Røldal Leilegheit 101 & 103 2011 Informasjon Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no
Innhald Prisar:... 3 Litt om leilegheitane... 4 Røldalsterrassen... 4 Utstyr... 4 Korleis søkje... 5 Søknadsfrist... 5 Betaling... 5 Innsjekk/utsjekk... 5 Røldal booking... 5 Bilete... 6 Kart... 7 Til leigar av leilegheit i Røldal... 8 Stord Ve og Vel... 8 Generelle reglar ved leige... 8 Utstyr du sjølv må ta med... 8 Vegen til Røldal... 8 Når du er framme i leilegheita... 9 Før du reiser... 9 2
Prisar: Helg 1500,- Veke 1500,- Haust-, vinterferie pr. del 3000,- Påskeferie pr. del 3300,- ******************************************************************************* NB! Det følgjer med 2 stk. heiskort til skitrekket, pr. leilegheit inkl. i prisen. ******************************************************************************* 3
Litt om leilegheitane Leilegheitane er 69 m^2, ligg i same bygningskropp, er speglvendt, men elles heilt like. Garasje og bod i kjellaren til begge leilegheitane. Leilegheitane ligg ca. 1 km frå Røldal skisenter. Prisar for evt. leige av skiutstyr og heiskort, sjå link. Det går buss frå Røldalsterrassen opp til skitrekket. http://www.roldal.etp.no/sider/tekst.asp?side=5 Røldalsterrassen Koseleg pub/restaurant/kafê som ligg inne på området i tilknyting til leilegheitane. Her får du både mat og drikke. http://roldalsterrassen.no Utstyr Dyner og puter (Ta med sengklede og handkle sjølv, eller leig på Røldalsterrassen) Godt utstyrt kjøkken (til 8 stk.), med oppvaskmaskin TV (flatskjerm) 2 soverom (8 sengeplassar) Bad med dusj/toalett Vindfang med varmekablar Elektriske omnar i leiligheiten Garasje Bod Flott utsikt NB! Dersom det manglar noko av kjøkenutstyr til dømes ostehøvel, pizzaskjerar eller liknande, ta kontakt med Røldal booking, dei har standard utstyr på lager. NB! Det følgjer med 2 stk. heiskort til skitrekket, pr. leilegheit. 4
Korleis søkje Søknadsskjema på Stord kommune si heimeside skal nyttast, søknadar utanom vert ikkje registrert!! http://www.stord.kommune.no/organisasjonen/aktuelle-sider/velferdsklubben/sok-paleilegheit-i-roldal/ Dersom fleire i eit reisefølgje til dømes ektefelle/sambuar/venner etc. søkjer i lag på same helg/veke, så merk kva helg/veke det gjeld, og kven ein søkjer i lag med. Sjansen til å vinna i trekkinga er sjølvsagt lika stor ;-) (men litt meir oversiktleg for oss som skal administrera ;-) ) Søknadsfrist 10. i kvar månad, søkeperioden gjeld då neste heile månad. Døme: Søknadsfrist 10. mars, søkjeperiode heile april. Betaling Betalingsfrist er sett til 3 dagar etter motteke tilbod. Dersom ikkje leiga er betalt innan fristen, går tilbodet vidare til nestemann på lista. Me lyt ha denne strenge betalingspraksisen for at andre skal få moglegheita til å overta leilegheitane, dersom nokon trekkjer seg Innsjekk/utsjekk Ve og Vel har sett utsjekk til kl. 12.00, då skal også heiskorta leverast inn saman med nøkkelen. Innsjekking frå kl. 12.00. Sjå Røldal booking si nettsida for opningstider for utlevering av nøkkel. Røldal booking Tlf: 95 85 05 00/53 22 88 28 http://roldal-booking.no/ Viss du ikkje kjem til Røldal innanfor opningstida, må du ringja dagen før og avtala kvar nøkkelen kan hentast. 5
Bilete 6
Kart 7
Generelle reglar ved leige Til leigar av leilegheit i Røldal Stord Ve og Vel Nøkkel og heiskort vert utlevert i resepsjonen på Røldalsterrassen. Det er ein ekstra nøkkel i kvar leilegheit, berre pass på at den ligg att i leilegheita ved avreise. Framleige/ leige for andre er ikkje tillete, og det er ikkje tillete å ha dyr eller røyka i leilegheitane. Manglar må meldast frå, evt. skadeverk må leigetakar betala straks det er utbetra. Betaling av leige innan ei veke etter tildeling av leigeperiode på giro/nettgiro. Utstyr du sjølv må ta med Sengklede (eller ein kan leiga i resepsjonen på Røldalsterrassen, 100 kr for sengklede, 1 stort og 1 lite handkle pr. pers) handkle oppvaskmiddel til oppvaskmaskin + reingjeringsmiddel til normal husvask golvfille kjøkkenhandkle oppvaskklut toalettpapir fyrstikker bossekkar NB! Dersom ein ønskjer å leige utvask av leilegheita, ta kontakt i resepsjonen på Røldalsterrassen. Pris: 895 Kr. Vegen til Røldal Ta av frå hovudvegen ved skilt til Røldal booking og veg kro, ca 1 km etter Røldal skisenter. Leilegheitane 101 og 103 ligg i 2 husrekke (bygg 4), sjå kartskisse, eller spør i resepsjonen. 8
Når du er framme i leilegheita Hugs å opna hovudkrana på badet. Sjekk at det er vaska, og at innbu og utstyr er på plass. (Lista over utstyr har du med deg. ) (NB! Lista er under utarbeiding ) Ventilator/Vifte kjøken: Set i støpsel (inne i skap, over komfyren) Før du reiser Gjer reint kjøleskap, (lat ikkje matvarer liggja att), komfyr/steikeomn, Normal golvvask og støvtørking. Vask av wc/dusj. Varme: Når du drar skal omnane stå på 15 grader. Ventilator/vifte: Dra ut støpsel, so me slepp å fyre til kråkene! NB! Lås altandør NB! Oppvaskmaskin kan ta opp til 2,5 timar NB! Sløkk alt lys, men la utelampa ved inngangspartiet stå på NB! Sjå til at det ikkje står noko møblar inntil omnane. Steng av vatnet med hovedkranen. Tapp ut vatnet som er i røyrane. Søppel: Skal leverast i miljøhus ved Røldalsterrassen. NB! Nøkkel innlevering, i resepsjonen på Røldalsterrassen eller i postkasse ved miljøhuset. *NB! Ved innlevering av nøkkel skal det også leverast inn heiskort! Me ber deg vera nøye med reglane, slik at det vert kjekt for oss alle å koma til leilegheitane. Ha eit fint opphald! 9