Kulturlandskapssenteret i Telemark AS

Like dokumenter
Kulturlandskapssenteret i Telemark AS. Fagtur i det grønne. I lauvingslia på Myljom-To. Hjartdal.

Kulturlandskapssenteret i Telemark AS

Kulturlandskapssenteret i Telemark AS

Nasjonal handlingsplan for slåttemark Telemark 2009

NY NÆRING UNDER GAMLE TAK Låveprosjekt. Det er to sider ved en bygning; bruken og skjønnheten. Bruken tilhører eieren, skjønnheten hele verden

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Årsrapport Føremål. Overordna mål. Nærmiljøsentralen Askvoll. Innhald

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Kulturlandskapssenteret driv med formidling av kunnskapar om kulturlandskap gjennom guiding, kurs og konsulentverksemd

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

Kulturlandskapssenteret i Telemark AS. Nyrestaurert felt med haustingsskog av alm på Ambjørndalen. Restaurert mars 2012, foto frå august 2012.

FolkOrg Møte 2012/06 Styret

Bygdeblad. Bygdesentralenlen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Oppsummering frå styreleiar

RMP i fjellbygdene. Bjørg Torsteinsrud, Ål kommune. Utviklingsavdelinga

Bygdeblad. Bygdesentralen /Frivilligsentralen. Hipp Hipp Hipp, Hurra for 17 mai

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Søknad om ti skot. ?.;"? l} H}w3LI%fie 1 i \ eee; - Kurs og oppleving i Kvinnherad - '_ im 2. desember RHV 5 í. Søknad fra Hfldring Jorun Larsen

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Prosjektskisse Versjon 3. Arbeidspakke 5

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Referat frå møte

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda. BrosjyreA5_husetibygda.indd

Samnanger kommune Møteprotokoll

Velkommen til. årsmøte!

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Giske kommune. Nettverksamling for Frisklivsentraler Ulsteinvik 4. og 5.sept.

Å leve og bu på kysten av Sogn og Fjordane.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Finnøy og Rennesøy kommunar

Bruk av driftsmidlar Frifond

SAK 51/17 FILM; FJORD, FJELL OG VIDDE

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

REFERAT FRÅ STYREMØTE Bogstad gård

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

INTERNASJONAL STRATEGI

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

Møteprotokoll for Formannskapet

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Interesselaget for farga spælsau

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

RAPPORT FRÅ MEDVIRKNINGSMODELLEN GJESTEBUD

Vedtaksprotokoll styremøte og styreseminar

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Fitjar kommune Møteprotokoll

Referat. frå styremøte 6. og 7. desember 2012 på Hotell Norge Bergen.

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

Foreldregruppe i barnehagen

Frivillige! Ynskjer du å bli ein frivillig? Det er spørsmål etter frivillige til hjelp i huset, handling m.m. Ta kontakt med frivillighetsentralen, om

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Studenttinget 2014/2015

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /61 Plan- og miljøutvalet /85

Ansvar gjennomføring: FAU og klassekontaktar i 2. trinn. 5 personar. 2 FAU-repr + vara og 2 klassekontaktar.

Fortid & notid for framtid

SØKNAD OM ØKONOMISK STØTTE TIL ELEKTRONISK BOM PÅ VASSFARVEGEN, UTTALE

Referat frå møte i Arbeidsutvalet 19. mars 2010, kl

PROTOKOLL FRÅ FØRETAKSMØTE I HELSE STAVANGER HF

Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Direktenr Arkiv Dato: 14/117-4 Jan Øhlckers K

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /02 TUBO

Møteprotokoll for Fondstyret

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2016/ Dato:

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet tom sak 021/13. Vegar Berget leia møte frå sak 022/13.

Retningsliner 2014 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Orienteringar: Solbakkenprosjektet Arbeidet så langt m.o.t. PLO prosjektet Samhandlingsreforma og kva som ligg så langt i den økonomiske pakken

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Transkript:

Kulturlandskapssenteret i Telemark AS Ole Sigbjørn Bratsberg stablar spon. Foto: Arnt Magne Haugen. Årsrapport 2008

1. Styret Styret i Kulturlandskapssenteret var i fyrste del av 2008: Olav Tho (leiar), Lars Bjaadal, Ann Norderhaug, Tor Gunnar Austjord og Ruth Gunlaug Haug. Vararepresentantar var Inger-Lise Skarstein og Gunhild Geirsta. Generalforsamling blei halden 21.05.08. Lars Bjaadal og Tor Gunnar Austjord tok ikkje attval. Tarjei Gjelstad og Torunn Raftevold Rue blei valt inn som nye styremedlemmer, Tarjei Gjelstad som nestleiar. Styret har hatt 5 møte. 2. Tilsette Ingvill Marit Buen Garnås har hatt 80 % stilling, men gjekk ut i fødselspermisjon frå 03.07.08. Ho tok til att i 20 % stilling frå 05.09.08. Karoline Slethei Wåsjø Hartviksen har hatt engasjement på 40 % frå 05.05.08. Ho har hatt konkrete oppdrag med leiing av pilot i Beiteprosjektet i Sauland Tuddal, utarbeiding av skjøtselsplan for Utvalde kulturlandskap på Jomfruland Stråholmen, samt medverking på lauvingskurs. Kulturlandskapssenteret har elles leigd inn lokale fagpersonar innan bygningsvern, Arnt Magne Haugen og Tore Gunnar Bratsberg på oppdragsbasis. 3. Aktivitetar 3.1 Prosjekt Kulturlandskap og Slåttefestivalen Norsk Kulturarv fekk i 2006 støtte frå Landbruks- og matdepartementet til Prosjekt Kulturlandskap. Dagleg leiar i Norsk Kulturarv, Dag Lindvig, sat i Kulturlandskapssenterets styre da søknaden blei sendt. Ein føresetnad for støtta var eit samarbeid med Kulturlandskapssenteret og Slåttefestivalen om å auke fokuset på kulturlandskap. Bruken av midlane blei for Kulturladskapssenteret sin del fordelt over tre år i perioden 2006-2008. Kulturlandskapssenteret si rolle i høve Slåttefestivalen er å utvikle faglege tilbod som kan supplere tevlingane og arrangementet forøvrig. Slåttefestivalen har på si side fått støtte til å utvikle festivalen som arrangement, m.a. gjennom å etablere det fyrste offisielle NM i ljåslått. Kulturlandskapssenterets bidrag under Slåttefestivalen i 2008 var eit fagseminar om artsrike slåtteenger og vegkantar halde på Lien Fjellgard i Svartdal festivalfredagen, temautstilling om slåtteenga i samarbeid med Bioforsk (ferdig i 2007), ein kulturlandskapssti for små og store, samt gratis kortkurs i oppsett og bruk av ljå ved Bent Nilsen. Som ein opptakt til Slåttefestivalen arrangerte senteret også ein Aksjon fjern lupin i samarbeid med skulen i bygda, med fine oppslag i lokalavisene. Fagseminaret samla aktørar frå lokal landbruksforvalting og teknisk etat, vegvesen, forskarog gardbrukarhald. Seminaret var tverrfagleg og lærerikt for dei frammøtte, men trakk diverre få deltakarar utover dei medverkande. Ut i frå attendemeldingar frå landbrukskontora, er det nok framleis slik at ein truleg må pakke smale tema som desse inn i større fagpakker for at målgruppene skal finne det matnyttig og ikkje for sært.

I tillegg til messeveggen med temautstilling om slåtteeng, hadde senteret i år ei kulturlandskapsløype med 7 postar med ulike tema innanfor kulturlandskap, spørsmål og premiering, sponsa av TINE. Postane var enkle, hadde stram design og passe mengde informasjon til at det var overkomeleg i samanhengen og interessant for både ungar og vaksne. Dette fekk me mange fine attendemeldingar på. Slåttekurset fekk i år ei god form, med to kurstider og fleire drop ins i løpet av dagen. Plasseringa ved slipesteinen inviterte til samtale mellom generasjonar. 3.2 Prosjekt Kulturlandskap og www.kulturlandskap.net Vidareutvikling av nettsida www.kulturlandskap.net er òg ein del av Prosjekt Kulturlandskap og samarbeidet med Norsk Kulturarv. Norsk Kulturarv overtok i si tid sida av Fylkesmannen i Telemark, medan det enno var uvisst om Kulturlandskapssenteret ville bli realisert. Det var Ole Per Schei, dagleg leiar for Kulturlandskapsprosjektet i Hjartdal (1999-2002) og seinare tilsett hjå Fylkesmannen, som utvikla sida. Kulturlandskapssenteret har i år levert grunnlaget for overordna disposisjon og systematisering av lenkjer, samt skrive dei innleiande fagartiklane på sida. Norsk Kulturarv har det overordna redaktøransvaret, og står også for den tekniske tilrettelegginga og kommunikasjon mot Intellicom. Sida blei relansert på den internasjonale biomangfalddagen 22.05.08. 3.3 Kurs og undervising Kurs i utvendig restaurering av eldre trehus. På våren gjennomførte me eit kurs i utvendig restaurering av eldre trehus, med Jon Bojer Godal, Aadne G. Sollid, Arnt Magne Haugen og Tore Gunnar Bratsberg. Telemark fylkeskommune v. Eystein Andersen og Fylkesmannen v. Karl Erik Gonsholt var også med. Kurset hadde særs god påmelding, og traff landbruksforvaltinga som målgruppe, i tillegg nokre handverkarar. Totalt 22 deltakarar frå Telemark, Agder, Buskerud og Vestfold, i tillegg til 7 medverkande. Me fekk berre gode attendemeldingar på evalueringsskjema. Kurset var støtta av Fylkesmannen i Telemark, og utvikla i samarbeid med Arnt Magne Haugen og Tore Gunnar Bratsberg. Temadag om urterike slåtteenger og vegkantar Sjå 3.1. Slåttefestivalen Kurs i restaurering av steingardar Kurset var ferdig planlagt til fyrste helga i juni, men blei utsett pga. for lite stønad i botn. Instruksjon over tre dagar er kostbart, og kurset kan berre ta maks 10 stk. Dette medfører at ein må ha ein del stønad for å få det til å gå rundt. Det var 7 interesserte. Me prøvar seinare. Temadag om lauving I august gjennomførte med temadag om lauving, med teori ved Kulturlandskapssenteret og praktisk kursing på Myljom-To. Temadagen trakk 9 deltakarar frå Oslo i aust til Åmli i vest.

3.4 Diverse kulturelle aktivitetar Songar i kulturlandskapet Opplegg for bornehagane i Hjartdal Mykje av songarven vår er knytt til det gamle jordbruket, og såleis kan ein nytte songane som innfallsvinkel når ein skal lære ungar litt om landskapet vårt og kvifor det enno ser ut slik det gjer i dag. Slåtteenga, Jomfru Maria og lækjande urter var hovudtema våren 2008. Det var fire økter i kvar av dei tre bornehagane i Hjartdal kommune. Gjevande for små og store! Kvedarkurs i Hjartdal Hjartdal har vore vitja av mange folkeminne- og folkemusikksamlarar, som M. B. Landstad (1802-1880) og L. M. Lindeman (1812-1887). Det er vidare eit rikt tilfang å ause av. Soger og segner, både i sjølve materialet og knytt til kjeldene, er ofte kopla til gamle levesett og lokal kultur i landskapet. Kulturlandskapssenteret hadde kvedarkurs over 5 kveldar med 11 deltakarar, frå aust og vest. Hjartdølar på Kongsbergmarken Mange kjempekarar frå Hjartdal har gjort seg gjeldande på Kongsbergmarken i farne tider... Ingvill blei beden om å koma og synge visene om dei, og det gjorde ho! Jørund Telnes-samling i Seljord Jørund Telnes (1845-1892) sine viser er gode eksempel på dikting med tett knyting mot kulturlandskap. Ingvill blei engasjert av familien Telnes til å halde kurs. Olea Crøger-dag på Prestegarden og i Stavkyrkja i Heddal Opplegg for skulane Olea Crøger (1801-1855) var prestedotter, pioner blant folkeminne- og folkemusikksamlarane og gardbrukar! Prosjektet Kulturstigen ved Heddal Stavkyrkje engasjerte oss til å snakke og synge om henne på ein open dag for skulane i Heddal. Lindeman-seminar i Oslo Oppdrag frå Norsk Kvedarforum Temaet for seminaret var Lindeman og generasjonsperspektivet. Ingvill var beden om å snakke om L.M. Lindemans møte med Hjartdalsbygdene, m.a. hennar eigen tipp-tipp oldefar i Tuddal og prestefamilien Finckenhagen i Hjartdal. 3.5 Guiding og fagturar Det har berre vore to fagturar med omvisning i Hjartdal i år; Kvitsund Vidaregåande Skule og Notodden kommune i samband med Latvia-besøk. Dette er eit tilbod som fungerer godt i praksis, og som bør marknadsførast betre. Det er mogleg det tek litt tid før målgruppene responderer. I seinare tid har mellom anna Høgskulen i Telemark meldt si interesse. 3.6 Villblomanes dag Sundagen etter Slåttefestivalen fall også i år på Villblomanes dag, det landsdekkjande tiltaket i regi av Norsk Botanisk Foreining. Me samarbeidde i år med Telemark Botaniske Foreining om ei markvandring med fokus på slåtteenger i Svartdal. Ingrid Wangensteen, Astrid Espeli og Bjørg Minnesjord Solheim var lokalt vertskap. Kulturlandskapssenteret stod for informasjon og underhaldning, og utstillinga om slåtteeng var med. Arrangementet var godt besøkt.

3.7 Føredrag Kulturlandskapssenteret har vore innleigd til å halde faglege føredrag for Telemark Sau og Geit/Årsmøtet og for Beiteprosjektet i Telemark og Agder/Fagsamling. Det kunne gjerne vore fleire førespurnader av dette slaget, men det vil truleg koma meir med tida. Små fag- og interesselag har elles ikkje noko budsjett å snakke om når det kjem til honorar. Det kan kanskje jobbast med å få på plass ei finansiering av tilbod til desse gruppene. 3.8 Konsulenttenester Rydding av vegkantar Kulturlandskapssenteret har i år vore involvert i to større ryddeprosjekt: Ryddetiltak langs vegar i Hjartdal og Innsyn i landskap langs vegar i Tuddal. I Hjartdal er det laga ein statusrapport for ryddetiltak så langt, samt ein plan for eit fellestiltak på rydding av nye strekningar på SMIL-midlar, samt rydding langs FV til Opsal og E 134. I Tuddal er det laga ein SMIL-plan for møtestad Sudbygde, samt plan for rydding langs FV 651 frå Sauland til Tuddal Sentrum. Kommunen skal fylgje opp søknader til Statens vegvesen, Telemark fylkeskommune m.fl. om rydding langs E 134 og FV 651. Beiteprosjektet i Hjartdal (Sauland Tuddal) Beiteprosjektet i Telemark og Agder har ein pilot i Sauland med forgreiningar til Tuddal. Kulturlandskapssenteret er leigd inn av Hjartdal kommune på engasjement til å koordinere og drive prosjektet framover. Det er arbeidd med utveljing av område, drøfting med involverte grunneigarar, samt utarbeidd konkrete planar som grunnlag for søknader om tiltak. Karoline har hatt hand om dette engasjementet. Utvalde kulturlandskap: Jomfuland Stråholmen Fylkesmannen i Telemark engasjerte Kulturlandskapssenteret til å gjera registreringar av kulturmark og utarbeide framlegg til skjøtsel for område plukka ut som fyrste kandidat til Utvalde kulturlandskap. Karoline har stått for dette. SMIL-søknader / småtenester Det er utarbeidd 2 ryddeplanar/smil-søknader for einskilde gardbrukarar, og 1 skjøtselsplan/smil-søknad for eit mindre fellestiltak. Alle tre i Hjartdal Nordbygd. Det er også føreteke dendrokronologisk datering av hus på Mjonøy i Vinje. Bistand Slåttefestivalen Slåttefestivalen har kjøpt tenester når det gjeld utarbeiding av PR-materiell, hjelp med brevskriving, administrering og nettverksbygging. Det kan bli aktuelt å utvide dette samarbeidet på nokre felt. Førespurnader Gjennom året har Kulturlandskapssenteret svart på ei rekkje faglege spørsmål via telefon, e-post ol. Det meste av dette har vore små tenester der ein ikkje kan ta betalt, men som likevel tek litt tid å handtere.

3.9 Div. møteverksemd I tillegg til styremøte har det vore avhalde fleire arbeidsmøte med Slåttefestivalen og prosjekta me har arbeidd med i Hjartdal, Tuddal og Sauland. Den 27.10.08 reiste styreleiar og dagleg leiar i lag med Slåttefestivalens styreleiar og programsjef oppover til Norsk Kulturarv i Vågå for å drøfte vidare samarbeid i Prosjekt Kulturlandskap. Dette var eit viktig og fruktbart møte, som la grunnlaget for avtaler om vidareføring av samarbeidet for tre nye år. 3.10 Nordisk samarbeid Kulturlandskapssenteret har knytt kontakt med Nordisk Kulturlandskapsforbund, gjennom at dagleg leiar er valt inn i styret og har ansvaret for deira heimesider www.n-kf.org. Det kan kanskje bli aktuelt å arrangere årsmøte i Hjartdal - Svartdal med tid og stunder. 4. Marknadsføring 4.1 Internettside Sida har vore jamleg oppdatert gjennom 2008. Det er kome mange gode attendemeldingar på at me har ei fin og delikat internettside. Systemet frå Intellicom er enkelt å handtere, og gjer redigeringsjobben lett. 4.2 PR-materiell og distribusjon PR-materiell blir stadig justert og oppdatert. Brosjyrer, flygarar og plakatar blir skrive ut frå skrivar på Bygdesentralen. Kvaliteten er OK. Dette gjer det mogleg å redigere eige PRmateriell på ein enkel og rimeleg måte. Alle kurstilbod får faldarar som blir masseutsendt i tillegg til info via e-post og internett. Hovudmålgruppene er offentleg forvalting og faglag i Telemark, Buskerud, Vestfold og Agderfylka. Det har elles vore lite omreisande PRverksemd i 2008, da dette var vektlagt i 2007. 4.3 Dyrsku n Av naturlege årsaker var det vanskeleg å stille på Dyrsku n i år, jf. fødselspermisjon. Skal Kulturlandskapssenteret stille på Dyrsku n bør det ev. vera i form av ei utstilling eller eit aktivitetsopplegg, ikkje som anonym gjest på andres stand. Det er elles ikkje høve for oss å stille aleine på Bondens møteplass. Ein ordinær stand må ev. vurderast nøye. Truleg ville det koste meir enn det ville kaste av seg. 4.4 Media Det er viktig å porsjonere ut informasjon knytt til konkrete tilstellingar og tilbod, slik at me stadig har ein aktualitetsverdi. Aktuelle oppslag i år er bornehageopplegget med songar frå kulturlandskapet, demonstrering av sponhøvling med hest i samband med kurset i restaurering av trehus, lansering av www.kulturlandskap.net på biomangfalddagen, Aksjon plukk lupin, møte med Norsk Kulturarv og avtale om forlenging av Prosjekt Kulturlandskap.

5. Søknadsarbeid Norsk Kulturarv fekk i 2007 tilsegn frå Landbruks- og matdepartementet om støtte til vidareføring av Prosjekt Kulturlandskap i eit treårig perspektiv. Frå forsommaren og ut året blei det arbeidd med å få på plass avtaler om forlenging av samarbeidet mellom Norsk Kulturarv, Kulturlandskapssenteret og Slåttefestivalen. Resultatet av forhandlingane blei at alle aktørane deltar i vidareføringa. Kulturlandskapssenteret er tilgodesett med 120.000 kr pr. år i tre år 2008-2011, jf. avtale som låg føre til årsskiftet. Me søkte Sparebankstiftelsen om støtte til Aksjon ut i mark og eng, eit regionalt pedagogisk tilbod i samarbeid med Fylkesmannen og Slåttefestivalen. Me fekk avslag, men har kanalisert idéen inn i delprosjekt under Prosjekt Kulturlandskap. Det er elles søkt om støtte til eit nytt slåtteengprosjekt i Hjartdal og Svartdal. Hjartdal kommune og Seljord kommune gav tilsegn om osv. 50.000 kr og 25.000 kr til å oppdatere og komplettere tidlegare registreringar, mobilisere og ev. opprette eit samarbeidsorgan som kan sikre skjøtsel og engasjement for slåtteengene på lengre sikt. 6. Vurderingar og utfordringar Ein detaljert handlingsplan høyrer ikkje heime i ein årsrapport, men det kan kort oppsummerast at det er tidkrevjande og kostbart å bygge opp ei kompetanseverksemd frå grunnen av. Det er stadig viktig å marknadsføre senteret og tenestene det kan utføre. Men snoballen ser ut til å ha byrja å rulle. Dei fyrste åra har vist at det er stor trong for eit senter som kan samle og spreie ulike kunnskapar knytt til kulturlandskap. Men dette samsvarar ikkje alltid med betalingsvilje. Ein del av denne formidlingsverksemda burde såleis vera statlege og/eller regionale oppgåver. Me treng vidare å få på plass nokre fleire større og meir langsiktige prosjekt, ev. partnarskapsavtaler. Dette vil gjeva større tryggleik i verksemda, og vil samstundes auke sjansane for at me kan tene den lokale/regionale marknaden på det nivået etterspurnaden ligg - og etter kvart kan utvikle seg til.