Toppidrettsprisen 2016/2017 Sak 11/2017 Toppidrettstipend 2016/2017 Førde IL har i 2016/2017 hatt følgjande utøverar som har delteke på internasjonalt nivå: Karoline Erdal (skiskyting), Silvia Kapstad (styrkeløft), Håvard G. Bogetveit (skiskyting), Gjøran Tefre (langrenn), Fredrik Våge Hovland (styrkeløft), Ole Martin Erdal (skiskyting), Kari B. Hole (alpin), Torstein Bu (langrenn), Sindre Hoff (randonee/skimountaineering). For ordens skuld tek vi også med at Nils Olav Kongsvik (hopp) ikkje berre deltok, men tok også eit nytt gull i veteran-vm i Austerrike. Prestasjonane/nivået til dei enkelte skal vere omtalt i styreprotokollane for 2016/2017. Vedtak: Styret vedtek at følgjande vinner Førde IL sine toppidrettsstipend for 2016/2017: Karoline Erdal (FIL Skiskyting) Silvia Kapstad (FIL Styrkeløft) Håvard G. Bogetveit (FIL Skiskyting) Gjøran Tefre (FIL Langrenn) Vinnarane blir presentert for årsmøtet 30.03.2017, og får utdelt kr. 10.000 i høve 17. mai arrangementet i Førde jf. tradisjon og budsjett. Vinnarane blir invitert til å gå under fana til Førde IL i folketoget.
Karoline Erdal f. 1997 (FIL Skiskyting) Utteken på rekrutteringslandslaget 2016/2017 etter bl.a sprint-gull og stafettbronse i junior-vm i Romania januar 2016 (28,5 sek sigersmargin på sprinten) Knalldebuterer som «seniorløpar» under sesongstarten på Sjusjøen i november 2016. Med heile elitelandslaget til stades, så blir Karoline beste norske kvinneløpar på 4. plass. Får sin World Cup debut i svenske Østersund. Får ny World Cup deltaking i Holmenkollen i mars 2017. EM-sølv mixed stafett i Polen, januar 2017. Beste norske løpar i fleire av dei individuelle EM-renna. Nytt stafett-gull under junior-vm i Slovakia, februar 2017. Litt stang ut i dei individuelle jr-vm renna. Spesielt på jaktstarten, der ho leiar løpet før siste skyting som endar med 3 bom. Pr mars 2017 aspirerer Karoline til nye World Cup renn i 2017, men i røynda også elitelandslaget 2017/2018. Når Firda kårer årets idrettsnamn 2016, er Karoline rangert på 6. plass (4. plass av dei aktive etter Kjerstin Boge Solås og skiskytter-brørne Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø).
Silvia Kapstad f. 1996 (FIL Styrkeløft) Tatt 8 internasjonale meisterskapsgull sidan førre årsmøte. I kronlogisk rekkefølgje: 4 dobbelt europameister under junior-em styrkeløft i Malaga, Spania 16.04.2016. Ny pers 542,5 kg samanlagt etter serien: o Knebøy 212,5 kg (Gull) o Benpress 130,0 kg (Gull) o Markløft 200,0 kg (Gull) o Totalt 542,5 kg (Gull) 4 VM-gull i junior-vm styrkeløft i Szcyrk, Polen 01.09.2016. Ny pers med 550 kg totalt i klasse 72 kg, heile 40 kg betre ein næraste konkurrent. Best i alle øvingar: o Knebøy 222,5 kg (Gull) o Benpress 125,0 kg (Gull) o Markløft 202,5 kg (Gull) o Totalt 550,0 kg (Gull) Når Firda kårer årets idrettsnamn 2016, er Silvia rangert på 12. plass (9. plass av dei aktive). Silva spelte på FIL fotball sitt A-damelag seinast i 2013. Deltok på sitt første styrkeløft-stevne vinteren 2014, men starta skikkeleg med styrkeløft-satsinga så seint som i november 2014. Ho har vore instruktør på FIL Sommaridrettsskulen i fleire år. Uttatt på juniorlandslaget hausten 2015. Fekk sølv og bronse med heim frå sitt første junior-vm i Praha i september 2015.
Håvard Gutubø Bogetveit f. 1992 (FIL Skiskyting) NM-Sølv og NM-bronse individuelt i 2017 (januar og mars) kun slått av Johannes Thingnes Bø og Emil Hegle Svendsen. NM-Gull stafett 2017 for Sogn og Fjordane i lag med lagkamerat Ole Martin Erdal, mars 2017 3. og 4. plass individuelt under IBU-cup i Kontiolathi 4-5. mars 2017 Grunna sjukdom og skader før nyttår, har han fått deltekte på langt færre renn ein planlagt på forsesongen 2016/2017. Men han kom likevel sterkt attende!
Gjøran Tefre f. 1994 (FIL Langrenn) Debuterte i World Cup 2015/2016 sesongen, og sjukdom hindra ein ny World Cup opptreden i Holmenkollen i mars 2017. Uttatt på Thomas Alsgaard-laget «Team LeasePlan» i mai 2016. Sølvmedalje 30 km friteknikk under U23-NM på Nannestad 26.02.17. 5 plass i sprint same meisterskap. Nummer 3 på det TV-sendte rulleskirennet Oslo Skishow i Holmenkollen 03.06.2016. Leia etter prologen, og leia også finalen til det gjenstod 15-20 meter med heile elitelandslaget til stades. Fleire hederlege plasseringar i Norgescup og Skandinavisk cup Nummer to i klasse M20 24 under Birken 2017 (nr 30 totalt) Ranka som Norges 25. beste distanseløper og 16. beste sprintløper på herresida (Petter Northug jr. høvesvis nr 19 og 20 på same lister). Distanserankinga er opp 25 plasser frå førre sesong.