Tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og, inntak til et. Informasjon om planlagt utbygging. Melding med framlegg til program for konsekvensutgreiing. Denne brosjyren er eit samandrag av innhaldet i meldinga. Brosjyren vert sendt til husstandane i det aktuelle området, Voss kommune, Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune og til fleire interesseorganisasjonar.
ved Edal, oppstraums inntaket. \\\ Melding \\\ PlananE Meldinga omfattar planar om tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og i Voss kommune i Hordaland fylke. BKK Produksjon AS er tiltakshavar og vil vera konsesjonssøkjar. Etter plan- og bygningslova sine reglar om konsekvensutgreiing, skal dette tiltaket konsekvensutgreiast med omsyn til verknader for miljø, naturressursar og samfunn. Målet med ei melding er mellom anna å orientera om utbygginga slik at du kan koma med synspunkt på planane på eit tidleg tidspunkt. Meldinga skal vera eit grunnlag for å fastsetja eit program for konsekvensutgreiing, som er ein viktig del av konsesjonssøknaden. Meldinga skal også medverka til å kartleggja korleis eigedomar og rettar kan verta påverka av utbygginga. Det er inngått avtale med dei fleste av grunneigarane langs og Muggås elva om utbygging. Avtalen som er inngått omfattar følgjande fire alternativ i prioritert rekkjefølgje: Alternativ A: Tilsiget frå øvre delar av og frå kote 805 skal overførast til driftstunnelen til Evanger. Tunnelen skal drivast frå eit tverrslag i Mokedalen. Den eksisterande overføringa av Harkavatnet til Grasdalen bekkeinntak (Evanger ) skal fjernast. Harkavatnet vert då ført tilbake til sitt nedbørfelt og teke inn på overføringstunnelen ved eige bekkeinntak. Restfelta i og nedanfor kote 805 skal utnyttast i eit fall frå ca. kote 365 til ca. kote 25 i Vosso. Det vert inntak i kvar av elvane med ein felles kraftstasjon. Kraftverket vert uregulert, og vassvegane vert liggjande i fjell. Kraftstasjonen skal plasserast ute i dagen ved Skorve. 2 Tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og Tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og 3
\\\ Kart over området Alternativ A Oksebotn Volavatnet Alternativ C Oksebotn Volavatnet Teigdalen Grasdalen Teigdalen Grasdalen Teigdalselva Evanger Evangervatnet Skorve Alternativ B Mustdalen Steine Mokedalen Vosso Harkavatnet Oksebotn Raudberget Fangdalen Volavatnet Planlagt veg Overføringstunnel Bekkeinntak Tunnel Kraftverk Inntak Nedbørfelt Evanger Bolstadelva Nedbørfelt Nedbørfelt Teigdalselva Evanger Evangervatnet Skorve Alternativ D Mustdalen Steine Vosso Harkavatnet Raudberget Oksebotn Fangdalen Bulken Volavatnet Tunnel Inntak Kraftverk Nedbørfelt Evanger Nedbørfelt Nedbørfelt Vangsvatnet Vossevangen Teigdalen Grasdalen Teigdalen Grasdalen a Evanger Evangervatnet Teigdalselva små Mustdalen Steinestølen# Steine Mokedalen Vosso Harkavatnet Raudberget Fangdalen Planlagt veg Overføringstunnel Bekkeinntak Tunnel Rørgate Inntak Kraftverk Nedbørfelt Evanger Nedbørfelt Bolstadelva Nedbørfelt Vangsvatnet 4 Tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og Tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og 5 Mustdalen Skorsetvatnet Steinestølen Mokedalen Skorsetvatnet Steinestølen Skorsetvatnet Skorsetvatnet Steinestølen Evanger Steine Vossevangen Teigdalselva Evangervatnet små # Mokedalen Vosso Harkavatnet Raudberget Fangdalen Tunnel Rørgate Inntak Kraftverk Nedbørfelt Evanger Nedbørfelt Nedbørfelt Vangsvatnet Vossevangen
Raudberget/Lauvdalen, ved bekkeinntaket. Bildetekst Tilhøyrande anlegg Dersom alternativ A eller B vert valt, skal den kommunale vegen frå E 16 opp til Steine delvis leggjast om og delvis utbetrast. Etter avtale skal BKK gje ein økonomisk stønad til dette arbeidet dersom det vert gjeve konsesjon. Stølsvegane frå Steine til Kvitla og Lauvdalen vert då også utbetra. Frå stølsvegen skal det byggjast ein ny anleggsveg frå Fljote opp til tunneltverrslaget i Mokedalen. Den vert om lag 3 kilometer lang. For alle alternativa skal det byggjast ein 100 meter lang veg til inntaket i. Til dei andre anleggsstadane vert det nytta helikoptertransport. alt. A og B). Plassert masse utgjer eit volum på om lag 260 000 kubikkmeter. Tunnelmassane vert plasserte nedanfor tverrslaget, mellom den nye anleggsvegen og elva i Mokedalen. Tunnelmassane som skal ut ved kraftstasjonsområdet for alternativ A og C, utgjer eit plassert volum på om lag 90 000 kubikkmeter. Det vert teke sikte på å nytta massane i samarbeid med kommunen og grunneigarar. Krafta frå a vert ført ut ved hjelp av ei ny 22 kv-linje til koplings- og transformatorstasjonen på Evanger. Alternativ B Tilsiget frå øvre delar av og frå kote 805 skal overførast til driftstunnelen til Evanger (som alt. A). Den eksisterande overføringa av Harkavatnet til Grasdalen bekkeinntak (Evanger ) skal fjernast. Harkavatnet vert då ført tilbake til sitt nedbørfelt og teke inn på overføringstunnelen ved eige bekkeinntak. Restfelta i og nedanfor kote 805 vert utnytta i kvar sine fall, frå ca. kote 365 til ca. kote 40 i og frå ca. kote 380 til ca. kote 25 i. Det vert såleis to separate, og med trykkrøyr som skal gravast ned mellom inntaka og kraftstasjonane. Begge kraftstasjonane vert plassert ute i dagen. Alternativ C Det vert inga tilleggsoverføring til Evanger. Nedbørfelta til Tverr elva og skal utnyttast frå ca. kote 365 til ca. kote 25 i Vosso. Det vert inntak i kvar av elvane med ein felles kraftstasjon. Kraftverket vert uregulert, og vassvegane vil liggja i fjell. Kraftstasjonen vert plassert ute i dagen ved Skorve. Alternativ D Det vert inga tilleggsoverføring til Evanger. Nedbørfelta til og skal utnyttast i kvar sine fall, frå ca. kote 365 til ca. kote 40 i og frå ca. kote 380 til ca. kote 25 i. Det vert såleis to separate, og. Driftsvassvegen til vert både nedgrave trykkrøyr og tunnel i fjell. Driftsvassvegen til vert nedgrave røyr mellom inntaket og kraftstasjonen. Begge kraftstasjonane skal plasserast ute i dagen. Tunnelstein frå overføringstunnelen mellom Fangdalen og driftstunnelen skal ut gjennom tverrslaget i Mokedalen (gjeld Tabell over nøkkeltal: Utbyggingstida er avhengig av kva alternativ som vert valt, frå 1,5 til 2,5 år. Alternativ A B C D Årsproduksjon i middel (GWh/år) 127,3 125,2 74,2 68,8 Utbyggingskostnad (mill. kr)* 430 404 207 201 Utbyggingspris (kr/kwh)* 3,38 3,23 2,79 2,92 * kostnader pr. 01.01.2010 \\\ Samla plan for vassdrag og verneplanar Alle nye, større vasskraftutbyggingsprosjekt må handsamast i Samla plan for vassdrag. Berre utbyggingsprosjekt som er handsama i Samla plan og plasserte i kategori I eller som er fritekne frå handsaming, kan konsesjonshandsamast av styresmaktene. Overføringa av øvre delar av og vart handsama i Stortingsmelding nr. 60, 1991-92 og plassert i gruppe 2, kategori I. Søknad om fritak frå Samla plan for, og Skorve vert handsama parallelt med meldinga. Vossovassdraget ovanfor Vangsvatnet; Strondaelva, Raundalselva og Bordalselva vart handsama i Verneplan III. Stortinget vedtok vern mot kraftutbygging av desse vassdraga i 1986. Vosso, som og renn ut i, er eit nasjonalt laksevassdrag. 6 Tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og Tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og 7
Mokedalen, der det kjem tverrslag og bekkeinntak. \\\ LøyvE Tiltaket må ha offentlege løyve etter følgjande lovverk før arbeidet kan ta til: Konsesjon etter vassressurslova Konsesjon etter vassdragsreguleringslova Konsesjon etter energilova Utsleppsløyve etter forureiningslova I tillegg vil ei utbygging krevja fleire avklaringar, mellom anna i høve til kulturminnelova. \\\ Kva for fylgjer kan inngrepa få? Utbygginga av overføringar og vil få fylgjer for natur, miljø og samfunn. Prosjektet med alle alternativ skal derfor konsekvensutgreiast for å få oversikt over kva fylgjene vil verta. Konsekvensutgreiinga vil også koma med framlegg til avbøtande tiltak som kan vera aktuelle å gjennomføra for å redusera ulempene. Basert på noverande kunnskapar er det utført ein førebels omtale av konsekvensane i meldinga. Hydrologi Vassføringa nedanfor alle inntaka vert redusert. Det er gjort avtale med grunneigarane om at det skal sleppast ei vass føring frå nokre av bekkeinntaka i for å oppretthalda ei vassføring i elvane ved Lauvdalen og Kvitla på opp til 60-70 l/s i perioden frå og med juni til og med september. Det vil sannsynlegvis koma pålegg om minstevassføring nedanfor inntaka til dei nye a, og dette er lagt inn i produksjonsestimata. Vasstemperaturen nedanfor inntaka kan verta litt høgare om sommaren. Langs dei midtre delane i er fleire strekningar utsett for skadar på bruer o.l. under isgang. Redusert vassføring for alternativ A og B vil føra til redusert fare for isgang. Landskap, natur- og kulturmiljø Alternativ A og B fører til reduksjon av inngrepsfrie områder. Dei største konsekvensane knyter seg til redusert vassføring og inngrep i samband med inntaka for alle alternativa. Bekkeinntaket ved Raudbergstølen, steintipp i Mokedalen og anleggsvegar vil ha negativ verknad for landskapet ved ei realisering av alternativ A eller B. Redusert vassføring kan føra til redusert fukttilhøve for fuktkrevjande plantar i bekkekløft i. Anleggsaktiviteten kan føra til uro for dyrelivet, spesielt er villrein sårbare, i mindre grad hjort. Det er gjort funn av eldre kulturminne i Mokedalen, på Kvitlastølen og Steinestølen. Kvitlastølen og Steinestølen vert ikkje råka av ei utbygging. Ei utbygging vil ta omsyn til kulturminna i Mokedalen, slik at dei ikkje vert råka av utbygginga. Elles er det ingen kjente registrerte kulturminne innanfor tiltaksområda. Redusert vassføring kan auka risikoen for tilfrysing av område som er nytta til gyting. Det vassdekte arealet kan også verta mindre. Alternativ A og B vil redusera avrenninga frå dei øvre delane av nedbørfelta. Dette vil generelt føra til ei betre vass kvalitet med omsyn til forsuring i den nedre delen av. Alternativ A og C vil føra til ei redusert vassføring på den nedste delen av som er eit viktig gyte- og oppvekstområde for laks og sjøaure. For alternativ B og D vil verta utstyrt med ein omløpsventil, for å forhindre tørrlegging av nedstraums utløpet av et ved plutselege stopp. Elles er konsekvensane for fisken i Vosso og nedre del av vurdert til å vera ubetydelege. Forureining Det meste av støyen og luftforureininga vil vera lokalisert til anleggstadane i anleggsperioden, særleg i Mokedalen for alternativ A og B, og ved Skorve ( ) for alternativ B og D. Med unntak av Skorve, ligg alle anleggstadane langt frå fast busetnad. Det må reknast med auka trafikk i områda Edal/Steine i anleggstida. 8 Tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og Tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og 9
Ei fråføring av dei øvre delane av nedbørfelta for alternativ A og B, vil sannsynlegvis føra til redusert risiko for episodar med surt vatn i dei delane av vassdraget som ligg nedanfor. Redusert vassføring i og vil redusera resipientkapasiteten (evna til å ta imot forureining). Naturressursar Alternativ A og B vil leggja beslag på om lag 140 dekar med utmark i Mokedalen. Elles vil ei utbygging i liten grad påverka dyrka mark eller innmarksbeite. Det er inngått avtale med grunneigarar om mellom anna utbetring av stølsvegar, terskelbygging og elveforbygging. Redusert vassføring kan ha negative konsekvensar for dei som nyttar desse elvestrekningane som vasskjelde. Det er gjort avtale med grunneigarar (alt. A og B) om at eksisterande vassforsyning skal oppretthaldast etter ei utbygging, både for stølane og for grunneigarane avtalen gjeld for. Eventuelle steintippar i samband med tunneldrivinga vil føra til betre tilgang på sprengstein i området. Samfunn Summen av dei samla investeringane er førebels rekna til i storleiken 200 400 millionar kroner. Ved ei realisering av prosjektet vil dei fleste varer og tenester koma frå norske leverandørar, kanskje med unnatak av aggregatet. Ei eventuell utbygging vil ha ein positiv innverknad på næringsliv og sysselsetjing på grunn av auka etterspurnad etter varer og tenester, hovudsakleg i anleggsperioden. Ein del av dette vil koma lokalsamfunnet til gode. For å drifta dei nye a vil det neppe vera trong for nye varige arbeidsplassar. Utbygginga vil også gje positive ringverknader lokalt ved å styrkja det lokale næringsgrunnlaget og dermed bidra til å oppretthalda busetnaden og sysselsetjinga i området. Stat, fylke og kommune vil få auka skatteinngang, særleg i driftsfasen gjennom auke i konsesjonsavgift (alt. A og B), konsesjonskraft, eigedomsskatt, selskapsskatt, grunnrenteskatt og naturresursskatt. Friluftsliv, jakt og fiske Friluftslivet vil truleg verta lite påverka i anleggsperioden. Redusert vassføring kan bety meir for friluftsopplevinga. Dette kan også ha negative konsekvensar for fritidsfisket i og Skorsetvatnet (alt. A og B). Det er mogleg at det blir redusert jaktutbyte lokalt i anleggsfasen i Mokedalen og kring bekkeinntaka (alt. A og B). Veg opp Mokedalen vil kunna auka bruken av området til friluftsliv (alt. A og B), og dermed verta eit positivt element. \\\ Framlegg til konsekvensutgreiingsprogram Framlegg til utgreiingsprogram er utarbeida på grunnlag av krav i plan- og bygningslova og forskrift om konsekvensutgreiing. Opplysningar og inntrykk i samband med synfaring er også lagt til grunn. For kvart fagtema skal ein utgreia konsekvensar for alle dei fire utbyggingsalternativa. I tillegg skal det utførast ei vurdering av konsekvensane av eit 0- alternativ, det vil seia inga utbygging. Hydrologi Analysera vassføringa nedanfor inntaka, før og etter utbygging. Omtala tilhøva og venta endringar som følgje av utbygginga for is, vasstemperatur, grunnvatn og erosjon. Landskap, natur- og kulturmiljø Omtala landskapsverdiane, utgreia og synleggjera verknader for land skapsverdiar og oppleving av landskapet. Synleggjera reduserte inngrepsfrie område. Utgreia moglege konsekvensar for det biologiske mangfaldet, som verdfulle naturtypar og trua eller sårbare artar av plantar og dyr. Vurdera verknadene for villreinbestanden og oppvekstvilkåra for hjorten under anleggsperioden. Det skal elles leggjast spesiell vekt på å omtala tilhøva og vurdera konsekvensane for alle artar av fugl og pattedyr som er trua eller kan jaktast på. Prøvefiska og granska oppvekstvilkåra for laks og sjøaure i nedre del av og i Vosso mellom og Evanger. Vurdera korleis denne fiske bestanden vert råka på grunn av redusert vassføring. Tilsvarande gransking skal gjennomførast for auren langs resten av nedanfor inntaka og i Skorsetvatnet. Gjennomføra oppfølgjande og supplerande registrering av eldre kulturminne, og klarleggja om dei planlagde inngrepa kjem i konflikt med eldre og viktige nyare kulturminne og kulturlandskapet, slik at ein i størst mogleg grad kan tilpassa planane til dette. Forureining Omtala venta støy kring inntaksområda i anleggsperioden. Måla og analysera vasskvaliteten langs elvestrekningane med redusert vassføring før, under og etter utbygging. Vurdera kva følgjer eventuelle endringar i vasskvaliteten vil få for drikkevasskjeldene og for biologien i elvane både i anleggsperioden og etter ei utbygging. Naturressursar Kartleggja landbruksinteressene langs og og vurdera korleis ei utbygging vil påverka landbruksdrifta i området, til dømes som følgje av reduserte beiteområde, sjølvgjerde og drikkevasskjelder. Når det gjeld tiltaka som er avtalt mellom grunneigarane og BKK Produksjon, og ny veg til Steine og Mokedalen, skal det gjerast ei vurdering av kva dette vil bety for busetnaden og landbruksdrifta i området. 10 Tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og Tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og 11
\\\ Aktuelle avbøtande tiltak Konsekvensutgreiinga vil koma med framlegg til avbøtande tiltak som kan vera aktuelle å gjennomføra for å redusera skadar og ulemper. I avtalen mellom grunneigarane og BKK Produksjon ved alternativ A og B er det semje om ei rekkje tiltak, der dei fleste av desse også er av allmenn interesse: Minstevassføring på inntil 60 70 l/s frå og med juni til og med september i elva ved stølane Kvitla og Lauvdalen. Bygging av tersklar i og. Elveforbygging i. Oppretthalding av dagens drikkevassløysing for stølane og grunn eigarane. Avgrensing av anleggsaktivitetar ved bekkeinntaka i beite- og stølssesongen. Opprusting av stølsvegen til Kvitla og Lauvdalen. Bygging av stølsvegar. Bygging av parkeringsplassar. Terrengtilpassing av bekkeinntak. Utlegging av gytegrus i Skorsetvatnet. BKK Produksjon skal senda søknad om planendring for tilbakeføring av Harkavatnet til dersom konsesjon for overføring av vert gjeve. Økonomisk stønad til utbetring/ombygging av den kommunale vegen til Steine. Det er gjort framlegg om ei minstevassføring for perioden juni til september nedanfor inntaka i og for dei ulike alternativa., oppstraums inntaket. \\\ Vidare framdrift Kartleggja noverande og framtidig bruk av ferskvassressursane, og vurdera korleis bruken av desse vert påverka under og etter utbygginga. Dersom det er naudsynt, skal det gjerast ei vurdering av alternativ vassforsyning. Undersøkja korleis tunnelmassane kan nyttast til byggjemassar i området. Samfunn Analysera effekten ei utbygging vil ha på næringsliv og sysselsetting i anleggsperioden. Omtala offisielle planar for turisme og utmarksnæring og eventuelle konsekvensar for desse. Analysera venta auke i framtidige inntekter for Voss kommune. Omtala dagens bruk av området til friluftsliv, jakt og fiske, og analysera følgjene for desse interessene i anleggsperioden og etter utbygginga. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) handsamar utbyggingssaka. Handsaminga av saka skjer i tre fasar: Fase 1 melding med framlegg til utgreiingsprogram Det er fase 1 meldingsfasen du kan lesa om i denne brosjyren. BKK Produksjon gjer i meldinga greie for planane og kva slag utgreiingar vi meiner er naudsynte. Formålet med meldinga er: å informera om planane. å få tilbakemelding på tilhøve som bør vurderast i den vidare planlegginga. å få kjennskap til moglege verknader og konsekvensar som bør takast omsyn til når det endelege programmet for konsekvensutgreiinga skal utformast. Høyring: Meldinga vert kunngjort i pressa og lagt ut til offentleg ettersyn på Servicetorget på Voss Tinghus. Samtidig 12 Tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og Tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og 13
vert den sendt på høyring til sentrale og lokale forvaltningsorgan og ulike interesseorganisasjonar. Meldinga og brosjyren kan lastast ned frå nettsida til NVE (www.nve.no/vannkraft) i høyringsperioden. Du finn også desse dokumenta på BKK sine nettsider (www.bkk.no). Papirversjon kan du få hos BKK. Alle kan koma med uttale. Denne kan du senda via nettsida www.nve.no/vannkraft, på sida til saka, eller til NVE Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 OSLO. Høyringsfristen er minimum seks veker etter kunngjeringsdatoen. Ope møte: I høyringsperioden vil NVE arrangera eit ope folkemøte med orientering om saksgangen og utbyggingsplanane. Tidspunkt og stad for møtet vil verta kunngjort på www.nve.no/konsesjonsnyheter og i lokalaviser. Som avslutning på meldingsfasen fastset NVE det endelege konsekvensutgreiingsprogrammet. Ifølgje vassdragsreguleringslova kan grunneigarar, rettshavarar, kommunar og andre interesserte krevja at tiltakshavar dekkjer utgifter til juridisk bistand og sakkyndig hjelp, i den utstrekning det er rimeleg. Ved usemje om kva som er rimeleg, kan saka leggjast fram for NVE. Det vert forventa at privatpersonar og organisasjonar med samanfallande interesser samordnar krava sine, og at krav om dekking vert avklara med BKK Produksjon på førehand. Retten til å krevja desse utgiftene dekt har som vilkår at tiltakshavar fremjar ein konsesjonssøknad. Fase 2 - utgreiingsfasen I denne fasen vil sakkunnige ekspertar greia ut konsekvensane av utbygginga i samsvar med det fastsette utgreiingsprogrammet. BKK Produksjon utarbeider dei endelege planane, teknisk og økonomisk, med utgangspunkt i meldinga, fråsegner og informasjon som kjem fram gjennom utgreiingane. Fasen vert avslutta med innsending av konsesjonssøknad med tilhøyrande konsekvensutgreiing til NVE. Fase 3 - søknadsfasen Når planlegginga er avslutta, vil tiltakshavar senda søknaden med konsekvensutgreiing til Olje- og energidepartementet (OED) ved NVE. NVE vil senda saka på høyring til same forvaltningsorgan og interesseorganisasjonar som i meldingsfasen, og i tillegg til alle som kom med uttale til meldinga. Ein ny brosjyre vil orientera om vidare saksgang og dei endelege planane som konsesjonssøknaden byggjer på. NVE vil også arrangera eit nytt ope folkemøte. Etter høyringsrunden vil NVE utarbeida tilråding i saka og senda denne til OED for slutthandsaming. Endeleg avgjerd vert i slike saker teken av Kongen i statsråd. Store eller særleg konfliktfylte saker kan leggjast fram for Stortinget. I ein eventuell konsesjon kan det setjast vilkår for drift av og pålegg om tiltak for å unngå eller redusera skadar og ulemper. Raudberget, oppstraums bekkeinntaket. 14 Tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og Tilleggsoverføring til Evanger og utbygging av og 15
BKK Produksjon AS BKK Produksjon AS har 31 heileigde vass på Vestlandet og eig 26 prosent i Sima. I eit normalår er produksjonen 6,7 TWh, som tilsvarar forbruket i 335 000 einebustader. Krafta blir omsett i engrosmarknaden. BKK Produksjon har eit unikt fagmiljø innan vasskraft, med ein kompetanse som er etterspurt hos kraftselskap og andre eksterne kundar. Utfyllande informasjon kan du finna på: www.bkk.no Kven kan du kontakta? Dersom du er interessert i meir informasjon, kan du også ta kontakt med: BKK Produksjon AS Postboks 7050 5020 Bergen Kontaktpersonar: Ingvill Stenseth, prosjektleiar tlf. 55 12 90 31 e-post: ingvill.stenseth@bkk.no Fredrik Falkgård, kontaktperson for grunneigarar tlf. 55 12 74 09 e-post: fredrik.falkgard@bkk.no Spørsmål om sakshandsaminga kan du retta til: NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo e-post: nve@nve.no Grafisk produksjon: BODONI. Foto: ASPLAN VIAK - BKK. Desember 2010 Kontaktperson: Stein Wisthus Johansen, sakshandsamar tlf. 22 95 98 34 e-post: swj@nve.no MILJØMERKET 241 Trykksak 699