Løyve etter ureiningslova til Johny Birkeland Transport AS AS for mellomlagring av farleg avfall i Sløvåg i Gulen kommune Løyvet er gitt i medhald av Lov om vern mot forurensninger og om avfall av 13. mars 1981 nr. 6 (ureiningslova), 11 jf. 16 og forskrift om gjenvinning og behandling av avfall av 1.6.2004 (avfallsforskrifta) 11-6. Løyvet er gitt på grunnlag av opplysningar gitt i søknad av 14.12.2012, samt opplysningar framkomne under handsaming av søknaden. Løyvet gjeld frå dags dato og på dei vilkåra som er gitt i dette dokumentet. Forklaring til enkelte av vilkåra står i oversendingsbrevet. Dersom verksemda ønskjer å gjere endringar i høve til opplysningar som er gitt i søknaden eller under sakshandsaminga, og desse endringane kan ha innverknad på miljøet, må endringane avklarast skriftleg med Fylkesmannen på førehand. Verksemddata Verksemd: Johny Birkeland Transport AS Adresse, poststad Besøksadresse Sløvågen 32 5960 Dalsøyra Gards- og bruksnr. Gnr. 63 Bnr. 29 Kommune og fylke Gulen i Sogn og Fjordane Org. nummer (føretak/eigd av) 971 057 440 Org.nr. (verksemd) 974 157 004 NACE-kode 38.220 Behandling og disponering av farleg avfall NOSE-kode 109.00.00 Behandling og disponering av avfall Fylkesmannen sine referansar Arkivkode Anleggsnummer Løyvenummer Bransje Risikoklasse 1 480/2013 1411.0078.02 2013.208.T Avfall 4 Løyve gitt: 10.07.2013 Endringsnummer: Denne endringa: Gøsta Hagenlund Ass. fylkesmiljøvernsjef Grete Hamre overingeniør Kopiadressatar: Sjå liste i oversendingsbrevet. 1 Jf. ureiningsforskrifta kap. 39 om gebyr til statskassen for arbeid med tillatelser og kontroll etter ureiningslova
Side 2 av 6 Innhald 1. Ramme for løyvet 3 2. Generelle krav 3 2.1. Plikt til å hindre ureining - tiltak ved auka ureiningsfare eller unormale driftsforhold... 3 2.2. Internkontroll, HMS-dokumentasjon ytre miljø... 3 2.3 Økonomisk sikkerheit... 4 3. Om handtering av avfall 4 3.1. Mottak av farleg avfall... 4 3.2. Lagring av farleg avfall... 4 4. Større endringar 5 4.1. Utskifting av utstyr... 5 4.2. Eigarskifte... 5 4.3. Nedlegging eller lengre driftsstans... 5
Side 3 av 6 1. Ramme for løyvet Løyvet gjeld ureining og ulempe som følgje av handtering av farleg avfall frå næring. Mengd Avfallstype Avfallsstoffnr.* EAL-kode* Maksimalt mengd samtidig lagra: 25 m 3 Spillolje, innsamla frå oljeutskiljarar 7012 12.01.10 * I desse mengdene inngår ikkje objekt/utstyr som vert levert/selt for ombruk. Handteringa av farleg avfall omfattar: inntransport, mellomlagring inkludert samlagring, omlasting og transport til godkjent mottak. Ved vesentlege endringar i drifta skal verksemda søkje om endring av løyvet. Løyvet omfattar ikkje anna behandling, disponering av, nyttiggjering eller innsamling av farleg avfall. Lagringstanken skal ikkje nyttast til lagring av andre typar farleg avfall utan etter nærare godkjenning frå Fylkesmannen. 2. Generelle krav 2.1. Plikt til å hindre ureining - tiltak ved auka ureiningsfare eller unormale driftsforhold Tankanlegget skal ikkje ha utslepp til vatn eller grunn. For å unngå, eller avgrense ureining og avfallsproblem, skal de nytte den teknologien som ut frå ei samla vurdering også av økonomiske tilhøve, gir dei beste resultata for noverande og framtidig tilstand i miljøet. Dersom det som følgje av unormale driftsforhold, eller av andre grunnar oppstår auka fare for ureining, pliktar verksemda å setje i verk tiltak som er naudsynte for å fjerne eller redusere den auka ureiningsfaren. Slike tiltak kan også omfatte reduksjon eller stans av drifta. Verksemda skal straks informere Fylkesmannen og naboar dersom: det vert planlagt aktivitet som mellombels kan føre til auka fare for utslepp mottak av avfall viser seg å kunne gi uføresette utfordringar det oppstår situasjonar der utstyr, maskiner eller andre kritiske installasjonar for vern mot ureining sviktar Verksemda skal etablere eit dokumentert system for registrering og loggføring av eventuelle klager/meldingar. Verksemda skal gi ei vurdering av kva som har skjedd, årsak til hendinga og tiltak som er sette i verk eller som er planlagde for å motverke og avgrense miljøpåverknader og å hindre at hendinga gjentek seg. Informasjonen skal gjerast kjent for nabolag og Fylkesmannen. Merk at verksemda også har varslingsplikt etter gjeldande forskrift om akutt ureining 2. 2.2. Internkontroll, HMS-dokumentasjon ytre miljø Verksemda pliktar å etablere internkontroll som gjeld for ytre miljø i høve til gjeldande forskrift om dette 3. Internkontrollen skal mellom anna sikre og dokumentere at verksemda oppfyller krava i dette løyvet, ureiningslova, produktkontrollova og relevante forskrifter heimla i desse lovene. Verksemda pliktar å halde internkontrollen oppdatert. 2 Forskrift om varsling av akutt ureining eller fare for akutt ureining av 09.07.1992, nr. 1269 3 Jf. forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter av 06.12.1996 nr. 1127 eller seinare utgåve (internkontrollforskrifta)
Side 4 av 6 Verksemda skal gjennomføre ein miljørisikoanalyse 4 av mottak og lagring av farleg avfall, og resultata frå analysen skal vurderast i høve til akseptabel miljørisiko. Verksemda pliktar til ei kvar tid å ha oversikt over alle aktivitetar som kan føre til ureining og skjemmande tilhøve og å kunne gjere greie for risikotilhøve. 2.3 Økonomisk sikkerheit Verksemda skal stille økonomisk sikkerheit for kostnader med å ta hand om alt farleg avfall ved anlegget i tilfelle driftsstans, nedlegging eller ved betalingsproblem. Sikkerheita skal dekke kostnadene som maksimalt kan tenkjast å oppstå ut frå typar og mengder farleg avfall anlegget kan ta imot og lagre på lovleg måte jf. punkt 1. Verksemda skal stille økonomisk sikkerheit for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i form av pant i sperra bankkonto med eit (innbetalt) beløp tilsvarande beløpet som skal sikrast, eller ved ein løpande påkravsgaranti frå banken på tilsvarande beløp, utskriven til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen kan vurdere å godta andre former for sikring av det aktuelle beløpet dersom verksemda kan dokumentere at dette vil gi tilsvarande sikkerheit. Så snart som mogleg etter at løyvet er motteke, skal verksemda sende skriftleg melding til Fylkesmannen om korleis ein stiller sikkerheit. Før Fylkesmannen har godkjent sikringa av det aktuelle beløpet, kan verksemda ikkje ta imot farleg avfall ved anlegget. 3. Om handtering av avfall 3.1. Mottak av farleg avfall Alle som handterer farleg avfall ved verksemda, eller som utfører aktivitetar knytte til tank for lagring av farleg avfal, skal ha relevant kompetanse og dokumentert opplæring Verksemda skal vere registrert i det nasjonale systemet for farleg avfall 5, og alle naudsynte avtalar må vere på plass før verksemda kan ta imot og mellomlagre det farlege avfallet. Verksemda skal ha etablert eit system som sikrar at alt farleg avfall som vert motteke er deklarert på ein måte som sikrar forsvarleg handtering. Systemet skal sikre at alle enkeltleveransar vert registrert og at deklarasjonsskjema følgjer leveransane ved vidarelevering til godkjent mottakar av farleg avfall. Alle naudsynte opplysningar om avfallet skal journalførast. Kvar post skal ha sitt eige løpenummer (lagernummer), og den enkelte avfallslevering /-mottak skal journalførast. Journalen skal minst innehalde dato for mottak, avfallsprodusent, lagerplass / tank, mengd avfall og EAL-kode. I tillegg skal det registrerast kva tid avfallet forlét anlegget, og kvar det vert levert (dato og namn på mottakar). Naudsynte opplysningar om avfallet skal vere lett tilgjengeleg for kontroll. Fylkesmannen kan påleggje anlegget å sende kopi eller samandrag av alle journalar til Fylkesmannen eller andre. Journalane skal oppbevarast i minst 3 år, og skal vere lett tilgjengelege ved kontroll. 3.2. Lagring av farleg avfall Farleg avfall skal oppbevarast på ein slik måte at det ikkje oppstår ureining. Lagra farleg avfall skal til ei kvar tid ha tilstrekkeleg tilsyn. Som eit minimum skal følgjande vilkår vere oppfylte: 4 Framgangsmåten bør følge NS 5814:2008 Krav til risikovurdering (eller seinare utgåve) 5 For tida avtale mellom NORSAS og innsamlar(ar)
Side 5 av 6 All lagring av farleg avfall skal vere basert på ei dokumentert risikovurdering jf. vilkår 2.2. Motteke avfall skal ikkje mellomlagrast i meir enn 6 månader Lagringsområdet skal vere sikra slik at uvedkommande ikkje har tilgjenge. Faren for søl og lekkasje frå motteke avfall skal vere minimal og i samsvar med dokumentert akseptnivå. Ev. uhellsutslepp skal samlast opp omgåande med oppsamlings- / absorberande utstyr i mengd og storleik som er tilpassa maksimal lagringsmengd. Blanding av ulike typar farleg avfall som ikkje kan samdeklarerast, er ikkje tillate. Fortynning av farlege stoff for å unngå farleg avfall-klassifisering er ikkje tillate Stoff som ikkje kan samlastast i høve ADR-reglane, skal lagrast på fysisk skilde område Verksemda skal ha kart over lagring av farleg avfall der det går fram kvar ulike fraksjonar av avfallet er lagra Alle lagertankar for flytande kjemikal eller avfall som kan utgjere ein ureiningsfare eller på annan måte vere ein fare eller ulempe for miljøet, skal sikrast mot overfylling og lekkasje Lagertankar for flytande farleg avfall større enn 10 000 liter, skal ha overfyllingsvarsel Alle tankar med kapasitet større enn 2000 liter skal sikrast med oppsamlingsvolum tilsvarande kapasiteten på tanken pluss 10 % av lagervolumet. Dersom det er fleire tankar i same området kan sikrast med oppsamlingsvolum tilsvarande kapasiteten på den største tanken pluss eit tillegg på 10 % av lager olumet til den største tanke. Tankar for lagring av farleg avfall skal tømmast og reingjerast med jamne mellomrom for m.a. å hindre opphoping av slam og / eller farlege stoff, og for å kunne tilstandsvurdere tanken. 4. Større endringar 4.1. Utskifting av utstyr Dersom utskifting av utstyr ved verksemda fører til at det vert teknisk mogleg å motverke ureining på ein vesentleg betre måte enn då løyvet vart gitt, skal Fylkesmannen på førehand ha melding om dette. All utskifting av utstyr skal vere basert på at verksemda tek i bruk beste tilgjengelege teknologi for å motverke ureining. 4.2. Eigarskifte Løyvet kan ikkje overdragast til andre utan samtykke frå Fylkesmannen. Ny eigar kan ikkje ha eller ta imot avfall ved anlegget utan avklaring med Fylkesmannen. 4.3. Nedlegging eller lengre driftsstans Dersom anlegget vert nedlagt, eller drifta vert stansa i meir enn ein 1 månad, skal løyvehavar melde frå til Fylkesmannen. Den ansvarlege skal gjere det som til ei kvar tid er naudsynt for å motverke fare for ureining. Dersom noko ved anlegget kan medføre ureining, eller det er avfall som kan verke skjemmande etter driftsstans, skal dette opplysast særskild. Fylkesmannen kan fastsetje nærare kva tiltak som er naudsynte for å motverke ureining og for å rydde opp i avfallet. Fylkesmannen kan pålegge eigaren eller brukaren å stille garanti for dekking av framtidige utgifter og mogleg erstatningsansvar. Ved nedlegging eller driftsstans skal verksemda syte for at avfall vert teke hand om på forsvarleg måte, mellom anna skal farleg avfall handterast i høve til gjeldande forskrift 6. Tiltak som vert gjennomførte i slike høve, skal rapporterast til Fylkesmannen innan 3 månader etter nedlegging eller driftsstans. Rapporten skal også innehalde dokumentasjon på korleis kjemikalierestar og ubrukte kjemikal har vorte disponert, og namn på eventuell(e) kjøpar/ar. 6 Avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall
Side 6 av 6 Ved oppstarting etter driftsstans skal den ansvarlege syte for at driftsstaden er i miljømessig tilfredsstillande stand. Han skal også gi melding til Fylkesmannen i god tid før oppstarting. Dette gjeld all aktivitet som kan medføre fare for ureining, eller som kan verke skjemmande.