Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem



Like dokumenter
Frå novelle til teikneserie

Gå ut og gjer disiplar

Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg?

Periodeplan for Nøtteliten Våren «Språk i barnehagen, mye mer enn bare prat»

Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET?

Tekstskaping som leseundervisning

Vår Visjon: SAMAN ER VI BEST

Ulikskapens magre kår eit eit hinder for god stadsutvikling? Ulikhetens magre kår Ulikhetens magre Eksempel I: J g er me

Middle East Girl s Football Festival I Jordan Dei 9 dagane som gjekk så alt for fort

Barn i Torstadsonens barnehage skal oppleve mestring, til glede for seg selv og for felleskapet.

Historia der vi får møte Anna for første gong, og den skumle elggjengen som inntek Kongleriket

LØVELOVEN VI ER VENNER.

Hvorfor blir det færre og færre elever på noen skoler enn på andre?

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

SLIK JOBBER VI I FORHOLD TIL RAMMEPLANEN I HVERDAGEN:

Høstbrev fra Regnbuen

Hei. 1 Høstprosjekt, se etter høsttegn. Side 1 av 3

Om å høyre meir enn dei fleste

Gjennom ord blir verda stor GOD LESESTART! Tips til nynorske barnebøker

HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE

Gluggen. Nr. 3/2008 Skule- og bygdeavis for Ulvik 35. årgang. Ny førsteklasse på Brakanes skule

September nytt. Barnehageloven sier:

Aktiv kvar dag i barnehagen

STORD KOMMUNE. Rapport. Prosjekt " Modell for bustadbygging" Stord oktober "Der alle skulle tru at nokon kunne bu

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring

Transkript:

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Denne månaden har me jobba med tema tog. Me har lagt opp til varierte erfaringar for læring. Dei store har lekt med det fine toget dei har laga av banan-øskjer. Det har vore stas. Dei har og fått leke tunell under bordet. Der var det mørkt, så me måtte ha lommelykt. Dei har dramatisert at dei sjølve var tog, lest bøker om tog og sett tog på nettet(flåmsbanen) Dei minste har denne månaden fått forme eit flott tog av mjølkekartong. Her får dei erfare maling og liming. Me har sett at dei kosar seg med forming, difor gjer me mykje av det. Det er både «spor» frå barna og tilpassing slik at dei får være med å prege arbeidet på Skulefjedle. I tillegg har denne gruppa begynt å gå på tur. Me går utan vogn, og me går superkorte, men spanande turar i nærmiljøet. Me har sett både konglar, buss, hundebæsj, julepynta hus, fuglar og mykje meir. Turane har vore mellom 200 og 400 meter lange. Barna er gode og trøytte når det er leggjetid på torsdagen/turdagen. Månaden som kjem Me har vore på leit etter kva barna har vore opptekne av no i januar. Me fann ut at mange av dei store tykte det var spanande med ville dyr frå Afrika. Det gjer at me valte dette som tema vidare. Me knyter det opp mot ei togreise, der me «liksom» besøkjer ville dyr i dyrepark og i Afrika Når tema var valt, så var neste steg å finne ut kva me kunne gjere for å lage eit gildt og lærerikt prosjekt kring ville dyr. Me har funne fram mange dyr sjølvsagt, og me vil utforme delar av romet til lek med ville dyr, ha forming inspirert av dyr og hengje opp bilete av dyr på avdelinga. I samlingane vil me syngje og lese om dyr og sjå på nettet om det finns filmsnuttar om dyr. Slik vil me leggje til rette for samtalar, lek og aktivitetar som fremjer læring kring temaet ville dyr. Dokumentasjonen frå prosjektet, både kunsten og dokumentasjon elles vil munne ut i ei utstilling den 20. mars på barnehagedagen. Foreldra vert invitert til kaffi og utstilling. Dersom foreldra vil, kan dei bidra til prosjektet. Det me treng er idear til gode bøker og forteljingar kring ville dyr(ikkje for kommersialisert) og kostnadsfrie materialer til forming.

Det kan være skjell, plastplanter(til jungel), nøter, skinnbetar, treskiver og andre gratismaterialer som er estetisk fine. I tillegg til prosjekt fortset me med «Min song» til alle barna er ferdig, og me har dialogisk lesing for dei største barna. Dei elskar å verte lest for. 27. februar vert det karneval. Barna på Ulvanuten skal få være med å planleggje og bestemme korleis festen skal være. Dette er begynnande medbestemmelse og demokratiopplæring. De foreldre får nærmare informasjon når det har vore barnemøte. Likevel tenkjer me på Skulefjedle at det er viktig å tenkje enkelt når det gjeld kostymar. Me i barnehagen har ikkje lyst at foreldra skal føle at dei må kjøpe dyre kostymer. Mange gonger kan ein få til tøffe ting med det ein allereie har heime. Me i barnehagen hjelper Dykk gjerne, for eksempel med å male ansiktet til barnet med ansiktsmaling, eller vise korleis ein kan lage enkle øyrer og halar. Eit eksempel er om barnet har på kvit eller brun strømpebukse og jumper. Så lagar, eller kjøper ein nokre kaninøyre, og VIPS så er barnet ein kanin. Like enkelt med katt, bjørn, hund m.fl. Barna vil få være med på enkel forming knytt til karnevalet, og me vil pynte Skulefjedle til fest. På karnevalet vert det mat som dei store barna har bestemt, fellessamling med lek og underhaldning, og kan hende Pinjata-lek. Me tykkjer det er nokre skjønne ungar, me har på Skulefjedle. Dei er flinke til å leike, og dei største begynner å få til litt samleik. Det tykkjer me er kjekt. Me ser og at nokre barn har fått seg ein favoritt mellom dei andre barna. Ein begynnande venn, kan hende? Hugs! - 27. februar vert det karneval. Alle møter i kostymar! Ta med kostnadsfritt materiale om du/de har Ingen fødselsdagar i februar. Med venleg helsing Rigmor Refsnes, pedagogisk leiar på Skolefjedle Bilete frå prosjektet: