FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 04.02.2016 Tid: 16:00-19:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart gjort tilgjengeleg elektronisk tysdag 26/1. Møtet vart kunngjort heimesida. Desse medlemene møtte: Magne Djuvik, Frp Gustav Folkestad, V Agnete Digranes Årvik, Ap William Lindborg, Ap Marianne Borge, Sp Jan Birger Landøy, Sp Ranveig Næss, H Lars Erik Dalland, H Forfall og møtande varamedlemmer: Turid Glesnes, Ap hadde forfall. For henne møtte Toralv Huse, Krf, som vararepresentant. Andre som var tilstades på møtet: Elisabeth Farstad assisterande rådmann Terje Raunsgard einingsleiar Samf.utv. frå kl 18 Jan Egil Leirstein plan- og bygningssjef Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Magne Djuvik leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 5/2-2016 Magne Djuvik Leiar Jan Egil Leirstein Ansvarleg sekretær
Sakliste Sak nr. Tittel 001/16 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 26.11.2015 002/16 SKRIV OG MELDINGER TIL UPM 04.02.2016 003/16 DELEGERTE SAKER TIL UPM 04.02.2016 004/16 REGULERINGSPLAN FOR GBNR. 15/9 I FUSA KOMMUNE - ÅDLAND SØNDRE - HYTTEFELT 005/16 GBNR. 124/21 - SUNDFJORD - BYGGING AV NAUST OG ENDRING AV TAKVINKEL PÅ EKSISTERANDE NAUST 006/16 GBNR. 7/4 - BOGE NEDRE - DISPENSASJON FOR BYGGING AV EINEBUSTAD 007/16 GBNR 22/135 - EIKELANDSOSEN SENTRUM - DISPENSASJON FRÅ REGULERINGSPLAN - UTVIDING AV FJORD`N SENTER
001/16: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 26.11.2015 Møteprotokoll frå møtet 26.11.2015 vert godkjent. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-001/16 VEDTAK: Møteprotokoll frå møtet 26.11.2015 vart godkjent. 002/16: SKRIV OG MELDINGER TIL UPM 04.02.2016 :RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Skriv og meldingar vert teke til orientering. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-002/16 VEDTAK: Skriv og meldingar vart teke til orientering. 003/16: DELEGERTE SAKER TIL UPM 04.02.2016 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Delegerte saker vert tekne til orientering.
På førehand var det meldt inn eit spørsmål frå Lars Erik Dalland vedkomande delegert saknr 205/15: Kvifor er det gjeve avslag på bygging av brygge med skråplan? Plan- og bygningssjefen gjekk gjennom saksframstillinga/grunngjevinga for vedtaket. Rådmannen sitt framlegg vart etter det samrøystes vedteke. UPM-003/16 VEDTAK: Delegerte saker vart tekne til orientering. 004/16: REGULERINGSPLAN FOR GBNR. 15/9 I FUSA KOMMUNE - ÅDLAND SØNDRE - HYTTEFELT Fusa kommune legg reguleringsendring for reguleringsplan Hyttefelt Lauvfjellet gbnr. 15/9, Ådland Søndre, ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket er gjort i medhald av Plan- og bygningslova 12-10 og 12-11. Protokolltilføying: Felles oppmoding frå fylgjande parti: Ap, Krf, V og Frp oppmodar utbyggar/tiltakshavar til å fylgja arealstørrelse/utnyttingsgrad som er i tråd med gjeldande kommuneplan for bygging av fritidsbustader. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-004/16 VEDTAK: Fusa kommune legg reguleringsendring for reguleringsplan Hyttefelt Lauvfjellet gbnr. 15/9, Ådland Søndre, ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket er gjort i medhald av Plan- og bygningslova 12-10 og 12-11.
005/16: GBNR. 124/21 - SUNDFJORD - BYGGING AV NAUST OG ENDRING AV TAKVINKEL PÅ EKSISTERANDE NAUST Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8, for endring av takvinkel på naust, på gbnr. 124/21, Sundfjord. Fusa kommune godkjenner delar av omsøkt dispensasjon for bygging av tørrmur og fylling i sjø, på gbnr. 124/21, Sundfjord, på det vilkår at før ein set i gang med byggjearbeidet, sender tiltakshavar kommunen ei eigenerklæring om ansvarsrett. Dispensasjonane er gjeve på fylgjande vilkår: 1. Tiltaka skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaka startar og er ferdigstilte. Fusa kommune godkjenner ikkje søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8, til bygging av nytt naust på gbnr. 124/21, Sundfjord. Vedtaka kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2, 20-1 og 20-3. Felles framlegg frå UPM om å utsetja saka i påvente av geologiske undersøkingar av området. Dette framlegget vart samrøystes vedteke. Rådmannen sitt framlegg fekk ingen røyster. UPM-005/16 VEDTAK: Saka vert utsett i påvente av geologiske undersøkingar i området. 006/16: GBNR. 7/4 - BOGE NEDRE - DISPENSASJON FOR BYGGING AV EINEBUSTAD Fusa kommune godkjenner ikkje søknad frå Solhytten as om dispensasjon til bygging av einebustad på gbnr. 7/4, Boge. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2, 20-3 og i arealdelen av kommuneplanen for Fusa kommune.
Felles framlegg frå H og Sp: Fusa kommune godkjenner søknad frå Solhytten AS om dispensasjon til bygging av einebustad på gbnr 7/4, Boge. Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå plan-og bygningslova. Dispensasjonane gjeld plassering innanfor 100 m-beltet og LNF området. Det som er spesielt med dette området er at det ligg mykje bebyggelse i same området innanfor denne grensa, t.o.m butikk. Me ser på dette som fortetting av hus. Det er ikkje nyttbart til landbruksareal og Fusa kommune kan heller ikkje sjå at dette kjem i konflikt med friluftsliv, kulturmiljø, landskap eller andre allmenne interesser. Dispensasjon er gjeve på følgjande vilkår: 1. Tiltaka skal følgja gjeldande lover og føresegner 2. Fusa kommune skal ha melding om når tiltaka startar og er ferdigstilte. 3. Tiltaket skal ikkje starta før fullstendig sakshandsaming er ferdig etter at klagefrist til Fylkesmannen er ute. 4. Tiltaket skal tilfredsstille gjeldande regelverk for veg, vatn og avløp. Vedtaket er ikkje gyldig før alle vilkåra er oppfylgde. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2, 20-1. Dette framlegget fekk 5 røyster: Lars Erik Dalland og Ranveig Næss, H, Jan Birger Landøy og Marianne Borge, Sp og Agnete Digranes Årvik, Ap. Rådmannen sitt framlegg fekk 4 røyster: Magne Djuvik, Frp, Gustav Folkestad, V, Toralv Huse, Krf og William Lindborg, Ap. UPM-006/16 VEDTAK: Fusa kommune godkjenner søknad frå Solhytten AS om dispensasjon til bygging av einebustad på gbnr 7/4, Boge. Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå plan-og bygningslova. Dispensasjonane gjeld plassering innanfor 100 m-beltet og LNF området. Det som er spesielt med dette området er at det ligg mykje bebyggelse i same området innanfor denne grensa, t.o.m butikk. Me ser på dette som fortetting av bustad. Det er ikkje nyttbart til landbruksareal, og Fusa kommune kan heller ikkje sjå at dette kjem i konflikt med friluftsliv, kulturmiljø, landskap eller andre allmenne interesser. Dispensasjon er gjeve på følgjande vilkår: 1. Tiltaka skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding om når tiltaka startar og er ferdigstilte. 3. Tiltaket skal ikkje starta før fullstendig sakshandsaming er ferdig etter at klagefrist til Fylkesmannen er ute. 4. Tiltaket skal tilfredsstille gjeldande regelverk for vei vatn og avløp. Vedtaket er ikkje gyldig før alle vilkåra er oppfylgde. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2, 20-1.
007/16: GBNR 22/135 - EIKELANDSOSEN SENTRUM - DISPENSASJON FRÅ REGULERINGSPLAN - UTVIDING AV FJORD`N SENTER Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå arealføremål i reguleringsplan, byggeområde - offentlege bygningar og friområde park. til frådeling og rammeløyve for bygging av kombinasjonsbygg til kontor, forretning, bustadar og offentlege tenester på Gbnr. 22/135, Eikeland nedre, på fylgjande vilkår: 1) Tiltaket skal utover gitt dispensasjon fylgja gjeldande lover og føresegner. 2) Tiltakshavar må søkja Fusa kommune om igangsetjing av tiltaket. 3) Ved søknad om igangsetjing av oppføring av bygning, må tiltakshavar leggja ved. kjøpskontrakt eller anna form for dokumentasjon for eigaravklåring. 4) Det må ikkje komma inn fleire merknadar til saka frå høyringsinstansane. 5) Tiltakshavar må utarbeida handelsanalyse i tråd med Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Planen må vera godkjent av Hordaland fylkeskommune før det vert gitt løyve til igangsetjing. 6) Saka skal sendast til Fylkesmannen i Hordaland og til Hordaland fylkeskommune for klagevurdering. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2, 20-1. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-007/16 VEDTAK: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå arealføremål i reguleringsplan, byggeområde - offentlege bygningar og friområde park. til frådeling og rammeløyve for bygging av kombinasjonsbygg til kontor, forretning, bustadar og offentlege tenester på Gbnr. 22/135, Eikeland nedre, på fylgjande vilkår: 1) Tiltaket skal utover gitt dispensasjon fylgja gjeldande lover og føresegner. 2) Tiltakshavar må søkja Fusa kommune om igangsetjing av tiltaket. 3) Ved søknad om igangsetjing av oppføring av bygning, må tiltakshavar leggja ved. kjøpskontrakt eller anna form for dokumentasjon for eigaravklåring. 4) Det må ikkje komma inn fleire merknadar til saka frå høyringsinstansane. 5) Tiltakshavar må utarbeida handelsanalyse i tråd med Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Planen må vera godkjent av Hordaland fylkeskommune før det vert gitt løyve til igangsetjing.
6) Saka skal sendast til Fylkesmannen i Hordaland og til Hordaland fylkeskommune for klagevurdering. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2, 20-1.