Til deg som skal gå på



Like dokumenter
Velkomen til eit nytt og annleis skuleår sundag 23. august!

Velkomen sundag 21. august! - til eit nytt og annleis skuleår

Kort elevinformasjon skoleåret

Velkomen sundag 27. august - til eit nytt og annleis skuleår!

Velkomen torsdag 22. august - til eit nytt og annleis skuleår!

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Plan for Liabygda SFO

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Til deg som bur i fosterheim år

REFERAT FORELDREMØTE 24.02

Velkommen til Skiringssal folkehøyskole!

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Sandeid skule SFO Årsplan

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Internasjonal vidaregåande skule

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

mmm...med SMAK på timeplanen

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Informasjon til elevane

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule

Elevinformasjon

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Rådgjevarkonferanse 2009

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Elevinformasjon

Brukarrettleiing E-post lesar

Kort elevinformasjon skoleåret

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

Bruk av reiserekning i Agresso

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

INFORMASJON om førestellinga:

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Respekt på Rommetveit skule

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Plan for overgangar. for barn og unge

6. trinn. Veke 24 Navn:

Søking til skuleåret

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Rådgjevarkonferanse 2010

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

10/60-14/N-211//AMS

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Aon Norway Bergen. Øygarden kommune. Rutinar ved melding om personskade I barnehagar og skular Januar 2013

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

1. Partar i leigeavtalen

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)


KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Bjørnehiet SFO - informasjon

Månadsbrev for ROSA mars 2015

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Praktiske opplysingar for internatbuarar ved Gjermundnes vgs OPPLYSINGAR FOR INTERNATBUARAR. ved Gjermundnes vgs. Skuleåret

Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Årsplan for

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

VELKOMMEN! Litt om internatliv, hvordan du kommer deg hit og om økonomi

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Plassebakken Barnehage

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Transkript:

Til deg som skal gå på Velkomen til eit nytt og annleis skuleår! Søndag 24. august er vi klare for eit nytt folkehøgskuleår. Programmet startar kl 1800, men vi tek imot deg frå kl 1000. Kl 1600 blir det ei orientering for dei foreldra som ynskjer å møte oss. Fint om du kjem tidleg på dagen for å installere deg. Vi gleder oss til å treffa deg og alle dei andre som kjem, vi er spente på kven du er, og kva du har med av gleder, interesser og historier. Vi vil at du som elev skal få eit fint skuleår. Vi som arbeider her er engasjerte og glade i skulen. Vi vil at du skal oppleva glede, aktivitet og læring. Vi vil at du får vera deg og at du lar andre vera seg at vi alle viser respekt og toleranse for kvarandre her på skulen. Vi vil skapa ein skule for livet der du står i sentrum. Valfag Du har vald linje. Valfag vel du etter at du har kome til skulen. Valfaga på nettet er ein peikepinn. Endringar får du informasjon om. Nokre valfag går gjennom heile året, andre i periodar. Livsstil og fysisk aktivitet Vi har fokus på ein aktiv livsstil, på leik og bevegelse. Det blir sett av aktivitetstid på timeplanen til dette. Du må ta med treningstøy, treningssko, turtøy, regntøy og gode tursko som kan brukast i terrenget. Vi ynskjer at du er aktiv både i skuletida og i fritida, med prosjekt, filmproduksjonar, elevkveldar, bingo, volleyball i gymsalen, bading i Vangsvatnet, trening på treningstudio, dans, LAN, rollespel, pysjamasparty, karaokekveldar etc. etc. Det er berre fantasien som set grensar for kva du kan fylla året ditt med, så vi håpar du er klar for eit aktivt skuleår Rom / internat Internata heiter Jomsborg, Oppigard og Midtgard. Noko er gamalt og noko er nyare, det eldste blir fornya dette skuleåret. Vi har ulike prisar for dobbeltrom, enkeltrom og rom med bad. Sjå prisar! Romfordelinga blir gjort i august, rett før du kjem, og vi har lagt ved eit eige skjema om internatet der du kryssar av for ditt romynskje og returner til oss. Vi meiner at det å bu saman er ein viktig del av folkehøgskuleåret. Vi har bare eit avgrensa antall enkeltrom. Dei som av viktige grunnar ynskjer seg einerom vil bli prioritert. Vi kan ikkje garantere at alle får oppfylt sitt primære romynskje, men vi prøver å kome ynskjene i møte så langt vi har plass. Mat Dei som har matintoleranse, eller treng spesialdiett må du gje beskjed om dette på førehand. Dersom du har spesialdiett som vil koste ekstra for oss, vil det vera ein eigenandel for deg. Har du matintoleranse eller treng eigen diett: send ein epost til kjøkkenleiar Osmine seinast ei veke før du kjem: osmine@voss.fhs.no

Skulerute Hausten 2014 24 august (sundag) skulestart 4 oktober, laurdag haustfest for elever og foreldre/familie; skulen stenger kl 12 sundag 5-13 oktober haustferie t o m måndag 13; skule opnar kl 1700 8-9 november elevstemne laurdag & sundag 10-30 november reiseveker uke 46, 47, 48 18 desember juleavslutning; heimreise, skulen stengjer kl 12 Våren 2015 6 januar (tysdag) skulestart, skulen opnar mandag 5 jan kl 17 14-23 februar vinterferie, skulen åpnar måndag 23 jan kl 17 28 mars påskeferie, skulen stenger fredag 27 mars kl 12 8 april skulen opnar etter påskeferie 8 april kl 17 1-3 mai fri fredag-sundag 14 mai avslutningsfest (Kristi Himmelfartsdag) 15 mai (fredag) avreise etter frukost, skulen stengjer kl 12 NB! Datoane viser fridagar frå og med til og med. Merk: forbehold om endringar! Informasjon fram til skulestart Informasjon om skuleåret blir lagt ut på heimesida www.voss.fhs.no og på facebook. Vi har oppretta ei eiga gruppe for elevane 2014/15: https://www.facebook.com/groups/649050641851802/ Har du spørsmål: send epost til post@voss.fhs.no eller ring 5652 9040 Kva skal du gjere no med ein gong? 1. Les grundig dette brevet! Her er viktig informasjon om praktiske ting, reglar ved skulen og litt informasjon frå linjelærar 2. Sjekk at du har gyldig pass! 3. Viss du har matallergiar: send ein epost til Osmine! sjå under 4. Returner svarskjema og avtalegiro snarast (i utfylt stand), det ligg ved sjå under Så møtest vi søndag 24. august. Vi tek i mot deg frå kl 1000. Opninga av skuleåret finn stad i Olavsalen kl. 1800. I etterkant har vi eit måltid saman. Beste helsing frå alle oss på Voss Folkehøgskule! Voss Voss er omkransa av fjell og fantastiske fjordlandskap og er ei idretts- og kulturbygd. Her får du flotte naturopplevingar heile året. Vossa jazz går av stabelen på Voss kvar påske, Ekstremsportveko kvar sommar ved St. Hans, og like ved skulen ligg eitt av Nord-Europas beste alpinanlegg. Vossevangen har det du treng av butikkar og gode fritidstilbod. Bergensbanen og E16 går gjennom Voss.

Praktiske opplysningar Kva må du ta med: Sengetøy: dyne, pute, laken, trekk Sengeteppe/pledd Håndklær: store og små Toalettsaker Treningstøy Regntøy Støvler Vaskemiddel til klær, helst flytande Klær: undertøy, ute- og inneklær Badetøy Innesko Sovepose Instrument hvis du har Kva bør du ta med: Sykkel med god lås! (5 min m sykkel til sentrum / 20 min å gå) Undertøy i ull/ullblanding evt kunstfiber Ullsokker Vindtett bukse Allværsjakke Gode tursko for turar i terrenget Tursekk Lue og votter Tykk genser Solbriller og solkrem Termos/drikkeflaske Sjekk brev frå linjelærar om utstyrsbehovet på linja! Det varierer frå linje til linje. Stipend/lån Lån og stipend ordnar du sjølv på www.lanekassen.no. Viss du ikkje har søkt, bør du snarast gjere det. Spesielt viktig i år pga endring av datasystem hjå Lånekassen. Betaling av skulepengane er tilpassa utbetalingane frå Lånekassa. Sjå Betaling! Skulebevis gjeld som moderasjon for reiser for studentar og vert ordna på skulen når du er komen her til hausten. Identitetskort Skulebeviset er ikkje godkjent som legitimasjon, så du må ha godkjend legitimasjon t.d. bankkort, pass eller førarkort. Linjetur Linjeturane går til USA, Slovenia og Spania og faktura skal betales innan 15. august! Avtalegiro Med Avtalegiro vil skulepengane du skal betala gjennom skuleåret bli trekt rett frå bankkontoen din. Sjå vedlagte skjema. Du fyller ut skjema med underskrift og bruker det same kontonummeret som du bruker hos lånekassen. Terminbeløpet vert trekt kvar månad; fyrste gong 15. september, siste gong 15. mai. Sjå vidare info om kostnader (under). Internett Vi har trådlaust internett i alle undervisningsrom og fellesrom. Dei fleste elevrom har ikkje trådlaust nett. Forsikring Vi teiknar kollektiv ulykkesforsikring på elevane våre. Du må ha eigne forsikringar for eigne ting. Innbuforsikring og reiseforsikring må du og ha sjølv. Sjekk forsikringane dine før du kjem! Fastlege Voss Fhs har ingen fastlege som vi kan bruke viss nokon vert sjuke. Du bør gå inn på www.nav.no/minfastlege og sjølv velgje deg ein lege for året du er på Voss. Dei som ikkje har fastlege her, må bruka legevakta. Pass alle elevar må ha gyldig pass til utenlandsturen. Dette må du ordna før du kjem. Klesvask Vaskemaskiner og tørketromlar står på internata og elevane ordnar med eigen klesvask. Du må merke kleda dine med namn. Det er ikkje lett å halde orden på mitt og ditt når 100 ungdommar driv vaskeriet vårt. Det finns mange nettstader der du kan kjøpe lappar eller stempel. Kompetanse Eit år på folkehøgskule gjer 2 konkurransepoeng ved opptak til høgare utdanning. Folkehøgskulen legg vekt på livskompetanse og personleg vekst. Arbeidsgjevarar i dag veit at folkehøgskulen legg stor vekt på samarbeid og ansvar. Dette er viktige eigenskapar som er høgt verdsett i arbeidslivet. Feriar Skulen er stengt i alle feriar: haust- jul- vinter- og påskeferie.

Internat Det er ulike internatrom på skulen. Det nyaste internatet har rom med eigen dusj/toalett. Der vil kostnaden verta høgare (sjå Kostnader). Det eldste internatet har dusj/toalett i korridorane og vask med varmt og kaldt vatn på rommet. Dei fleste rom er dobbeltrom. Men det er også nokre enkeltrom. Dersom du har spesielt ynskje om å bu aleine og ein grunn som seier at enkeltrom er viktig for deg set du X framfor ynskje ditt. Røyking er ikkje lov inne. Likevel ber me om at du kryssar av for røykjer/røykjer ikkje. Vi vil ikkje leggja røykjarar og ikkje-røykarar på same rom. Er det av helsemessige (attest frå lege) eller andre grunnar, mat som du ikkje kan ete, må du gje melding til skulen om det. (sjå Mat) Send svararket i retur til Voss Folkehøgskule, Eskelandsvegen 28, 5704 Voss eller du kan scanna og senda til post@voss.fhs.no Sjå under! Trivselsreglane for skulen Av omsyn til kvar einskild elev, og av omsyn til fellesskapet er: All undervisning er obligatorisk, også fellesaktivitetar, turar og øvingar Det ikkje lov å nytta, vera påvirka av eller å oppbevara alkohol på skulen Narkotika er forbode, i det heile, frå skulestart og gjennom heile skuleåret Internatromma skal haldast reine og i orden Det skal vera ro på internata på nattetid frå kl 2300 Dersom du har stor fråvær, bryt ordensreglane eller ikkje betalar i tide kan rektor utvise deg for ein periode eller for resten av skulåret. Lærarråd utgjer skulen sitt disiplinærråd. Dette er skulen sine rammer (forkorta) for elevene ved Voss Folkehøgskule. Skulen vil at du samarbeider på dei premissane som går fram av skuleplanen og ordensreglane. Vi vil at du samtykkjer i at skulen, i samarbeid med helsepersonell, kan ta medisinsk prøve dersom det skulle vera mistanke om bruk av narkotika, og at du samtykker i at rektor får vita resultatet av ein medisinsk prøve. Sjå svarskjema! Kostnader skuleåret 2014-15 ved Voss Folkehøgskule Innmeldingspengar kr 2000,- dekkjer skulen sine informasjons og opptakskostnader. Felleskostnadene dekkjer: (sjå prisar under) internatrom, mat, skuletur (innanlands), turar, kopiering, materiell på valfag, kulturarrangement, bruk av vaskemaskiner, bruk av internett, skulebilete og diverse liknande kostnader. Linjekostnader som kjem i tillegg til felleskostnadene: instrumentundervisning på Musikklinja: kr 4500, skiheiskort for Idrett og Friluftsliv og Frisport Ekstrem: ca kr 3600, programvare Data/Film avtalast etter pris og behov. Kostnad ved særskilt diettbehov: avtaler du med skulen og den enkelte i fht behov Betaling av linjeturen har forfall 15. august! bruk vedlagte faktura! Studieturar Frisport Ekstrem: Slovenia, Soca, 16 000 kroner IF & Trening og Helse: Lanzarote, La Santa, 10 000 kroner Data: San Francisco og Silicon Valley: 19 000 kroner Film: Los Angeles og Hollywood: 19 000 kroner Musikk: New York: 17 000 kroner

Betaling Betaling av skulepengar skjer gjennom 9 innbetalingar gjennom skuleåret i hht betalingsplan. Sjå under. Linjekostnader/tilleggskostnader skal betalast i november. Skulen brukar AvtaleGiro. Det har vi svært god erfaring med. Betalingsforfall er den 15. i kvar månad og fylgjer utbetalingane frå Lånekassen den 15. i kvar månad. Beløpsgrense er sett likt for alle (maks beløp for enkeltrom med bad, kr 26 500, sjå septembersatsen). Trekket frå din konto er sjølvsagt berre på det du skal betala. Send tilbake vedlagt skjema til oss snarast. Betaling/prisar for kost og losji og felleskostnader: 1. dobbeltrom totalt kr 85 500 2. enkeltrom inkl. tillegg 5 000 totalt kr 90 500 3. dobbeltrom med bad inkl. tillegg 5 000 totalt kr 90 500 4. enkeltrom og bad inkl. tillegg 10 000 totalt kr 95 500 Betalingsplan med oversikt over Lånekassen sine utbetalingar for maks lån 2014. Gå til nettsida http://www.lanekassen.no/ for søknad og info. Utbetaling frå lånekassen skjer først etter at skulen har bekrefta at du har møtt. Betaling dobbeltrom Betaling enkelt- & dobbeltrom m bad Betaling enkeltrom m bad Du får frå Lånekassen 1 betaling 15. august linjetur linjetur linjetur 19 570 2 betaling 15. september 17 500 22 500 26 500 7 338 3 betaling 15. oktober 7 100 7 100 7 100 7 338 4 betaling 15. november 7 100 7 100 7 100 7 338 5 betaling 15. desember 7 100 7 100 7 100 7 338 6 betaling 15. januar 18 300 18 300 19 300 19 570 7 betaling 15. februar 7 100 7 100 7 100 7 338 8 betaling 15. mars 7 100 7 100 7 100 7 338 9 betaling 15. april 7 100 7 100 7 100 7 338 10 betaling 15.mai 7 100 7 100 7 100 7 338 Totalt 85 500 90 500 95 500 97 850 Ved for sein betaling, vert det rekna rente med 0,8 % pr. mnd. Eleven er sjølv ansvarleg for betaling til Voss Folkehøgskule om ikkje anna er avtala. Du betalar til skulens bankkonto: 9581 05 00639, vi ønskjer at du brukar AVTALEGIRO; Fakturabeløpet vil alltid vera mindre enn utbetalinga frå Lånekassen. Studieturen kjem i tillegg og er vedlagt her som faktura med innbetaling innan 15. august. Linjekostnader: instrumenttimar/programvare/skiheiskort etc skal betalast i november. NB! Dersom du sluttar i skuleåret, uansett årsak, må du betala skulepengar til og med 6 veker etter sluttdato.

Svarskjema dette må du sende tilbake til oss snarast! Ønske om rom på internatet: Set X framfor ønske ditt: Dobbeltrom: (se Betaling for totalprisar) dusj og toalett i korridor Dobbeltrom: dusj og toalett på rommet tillegg kr 5 000 Enkeltrom: dusj og toalett i korridor tillegg kr 5 000 Enkeltrom: dusj og toalett dublett (deles av to) tillegg kr 10 000 Røykjer ikkje Røykjer Vi vil prøve så godt vi kan å imøtekoma romønske ditt, men kan ikkje lova at du får det. Andre praktiske opplysningar som du ønsker å informera skulen om: Våre reglar o o o (evt send epost) All undervisning er obligatorisk, også fellesaktivitetar og øvingar Alkohol er forbode, både bruk, oppbevaring på skulen og å vera påverka av alkohol Narkotika er forbode, i det heile, frå skulestart og gjennom heile skuleåret Som elev må du vera enig i skulen sine rammer. Dersom du sluttar i skuleåret uansett årsak, må du betala skulepengar for 6 veker ekstra. Eg underteiknar på at eg vil samarbeida på desse premissane og samtykker i at skulen, i samarbeid med helsepersonell, kan ta medisinsk prøve dersom det skulle vera mistanke om bruk av narkotika. Eg samtykker i at rektor får vita resultatet av ein medisinsk prøve. Namn:... Linje... Adresse:. Epost... Telefon... Din underskrift Underskrift føresette: (underskrift av føresette for deg som er under 18 år) Returner svarskjema til skulen med dine (og evt føresette sine) underskriftar snarast! Send til Voss Folkehøgskule, Eskelandsvegen 28, 5700 Voss, eller scan og send til post@voss.fhs.no