INFORMASJON TIL DELTAKARANE PÅ PILEGRIMSVANDRINGA TIL RØLDAL 2017

Like dokumenter
INFORMASJON TIL DELTAKARANE PÅ PILEGRIMSVANDRINGA TIL RØLDAL 2013

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkommen til songarstemne i Florø!

Til deg som brukar: Her kjem Fritidskalendaren for juni 2007 i Lindås. Me vonar du har lyst å delta på dei aktivitetane me har sett opp.

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

KVU E134 Nokre kommentarar. Oktober 2016 Ketil Kvaale

Sommartur til Sverige,

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Invitasjon til samling i Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap Rosendal august 2008

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

UNG I RADØY SOMMARCAMP FOR UNGDOM 2017

Dato og stad. Stord Petanqueklubb er arrangør av Norgesmesterskapet i Petanque 2018.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Årsplan for

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Til topps på Norges tak, Galdhøpiggen moh, med Hamar Skiklubb

Prestegården 21 May Tween Camp. Lyst til å vere med? Side 1 Tween Camp 2019

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

VINTERFJELLSKULE I EVENTYRLEGE MYRKDALEN

Reglar og retningslinjer for organisering og gjennomføring av Dana Cup

SUMARRUTER frå 20. juni til 14. august 2016

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Stemnehandboka for NKSF

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Dublin juli 2018

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Hei! LysVaken i Myrbostad kyrkja. Vil du vere med på noko spanande? Tredje helga i november er du invitert til:

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

STI GJENNOM LERKESKOG

INFOSKRIV OM LANDSLEIREN STAVANGER 2013 NR. 2, JUNI 2013 Hei, alle saman!

Velkomen til Lærdalsturneringen 2017

REFERAT FORELDREMØTE 24.02

Kontaktperson og bestilling rettast til Hans Einar Kristoffersen, ein treff han på telefon

Velkomen til Kvinnherad Dialogkonferansen september 2014

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

Til deg som går i 5.klasse!

Fjelløpet i Vinje. & Sommerløpet juli Rauland. - i Øyfjell

Info om Norway Cup 2015

Velkomen til konfirmanttida

Lag frå Rosendal/Uskedalen som reiser til Norway cup i år er: 2 gutelag G16 7 er 1 jentelag J16 11 er 1 smågutelag G14 7 er 1 småjentelag J14 7 er

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

INVITASJON til Etne Cup 2007

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

SUMARRUTER frå 22. juni til 16. august 2015

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Skrive reiserekning i Visma Expense

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit /

Pilgrimsvandring til Santiago de Compostela. rapport skriven av Hallgeir Hansen Nordfjord folkehøgskule

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Info om Norway Cup 2015

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Gutar 16. Informasjonshefte. Dags- og kampprogram, reiseruter til dei ulike banene

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017

Pilegrimsvandring 2014 Lillehammer Trondheim. Odd Inge Vistad NINA - Avdeling for naturbruk

RØLDAL. Leilighet 101, 102 og 103 BYGG 4

SFFK takkar igjen for påmeldinga, og gratulerar med avansement til sluttspelet!

Sagstad skule Førskuledag 27. mai Velkommen til foreldremøte for dei nye førsteklassane 2016/2017

Alle må levere endelig påmelding, også de som har fylt ut lappen for foreløpig påmelding!

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Program for Stord kyrkjeakademi hausten På kyrkjeveg frå Vistvik til Fitjar. Sundag 3. september kl frå Vistvik

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune

Konfirmant. Førde, Holsen, Haukedalen. Undervisning Nattcup Fasteaksjonen Gudsteneste Kristuskrans Nesholmen Aktivitet Felleskap Bibel Vener

VWACB info Fjordsteam 2010.

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Sjamanen i DEG. Dette er dei dagane i år som kan leggje livet ditt inn i nye baner. Lev rikare, i stadig utvikling og i harmoni med din drømmekropp.

Innbyding til KM I BORDTENNIS 2016 FOR MØRE OG ROMSDAL

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 17/ Arkiv:

Info om Norway Cup 2016

Minnebok. Minnebok NYNORSK

NB!! Flott om du så snart råd er kan betale inn kr til kt.nr Hugs å føre på namn / adr til den utøvaren det blir betalt for.

N Æ R T U R. i Førde

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Tur 1: Høgronden Midtronden 2 Midtronden 1 Digerronden

Velkomen som konfirmant

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /02 TUBO

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Sommerleir Rødt belte. Programblad. (2. gup - 1.gup-1)

H.M. Dronning Sonja sitt besøk til Selje 08. juli 2018

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Stadbasert entreprenørskap og læring

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Transkript:

Pilegrimsvegen til Røldal INFORMASJON TIL DELTAKARANE PÅ PILEGRIMSVANDRINGA TIL RØLDAL 2017 Er det spørsmål de eventuelt sit inne med, sender eg dette informasjonsbrevet. Skulle det vere ting de lurar på, og som ikkje er nemnt her, er det bare å ta kontakt ved e-post : margjor@online.no eller ringje 97 67 20 91. KULTUR OG KYRKJE: Det er historielaga i Vest-Telemark og einskildpersonar i Røldal som er årsaka til at vi i dag har høve til å gå pilegrimsvandringa. Det var dei som tok på seg arbeidet med å lokalisere vegen, rydde og merke han. Saman med tidlegare pilegrimsprest i Nidaros, Rolf Synnes, organiserte dei den fyrste vandringa. Dei er framleis eigarar av prosjektet. Pilegrimsvegen representerer gamal kulturhistorie, det same gjer bygdene og landskapet han går gjennom. Mellomalderen sine pilegrimsvandringar til Røldal er ein del av den historia vegen ber på. Historielaga er framleis engasjerte i avviklinga av den årlege vandringa. Dei stiller med kjentmenn som er førarar på alle dagsetappane. Dei kjenner både vegen og den kulturhistoria som er knytt til han. Undervegs vil dei stoppe og fortelje om det som er av interesse. Med på vandringa vert ein kyrkjeleg person som prosten i Vest Telemark finn fram til. Han/ho er vandringsleiar på heile turen, og vil halde små, daglege tekstmeditasjon, anten ute i friluft, eller i dei kyrkjene vi vitjar på vegen. Ut over dette er turen slik at kvar einskild legg i han det ein ynskjer. FRAMMØTE: Den 29.juni startar gruppa som skal gå frå Seljord. Frammøte ved Seljord kyrkje. Det er mogeleg å slutte seg til gruppa undervegs, eller berre gå deler av turen. Den 5. juli startar vandringa for dei som skal gå frå Vågsli. Frammøte på Haukelifjell Skisenter i Vågslid. For dei som startar i Seljord den 29.juni: Vandringa startar med pilegrimsgudsteneste i Seljord kyrkje klokka 11.00. Etter messa og kyrkjekaffi samlast vi på kyrkjebakken. Her blir det historisk orientering om kyrkja og området rundt. Ta med nistepakke, det blir lenge til neste matpause. Bilen som skal frakte bagasjen står klar. Om lag klokka 12.00 legg vi i veg vestover.

For dei som vil setje att bilen i Seljord: Finn Granvin Kulturhus som ligg like ved Seljord sentrum. Det er skilta frå hovudvegen. Vi har fått lovnad på parkering på baksida av bygget. For dei som kjem med buss: Både Haukeliekspressen og Telemarksekspressen stoppar i Seljord. For informasjon om rutetider: www.telemarkbil.no Telemark bilruter: 35065400. www.nor-way.no Tlf. 815 44 444 For dei som treng å overnatte i Seljord: Turistinformasjonen, Møteplass Seljord, har tlf. 35065988. Her vil de få informasjon om overnattingsstader. Sjå og www.visitseljord.no NB! Den fyrste dagen har vi matpause både ved Seljord og Brunkeberg kyrkje. Ta med 1-2 matpakkar. Det blir middag i Morgedal om kvelden. Dei som startar i Vågslid den 5.juli: Vi startar vandringa kl 9.15 om morgonen. For dei som bur langt unna, vil det vere mest praktisk å kome til Vågslid kvelden før. Vi bur på Haukelifjell Skisenter i Vågslid, ca. 11 km aust for Haukeliseter. BAGASJE: Bagasjen blir transportert frå overnattingsstad til overnattingsstad. Deltakarane ber berre med seg ein liten dagstursekk med nistepakke og det ein treng for dagen. Det er lurt å ta med ein liten termos. DAGSETAPPANE: Terrenget er forskjellig frå dag til dag. Vi byrjar i låglandet, går over heiar og høgfjell til vi til sist går ned dalane til Røldal. Vi arbeider med å legge vegen utanom asfalt der dette er mogeleg, men det er ikkje alle stader at det let seg gjere. Elles går turen langs grusvegar, stigar og i utmark. Dei tyngste dagsetappane er nok dei frå Morgedal til Øyfjell (kupert terreng), frå Edland til Vågslid d.v.s. over Haukeliheii (bratt stigning opp frå dalen) og frå Vågslid til Ulevå, d.v.s. over Haukelifjell (fint høgfjellsterreng, men lang dag). På denne etappa kjem pilegrimsvegen opp i 1190 m.o.h. Det blir ordna med transport opp den bratte lia i Morgedal. Dei som ynskjer å gå opp lia kan sjølvsagt gjere det. Vi snakkar meir om dette når vi møtest. I Seljord, Åmot, Haukeli (Spar) og i Røldal er det minibankar. I Vågslid/Haukelifjellområdet (frå den 5.juli til 7.juli) må vi transporterast med buss fram og tilbake til overnattingsstaden, Haukelifjell Skisenter, kvar dag. Dette fordi det ikkje er andre passande overnattingsstader i dei områda vi går gjennom.

Vandringa frå Seljord til Røldal går over 9 dagar. Alle treng eit fysisk fundament for å gjennomføra turen. Etappane er slik: 29/6: Seljord Morgedal. 22 km. 30/6: Morgedal Øyfjell. 21 km. 1/7: Øyfjell Åmot. 18 km. 2/7: Åmot Mjonøy.15 km. 3/7: Mjonøy Haukeligrend. 23 km. 4/7: Haukeligrend Vågslid. 19 km. 5/7: Vågslid Ulevå. 17 km. 6/7: Ulevå Svandalsflona. 15 km. 7/7: Svandalsflona Røldal. 12 km. 8/7: Pilegrimsseminar i Røldal 9/7: Pilegrimsseminar- Heimreise OVERNATTING: Vi overnattar for det meste i campinghytter med god kvalitet. Vi fyller opp hyttene slik at prisen pr. person blir låg. Alt er tinga på førehand. I Haukeliområdet er det problem med overnatting for så stor gruppe. Løysinga er busstransport tilbake til skisenteret i Vågslid for overnatting også dei to siste nettene. I Røldal vert det overnatting i moderne campinghytter. Til alle: Hugs å ta med sovepose. MAT: Dei fleste dagane steller vi brødmaten sjølve. Vi har med oss matpakke på turen kvar dag og har middag om kvelden. All mat er inkludert i førehandinnbetalinga. Den prisen vi har rekna til innkjøp av brødmat er basert på erfaringar frå tidlegare år. Eit eventuelt overskot på denne kontoen vil bli bruka til vedlikehald av vegen. Nokre stader kjøper vi all mat: Dag 4 overnattar vi på Mjonøy. Dette er ein stad som spesialiserar seg på tradisjonsmat. Vi får middag om kvelden, frukost neste dag og nistepakke med kaffe. I Haukeligrend får vi middag på Haukeli Hotell & Restaurant. Frukost og matpakke same staden neste morgon. Resten av turen får vi middagen ferdiglaga og tilkøyrd. Kjøkkenarbeidet er samarbeidsprosjekt! Framme i Røldal kjem vi til kyrkja under klokkeklemt. Det blir middag på Skysstasjonen etter at vi har kome fram. Om kvelden er det konsert i kyrkja. Etter konserten blir det sosialt samvær med kaffi og lappar. Røldal sokneråd spanderar dette på vandrarane.

Under det sosiale samværet på Grendahuset, er det år om anna utdeling av den nystifta Pilegrimsprisen. Denne går til personar som har gjort ein spesiell innsats for pilegrimsvegen og vandringa. Frå og med 2012 er pilegrimsstemnet med i vandringspakken. Slik at vandringa er ikkje over før søndag 9.juli. Stemnet i Røldal omfattar konsert om fredagskvelden, foredrag, bygdevandring og kveldsvandring med midnattsmesse om laurdagen. Overnattingar, transport og all mat på turen, både brødmat og middagar, er med i førehandsinnbetalinga. Det er ikkje tillate med hund. PRAKTISKE RÅD: Hugs sovepose. Liten dagstursekk. Gode fjellstøvlar eller andre vasstette sko. Det kan og vere lurt å ha med eit par joggesko. Gode turklede. Sjølv om vi ynskjer oss sol og fint ver, så kan det bli både vått og hustrig. Liten termos. Vassflaske. Hatt mot sola. VIKTIG: Ta med utstyr til fotpleie! Føtene blir såre og slitne, så det er viktig å stelle godt med dei. Dette bør du ha med av utstyr: Sportstape Plaster Sårutstyr Avlastingsmateriell som kan klippast til rundt blemmer Compeed (for dei som har god erfaring med det) Nylonstrømpe (sokk) under, ullsokkar over. Vassblemmer er som regel det største problemet. Taping er derfor viktig. Pluss gode sålar i skoa. Hugs å ta med myntar. Einskilde stader er det myntapparat til dusjane. FORSKJELLIG:

Sundag den 2.juli stoppar pilegrimane i Vinje kyrkje. Der vil det bli historisk orientering og pilegrimsmesse. Vi blir ei samansett gruppe. Nokre er i god form, andre ikkje fullt så god. Det er viktig at vi prøver å halde saman under vandring slik at vi ikkje mistar kvarandre av syne og rotar oss bort. Fint om mobiltelefonar er slått av medan vi går. I 2007 gav vi ut boka Fann eg dei stigar ei kulturhistorisk vegbok for strekninga. Alle som melder seg på og betalar, får ei bok ved oppstart av vandringa. Pilegrimspass vil bli stempla for kvar dagsetappe. Vi blir mange, og ein del ting må takast på sparket etter kvart, men med eit ope sinn og sporty innstilling skal vi gjere dette til ein fin tur. Vi gjer merksam på at betalinga kan bare refunderast dersom vandringa skulle bli avlyst eller ved sjukdom. Overnattingar og all mat på turen, både brødmat og middagar, er med i totalprisen. Prisar på vandringspakkene: Seljord / Kviteseid Røldal kr 8.300.- Vågslid - Røldal kr 5.300.- Pilegrimsvegen til Røldal har konto nr. 3530.24.50895 Ein bed om innbetaling innan 1.juni. Hjarteleg velkomne, alle saman! Helsing Margit Gjørv vandringsorganisator mail : margjor@online.no Mitt mobilnr.:97 67 20 91. Heimenummer : 53 64 71 16

PROGRAM FOR PILEGRIMSVANDRINGA 2017 Torsdag 29. juni Etappe: Seljord - Morgedal Lengde: 22 km. Lett etappe, men mykje asfalt. Kl. 11.00 Frammøte og pilegrimsgudsteneste i Seljord kyrkje Orientering og mat ca kl. 12.00 Vandringa startar ca kl. 17.00 Brunkeberg kyrkje. Matpause ca.20.00 Morgedal /middag Fredag 30. juni Etappe: Morgedal - Øyfjell Lengde: 21 km, 6 av desse i bil. Relativt hard etappe. Fjell- og skogsterreng. kl. 07.00 Frukost kl. 08.15 Avreise frå Morgedal Rast på Fitjan ca.kl. 19.00 Ankomst Trovassli ca.kl. 20.00 Middag Laurdag 1. juli Etappe: Trovassli - Åmot Lengde: 18 km. Lett etappe, men ein del asfalt. Øyfjell kyrkje - omvising Rastepause ca.kl. 16.00 Ankomst Hyllandfoss kl. 19.00 Middag Sundag 2. juli Etappe: Åmot - Mjonøy Lengde: 18 km. Middels hard etappe. Skiftande terreng. Rastepause Vinje kyrkje - omvising og gudstjeneste ca kl. 19.00 Ankomst Mjonøy kl. 20.00 Pilegrimsmiddag

Måndag 3. juli Etappe: Mjonøy - Haukeli Lengde: 23 km. Lett terreng. Ein del asfalt. frå Mjonøy ca. 14.30 Rastepause Grunge kyrkje. Omvising. kl. 19.00 Middag Tysdag 4. juli Etappe: Haukeli Vågslid Lengde: 19 km. Relativt hard etappe. Skogs- og fjellterreng Rastepauser ca kl. 19.00 Middag Onsdag 5. juli Etappe: Vågslid - Ulevå Lengde: ca 17 km. Middels hard etappe i fjellterreng Rastepauser ca kl. 19.00 Middag Torsdag 6. juli Etappe: Ulevå - Svandalsflona Lengde:15 km. Relativt lett etappe i fjellterreng. Rastepauser ca.kl. 19.00 Middag Fredag 7. juli Etappe: Svandalsflona - Røldal Lengde: 12 km. Enkel etappe i skiftande terreng. kl. 09.30 Avmarsj

ca.kl. 14.30 Rastepause ved Bruhølen Framme i Røldal Når vi kjem fram til Røldal blir det samling i kyrkja ved den daglege leiaren. Deretter middag på Skysstasjonen. Pilegrimsstemnet i Røldal 2017 Fredag 7.juli kl 09.30: Dagsetappen frå Svandalsflona startar kl 14.30: Pilegrimar frå Seljord kjem til kyrkja - liturgisk samling kl 17.15: Pilegrimar frå Hovden kjem til kyrkja - liturgisk samling kl 18.00: Pilegrimar frå Stavanger kjem til kyrkja - liturgisk samling kl 19.30: Pilegrimskonsert i kyrkja kl 21.00: Ope pilegrimssamling i Røldal grendahuset Laurdag 8.juli kl 08.00: Laudes (liturgisk morgonsamling i kyrkja) kl 08.45-10.00: Felles frukost på Grendahuset kl 10.00: Pilegrimsseminar kl 13.00: Middag på Grendahuset. kl 15.00-16.00: Bønetime i kyrkja. Høve til forbøn. kl 16.00-17.00: Bli kjent med midnattsmessa liturgi og melodiar. kl 17.00: Pilegrimar frå Hovden kjem til kyrkja. kl 18.00-18.45: Kveldsmat på Grendahuset. kl 18.30-19.40: Transport frå kyrkja til Bruhølen camping.

kl 20.00: Krossvandring frå Bruhølen camping til kyrkja kl 23.00: Pilegrimsmesse m/nattverd. Sundag 9.juli kl 08.00: Laudes (liturgisk morgonsamling i kyrkja) kl 08.45-10.00: Felles frukost på Grendahuset Avreise