VEDTEKTER FOR TELEMARK KULTURNETTVERK Vedtatt på årsmøtet 22. april 2005 Telemark kulturnettverk er ein paraplyorganisasjon for det organiserte kunst- og kulturlivet i Telemark. Telemark kulturnettverk er ein open og inkluderande nettverksorganisasjon og ein regional møteplass for kulturaktørane i fylket og omfattar både offentlege institusjonar og frivillige organisasjonar / regionale lag og amatørar og profesjonelle miljø. Telemark musikkråd vart stifta 1978 og endra namn til Telemark kulturnettverk (TKN) i 2005. Telemark kulturnettverk er partipolitisk nøytral. 1 FORMÅL Kunst og kultur er ei kjelde til læring og personleg vekst, sosial samhandling, identitet og mellomkulturell forståing. Målet for arbeidet i TKN er både å bidra til personleg vekst og til å stimulere til sosial samhandling mellom aktørane i nettverket og innbyggarane i regionen. TKN skal bidra til å gje menneske lik tilgang på kunnskap, innsikt og dugleik ved å arbeide for at alle skal få tilfredsstillande tilgang til opplæring, aktivitetar, forestillingar og kunst- og kulturopplevingar uavhengig av bustad og alder. TKN skal nå desse måla ved å vektlegge følgjande hovedoppgaver: Tilrettelegge for møteplassar og fellesarenaer for det organiserte kulturlivet i Telemark Initiere og gjennomføre utviklingstrategiar og nyskaping innan kultursektoren i nært samarbeid med aktørane og fylkeskommunen Vere eit kompetanse-, samarbeids- og serviceorgan for kulturlivet i Telemark Gjennom høg kompetanse og gode nettverk utføre ulike forvaltningsoppgaver innan kunst- og kulturområdet Vere eit kulturfagleg og kulturpolitisk interesseorgan for medlemmene.
2. MEDLEMSKAP 2.1 Medlemskap Fylgjande kategorier kan bli medlem i TKN dersom dei har minimum ei av oppgavene opplæring, utdanning, aktivitet eller formidling av kunst- og kulturuttrykk som sentrale oppgaver: Fylkesdekkande-/regionale kulturorganisasjonar Institusjonar med regional eller nasjonal status Regionale/ fylkesomfattande aktivitetar (ensemble/festivalar m.m) Lokale fellesorgan - musikk-/kulturråd. Kommunar v/ musikk-/kulturskulen 2.2 Inn- og utmelding Styret avgjer opptak av nye medlemmer med årsmøtet som ankeinstans. Inn- og utmelding skal skje skriftleg. 3 ORGANISASJON TKN er eit samarbeidsorgan for kulturlivet i Telemark fylke, med ansvar for eige budsjett og eigen administrasjon. Vidare er TKN organisasjonsledd av Musikkens studieforbund og Norsk musikkråd og gjennomfører tiltak og oppgaver i samsvar med Lov om Vaksenopplæring med føresegner og samarbeidsavtaler. TKN har det lokale organisasjonsleddet - musikk-/kulturråd- i kommunane som medlem og bindeledd i nettverket. 4. ÅRSMØTET Årsmøtet er TKN sitt øverste organ og blir halde innan utgangen av april kvart år. 4.1 Representasjon og rettar: Medlemmer kan stille på årsmøtet med inntil to representantar kvar med fulle rettar. Når årsmøtet gjer vedtak i vaksenopplæringssaker har kun delegatar tilslutta Musikkens Studieforbund stemmerett.. 4.2 Møte og talerett Følgjande møter med tale- og forslagsrett: Varamedlemmer i styret Komitear valde av årsmøtet Personar årsmøtet gir fullmakt.
4.3 Observatørar Fylgjande kan møte som observatørar: Representantar frå alle medlemskategoriar. Gjester invitert av styret. 4.4 Innkalling og sakspapir Innkalling til ordinært årsmøte skal sendast ut to -2- månader før årsmøtet skal haldast. Framlegg til saker som skal opp på årsmøtet må vere sendt styret seinast ein -1- månad før. Styret sender ut fullstendig saksliste og sakspapir seinast 14 dagar før årsmøtet. 4.5 Dagsorden for årsmøtet. Årsmøtet skal: 1. Godkjenne fullmaktene til representantane. 2. Godkjenne sakliste og forretningsorden. 3. Velje dirigent, referentar og tre medlemmer i redaksjonskomiteen. 4. Velje to protokollunderskrivarar. 5. Handsame ankesaker som gjeld opptak av nye medlemmer. 6. Handsame årsmelding. 7. Handsame rekneskapen. 8. Handsame innkomne saker som er oppført på saklista. 9. Handsame styret sitt framlegg til handlingsprogram. 10. Kontingent 11. Handsame budsjett for komande periode. 12. Velje: Leiar for to år Fire (4) styremedlemmer med personlege varamedlemmer for to år. (vekselvis) Tre (3) medlemmer og ein varamedlem til valnemnda for 2 år (vekselvis) Alle val skjer skriftleg om det finns meir enn eitt framlegg, eller om nokon krev det. 4.6 Ekstraordinært årsmøte. Styret kallar inn med minst ein månads varsel til ekstraordinært årsmøte dersom minst 1/3 av medlemmene eller eit einstemmig styre krev det. Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame dei sakene som er sett opp i innkallinga til møtet
5 STYRET 5.1 Samansetting Styret er sett saman av leiar og fire (4) styrerepresentantar valde av årsmøtet. Styret vel sjølv nestleiar Kvar styremedlem har ein personleg varamedlem. 5.2 Mandat og oppgaver: Styret skal: Leie TKN i perioden mellom årsmøta. Setje i verk vedtak gjort av årsmøtet. Tilsette personale i samsvar med vedtak og behov. Opprette utval som styret finn nødvendig. Oppnemne representantar til aktuelle organ /utval. Utarbeide årsmelding og reknskap. Utarbeide framlegg til handlingsprogram og budsjett. Velje utsending(ar) til landsmøtet i Musikkens studieforbund Styret er vedtaksført når leier eller nestleiar og to (2) medlemmer er til stades. Ved likt stemmetal har leiaren dobbelrøyst. 5.3. Spesialoppgaver for styret. Når styret handsamar vaksenopplæringssaker har kun styremedlemmer som representerer Musikkens studieforbund stemmerett. 6 LEIARMØTE Styret kallar inn leiarane i alle medlemskategoriane til møte når styret bestemmer det.. Møtet er rådgjevande i høve til styret. 7. ENDRINGAR I VEDTEKTENE Endringar i vedtektene kan berre skje på ordinært årsmøte. Til gyldig vedtak krevst 2/3 stemmefleirtal av dei frammøtte utsendingane. Endringar i vedtektene vert lagt fram for styret i Norsk musikkråd og Musikkens Studieforbund til orientering. 8. OPPLØYSING Framlegg til oppløysing av TKN må handsamast på ordinært årsmøte. Grunngjeve framlegg må vere sendt TKN og alle tilslutta medlemmer minst 4 månader før årsmøtet. Oppløysingsvedtak krev 3/4 røystefleirtal.
Retningsliner for valnemnda i Telemark kulturnettverk Vedtatt på årsmøtet 22/4-2005 1. Innkalling Styret gir - seinast 2 månader før årsmøtet -valnemnda informasjon om opplegget for årsmøtet, så som tidspunkt, kven som er på val, og eventuelle forslag til endringar av vedtekter. Dersom ikkje anna er sagt er øverste namn på liste over vedtatt valnemnd å rekne som leiar og er ansvarleg for innkalling til møte / telefonkonferanse. 2. Arbeidet i valnemnda Styret har ei funksjonstid på 2 år og er slik samansett: Leiar for 2 år To (2) styremedlemmer m/personlege varamedlemmer for 2 år. To/ein (2/1) medlemmer og ein veramedlem til valkomiteen for 2 år Valnemnda har ansvar for å orientere medlemmene i TKN om valet og be om forslag på kandidatar innan ein gitt tidsfrist. Fristen må vere så lang at laget rekk å styrebehandle saka. Valnemnda skal etterstrebe å innstille personar med sentrale verv, helst leiar eller nestleiar der det er muleg. Alle medlemskategoriane bør vere representert i styret. Dei største organisasjonane og dei mest sentrale samarbeidspartane i kulturnettverket (fylkesorg./institusjonar -musikkskulane - lokale musikkråd, kulturskular ) bør til ei kvar tid vere representert i styret. 3. Gjennomføring av valet Valnemnda skal ha klar sitt framlegg minst ein månad før årsmøtet. Styret sender ut framlegget frå valnemnda til medlemmene saman med dei andre sakspapira til årsmøtet. Valnemnda legg fram si innstilling til verv og har tale og forslagsrett i årsmøtet. Møtedirigenten gjennomfører valet. Dersom det er fleire enn eitt framlegg eller om nokon krev det skal valet foregå ved skriftleg votering.