Bø Turlag 2017 Formålet med laget er å utvikle turlivet i Bø særleg å leggje til rette for og fremme friluftslivet og betre kjennskapen til området. Laget sine oppgåver er bl.a. å rydde og merke stiar og arrangere turar i samarbeid med andre lag. I tillegg til dette skal laget argumentere for interessene til friluftslivet i aktuelle politiske saker. Bø Turlag hadde 337 medlemmer i 2016. Laget er medeigar i Bø Løypelag som køyrer opp Vihusløypa og skiløypene nede i bygda. Laget blei stifta i 1976. Ny Haugesag bru over Juvsåa. Dette var ei gåve til bygda frå Bø Turlag som markerte 40 år i 2016. Foto: Arne Hjeltnes. Bø Turlag sjå heimeside og Facebook
Turstiar Hovudformålet med merking av stiar i skog og fjell er å leggje til rette for at turfolk skal kjenne seg trygge i naturen og ta seg fram til turmålet og tilbake. Turlaget ønskjer også å ta vare på gamle ferdselsårer ved å rydde dei etter behov. Enkelte område i kommunen bør liggje urørt utan merka stiar, og da er det opp til vandraren sjølv å finne vegen og målet. I 2017 har laget 145 km merka stiar å vedlikehalde. Vi samarbeider med Gvarv Turlag, Notodden Turlag og Seljord Turlag om vedlikehald av stiar som kryssar grenser til andre kommunar. Foto: Bente Dysthe Langetjønn på Lifjell på kanten av «stupet». Foto: Astrid Brockhus. Hjelp til med å halde stiane fine!
Turområde Turområda har informasjonstavler ved ein eller fleire parkeringsplassar og eit nettverk av merka stiar - minimum ei rundløype. På heimesida vår kan du sjå klikkbare web-kart og omtale av turområda. Alle stiane finn du på trykt kart Turkart Bø (2011). Inge Bø og Thorvald Amundsen har hovudansvar for turområda. Turområde Breisås Bryggefjell Bøelva (Kultur- og folkestien) Folkestadåsane Gygrestolen Høyslass - Bruskor Årmotdalen - Bukkelifjellet Gamlestulfjellet - Røytebufjellet Lifjell - Rundt Røksbufjellet Oksledalen til Holmendammen Jønnbu Hollane - Øysteinnatten Grønbygil - Økteren - Hollanfossen Andre turstiar Hørte - Skvisla - Ølsbru Høgfosskåsa Ølsbru - Vermelia Lauvtjønn Ansvarleg for turområde/trasé Bjørn Steen og Inge Bø Sveinung Astad Thorvald Amundsen og Halvor R. Gåra Margaret Seim og Helge Eika Terje Slåttedalen Arne Hjeltnes Gunnar Li Olav Halstensgård Leif-Gunnar Brekke Kristian Rantala Gunleiv Brukås, Thorvald Amundsen og Jarle Tyvold Gunleiv Brukås Bjarne Herrefoss Hans Hegna Bøkstulnatten like ved Jønnbu på Lifjell. Foto: Ingvild Djuvik
Turprogram Dato Turmål Turleiar Kommentar 5. feb. 12. mars 26. mars 18. april 23. april Onsdag 26. april 2. mai 9. mai 14. mai Laurdag 13. mai 21. mai Torsdag 25. mai 28. mai 6. juni Lifjell på langs Krinto Blåveistur, Vefall Vefall-Brekke Haukvikfjellet Forberg/Bergenåsen, sykkel Brekkegrenda Espedalen Brita R Iversen Gunleiv Brukås Sindre Flø Halvor Gåra Kristine Haugen Gvarv Turlag Margit og Bjørn Steen Haldis Brekke Aanonsen Hans E. Ågotnes Kom deg ut-dag Krevjande tur frå Grimås til Jønnbu Skileik på Lifjell Midt-Telemark Seniorlæring Trollsafari Sør-aust for Akkerhaugen. Frå Gvarv st. kl. 17.00 Kveldstur: noko på sykkel, noko til fots. Lett tur Lett tur Klatredag Fugletur Øyvind Steifetten Med Naturvernforbundet Tveittjønna i Eikjabygda Skiskyttarstadion Pilegrimsvandring Maskat Gautil frå Seljordsvatnet Mari Eika Kyrkjekontoret m.fl. Ingrid Askildt og Ingrid Bergane Tor Lønnestad og Jan Anders Haugland Fisketur Vandring frå Nes Kyrkje til Bø Kyrkje Middels krevjande, frå Holtan Damtjønn Kveldstur, middels krevjande
Dato Turmål Turleiar Kommentar 13. juni Bryggefjellryggen Halvor Gåra Kveldstur, middels krevjande Onsdag 14. juni Rusletur i Bø sentrum Ingvar Skobba og Finn Rønning Samarbeid med Bø Museum 12-13 aug. Holtan Damtjønn, Gvarv Hanne P. Jensen Turbotur med padling, fiske og overnatting 22. aug. Husefjell i Lunde Thorvald Amundsen Kveldstur, middels krevjande 3. sept. Folkestadåsane Ingvil O. Djuvik Kom deg ut-dag 3. sept. Tåråfjell frå Grønkjær Halvor Gåra Dagstur, middels krevjande 5. sept. Sopptur Margit og Bjørn Steen Atterhald kan bli flytta etter soppen! Laurdag 9. sept. Turisthytte ved Gavlsjå Arne W Hjeltnes Opning av ny turisthytte til Notodden Turlag 10. sept. Tangen på Hørte Veronika Tomkova Mat i naturen 17. sept. Bømarsjen: Vatnar/Roheim Bø Turlag Dagstur 24. sept. Frå Teksten til Bø over Breisås Margit og Bjørn Steen Dagstur, middels krevjande 1. okt. Bryggefjell Brita R. Iversen Topptur til Bryggefjell 5. nov. Breisås Dag-Øyvind Djuvik Kart og kompass i skogen Turane blir annonsert i Bø Blad ei eller to veker på førehand. som har oftast eige annonsering.
KONTINGENT 2017 Dersom du ønskjer å støtte Bø Turlag og det arbeidet me gjer, finn du innbetalingsblankett for medlemskontingenten vedlagt. Du kan også registrere deg på heimesida vår. Hugs å skrive namn og adresse på alle medlemmene ved innbetaling, slik at me kan halde medlemsregisteret vårt à jour. Stort medlemstal gjev politisk tyngde i arbeidet vårt for friluftslivet i Bø. Kontingent 2017 Tal vaksne... á kr 150,- Tal barn... á kr 50,- (under 16 år) Betal til Bø Turlag v/jarle Tyvold Øvre Borgvin 33 3801 Bø i Telemark 3801 Bø NB! Hugs å skrive namn og adresse på alle medlemmene ved innbetaling. Kontonummer: 2630.07.03118 Ved Kloppsteintjønna: Foto: Ingrid Bergane
Grasrotandelen Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velje Bø Turlag som din "Grasrotmottakar". Vi håpar du kan tenkje deg å støtte oss! Kort om Grasrotandelen Tenk deg at du kan spele favorittspela dine som f.eks. Lotto, Tipping og Joker og samtidig gi noko til Bø Turlag. Dette er mogleg via Grasrotandelen. Ved spel hos Norsk Tipping vil 5 % av innsatsen gå direkte til Bø Turlag (gjeld ikkje Extra og Flax). Merk at Grasrotandelen ikkje på nokon måte går ut over innsatsen eller premien din du blir ikkje belasta noko for å vera grasrotgjevar. Du treng Norsk Tipping Spelekort for å knytte deg til grasrotandelen. Spelekort får du kjøpt hos kommisjonær, eller du kan bestille det på www.norsk-tipping.no. Korleis gjer du det? 1. Hos kommisjonær Skriv ut strekkode med organisasjonsnummer. Ta med deg organisasjonsnummer og spelekortet ditt til ein av Norsk Tipping sine kommisjonærar. 2. SMS Send kodeordet «GRASROTANDELEN 988685429» til 2020 (tenesta er gratis) 3. Internett www.grasrotandelen.no eller www.norsk-tipping.no og gjer tilknytinga der. Varden på Bryggefjell Foto: Arne Hjeltnes Gi grasrotandelen til Bø Turlag!
Styret i Bø Turlag Styremedlem Arne Hjeltnes (leiar) Tor Lønnestad Siri Stauch-Hansen Jarle Tyvold Øystein Akselberg 46 45 18 50 91 51 11 54 91 71 88 09 92 44 82 85 90 63 84 53 Vara Ingrid Bergane Halvor R Gåra Thorvald Amundsen Wenche Kristine Rulnes Røstad Synnøve Tryggestad Andre aktivitetar i 2016 Det største prosjektet i 2016 ut over det ordinære vedlikehaldet av stinettet med skilt og plakatar har vore å få på plass den nye brua over Juvsåa. Med stor dugnadsinnsats og godt samarbeid med ein profesjonell entreprenør, sto brua klar til bruk. Prosjektet var fullfinansiert med støtte frå Gjensidigestiftelsen og Statens Vegvesen. Ein ny sti er under arbeid frå Nedre Rennetjønn på grensa mellom Bø og Sauherad og skal kople seg på stien frå Roheim til Maskat. Dette vil føre til nye, flotte rundløyper i området. Prosjektet held fram i 2017. Fossen i Valjuvet. Foto: Arne Hjeltnes.
Trilletur Trilletur kvar tysdag kl. 11.00. Viss ikkje anna er avtalt, er det oppmøte utanfor Spar. Turen tar om lag ein time. Etterpå er det sosialt samvær på Meierismuget. Dårleg vêr er inga hindring, men mange kuldegrader er ikkje bra for små krabatar. Bli med når du har lyst. Du treng ikkje delta kvar veke! Trillegruppa har eiga Facebook-side kor dei gjer avtale om neste tur. Sjå og oppslag på Helsestasjonen, Bø legesenter eller Bø Turlag si heimeside. Trilletur til Vihus. Foto: Maylen Mæland Kontaktperson Ingvild Ørstavik, mobil: 92 82 25 14 Rusletur Ein fast dag i veka kan du gå ein tur i Evjudalen eller områda omkring. Vi planlegg oppstart i april. Gullbring blir møteplass etter turen. Her vil ein "Turvert" ta imot dei som kjem og passe på at alle føler seg velkomne. Vi ønsker å prøve eit nytt opplegg i år der fleire organisasjonar samarbeider om opplegget: Frivilligsentralen/Røde kors, Aktive eldre, Bø Turlag og Oterholt helselag. Møteplass for rusleturane vil vere i Gullbring kulturanlegg. Foto: Arne Hjeltnes Kom deg ut og bli kjent i bygda!
Turknappen Delta på Turknappen og bli kjent på nye spanande stader i bygda vår! Kravet til turknappen er å gjennomføre turar til minst fem av postane. Skjema for registrering finn du på neste side og på heimesida vår. Det leverast til Brukås Sport eller på heimesida innan 15. januar 2018. Sjå omtale og kart til turpostane på heimesida vår. Turknappnemda: Solvor Marie Brukås Folkestad, Halvor Gåra, Morten Rask Arnesen og Håvard Hogstad Erikstein. Premiar 1 år: Bronseknapp 15 år: Diplom 5 år: Sølvknapp 20 år: Plakett 10 år: Gullknapp 25 år: Keramikkvarde Badeplassen ved Åstjønn. Foto: Heidi Vege Bø arrangerer familieturar og varierte aktivitetar i Bø og nærområdet. Arrangementa er ein fin arena for å treffe andre familiar som likar å vere ute, og det er moro for barna å vere på tur med andre på same alder. Alle har sjølv ansvar for sine eigne barn på turane. Medlemskap i er for barn frå 0 til 12 år, men alle er sjølvsagt velkomne på turane. Bø er ein del av Telemark Turistforening og samarbeider med Bø Turlag. Turprogram og meir informasjon finst på Bø si Facebook-side og www.telemark.turistforening.no Kontaktperson: Ingvil Olsen Djuvik, tlf. 975 22 219 Kom deg ut-dagen ved Store Trytetjønn. Foto: Ingvil Olsen Djuvik Bø Turlag og inviterer til aktivitetar
Registreringsskjema for turknappen 2017 Utfylt skjema leverast til Brukås Sport eller på heimesida innan 15. januar 2018. Namn:... Turknapp-mål Høgde Dato Faste turpostar Bryggefjell vest for Liheia Gygrestolen i Uvdalsheia Høyslass vest for Nordbøåsane Jøronnatten på Lifjell Maskat på Askildtfjellet Øysteinnatten på Lifjell Ånto under Bryggefjell Åstjønn i Breisås * 778 moh 490 moh 375 moh 1 275 moh 686 moh 1 174 moh 500 moh 345 moh Turpostar frå tidlegare år Kakelovnshola, Bryggefjell * Båntjønn, Stadskleivåsen * Steinkyrkjefjellet, v/nordskog Rupetjønnuten, Nybufjellet 620 moh 306 moh 255 moh 1 123 moh Nye turpostar i 2017 Bøkstulnatten, Lifjell * Sud-Løyningen, Uvdal * Meinstadfjellet, Øvre Bø Eikholnuten, Uvdal * Høgfoss, Åseåa * * Familievennlege turar 928 moh 300 moh 466 moh 318 moh 150 moh Bø Turlag på heimeside og Facebook