MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 30.03.2017 Tid: kl.16:00-18:30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista vart gjort tilgjengeleg elektronisk 22.03.2017. Møtet vart kunngjort på heimesida. Desse medlemene møtte: Agnete Digranes Årvik Turid Glesnes William Sandven Lindborg Magne Djuvik Lars Erik Dalland Ranveig Næss Jan Birger Landøy Marianne Borge Gustav Folkestad Parti Ap Ap Ap Frp H H Sp Sp V På førehand hadde Ranveig Næss, H, sagt seg ugild i sak 025/2017. Herborg Nordtveit, Sp, var kalla inn som varamedlem i den saka. Frå administrasjonen møtte: Terje Raunsgard, fungerande rådmann Helle Holte Bruland, arealplanleggar Arild Knutsen, byggesakshandsamar Jan Egil Leirstein, plan- og bygningssjef Møtenotat: Orientering: Administrasjonen, ved arealplanleggar Helle Holte Bruland, orienterte om kystsoneplan for Sunnhordaland og ytre Hardanger, som ligg ute på høyring med høyringsfrist 12.mai. Utvalet vart samde om å møtast den 20.april kl 16-18 for å arbeide fram/førebu eit høyringsutkast til kommunestyremøtet den 27.april. Spørsmål og svar: Lars Erik Dalland stilte 2 spørsmål til innkalling og sakliste: 1. Ynskje om fast post om at plan- og bygningssjefen eller administrasjonen kan orientere om aktuelle saker og status dvs saker som er mykje omtalt og ikkje avslutta 2. Kvifor ikkje sak om Vinnesbruddet var på saklista. Til spørsmål 1 svarte fungerande rådmann og plan- og bygningssjefen at administrasjonen vurderer forslaget og foreløpig løyser det med at utvalsmedlemer kan sende inn spørsmål i god tid før møtet om aktuelle saker som det er ynskje om orientering i. Til spørsmål 2 svarte utvalsleiar og plan- og bygningssjefen at sak om Vinnesbruddet ikkje er klar til politisk handsaming på noverande tidspunkt. Administrasjonen arbeider med saka og førebur den til politisk handsaming. Saka kjem opp når ho er godt nok utgreidd.
Merknader til innkalling og sakliste: Det var elles ingen merknad til innkalling og sakliste. Magne Djuvik leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 31.mars 2017 Magne Djuvik Leiar Jan Egil Leirstein Ansvarleg sekretær Side 2
Sakliste Sak nr. Tittel 020/2017 Godkjenning av møteprotokoll 021/2017 Skriv og meldingar 022/2017 Delegerte saker 023/2017 GBNR 34/18 - Opsal - dispensasjon til bygging av kai og naust på tomt nr. 10 024/2017 GBNR 7/34 - Boge nedre - einebustad - handsaming av klage 025/2017 GBNR 9/61 - Gaustad - søknad om dispensasjon for tilbygg på garasje 026/2017 GBNR. 118/6 - Nordtveit - oppføring av bustad og garasje med ny avkøyrsle 027/2017 GBNR. 93/7 - Haugen søndre - søknad om påbygg av bustaddel 028/2017 Orientering - Godkjenning av detaljplan for miljø og landskap - Lygre kraftverk 029/2017 Høyring og offentleg ettersyn - Detaljregulering for Selvågen hyttefelt 030/2017 Høyring og offentleg ettersyn - Detaljregulering for Selsvika bustadfelt - Dallandsvegen 031/2017 Kartlegging og verdisetjing av lokale friluftsområde Side 3
020/2017: Godkjenning av møteprotokoll Møteprotokoll frå møte 02.02.17 vert godkjent. UPM- 020/2017 Vedtak: Møteprotokoll frå møte 02.02.17 vert godkjent. 021/2017: Skriv og meldingar Skriv og meldingar vert teke til etterretning. UPM- 021/2017 Vedtak: Skriv og meldingar vert teke til etterretning. 022/2017: Delegerte saker Delegerte saker vert tekne til etterretning. UPM- 022/2017 Vedtak: Delegerte saker vert tekne til etterretning. 023/2017: GBNR 34/18 - Opsal - dispensasjon til bygging av kai og naust på tomt nr. 10 Side 4
Fusa kommune gjev ikkje løyve til bygging av kaianlegg med utfylling i sjø, bryggje med utfylling i sjø, bygging av båtoppdrag og bygging av naust, på gbnr. 34/18, Opsal. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2. Framlegg frå Jan Birger Landøy, Sp: Saka vert utsett for å gjennomføre synfaring på eigedomen før handsaming. Framlegget til Jan Birger Landøy, Sp, vart vedteke med 5 mot 4 røyster: Desse medlemene røysta for: Magne Djuvik, Frp, Lars Erik Dalland, H, Ranveig Næss, H, Jan Birger Landøy, Sp og Marianne Borge, Sp. Desse medlemene røysta i mot: Gustav Folkestad, V, Turid Glesnes, Ap, Agnete Digranes Årvik, Ap og William Lindborg, Ap. UPM- 023/2017 Vedtak: Saka vert utsett for å gjennomføre synfaring på eigedomen før handsaming. 024/2017: GBNR 7/34 - Boge nedre - einebustad - handsaming av klage Fusa kommune gjev ikkje dispensasjon for rammeløyve til bygging av einebustad på gbnr. 7/34, Boge nedre. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova 19-2 og jordlova 9. Side 5
Framlegg frå Lars Erik Dalland, H: Fusa kommune gjev dispensasjon for rammeløyve til bygging av einebustad på GBNR 7/34, Boga nedre, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i tråd med søknad dagsett 21.12.2015 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald av gjeldande lover og føresegner. 3. Fusa kommune skal ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. 4. Tiltaket skal ikkje vera til hinder for ålmenn framkommeligheit langs strandlinja. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. Grunngjeving: UPM har gjort ei grundig vurdering av saka, og finn at det er særlege høve til å gje dispensasjon av fylgjande grunnar: Då prosjektet vil gje tilflytting til eit område i Fusa kommune, som i ei årrekkje har hatt minimal tilflytting, ser utvalet etter ei samla vurdering at fordelene ved å gje dispensasjon er klart større enn ulempene. Dette er og noko som vil vera i tråd med samfunnsdelen til kommuneplanen for Fusa (2011-2023). Her heiter det at ein vil arbeida aktivt for å bli enda meir attraktiv som bukommune. Tomta ligg innanfor 100- metersbeltet. UPM, som har vore på befaring på eigedomen den 29.9.16, kan ikkje sjå at eit rammeløyve kjem i konflikt med hensynet til natur- kulturmiljø, friluftsliv, landskap eller andre allmenne interesser. Tomta er på ca. 800 kvm og ligg tilbaketrekt på eit nes, omgitt av nærast stupbratte skråninger mot sjø på alle sider. Ein kan soleis ikkje sjå at ei dispensasjon for tiltaket, vil få store konsekvensar for miljø, ålmenta si ferdsel eller oppleving av natur- og friluft. På synfaringa merka utvalet seg at tomta og området kringom var grunnlendt og med stein og knausar stikkende opp i dagen. Dette kan neppe karakteriserast som bra jordbruksland. Jordbrukskonsulenten som har utarbeidd notat til byggesaksavdelinga, innleier med at det går fram av gardskartet at grunneigedomen består av totalt 0,8 dekar innmarksbeite. Deretter gjev han ei vurdering av dyrka mark opp mot jordlova 9. Han viser vidare til rundskriv M- 1/2013 som sist vart endra i november 2016 - der det går fram at innmarksbeite skal reknast som dyrka mark. Det same rundskriv inneheld fleire ting, m.a. i 6-2, 2. avsnitt:"forbudet gjeld dyrka og dyrkbar jord uansett størrelse på arealet. En forutsetning for at forbud kommer til anvendelse er imidlertid at det areal som søkes omdisponert enten alene eller sammen med annet jordbruksareal på eiendommen, kan gi grunnlag for jordbruksproduksjon. Det må objektivt sett ligge til rette for jordbruksproduksjon. Produksjonen må samtidig være av et visst omfang, enten for salg eller for eget bruk. Områdets karakter vil spille en viss rolle. Det er relevant å trekke inn i vurderingen om eiendommen ligger i et typisk jordbruksområde." Side 6
Etter utvalet si meining kan ikkje dette småbruket gje grunnlag for produksjon "av eit visst omfang" i dagens målestokk. Ein kan heller ikkje sjå at eigedomen ligg i eit typisk jordbruksområde. Område må heller karakteriserast som bustadområde/industriområde. Eigedomen vart utskilt frå hovedbruket i 1995. UPM er kjent med at mykje av regelverket er endra sidan den tid. Det har ikkje vore drift på bruket på adskillige år slik at beiteområdet neppe har fått betre kvalitet. I samband med at tomta vart utskilt i 1995, skreiv fung. jordbrukssjef i Fusa, Helene Dahl, fylgjande vurdering i saksutgreiinga si: "Omsøkt tomt ligg i eit område som er grunnlendt, med fjell i dagen. Frådelinga fører ikkje til forringing av beite eller til ulempe for bruket. Vedtak: Jordbrukssjefen viser til saksutgreiinga og godkjenner frådeling som omsøkt. Vedtaket er heimla i 55 i jordlova: Etter ei totalvurdering meiner UPM at det ligg føre særlege høve, og finn det soleis rett å gje dispensasjon. Framlegget frå Lars Erik Dalland, H, vart samrøystes vedteke. Rådmannen sitt framlegg fekk ingen røyster. UPM- 024/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev dispensasjon for rammeløyve til bygging av einebustad på GBNR 7/34, Boga nedre, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i tråd med søknad dagsett 21.12.2015 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald av gjeldande lover og føresegner. 3. Fusa kommune skal ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. 4. Tiltaket skal ikkje vera til hinder for ålmenn framkommeligheit langs strandlinja. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. 025/2017: GBNR 9/61 - Gaustad - søknad om dispensasjon for tilbygg på garasje Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon for oppføring av tilbygg til garasje på gbnr. 9/61, Gaustad, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Side 7
Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-4. Ranveig Næss, H, sa seg ugild då mannen hennar er tiltakshavar. Ho gjekk i frå. Herborg Nordtveit, Sp, tok hennar plass. Ranveig Næss, H, vart samrøystes kjend ugild, jfr kommunelova 40 og forvaltningslova 6. UPM- 025/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon for oppføring av tilbygg til garasje på gbnr. 9/61, Gaustad, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-4. 026/2017: GBNR. 118/6 - Nordtveit - oppføring av bustad og garasje med ny avkøyrsle Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon til bygging av bustad med garasje og ny avkøyrsle og endring av tomt på gbnr. 118/6, Nordtveit, på følgjande vilkår: 1) Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2) At ein held seg innanfor dei vilkår som vegvesenet har sett til byggjegrense og ny avkøyrsle. 3) At ein berre utfører dei tiltaka som er i tråd med brev med tilleggsopplysningar til dispensasjonssøknad, dagsett 21.02.2017, og at ein ikkje utfører terrenginngrep i LNFområdet. 4) Fusa kommune skal ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. Side 8
Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. UPM- 026/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon til bygging av bustad med garasje og ny avkøyrsle og endring av tomt på gbnr. 118/6, Nordtveit, på følgjande vilkår: 1) Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2) At ein held seg innanfor dei vilkår som vegvesenet har sett til byggjegrense og ny avkøyrsle. 3) At ein berre utfører dei tiltaka som er i tråd med brev med tilleggsopplysningar til dispensasjonssøknad, dagsett 21.02.2017, og at ein ikkje utfører terrenginngrep i LNFområdet. 4) Fusa kommune skal ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. 027/2017: GBNR. 93/7 - Haugen søndre - søknad om påbygg av bustaddel Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå pbl. 1-8 og arealdelen av kommuneplanen, til rammeløyve for tiltak på gbnr. 93/7, på fylgjande vilkår: Side 9
1. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad og i samsvar med endringsmelding, dagsett 07.03.2017. 2. Tiltakshavar må søkja Fusa kommune om igangsetjing av tiltaket.. Vedtaket kan heimlast i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. Gustav Folkestad, V, sa seg ugild då han er dagleg leiar for Sævareid fiskeanlegg, som er nabo og har vorte nabovarsla i saka. Han gjekk i frå. Det var ikkje kalla inn varepresentant for han, då han ikkje hadde meldt i frå på førehand. Han vart samrøystes kjend ugild, jfr kommunelova 40 og forvaltningslova 6. UPM- 027/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå pbl. 1-8 og arealdelen av kommuneplanen, til rammeløyve for tiltak på gbnr. 93/7, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad og i samsvar med endringsmelding, dagsett 07.03.2017. 2. Tiltakshavar må søkja Fusa kommune om igangsetjing av tiltaket.. Vedtaket kan heimlast i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. 028/2017: Orientering - Godkjenning av detaljplan for miljø og landskap - Lygre kraftverk Side 10
Noregs vassdrag- og energidirektorat sin godkjenning av detaljplan for miljø og landskap av 19.10.2016 for bygging av Lygre kraftverk i Fusa kommune, vert teke til orientering. UPM- 028/2017 Vedtak: Noregs vassdrag- og energidirektorat sin godkjenning av detaljplan for miljø og landskap av 19.10.2016 for bygging av Lygre kraftverk i Fusa kommune, vert teke til orientering. 029/2017: Høyring og offentleg ettersyn - Detaljregulering for Selvågen hyttefelt Fusa kommune legg detaljregulering for Selvågen hyttefelt ut på høyring og til offentleg ettersyn med endring i føresegn 2.3.1: «2.3.1. Naust skal oppførast innanfor byggegrensene og i rekker på 3 + 2. Kvart naust kan ha ei BYA inntil 30 m2 og ha mønehøgde inntil 5 meter. Nausta kan nyttast som fellesnaust.» Høyringsfrist er seks veker. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova 12-10 og 12-11. Uttaler frå ungdomsrådet og senior- og funksjonrådet vart lagt fram i møtet. UPM- 029/2017 Vedtak: Fusa kommune legg detaljregulering for Selvågen hyttefelt ut på høyring og til offentleg ettersyn med endring i føresegn 2.3.1: «2.3.1. Naust skal oppførast innanfor byggegrensene og i rekker på 3 + 2. Kvart naust kan Side 11
ha ei BYA inntil 30 m2 og ha mønehøgde inntil 5 meter. Nausta kan nyttast som fellesnaust.» Høyringsfrist er seks veker. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova 12-10 og 12-11. Ungdomsrådet 27.03.2017: Ungdomsrådet tek saka samrøystes til etterretning. UNG- 021/2017 Vedtak: Ungdomsrådet tok saka til etterretning. 030/2017: Høyring og offentleg ettersyn - Detaljregulering for Selsvika bustadfelt - Dallandsvegen Fusa kommune legg detaljregulering for Selsvika bustadfelt, datert 20.03.2017 med plan-id 1241201605, ut på høyring og til offentleg ettersyn. Høyringsfrist er sett til seks veker. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-10 og 12-11. Uttaler frå ungdomsrådet og senior- og funksjonrådet vart lagt fram i møtet. Side 12
UPM- 030/2017 Vedtak: Fusa kommune legg detaljregulering for Selsvika bustadfelt, datert 20.03.2017 med plan-id 1241201605, ut på høyring og til offentleg ettersyn. Høyringsfrist er sett til seks veker. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-10 og 12-11. Ungdomsrådet 27.03.2017: Ungdomsrådet tek saka samrøystes til etterretning. UNG- 020/2017 Vedtak: Ungdomsrådet tok saka til etterretning. 031/2017: Kartlegging og verdisetjing av lokale friluftsområde Fusa kommune skal gjennomføra ei kartlegging og verdisetjing av friluftsområda i Fusa i 2017. Fusa kommune kjøper tenester frå Bergen og omland friluftsråd til prosjektleiing og kartarbeid som blir finansiert gjennom tilskot frå Hordaland fylkeskommune. Målet er å kartleggja og verdsetja alle friluftslivsområde i kommunen, og gjennom dette prosjektet bidra til å ivareta friluftslivet sine arealinteresser og sikra at vi i framtida kan driva helsefremjande og trivselsskapande friluftsliv i nærmiljø og naturen elles. Uttaler frå ungdomsrådet og senior- og funksjonrådet vart lagt fram i møtet. Side 13
UPM- 031/2017 Vedtak: Fusa kommune skal gjennomføra ei kartlegging og verdisetjing av friluftsområda i Fusa i 2017. Fusa kommune kjøper tenester frå Bergen og omland friluftsråd til prosjektleiing og kartarbeid som blir finansiert gjennom tilskot frå Hordaland fylkeskommune. Målet er å kartleggja og verdsetja alle friluftslivsområde i kommunen, og gjennom dette prosjektet bidra til å ivareta friluftslivet sine arealinteresser og sikra at vi i framtida kan driva helsefremjande og trivselsskapande friluftsliv i nærmiljø og naturen elles. Ungdomsrådet 27.03.2017: Ungdomsrådet tek saka samrøystes til etterretning. UNG- 019/2017 Vedtak: Ungdomsrådet tok saka til etterretning. Side 14