan bli annullering av eksamen og sperrefrist på 1 år før du på nytt kan gå opp til eksamen i faget. Det kan også bli konsekvens i form av nedsett åtferdskarakter. Eg har lese og forstått reglane for PC-bruk til eksamen her... Stad og dato Elevens underskrift