VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl.

Like dokumenter
Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

10/60-14/N-211//AMS

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Formannskapet Formannskapssalen :00

Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. Gjeldande frå Vedteke i kommunestyret , sak: 070/17.

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

VINJE KOMMUNE MØTEBOK. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VINJE KOMMUNE MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL.

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

Barnehagebruksplan

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

VINJE KOMMUNE MØTEBOK. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00. Assisterande helse- og omsorgssjef

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO)

VINJE KOMMUNE MØTEBOK. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

VINJE KOMMUNE MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

VINJE KOMMUNE MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL.:

VINJE KOMMUNE MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL.

VINJE KOMMUNE MØTEBOK. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2. Innhaldsfortegning.

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

Vedtekter kommunale barnehagar

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

Rådmannen - Samfunnsutvikling Vår ref: 2015/ Dato:

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

Vinje kommune. Vinje sjukeheim. Høyringssvar Forslag til ny Folkehelselov. Vedlagt oversendast høyringssvar f.rå Vinje Kommune.

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Vedtekter for kommunale barnehagar

VINJE KOMMUNE MØTEBOK. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 231 Arkivsaksnr.: 18/1343. Betalingssatsar og tilbod i 2019 for barnehage og SFO

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FINNØY.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL.

Transkript:

VINJE KOMMUNE Møteinnkalling Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Telefonmøte 18.02.2009 13:00 Saksliste Saksnr PS 09/8 Tittel Endring av vedtekter for barnehagene i Vinje kommune Gyldig forfall skal meldast til administrasjonssekretæren i god tid. Varamedlemane skal berre møte dersom dei blir kalla inn. Merk at dette er eit telefonmøte. Innkallinga er lagt ut på Tenestetorget fram til møtedagen. Den kan og lesast på kommunens heimeside www.vinje.kommune.no. Åmot, 13.02.09 Baiba Sheine Fung. leiar Reidun Lofthus administrasjonssekretær

Saksliste Saksnr PS 09/8 Tittel Endring av vedtekter for barnehagene i Vinje kommune

Vinje kommune Organisasjon, arkiv og IKT Arkiv saknr: 2009/221 Løpenr.: 1173/2009 Arkivkode: Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet 04.02.2009 09/6 Oppvekst- og velferdsutvalet 18.02.2009 09/8 Sakshandsamar: Torbjørg Enerstad Endring av vedtekter for barnehagane i Vinje kommune Vedlegg: Framlegg til nye vedtekter for barnehagane i Vinje kommune Bakgrunn: Barnehagane i Vinje kommune er svært brukartilpassa når det gjeld kva for tilbod foreldra kan søkje for ungane sine. Dei har hatt tilbod om ein, to, tre, fire eller fem dagar, og det har vore mogleg å velje mellom heil eller halv dag. Vurdering: Det viser seg no at dei fleste søkjer større tilbod enn dei gjorde før. Å vera i barnehagen berre 1 dag i veka gjev ikkje noko godt pedagogisk tilbod. Difor gjer me framlegg om å ta bort det alternativet. Kommunen søkjer statsstøtte på bakgrunn av årsmelding pr 15.desember kvart år. I år var det ingen som hadde det minste tilbodet, og berre 3 ungar med mindre opphaldstid i barnehagen enn 17 timar i veka. Halvdags tilbodet er på maks 6 timar til dagen. For nokre ungar er det vanskeleg å ha stuttare dag enn dei andre. Ungane med halvdags tilbod kjem etter dei andre om morgonen, og dei må avslutte midt i leiken for å reise heim att. Det er få som brukar dette tilbodet, og ved å kutte tilbodet om halv dag, gjev det og større inntekt til kommunen. Under punktet om opptakskriterium står det i nest siste lina: Endring av tilbodet for dei som alt har plass, går føre opptak av nye barn. Vedtektene skal gjelde frå nytt barnehageår. Dersom samarbeidsutvala har merknader til endringane, må saka takast opp att i OVU i eit omframt møte før søknadsfristen til barnehageopptak 1.mars.

Rådmannens framlegg til vedtak: Vedtekter for barnehagane i Vinje kommune blir vedtekne slik dei ligg føre. Rådmannen, 26.01.09 Hans Kristian Lehmann, rådmann /s/ Handsaming i Oppvekst- og velferdsutvalet 04.02.2009: Framlegg frå SV v. Baiba Sheine Saka blir utsett til SU i barnehagane i Vinje har hatt saka til høyring. Framlegg frå Ap v. Gunvor Strømme: OVU går inn for å utsette søknadsfristen for opptaket i barnehagane i Vinje til 15. mars 2009. Framlegget til Sheine blei samrøystes vedteke. Framlegget til Strømme blei samrøystes vedteke. Saka blir utsett til SU i barnehagane i Vinje har hatt saka til høyring. Søknadsfristen for opptaket i barnehagane i Vinje blir utsett til 15. mars 2009.

Framlegg til nye VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE 1. EIGARTILHØVE Vinje kommune er eigar av dei kommunale barnehagane. Kommunestyret, eller den kommunestyret gjev mynde til, fører tilsyn med verksemder som er regulerte etter Lov om barnehagar. 2. FORMÅL Dei kommunale barnehagane i Vinje skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar gjeldande frå 1.1.2006, føresegnene og retningslinene som departementet til ei kvar tid fastset, kommunale vedtak og plan for barnehagane. Barnehagane skal arbeide i nær kontakt med lokalsamfunnet, slik at borna får kjennskap til si eiga bygd og lokale kultur (entreprenørskap). Nynorsk målform skal så langt som råd nyttast i songar og litteratur i barnehagane. Årsplanar/planar for det pedagogiske innhaldet i barnehagen skal leggjast fram for foreldrerådet og fastsetjast av samarbeidsutvalet. 3. FORELDRERÅDET Foreldrerådet er sett saman av alle foreldre/føresette til barna i barnehagen. Det skal fremje samarbeidet mellom barnehagen og heimane. 4. SAMARBEIDSUTVALET Kvar barnehage har eit samarbeidsutval som er sett saman av foreldre og tilsette (lik representasjon) og ein representant frå eigar. 5. DEI TILSETTE I barnehagane er det tilsett styrar, førskulelærar og assistentar i samsvar med gjeldande lov om barnehagar. Dei tilsette i barnehagane pliktar å arbeide i samsvar med barnehagen sine vedtekter og gjeldande instruksar. Personalet og samarbeidsutvalet har teieplikt etter 13 i Forvaltningslova. 6. SØKNAD OM PLASS/OPPTAK, OPPSEIING AV BARNEHAGEPLASS Alle godkjente barnehagar i kommunen skal samarbeide om opptak av barn. Hovudopptaket skjer om våren. Tildelt plass gjeld til barnet tek til i skulen. Dersom søkjar vil klage avgjerda om barnehageplass, skal klaga sendast til kommunen innan 3 veker. Saka vil då måtte opp administrativt før ho går til klagenemnda for endeleg avgjerd. Rådmannen, eller dei han delegerer det til, gjer opptak. Avgjerdsrett ved søknad om opptak er delegert frå rådmannen til den enkelte barnehage / oppvekstsenter. 1

OPPTAKSKRITERIUM: Liste over tilhøve ein skal ta omsyn til ved opptak, kriteria er i prioritert rekkefylgje: A. 1. Barn med nedsett funksjonsevne. 2. Barn som er tilrådd av faginstansar. 3. 5- åringar. 4. Barn av einslege forsytarar eller foreldre der ein er vekependlar. 5. Barn med båe foreldre i arbeid / utdanning. Av pedagogiske og sosiale grunnar skal barnehagesjef/oppvekstsjef og ta omsyn til barnegruppa si samansetjing i det heile, t.d. alder, kjønn og kontinuitet. Eldre barn får plass framfor yngre. Endring av tilbodet for dei som alt har plass, går føre opptak av nye barn. Står søkjarane likt, vert det loddtrekning. B. Rådmannen har mynde til å tilby barnehageplass som eit rekrutteringstiltak uansett yrkesgruppe det måtte vera manglar på i Vinje kommune. Fristen for oppseiing av barnehageplass er ein månad, frå 15. eller siste dag i kvar månad. Oppseiinga skal vera skriftleg. 7. BETALINGSSATSAR Betaling for opphaldet i barnehagen skjer kvar månad etter gjeldande satsar vedtekne av kommunestyret. Betalinga er på etterskot og gjeld for ein månad om gongen. Endringar i betalingssatsar vert vurderte i samband med dei årlege budsjett - handsamingane. Endringar i takstsystemet vert ikkje gjort gjeldande før starten av nytt barnehageår, om ikkje Staten gjev retningsliner om noko anna. Betaling for barnehagetilbod er gradert etter husstanden si samla dagsaktuelle bruttoinntekt. Moderasjonar: 50 % syskenmoderasjon for det andre barnet, 75 % for kvar av dei neste. Det er høve til å søkje friplass. 8. OPNINGSTID / FERIAR Barnehageåret tek til når nytt skuleår startar om hausten. Barnehagane har berre heildagstilbod. Dei er stengde jole- og nyårseftan og alle helge- og høgtidsdagar. Barnehagar som ikkje er sommaropne er stengde dei 3 siste heile vekene i juli. 2

Barna skal ha 4 veker ferie pr. år. 3 av desse vekene skal takast i samanheng. Den 4. veka kan delast i to, men ikkje i enkeltdagar. Alle barnehagar er stengde 5 dagar i barnehageåret i samband med kurs- og planleggings - dagar for dei tilsette. Merknader til pkt. 8. Nytt barnehageår tek til 15. august kvart år og varer til 15.august neste år. Barnehageplass vert tildelt frå 15.08., det vert fakturert for barnehageopphald frå 15.08. 6-åringar som ikkje skal ha SFO - tilbod, har barnehageplassen fram til 15.august, eller til plassen vert sagt opp (skriftleg, skjema). Tilbodet om ein dag/veke og halv dag er teke ut. 3

Vinje kommune Rauland barnehage Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato HRØ 2009/237 1791/2009 033 06.02.2009 Uttale frå SU i Rauland barnehage - endring av vedtekter for barnehagane i Vinje. Denne saken blei tatt opp via tlf med alle representantane i su, sidan me akkurat har hatt su møte. Blei einig med leiar for su at det var greitt å gjera det på denne måten. Me var ueinige i om me skal ta vekk 1 dags tilbodet, og halv dags tilbodet. Med leiar av su si dobbel stemme blei resultatet: Su i Rauland barnehage ynskjer å ha tilbod om 1 dag i veka, og 6 timars dag,(halvdag). Me går imot forslaget som har kome til OVU. Med helsing Heidi Rønningen leiar Signe Årdalen Tveiti Leiar av su Vinjevegen 192, 3890 Vinje Tlf. 3506 2300 Fax 3506 2301 postmottak@vinje.kommune.no www.vinje.kommune.no Bankgiro 2717.07.00037 Organisasjonsnummer 964964610

Vinje kommune Hakkespetta barnehage Til: Torbjørg Enerstad Internt notat Frå: Gerd Lyngstad Kroken Saksnr. Løpenr.: Arkiv Dato 2009/221 1861/2009 09.02.2009 Uttale frå SU i Hakkespetta barnehage i samband med sak om endring av vedtekter for barnehagane i Vinje Samarbeidsutvalet hadde møte 04.02.09. Til stades: Bård Henning Midtbøen, Marianne Damberg, Jorid Botne, Anne Elin Landgård, Rannei Reine Sandok, Gerd Lyngstad Kroken (sekr). Forfall: Anne Sem, Jon Rikard Kleven. (Sistnemnte vart ikkje kontakta, då møtet måtte haldast på kort varsel). Samarbeidsutvalet har fylgjande merknader til saka: Vinje kommune har eit godt brukartilpassa barnehagetilbod i dag. Dette kan vere eit godt argument for å lokke fleire til å flytte til Vinje, samstundes som det er eit gode for dei familiane som alt bur her. SU meiner at halvdagstilbodet bør halde fram. Det er ikkje alltid det beste pedagogiske tilbodet for barn, slik det også står i saksframstillinga, men for mange familiar er det viktig å kunne velge ulikt barnehagetilbod både i.h.t. økonomi og omfang. Arbeidstider, skuletider, barnehagetilbod og familieøkonomi skal klaffe i hop, og då er eit fleksibelt barnehagetilbod svært viktig. Samarbeidsutvalet vil likevel sterkt oppmode om at halvdagstilbod skal vere mellom kl 09.00 15.00. Dette for å ta omsyn til barna og kor viktig det er å kome godt inn i leiken før grupper og aktivitetar er ferdig etablerte.

SU meiner at barnehagetilbod 1 d/v bør halde fram. Barnehagetilbod 1 d/v er eit lite eigna pedagogisk tilbod for barn. Ideelt sett bør det ikkje vere høve til å kunne søkje eit slikt tilbod separat. Men det bør kunne kombinerast med anna tilbod i barnehagen (t.d. 2 d/v heil + 1 d/v halv). Eit slikt skilje vil truleg vere vanskeleg å handtere i søknadsprosedyrene. I saka står det at det kun er 3 barn som har mindre tilbod pr. veke enn 17 timar, og truleg er det endå færre som har 1 d/v. Dersom ein beheld 1 dags tilbodet, kombinert med t.d 2 dagars tilbod, vil det vere eit godt tilbod for foreldre som nyttar delvis kontantstøtte og delvis barnehage. (Satsane for kontantstøtte vil redusere kontantstøtta med om lag halvparten dersom ein familie må velge 3 d/v heildag istadenfor 2 d/v heildag + 1 d/v halvdag). Samarbeidsutvalet ser at inntekter er viktige for barnehagen for å sikre drift på noverande nivå. Ein vil likevel frårå å skaffe desse gjennom å redusere foreldra sine høve for å søkje akkurat det barnehagetilbodet dei treng for å få ein kabal og ein familieøkonomi til å gå i hop. Med bakgrunn i det som er skrive over og i saka som viser at berre 3 barn har så lite tilbod som under 17 timar, rår Samarbeidsutvalet til at barnehagetilbodet i Vinje ikkje vert endra. Gerd Lyngstad Kroken sekretær Side 2

Vinje kommune Edland barnehage Til: Torbjørg Enerstad Internt notat Frå: Katrine Grindalen Saksnr. Løpenr.: Arkiv Dato 2008/3508 2132/2009 033 12.02.2009 Uttale frå Samarbeidsutvalet i Edland barnehage endring av vedtekter for barnehagane i Vinje Tilstades på møtet; Inger Johanne Tveito (leiar), Stine Haugen og Katrine Grindalen (sekretær). Forfall; Britt Særen På bakgrunn av møte 11.02.09, kjem samarbeidsutvalet i Edland barnehage med denne uttala: Samarbeidsutvalet i Edland barnehage går inn for framlegget frå Rådmannen om endringar av vedtektene. Edland 12.02.09 Inger Johanne Tveito (Leiar av SU) Katrine Grindalen (Sekretæt)

Møte i samarbeidsutvalet ved Øyfjell oppvekstsenter torsdag 12.02.09 Frammøte: Margit Auran, Ole Dalen, Ingebjørg Drivarbekk, Jorunn Solberg, Trine Lothe, Britt Marie Staaland og Sindre Hestdalen Særutskrift frå sak 6 og 7 08-09 Sak 6 08-09 Endring av opptakskriteria ved barnehagane i Vinje Framlegg til vedtak. Den som alt har plass i barnehagen har fortrinnsrett til utviding. Samrøystes vedtekje Sak 7 08-09 Framlegg om færre alternativ ved søknad søknad om opptak i barnehagane i Vinje. Framlegg til vedtak: Eindags tilbod fell bort, men halvdagstilbod må behaldast. Samrøystes vedtekje Ref: Sindre Hestdalen

Vinje kommune Vinje oppvekstsenter Torbjørg Enerstad 3890 VINJE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato KKR 2009/335 2162/2009 13.02.2009 Uttale i høve til vedtektene for barnehagane i Vinje kommune Samarbeidsutvalet ved Vinje oppvekstsenter går inn for å oppretthalde ½-dagstilbodet i barnehagane, då det i dag er 5 ungar som nyttar seg av dette tilbodet. At ein tek vekk 1- dagstilbodet er derimot heilt greit. Med helsing Knut Krossbakken oppvekstsjef Vedlegg: Vinjevegen 192, 3890 Vinje Tlf. 3506 2300 Fax 3506 2301 postmottak@vinje.kommune.no www.vinje.kommune.no Bankgiro 2717.07.00037 Organisasjonsnummer 964964610