MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 16/07 06/125 PORTEFØLJESTATUS PR DESEMBER 2006 133



Like dokumenter
MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

MØTEPROTOKOLL. Os Formannskap. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 12.30

MØTEBOK. Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 6/09 Tenesteutvalet PS

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0135/05 05/00117 PORTEFØLJESTATUS AUGUST

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 81/08 08/440 PORTEFØLJESTATUS JUNI

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

10/60-14/N-211//AMS

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 15/08 07/65 PORTEFØLJESTATUS PR NOVEMBER

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Vedtekter for kommunale barnehagar

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 72/07 07/300 MUDRING I OS HAMN TILLEGGSLØYVING 1757

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Barnehagebruksplan

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2. Innhaldsfortegning.

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode utviklings- og aktivitetsmuligheter i nær forståelse og samarbeid med barnas hjem.

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

15 LOVUTKASTET Ny barnehagelov 200

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FUSA KOMMUNE GJELDANDE FRÅ

Rådmannen - Samfunnsutvikling Vår ref: 2015/ Dato:

Nissedal kommune Kommunal plan for tilsyn med barnehagane i Nissedal kommune etter Barnehagelova

Retningslinje for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. 310

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 8/13 13/344 Søknad om løyve til utviding av skjenkeareal - Det gylne hus

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

4 Opptaksregler Søknad Søknadsfrist 1. mars Opptak Opptakskrets Tildeling av plass Supplerende opptak Annet

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0262/04 04/ /28,57, FINNEBREKKA, BYGGESAK - FELT A NY BEHANDLING

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 93/09 09/454 PORTEFØLJESTATUS 2009 PR SEPTEMBER

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 5/06 03/1168 BADEANLEGG I OS KOMMUNE - ORIENTERING 1

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 15/06 06/6 UTSKRIFT FRÅ FØRRE ELDRERÅDSMØTE 1

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

MØTEBOK. Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 93/09 Os Formannskap PS / Os kommunestyre PS

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0038/05 04/01566 SØKNAD OM KJØP AV TOMT 230

INNHOLD. Lov om barnehager (barnehageloven). Kapittel I. Barnehagens formål og innhold

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0216/04 03/01610 PROFILERINGSPROSJEKTET I OS KOMMUNE

Ansvar for tiltak ette Lov om barnehager er tillagt kommunestyret. Barnehagene sorterer administrativt under rådmannen.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Transkript:

OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 20.02.2007 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 16/07 06/125 PORTEFØLJESTATUS PR DESEMBER 2006 133 17/07 06/1175 KOMMUNAL GARANTI - OS RØDE KORS EIENDOM AS 144 18/07 06/1828 SØKNAD OM NATTKLUBBLØYVE - OPUS OS AS 156 19/07 06/2093 RUTINER FOR HANDTERING AV LEGEMIDLER 162 20/07 07/190 REGISTRERING AV VERV OG ØKONOMISKE INTERESSER 235 21/07 04/133 VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR 243 22/07 04/133 SAMORDNA OPPTAKSPROSESS KOMMUNALE OG PRIVATE BARNEHAGAR 269 23/07 07/25 POLITISK KVARTER 275 24/07 07/27 NÆRINGSLIVETS KVARTER 276 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 12.02.2007 Terje Søviknes Ordførar Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20

Sak 16/07 MØTEBOK PORTEFØLJESTATUS PR DESEMBER 2006 Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 06/125 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 16/07 Os Formannskap PS 20.02.2007 Framlegg til vedtak: Formannskapet tek porteføljestatus pr desember 2006 som melding. Os, 26.01.2007 Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20

Sak 16/07 Vedlegg: Rapport frå Grieg Investor for desember 2006 Saksopplysningar: Verdien på porteføljen til kommunen auka med 2,05% i desember, noko som utgjer om lag 4,9 mill. kr. Hittil i år har vi oppnådd ei avkastning på 10,18%, det vil seia om lag 23,5 mill. kr. Bank/rentefond Om lag 15% av porteføljen vår er for tida plassert i denne aktivaklassen. Rentefonda har denne månaden hatt ei avkastning på 0,28%, litt høgare enn referanseindeksen på 0,26%. I 2006 har rentefonda hatt ei avkastning på 2,82%, også det betre enn referanseindeksen på 2,75%. Obligasjonsfond Om lag 32% av porteføljen vår er for tida plassert i denne aktivaklassen. Obligasjonsfonda har denne månaden hatt ei avkastning på -0,47%, omtrent det same som referanseindeksen på 0,48%. I 2006 har obligasjonsfonda hatt ei avkastning på 1,63%, noko som er betre enn referanseindeksen på 0,91%. Eigedom 0% av porteføljen vår er for tida plassert i denne aktivaklassen. Referanseindeksen for eigedom er på 0,51% denne månaden. Hedgefond Om lag 10% av porteføljen vår er for tida plassert i denne aktivaklassen. Hedgefonda har i rapporteringsmånaden hatt ei avkastning på 0,73%, noko som er betre enn referanseindeksen på 0,43%. I 2006 har hedgefonda hatt ei avkastning på 8,66%, også det betre enn referansindeksen på 4,80%. Aksjefond Om lag 43% av porteføljen vår er for tida plassert i denne aktivaklassen. Aksjefonda har denne månaden hatt ei avkastning på 4,84%, noko som er betre enn referanseindeksen på 4,38%. Norske fond har samla sett best avkastning denne månaden. I 2006 har aksjefonda hatt ei avkastning på 20,39% fordelt med 27,13% på norske fond og 18,42% på utanlandske fond. OVERSIKT OVER PORTEFØLJE DESEMBER 2006 Tal i heile tusen Aksjefond 105 176 43 % Hedgefond 25 395 10 % Eigedom - 0 % Obligasjonfond 79 323 32 % Rentefond m.v. 37 258 15 % 247 152 100 % Side 3 av 29

Sak 17/07 MØTEBOK KOMMUNAL GARANTI - OS RØDE KORS EIENDOM AS Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 256 Arkivsaksnr.: 06/1175 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 156/06 Os Formannskap PS 26.09.2006 93/06 Os kommunestyre PS 14.11.2006 17/07 Os Formannskap PS 20.02.2007 / Os kommunestyre PS Framlegg til tilråding: Etter ei samla vurdering finn kommunestyret å ikkje ville godkjenna at det vert gjeve kommunal garanti stor kr 6.000.000,- overfor Os Røde Kors Eiendom AS i samband med bygging av nytt Røde Kors hus. Os, 06.02.2006 Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20

Sak 17/07 Behandling i Os kommunestyre i møte 14.11.2006 Behandling i utvalet: Ordføraren informerer om at søknaden om kommunal garanti er trekt, og nytt framlegg til vedtak blir derfor som følgjer: Saka utgår. Ordføraren sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. Vedtak: Saka utgår. Behandling i Os Formannskap i møte 26.09.2006 Behandling i utvalet: Formannskapet drøfta søkjaren sitt ønskje om å trekkja saka. Dette vart ikkje teke til følgje. Samrøystes tilråding som innstillinga. Vedtak: Os kommunestyre finn å ikkje kunne innvilga søknaden om kommunal garanti stor kr 6.000.000,- for lån til bygging av nytt Røde Kors-hus. Side 5 av 29

Sak 17/07 Vedlegg: Utrykte vedlegg: Brev frå Os Røde Kors Eiendom AS av 04.01.2007, søknad om garanti Vedtekter for Os Røde Kors Eiendom AS Saksutgreiing til K-sak 93/06 m/vedlegg Firmaattest for Os Røde Kors Eiendom AS Brev frå Os kommune Arealbruk av 06.11.2006 (igangsettingsløyve) Foreløpig svar frå Os kommune av 18.01.2007 vedk. søknad om garanti Saksopplysningar: Os Røde Kors Eiendom AS søkjer om kommunal garanti for lån inntil kr 6.000.000,- i samband med bygging av nytt Røde Kors hus. Innleiing Os Røde Kors Eiendom AS søkjer i brev av 01.01.2007 på nytt om kommunal garanti for lån inntil kr 6.000.000,- i samband med bygging av nytt Røde Kors hus etter at saka vart trekt då ho skulle handsamast av kommunestyret 14.11.2006. Bakgrunn Saka hadde då negativ innstilling frå rådmannen og formannskapet, m.a. fordi ein meinte at ein kommunal garanti ikkje ville vera i samsvar med kommunelova si 51 om næringsverksemd. Problemet var at selskapet budsjetterte med og hadde som føremål å gje eit overskot som skulle overførast til morselskapet Os Røde Kors (d.v.s. at selskapet skulle tena som finansieringsbase for laget). Verksemda til Os Røde Kors Eiendom AS vart dermed å rekna som næringsverksemd, sjølv om morselskapet (Os Røde Kors) i dette tilfellet driv veldedig arbeid. Endringar i den nye søknaden I ettertid har Os Røde Kors Eiendom AS endra sine vedtekter slik at selskapet ikke skal ha som formål å utbetale utbytte til aksjonæren. Overskudd fra selskapet skal gå til nedbetaling av lån på eiendom. Denne vedtektsendringa gjer at det etter administrasjonen sitt syn vil vera høve til å gje kommunal garanti til Os Røde Kors Eiendom AS utan at ein kjem i konflikt med 51 i kommunelova. Ei evt. garanti må likevel i beløp vera avgrensa til den delen av eigedomen som vert brukt til offentlege og veldedige føremål, då ein kommunal garanti ikkje kan omfatta utleige til ordinær forretningsverksemd. Os Røde Kors Eiendom AS har sett opp eit nytt driftsbudsjett i søknaden. Det er no føresett at heile byggjesummen på 9,7 mill. kr skal lånefinansierast, og dette gjer at kapitalkostnadene no er sett til kr 800.000 pr år mot kr 476.000 i forrige søknad der delar av byggjesummen skulle finansierast ved eigenkapital frå Os Røde Kors. Det er no og ført opp avskrivningar på bygget og utgifter til drift og vedlikehald er auka noko til kr 160.000 pr år. Budsjettert overskot pr år er dermed redusert frå kr 607.600 til kr 63.700. Dette viser m.a. at verksemda ser ut til å bera seg økonomisk, eit inntrykk som vert forsterka av at bygget har størstedelen av arealet utleigd til offentlege eller veldedige føremål. Dei vil likevel vera langt meir sårbare for renteendringar no enn med tidlegare finansieringsplan. I sitt budsjett har dei rekna ei rente på 5% og 20 års nedbetalingstid. Ei rente på 6% vil redusera driftsoverskotet med om lag kr 50.000. Side 6 av 29

Sak 17/07 Vurdering Søknaden stettar no dei formelle krava for å kunne gje kommunal garanti. Dette kan grunngjevast ut frå vedtektsendringa og at ein stor nok del av eigedomen vert brukt til offentlege og veldedige føremål og ikkje til ordinær forretningsverksemd. At kommunen kan gje kommunal garanti er likevel ikkje det same som at kommunen må gje kommunal garanti. På prinsipielt grunnlag bør kommunen vera varsam med å leggja seg på ein praksis som inneber at ein bind for mykje midlar opp mot garantiar. Ein kommunal garanti til Os Røde Kors Eiendom AS vil gje selskapet lågare kapitalkostnader og dermed betre økonomi, men vil truleg ikkje vera avgjerande for om bygget kan realiserast. Etter ei samla vurdering finn rådmannen å ikkje ville tilrå at det vert gjeve kommunal garanti overfor Os Røde Kors Eiendom AS i samband med bygging av nytt Røde Kors hus. Os, 06.02.2007 Ingrid Karin Kaalaas Økonomisjef Side 7 av 29

Sak 18/07 MØTEBOK SØKNAD OM NATTKLUBBLØYVE - OPUS OS AS Saksbehandlar: Rønnaug Askeland Arkiv: U63 &18 Arkivsaksnr.: 06/1828 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 201/06 Os Formannskap PS 28.11.2006 18/07 Os Formannskap PS 20.02.2007 Framlegg til tilråding: Os kommune gjev ikkje Opus Os AS løyve til å driva som natklubb med opningstid til kl. 03.00. Dei noverande eigarane av kafeen fekk skjenkeløyve i formannskapet sitt møte 28.11.06. Dei oppfyller difor ikkje kravet i Os kommune sine retningsliner for sals- og skjenkeløyve om drift i minst 2 år utan alvorlege brot på alkohollova. Knut Terje Rekve Rådmann Behandling i Os Formannskap i møte 28.11.2006 Behandling i utvalet: Borghild Borgen (Ap) kom med framlegg om å godkjenna servering av øl og vin, men ikkje av brennevin. Møtet vart lukka ved diskusjon av dei fortrulege vedlegga. Arbeidarpartiet sitt framlegg fekk 4 røyster (2Ap, 1Tvs, 1V) og fall. Administrasjonen sitt framlegg vart med dette vedteke. Vedtak: Os kommune gjev med heimel i 3 i Serveringslova og 1-7 i Alkohollova og kommunen sine retningsliner for sals- og skjenkeløyve, Opus Os AS serveringsløyve og skjenkeløyve for alkohol i gruppe 1, 2 og 3 (øl, vin og brennevin). Løyvet gjeld i lokala til tidlegare Opus Kultur Cafe AS, og omfattar innneareal og uteareal som tidlegare. Silja Sirevåg Strømmen er styrar for verksemda. Silja Sirevåg Strømmen og Espen Risti er styrar og avløysar for skjenkeløyvet. Løyvet gjeld fram til 30.06.08. ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20

Sak 18/07 Vedlegg: 1. Søknad frå Opus AS datert 15.11.06. 2. Uttale frå Lensmannen i Os av 05.02.07. Unntatt off.h.l. etter 5a 13. Saksopplysningar: Opus Os AS fekk skjenkeløyve i formannskapet sitt møte 28.11.06. Dei søkjer nå om å få nattklubbstatus. Dei søkjer både om dispensasjon frå regelen om 2 års drift utan merknader og frå kravet om at ein skal halda stengt mellom kl. 19 og 23 for å kunna driva som nattklubb. Dei søkjer i første omgang som ei prøveordning ut gjeldande løyveperiode. Dei forrige eigarane av Opus Kultur Cafe AS søkte 20. 1.06 om å få driva som nattklubb. Dei fekk då avslag med grunngjeving i at dei ikkje oppfylte kravet i retningslinene om 2 års drift utan merknader. I Os kommune sine retningsliner for sals- og skjenkeløyve for Os kommune står det om nattklubbløyve: Ved tildeling av nattklubbløyve skal det leggjast vekt på at skjenkestaden har eit kvalitativt godt konsept, at staden har hatt ordinært skjenkeløyve i minst to år utan alvorlege brot på alkohollova og at det ikkje ligg føre argument som talar mot slikt løyve. Opus Os AS har ikkje hatt brot på alkohollova ved kontrollar, men det har vore naboklager på bråk frå kafeen frå den opna. Administrasjonen er av den oppfatning at lokaliseringa av kafeen ikkje er egna for nattklubbdrift. Det ligg ein del bustader både i same bygg og i området. Lensmannen er negativ til søknaden, grunna ordensproblem og støy frå kafeen. Administrasjonen rår etter dette frå at det vert gjeve dispensasjon til nattkubbdrift. Ein legg med dette saka fram for formannskapet. Side 9 av 29

Sak 19/07 MØTEBOK RUTINER FOR HANDTERING AV LEGEMIDLER Saksbehandlar: Birgit Nora Holsen Arkiv: G05 Arkivsaksnr.: 06/2093 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 6/07 Os Formannskap PS 30.01.2007 19/07 Os Formannskap PS 20.02.2007 Framlegg til vedtak: Formannskapet godkjenner rutiner og retningslinjer for legmiddelhandtering innanfor dei ulike tenesteområda i Os kommune. Os, 30.11.06 Knut Terje Rekve Rådmann Behandling i Os Formannskap i møte 30.01.2007 Behandling i utvalet: Saka vart sendt attende til administrasjonen for å ta opp følgjande spørsmål: Bruker pleie- og omsorgseininga datasystemet sitt Profil til å registrera/kvalitetssikra medisineringa? Kva er årsaka til at det ikkje står bak på dosettane kva for medisin dei inneheld? Saka vert utsett til neste møte for å få på plass ovannemnde emne. Vedtak: Saka vert utsett til neste møte. ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20

Sak 19/07 Vedlegg: 1. Retningsliner for legemiddelhandsaminga i Os kommune med 23 vedlegg (eige vedl.) 2. Rutine for legemiddelhandsaming i barnehage/skole/sfo med 5 vedlegg 3. Uttale frå KFO 4. Uttale frå Utdanningsforbundet 5. Uttale frå NSF 6. Svar på spørsmål stilte på formannskapsmøtet 30.01.07. Saksopplysningar: Retningslinjer og rutinar for legemiddelhandtering i eininga for pleie og omsorg, einingane for psykisk utviklingshemma, eining for psykiatri og sosiale tenester og for avlastning på Lio er revidert av tilsette og leiarar i einingane. Revideringa er gjort i samarbeid med farmasøytisk rådgjevingsteneste på Haukeland sjukehus, som vi har ein samarbeidsavtale med. Det er berre små justeringar som er gjort i høve til tidlegare versjon. Når det gjeld tenesteområda barnehage/skole/sfo har vi tidlegare ikkje hatt felles rutinar. Dette området er heller ikkje heimla i lov og forskrift. Sosial- og helsedirektoratet jobbar med å laga ein forskrift/vgleiar, men inntil den er ferdig ber Fylkesmannen, ved helsetilsynet i fylket, kommunane om å laga eigne retningsliner som ivaretek dette. Han viser til Bergen kommune som har gjort eit godt arbeid på dette området. Vårt forslag til retningsliner og rutinar er laga etter modell av det som Bergen kommune har gjort, med lokale tilpassingar til vårt internkontrollsystem. Systema er laga for å sikra både arbeidstakar og brukarar av tenestene. Birgit Nora Holsen saksbehandlar Side 11 av 29

Sak 20/07 MØTEBOK REGISTRERING AV VERV OG ØKONOMISKE INTERESSER Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 07/190 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 20/07 Os Formannskap PS 20.02.2007 / Os kommunestyre PS Framlegg til tilråding: Kommunestyret ønskjer at Os kommune skal gå inn i KS si ordning for registrering av verv og økonomiske interessar, og ber administrasjon koma attende med sak om retningsliner for korleis dette kan gjennomførast i Os. Av praktiske omsyn vert ordninga iverksett først etter kommunevalet hausten 2007. Os, 06.02.2007 Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20

Sak 20/07 Vedlegg: Brev frå KS om registrering av verv og økonomiske interessar av 05.01.2007 Saksopplysningar: Innleiing Sentralstyret i KS har oppretta eit web basert register der folkevalde, tilsette og styremedlemar kan registrera sine verv og økonomiske interessar. Registeret vil verta opent for ålmenta. Av omsyn til personvernet vil det vera frivillig for den einskilde å registrera seg. Bakgrunn Bakgrunnen for opprettinga av eit slikt register er at det kan vera ein måte å styrka kommunesektoren sitt omdøme på, ved at det vert opent kva interessar og roller einskildpersonar har. Kriteria for registrering KS rår til at det vert utarbeidd lokale retningsliner for registreringa. Retningslinene må seia noko om kven som kan/bør registrera seg og kva verv og økonomiske interessar som kan/bør registrerast. Dersom kommunen ønskjer at tilsette sine verv og økonomiske interessar kan/bør registrerast, må det gjennomførast drøftingar med dei lokale arbeidstakarorganisasjonane før det kan gjerast vedtak om registrering. Administrasjon av ordninga med registrering av verv og økonomiske interessar Før eit evt. registrering kan ta til, skal Datatilsynet motta ei melding frå den ansvarlege i kommunen om at registrering av personopplysningar med elektroniske hjelpemiddel tek til. Meldinga skal gjevast seinast 30 dagar før handsaminga tek til, og kvittering frå Datatilsynet skal vera mottatt av den ansvarlege i kommunen før registreringa tek til. Det er strenge krav i lovverket til handsaminga av personopplysningar. Kommunen kan berre nytta opplysningane i samsvar med føremålet med registeret, og handsaminga må heile tiden vera sakleg grunngjeve i meldinga til Datatilsynet og samtykket frå den einskilde. Det må sytast for at opplysningane i registeret er korrekte og oppdaterte og at forelda opplysningar vert sletta. KS viser til at det er ein del arbeid med å halda slike registre ved like, og at kommunar som ønskjer å gå inn i ordninga med å registrera verv og økonomiske interessar må etablera eit system for korleis opplysningar skal registrerast, haldast oppdatert og slettast. Vegen vidare Administrasjonen ber i første omgang om ei prinsippavgjerd frå kommunestyret om ein ønskjer å gå inn i KS si ordning med registrering av verv og økonomiske interessar. Dersom kommunestyret ønskjer dette, må administrasjonen utarbeida retningsliner for slik registrering, det må gjennomførast drøftingar med dei lokale arbeidstakarorganisasjonane dersom registreringane skal omfatta tilsette, og det må avgjerast kven i kommuneforvaltninga som skal ha det praktiske ansvaret for registeret. Evt. iverksetting Med bakgrunn i punktet ovenfor er det klårt at det vil ta noko tid før eit slikt register kan vera operativt. Slik administrasjonen ser det vil det difor vera føremålstenleg å venta med ei evt. registrering til etter kommunevalet hausten 2007. Os, 06.02.2007 Ingrid Karin Kaalaas Økonomisjef Side 13 av 29

Sak 21/07 MØTEBOK VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR Saksbehandlar: Simen Soltvedt Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 04/133 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 164/04 Os Formannskap PS 21.09.2004 153/04 Os Formannskap PS 14.09.2004 233/04 Os Forvaltningsstyre PS 02.12.2004 127/04 Os kommunestyre PS 14.12.2004 21/07 Os Formannskap PS 20.02.2007 / Os kommunestyre PS 22/07 Os Formannskap PS 20.02.2007 / Os kommunestyre PS Framlegg til tilråding: Kommunestyret vedtek vedtektene for dei kommunale barenhagane slik dei ligg føre. Os, 07.02.07 Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20

Sak 21/07 Behandling i Os kommunestyre i møte 14.12.2004 Behandling i utvalet: Samrøystes vedtak som innstillinga frå administrasjonen. Vedtak: Kommunestyret vedtek vedtektene for dei kommunale barnehagane og vedtektene for samordna opptak slik dei ligg føre. Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte 02.12.2004 Behandling i utvalet: Adm. Fullmakt til å leggja inn i vedtektene desse punkta: trafikksikring foreldremedverknad opningstider hentetid og bringetid av barn søsken skal om mogeleg få plass i same barnehage Samrøystes vedtak med ovannemnde justeringar. Vedtak: Kommunestyret vedtek vedtektene for dei kommunale barnehagane og vedtektene for samordna opptak med følgjande endringar:. Adm. Fullmakt til å leggja inn i vedtektene desse punkta: trafikksikring foreldremedverknad opningstider hentetid og bringetid av barn søsken skal om mogeleg få plass i same barnehage Behandling i Os Formannskap i møte 14.09.2004 Behandling i utvalet: Saka vart utsett. Vedtak: Saka vart utsett. Behandling i Os Formannskap i møte 21.09.2004 Behandling i utvalet: Administrasjonen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Vedtak: Formannskapet tek saka til orientering. Side 15 av 29

Sak 21/07 Vedlegg: 1. Gjeldane vedtekter for kommunale barnehagane datert 14.12.04 2. Brev frå Os kommune til barnehagane datert 12.12.06 3. Høyringsuttale frå Kundeombodet datert 10.01.07 4. Høyringsuttale frå Nore Neset barnehage registert 12.01.07 5. Høyringsuttale frå styret i Varhaug barnehage datert 10.01.07 6. Høyringsuttale frå flyktingstenesta datert 10.01.07 7. Høyringsuttale frå barnetalsmann datert 29.12.06 8. Høyringsuttale frå Tjenester for barn og unge datert 11.01.07 9. Høyringsuttale frå Hegglandsdalen barnehage datert 09.01.07 Saksopplysningar: 14. desember 2004 vart vedtekter for dei kommunale barnehagane og vedtekter for samordna opptak for kommunale og private barnehagar vedteke i Kommunestyret. Med bagrunn i lovendring gjeldande frå 01.01.06, samt at det har vore ønskeleg å justera vedtektene, vart det hausten 2006 nedsett ei gruppe med reprensentantar frå både kommunale og private barnehagar som skulle utarbeide framlegg til opptakskriteriar for barnehagane i Os. Samstundes har dei kommunale styrarane utarbeidd framlegg til nye vedtekter for dei kommunale barnehagane. Det er resultatet av dette arbeidet som har ført til framlegg til nye vedtekter. Føringar for ny opptaksordning Arbeidet med å lage nye vedtekter skal sikre at opptakskriteria er objektive og etterprøvbare. Gjeldande vedtekter er vanskeleg å koordinera, samt at mange kriteria gjev rett på prioritet, har ført til at det ikkje er ei selvfølgje at alle barn i denne gruppa har fått plass i barnehage. Nasjonale føringar Frå 17.06.05 vart Lov om barnehagar (Barnehageloven) endra, med virkning frå 01.01.06. 13 omtalar prioritet ved opptak: 13 Prioritet ved opptak Barn med nedsatt funksjonsevne har rett til prioritet ved opptak i barnehage. Det skal foretas en sakkyndig vurdering for å vurdere om barnet har nedsatt funksjonsevne. Barn som det er fattet vedtak om etter lov om barneverntjenester 4-12 og 4-4 annet og fjerde ledd, har rett til prioritet ved opptak i barnehage. Kommunen har ansvaret for at barn med rett til prioritet får plass i barnehage. Omgrepet nedsatt funksjonsevne omfattar ulike fysiske funksjonsnedsettingar, utviklingshemming, språk- og talevanskar, årferdsvanskar og psykiske lidingar. For at barn skal ha rett til prioritet etter 13, må ein sakkunnig instans vurdera om funksjonsnedsettinga gjev barnet eit større behov for barnehageplass enn for andre barn. Retten til prioritet førar til at barnet går forran andre søkjare, men gjev ikkje rett til ein barnehageplass. Retten til prioritet gjeld berre innanfor barnehagen sin opptakskrins. For kommunale barnehagar er Os kommune opptakskrins. Lokale føringar Det er 2 år sidan vedtekter for dei kommunale barnehagane vart vedteke og barnehagane ønskjer å oppdatera vedtektene slik at dei vert tydeligare. Side 16 av 29

Sak 21/07 Høyringsuttaler Høyring nye felles vedtekter for kommunale og private barnehagar i Os kommune vart sendt ut på høyring 12. desember 2006, med høyringsfrist 10. januar 2007. Høyringsinstansane var alle barnehagane/eigar av barnehage, Tenester for barn og unge (TBU), Flykningstenesta, Kundeombodet i Os kommune og Barnetalsmann i Os kommune. Det kom inn 7 høyringsuttaler. Det vart ikkje bedt om at høyringsinstansane skulle gje tilbakemelding på konkrete delar av framlegget. Følgjande uttaler er teken til følgje: Arbeidsgruppa tek til følgje innspel vedrørande dokumentasjon i høve prioritet 1 søkjarar. Vidare har gruppa utforma vedtektene slik at det går fram at barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak av barnevernet om, er likestilte i opptak. TBU rår til at samiske barn vert teken med i gruppa minoritetspråklege/tospråklege barn. Nore Neset Barnehage rår til at det må kome fram at prioriteten gjeld når begge foreldra er framandspråklege. Dersom barnet berre har ei forelder, er dette ikkje til hinder for at barnet vert plassert i denne gruppa. Følgjande høyringsuttaler er ikkje teken til følgje: Kundeombodet rår til at det står i teksten at einslege forsørgarar er prioritert/vert sikra i prioritet nr. 2. Arbeidsgruppa meiner m.a. at kriterie Einsleg førsørgar er omfattande og udefinert. Det å vere einsleg er ein situasjon som stadig fleire kjem i, samt at denne situasjonen raskt kan endra seg. Arbeidsgruppa meiner og at det må noko meir til enn at føresette er einsleg for at barnet skal få prioritet ved opptak. Flykningstenesta rår til minoritetspråklege barn vert prioritert høgast mogeleg. Kva høgast mogeleg er, seier ikke uttalen til noko om. Arbeidsgruppa meiner likevel det er rett å prioritera barn med sjukdom i heim høgare enn minoritetspråklege barn. Mange av desse barna vil ofte oppfylla begge kriteriane, og då vil den høgaste prioriteten vera gjeldande. Hovudendringar i framlegg til vedtektet Tal opptakskriteriar er redusert. Barn av personal er eit nytt opptakskritere. For at dei kommunale barnehagane skal nå opp i konkurransen om kvalifisert personale, er det viktig at personalbarn får prioritet. Dei fleste private barnehagane prioriterer denne gruppen i opptak. På grunn av at opptakskriteriane kun gjeld innanfor Os kommune, førar dette til at berre barn av personal som bur i Os kommune som har rett til prioritet. Det same vil gjelda for barn med søsken i barnehagen. Barnehagen sitt innhald er presisert. Barn sin rett til medverknad er teke med, etter krav i ny barnehagelov. Med innarbeidde endringar ligg det nå føre slikt framlegg til nye vedtekter for kommunale barnehagane: Side 17 av 29

Sak 21/07 VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE Føremål Lov om barnehagar, 1: Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode utviklings- og aktivitetsmuligheter i nær forståelse og samarbeid med barnas hjem. Barnehagen skal hjelpe til med å gi barna en oppdragelse i samsvar med kristne grunnverdier. Virkeområde Vedtektene har som mål å gi informasjon og opplysningar som særleg tyder noko for foreldra sitt tilhøve til barnehagen. Barnehagen sitt innhald Lov om barnehagar 2: Barnehagen skal være en pedagogisk virksomhet. Barnehagen skal bistå hjemmene i deres omsorgs- og oppdrageroppgaver, og på den måten skape et godt grunnlag for barnas utvikling, livslange læring og aktive deltakelse i et demokratisk samfunn. Omsorg, oppdragelse og læring i barnehagen skal fremme menneskelig likeverd, likestilling, åndsfrihet, toleranse helse og forståelse for bærekraftig utvikling. Barnehagen skal gi barn muligheter for lek, livsutfoldelse og meningsfylte opplevelser og aktiviteter i trygge, og samtidig utfordrende omgivelser. Barnehagen skal ta hensyn til barnas alder, funksjonsnivå, kjønn, sosiale, og etniske og kulturelle bakgrunn, herunder samiske barns språk og kultur. Barnehagen skal gi barn grunnleggjende kunnskap på sentrale og aktuelle områder. Barnehagen skal støtte barns nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær, og gi utfordringar med utgangspunkt i barnets interesser, kunnskaper og ferdigheter. Barnehagen skal formidle verdier og kultur, gi rom for barns egen kulturskaping og bidra til at alle barn får oppleve glede og mestring i et sosialt og kulturelt fellesskap. Eigartilhøve, drift og forvaltning Os kommune eig og er ansvarleg for drift og forvaltning av dei kommunale barnehagane. Drifta skal vera i samsvar med Lov om barnehagar med forskrifter, rammeplan for barnehagen, og kommunale planar og vedtak. Einingsleiar er administrativt og fagleg ansvarleg for den enkelte barnehagen, og rapporterer til rådmann/kommunaldirektør. Vedtektene blir fastsett av kommunestyret. Barn sin rett til medverknad Lov om barnehagar 3: Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet. Foreldreråd og samarbeidsutval Lov om barnehagar 4: Side 18 av 29

Sak 21/07 For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg. Foreldrerådet består av foreldrene/de foresatte til alle barna og skal fremme deres fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppen skaper et godt barnehagemiljø. Samarbeidsutvalget skal være et rådgivende, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og ansatte i barnehagen, slik at hver gruppe er likt representert. Barnehagens eier kan delta etter eget ønske, men ikke med flere representanter enn hver av de andre gruppene. Barnehageeieren skal sørge for at saker av viktighet forelegges foreldrerådet og samarbeidsutvalget. Godkjenning, tilsyn og arealutnytting Etter lov om barnehagar har kommunen godkjennings- og tilsynsmynde for alle barnehagar, også dei kommunale. Kommunen skal m.a. sjå til at arealnormene blir følgde, at barnehagane følgjer forskrift om miljøretta helsevern, og i det heile oppfyller det krav og forskrifter set. Departementet sine gjeldande reglar for arealnytting: 5,33 m2 netto leikeareal for barn under 3 år 4,0 m2 leikeareal for barn over 3 år Arealet til leik ute skal tilsvara 6 gongar arealet inne. Opningstid Barnehagane er som hovudregel opne mellom 07.00 og 17.00, 5 dagar i veka. Dei er stengde helge- og høgtidsdagar, jule- og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag er barnehagane opne til kl. 12.00. I løpet av barnehageåret er barnehagane i tillegg stengde 5 planleggingsdagar, som er betalingsfrie. 3 veker i juli månad er det ein barnehage som er open. Ferieordninga Barna skal ha minimum 3 veker samanhengande ferie innanfor skulen sin sommarferie. Alle foreldre/føresette vil derfor i løpet av våren bli bedt om å melde ferietida for sitt barn. Barn som skal ta til på skulen, må ha avvikla 3 veker ferie innan 31 juli. Barnehagane har opne om sommaren etter ei rullerande ordning. Barna sine 3 sommarferieveker er betalingsfrie. Opptaksordning Os kommune ved Bestillar- og forvaltarkontoret samordnar opptaka til både kommunale og private barnehagar, sjå vedtekter for samordna opptak for meir informasjon. Opptaksmynde er delegert til einingsleiar i barnehagen. Barnehageplass søkjast elektronisk. Skjema og informasjon finnes på www.os-ho.kommune.no Dei som har fått plass, beheld denne til dei seier opp eller til 31 juli det året barnet går over i skulen. Dette gjeld óg dersom ein flyttar ut av kommunen. Dersom føresette har restanse i kommunal barnehage eller skule, vil ikkje barnet få starte opp i barnehage før denne restansen er gjort opp. Side 19 av 29

Sak 21/07 Opptakskrins og opptakskriteriar Dei kommunale barnehagane har heile Os kommune som opptakskrins. Opptakskriteriar for dei kommunale barnehagane i Os Prioritet Gruppe 1 Barn med nedsett funksjoneevne, jfr. Barnehageloven 13 Dokumentasjon Sakunnig uttale frå fastlege, psykolog og PPT eller Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstjenester 4-12 og 4-4 annet og fjerde ledd, Jfr. barnehageloven 13 2 Barn i familiar der føresette eller søsken har ein kronisk eller alvorleg sjukdom/funksjonshemming Uttale frå Barnevernstenesta Sakunnig uttale frå fastlege/psykolog eller andre tilhøve i heimen som tilseier at det er eit særskild behov for barnehageplass. 3 Barn der begge foreldra er minoritetsspråklege/tospråklege, unnteke dei som har svensk eller dansk som morsmål. Helsestasjon Helsestasjon/ flyktningtenesta 4 Barn til personal i barnehagen 5 Søsken til barn i barnehagen 6 Ordinære søkjarar Opptaket vert gjort etter søkjaransiennitet (søknadsdato) innanfor kvar prioritet. Barnehagen kan i særskilde tilfeller ha trong for å prioritera konktete aldersgrupper eller kjønn, slik at barnehagen får ønska gruppesamansetning. Omgrepet nedsatt funksjonsevne omfattar ulike fysiske funksjonsnedsettingar, utviklingshemming, språk- og talevanskar, årferdsvanskar og psykiske lidingar. For at barn skal ha rett til prioritet etter 13, må ein sakkunnig instans vurdera om funksjonsnedsettinga gjev barnet eit større behov for barnehageplass enn for andre barn. Retten til prioritet førar til at barnet går foran andre søkjare, men gjev ikkje rett til ein barnehageplass. Retten til prioritet gjeld berre innanfor barnehagen sin opptakskrins. For kommunale barnehagar er Os kommune opptakskrins. Permisjon Det kan bli gitt permisjon frå tildelt plass for inntil eit år dersom ein av foreldra har mors/farspermisjon. Permisjon kan bli gitt berre dersom barnet har starta i barnehagen. Oppseiing Oppseiingstida er 1 mnd., rekna frå den 1. i månaden etter at oppseiinga er sendt. Det må sendast skriftleg oppseiing. Ved oppseiing etter 1. april, må ein betala ut barnehageåret. Side 20 av 29

Sak 21/07 Barnehageplassen kan seiast opp av Os kommune dersom det føreligg manglande betaling. Før ein eventuell oppseiing skal særskilde prosedyrar gjennomførast. Nærare informasjon om dette kan ein få på Bestillar- og forvaltarkontoret. Betaling søskenmoderasjon I Lov om barnehagar, forskrifter om foreldrebetaling, er det fastsett at foreldrebetalinga for ein barnehageplass ikkje skal overstige ein maksimalpris. Søskenmoderasjon er på 30% for barn nr. 2, 50% for barn utover dette. Dersom eit barn får spesialpedagogisk hjelp etter Opplæringslova 5.7, skal kommunen gjera eit enkeltvedtak om tidsressursen. Denne tida vil da gå til fråtrekk på den ordinære barnehagebetalinga. Kostpengar kjem i tillegg til maksimalprisen. Ekstraordinær stenging utover ein dag grunna streik eller andre uføresette hendingar, gjev betalingsfritak for den tida stenginga varar. NB: Dersom alternative barnehagetilbod blir oppretta, og ein vel å ikkje nytte desse, fell fritak om betaling vekk. Dette gjeld også i samband med stenging i ferien. Internkontroll Systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid vert gjennomført i samsvar med Internkontrollforskrifta som gir påbod om å følgje opp krav som er fastsett i ei rekke lover, m.a. Lov om arbeidsmiljø, Lov om vern mot brann, forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar, og Lov om kontroll med produkt. Teieplikt Dei tilsette i barnehagen har teieplikt i følgje Forvaltningslova 13-13f. Opplysningsplikt Dei tilsette i barnehagen har opplysningsplikt overfor sosialtenesta og barneverntenesta. 21 og 22 i Lov om barnehagar. Forsikring Os kommune har kollektiv ulykkesforsikring for barnehagebarn m.m. Forsikringsavtalen vert fornya med jamne mellomrom. Ta kontakt med styrar i barnehagen for meir informasjon om forsikringsvilkåra. Simen Soltvedt Side 21 av 29

Sak 22/07 MØTEBOK SAMORDNA OPPTAKSPROSESS KOMMUNALE OG PRIVATE BARNEHAGAR Saksbehandlar: Simen Soltvedt Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 04/133 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 164/04 Os Formannskap PS 21.09.2004 153/04 Os Formannskap PS 14.09.2004 233/04 Os Forvaltningsstyre PS 02.12.2004 127/04 Os kommunestyre PS 14.12.2004 21/07 Os Formannskap PS 20.02.2007 / Os kommunestyre PS 22/07 Os Formannskap PS 20.02.2007 / Os kommunestyre PS Framlegg til tilråding: Kommunestyret vedtek vedtekter for samordna opptaksoprosess slik dei ligg føre. Os, 07.02.07 Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20

Sak 22/07 Behandling i Os kommunestyre i møte 14.12.2004 Behandling i utvalet: Samrøystes vedtak som innstillinga frå administrasjonen. Vedtak: Kommunestyret vedtek vedtektene for dei kommunale barnehagane og vedtektene for samordna opptak slik dei ligg føre. Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte 02.12.2004 Behandling i utvalet: Adm. Fullmakt til å leggja inn i vedtektene desse punkta: trafikksikring foreldremedverknad opningstider hentetid og bringetid av barn søsken skal om mogeleg få plass i same barnehage Samrøystes vedtak med ovannemnde justeringar. Vedtak: Kommunestyret vedtek vedtektene for dei kommunale barnehagane og vedtektene for samordna opptak med følgjande endringar:. Adm. Fullmakt til å leggja inn i vedtektene desse punkta: trafikksikring foreldremedverknad opningstider hentetid og bringetid av barn søsken skal om mogeleg få plass i same barnehage Behandling i Os Formannskap i møte 14.09.2004 Behandling i utvalet: Saka vart utsett. Vedtak: Saka vart utsett. Behandling i Os Formannskap i møte 21.09.2004 Behandling i utvalet: Administrasjonen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Vedtak: Formannskapet tek saka til orientering. Side 23 av 29

Sak 22/07 Vedlegg: 1. Gjeldande vedtekter for samordna opptaksprosess datert 14.12.04 2. Brev frå Os kommune til høyringsinstansane datert 12.12.06 3. Høyringsuttale frå Kundeombodet datert 10.01.07 4. Høyringsuttale frå Nore Neset barnehage registert 12.01.07 5. Høyringsuttale frå styret i Varhaug barnehage datert 10.01.07 6. Høyringsuttale frå flyktingstenesta datert 10.01.07 7. Høyringsuttale frå barnetalsmann datert 29.12.06 8. Høyringsuttale frå Tjenester for barn og unge datert 11.01.07 9. Høyringsuttale frå Hegglandsdalen barnehage datert 09.01.07 Vedlegga ligg som vedlegg i saka om vedtekter for kommunale barnehagar, sjå denne. Saksopplysningar: 14.desember 2004 vart vedtekter for samordna opptak vedteke i Kommunestyret. Etter 2 år er det ønskeleg å justera desse. Hausten 2006 vart det difor nedsett ei gruppe med reprensentantar frå både kommunale og private barnehagar som skulle utarbeide framlegg nye vedtekter for samordna opptaksprosess. Framlegget har vore til høyring i alle barnehagane, TBU, Kundeombodet, og Barnetalsmannen. Det er resultatet av dette arbeidet som leggjast fram til politisk behandling no. Bakgrunn for nye vedtekter for samordna opptaksprosess Os kommune innførte samordna opptak frå 01.01.05, med bakgrunn i kommunestyresak 0127/04. Vedtektene gjeld både kommunale og private barnehagar. Barnehagelova 12 samordnet opptaksprosess i kommunen står det å lesa: Alle godkjente barnehager i kommunen skal samarbeide om opptak av barn. Kommunen skal legge til rette for en samordnet opptaksprosess, der det tas hensyn til barnehagenes mangfold og egenart. Brukernes ønsker og behov skal tillegges stor vekt ved selve opptaket. Ved en samordnet opptaksprosess skal likebehandling av barn og likebehandling av kommunale og private barnehager sikres Gjeldande vedtekter omhandlar felles opptakskriteriar for kommunale og private barnehagar, samt vedtekter for samordna opptaksprosess. Kommunen kan ikkje gjere vedtak om opptakskriteriar for private barnehagar. I Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage 2 står det å lesa: Barnehagens vedtekter skal definere barnehagens opptakskrets og opptakskriterier. Opptakskriteriene må være objektive og etterprøvbare. Dette vert utdjupa i Merknader frå Ot. Prp. Nr. 72 (2004-05) til 12: Den samordnede opptaksprosessen innskrenker ikke barnehages rett til å definere sin opptakskrets i barnehagens vedtekter og selv ta beslutningen om opptak av det enkelte barn Kommunen kan difor ikkje påleggje dei private barnehagane å følgje opptakskriteriar som er vedteken av kommunen. Men arbeidsgruppa har fått inntrykk av at dei fleste barnehagane vil følgje opptakskriteriane til kommunen. Eiga sak vedrørande endring av vedtekter til kommunale barnehagar skal opp til politisk behandling parallelt med denne saka. Målet med ei samordna opptaksprosess, er at barnehageopptaket bidra til ein effektiv fordeling av barnehageplasser ut frå søkjarane sine ønsker og behov barnehageopptaket skal sikra likebehandling av barn og likebehandling av private og kommunale barnehagar. Side 24 av 29

Sak 22/07 Samordninga skal vere eit redskap i kommunen sitt arbeid med å sørgje for eit tilstrekkeleg tal barnehageplassar. Høyringsuttaler Høyring nye felles vedtekter for kommunale og private barnehagar i Os kommune vart sendt ut på høyring 12. desember 2006, med høyringsfrist 10. januar 2007. Høyringsinstansane var alle barnehagane/eigar av barnehage, Tenester for barn og unge (TBU), Flykningstenesta, Kundeombodet i Os kommune og Barnetalsmann i Os kommune. Det kom inn 7 høyringsuttaler. Høyringsinstansane vart ikkje bedne om å gje tilbakemelding på konkrete delar av framlegget. Følgjande høyringsuttaler vart teken til følgje i framlegget: Styret i Varhaug barnehage ønska ikkje at barn frå Os skal ha prioritet. Denne merknaden er teken til følgje, då den einskilde barnehage sjølv kan definera opptakskrins i vedtektene til barnehagen. Kundeombodet ønskjer at det kjem klårt fram kva som ligg i omgrepet opptakskrins. Arbeidsgruppa har teke dette til følgje, samt at det i vedtektene står meir om klagerett og sakshandsaming. Følgjande høyringsuttaler vart ikkje teken til følgje i framlegget: Kundeombodet rår til at alle barnehagar har like reglar rundt oppseiing. Dette er absolutt noko ein kan arbeida mot, men den einskilde barnehage kan sjølv vedta eigne reglar for oppseiing. I dag har mange 1 månad oppseiing, men nokon har 2 eller 3 månader. Kommunen har 1. månad frå første i kvar månad. Kundeombodet meiner at føresette får eit dårlegare tilbod enn i dag, dersom det ikkje lengre blir mogelig å søkje alternativet Alle barnehagar i Os kommune. Arbeidsgruppa har endra dette punktet, av di barnehagane sine lister i dag er fulle av søkjarar som ikkje er reelle søkjarar. Eksempel: Ein søkjar i på Lysekloster søkjar 4 konkrete barnehagar og søkjer i tillegg Alle barnehagar i Os kommune. Søkjaren kjem opp på listene til alle barnehagane i Os, sjølv om mange barnehagar ikkje er aktuelle. Dette gjer at både hovudopptak og supplerande opptak vert komplisert og udefinert. Forslaget til arbeidsgruppa inneber at det vert mogelig å søkje 4 barnehagar, samt å krysse av for at dersom ein ikkje får plass i ein av dei 4 barnehagane ein har søkt, så vert ein vurdert i andre barnehagar. Søkjarar vil med dette framlegget først verta vurdert av andre barnehagar når desse er gått tom på eigne lister. Kundeombodet ønsker at det står meir informasjon om omfanget av tilsyn ved barnehageopptak. Tilsyn av barnehagar skjer fortløpande og arbeidsgruppa meiner at det ikkje er naudsynt med ein detaljert prosedyre for tilsyn av opptaket. Hovudendringar framlegg til nye vedtekter for samordna opptaksprosess 1. Felles opptakskriteriar for kommunale og private barnehagar er fjerna. Framlegg til nye vedtekter for kommunale barnehagar er eiga sak. 2. Det er nye rutiner for sakshandsaming av søknader om barnehageplass og føresette må no nytte elektronisk søknadskjema. 3. Det kan søkjast inntil 4 barnehagar i prioritert rekkefølgje. I tillegg kan føresette føre opp alternativet Interessert i tilbod frå andre barnehagar. 4. Klagerett og rett til grunngjeving er presisert. Med innarbeidde endringar ligg det nå føre slikt framlegg til nye vedtekter for samordna opptak: Side 25 av 29

Sak 22/07 VEDTEKTER FOR SAMORDNA OPPTAK KOMMUNALE OG PRIVATE BARNEHAGAR I OS KOMMUNE. Os kommune ved Bestillar- og forvaltarkontoret samordnar opptaka til både kommunale og private barnehagar. Det skal søkjast på internett: www.os.hordaland.no. Følg linken tenester -> barn og unge - > Barnehagesida. Det kan søkjast på heile eller delte plassar. Hovudopptaket går føre seg om våren, i mars og april, med supplerande opptak gjennom heile året. Føresette må søkje innan 1. mars for å bli teke med i hovudopptaket med tildeling av plass frå august. Søknader som kjem inn etter denne dato vert vurdert i suppleringsopptak. Søkjarar som ikkje har fått plass gjennom barnehageåret, treng ikkje søkje på ny for neste barnehageår. Det er mogelig å endra på søknaden i løpet av året, utan at dette får konsekvensar for søknadsansinnitet (søknadsdato). Eigar av den einskilde barnehage er opptaksmynde. For dei kommunale barnehagane er opptaksmynde delegert til einingsleiar. Barnehagen kommunal eller privat innstiller til ledige plassar etter eigne opptakskriteria. Kommunen skal føre tilsyn med barnehagane nå det gjeld opptak. Det kan søkjast inntil 4 barnehagar i prioritert rekkefølgje. I tillegg kan føresette føre opp alternativet Interessert i tilbod frå andre barnehagar. Barnehagen vil gjere opptak ut frå søkjarar som har søkt på barnehagen blant dei 4 søknadsalternativa. Dersom barnehagen ikkje har fleire søkjarar igjen på søkjarlista, vil barnehagen få liste frå kommunen på barn som har søkt alternativet Interessert i tilbod frå andre barnehagar. Alle som søkjar får brev med stadfesting på at søknad er motteke og registrert. Tilbodsbrev vert sendt ut frå den einskilde barnehage. Bestillar- og forvaltarkontoret sender ut informasjonsbrev til alle søkjare etter hovudopptaket, der det vert informert om at hovudopptaket er over og status for opptaket. Dersom det er barnehagar med ledig kapasitet, vil det verta informert om i dette brevet. Søkjarane vil óg få informasjon om klage- og innsynsrett. Dersom ein ikkje får første valet sitt ved barnehageopptak, kan ein velgja å framleis stå som søkjar til høgare prioriterte barnehagar, og ein beheld søkjaransienniteten. Søkjare som har barnehageplass, kan ikkje søkje alternativet interessert i tilbod frå andre barnehagar. Søkjarar som får første valet sitt oppfylt, vert sletta frå søkjarlista. Dei som har fått plass, beheld denne til dei seier opp eller går over i skulen. Dette gjeld óg dersom ein flyttar ut av kommunen. Ved manglande betaling eller når plassen ikkje vert nytta, kan barnehageeigar seie opp plassen jfr. den einskilde barnehage sine vedtekter. Opptakskrets og opptakskriteriar Barnehagen kan sjølv definera si eigen opptakskrets og sine eigne opptakskriteriar, jfr. barnehagelova 12, og dette skal gå fram av barnehagen sine vedtekter. jfr. barnehagelova 7, fjerde ledd. Opptakskriteria er rekkjefølgen på opptak av barn som tilhører opptakskretsen. Opptakskrets seier noko om kva barn som kan tas opp i barnehage. Døme på opptakskrets kan vere barn i eit bestemt geografisk område. Vedtekne opptakskriteriar gjeld innanfor den definerte opptakskretsen. Handsaming av søknader i prioritert gruppe vert gjort på Bestillar- og forvalterkontoret, Os kommune. Dokumentasjon på prioritet skal sendast til: Bestillar- og forvaltarkontoret, pb. 84, 5202 OS. Det vert gjeve anledning til å klage på vedtak om å kome i prioritert gruppe. Side 26 av 29

Sak 22/07 Klagerett og rett til grunngjeving Etter Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage 4, har søkjarar som ikkje får første eller andre ønskje sitt oppfylt, eller som ikkje har fått nokon plass i det heile, rett til å krevja ei skriftleg grunngjeving for kvifor barnet ikkje fekk den eller dei barnehageplassane det vart søkt om. Søkjar rettar seg til den barnehagen som vedkommande ikkje har fått plass i. Søkjar har etter Forvaltingslova 18, 19, 20 og 21 som hovudregel rett til innsyn i saksdokumenta. Søkjar kan klage over avslag på søknad om barnehageplass ved hovudopptak. Søkjar kan óg klage dersom ein ikkje får sitt første eller andre ønskje oppfylt. Ved supplerande opptak kan berre søkjaren til barnehagen med lovfesta rett til prioritet etter barnehageloven 13 klage, dersom dei ikkje får plass i den aktuelle barnehagen. Skriftleg klage skal sendast til Bestillar- og forvaltarkontoret. Klagen må nemna den avgjersla det klagast over og dei grunnane klagen støtta seg til. Klage må vera sendt innan 3 veker etter at vedtaket er motteke, jfr. 28-36 i forvaltningslova. Kommunen legg saka fram for barnehageigar, for å få naudsynt informasjon om opptaket. Dersom barnehagen ikkje tar klagen under behandling eller ikkje gjev klagaren medhald i at denne skulle ha fått tilbod om den ønska barnehageplassen, skal kommunen senda klagen til den kommunale klagenemda for endeleg avgjerdsle. Dersom klagar får medhald, skal barnet om mogeleg få tilbod om plass i den aktuelle barnehagen. Dersom dette ikkje er mogeleg, må barnet få tilbod om den fyrste ledige plass. Simen Soltvedt Side 27 av 29

Sak 23/07 MØTEBOK POLITISK KVARTER Saksbehandlar: Gunvor S. Heggland Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 07/25 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 13/07 Os Formannskap PS 30.01.2007 23/07 Os Formannskap PS 20.02.2007 Uformelle drøftingar. ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20

Sak 24/07 MØTEBOK NÆRINGSLIVETS KVARTER Saksbehandlar: Gunvor S. Heggland Arkiv: U00 Arkivsaksnr.: 07/27 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 14/07 Os Formannskap PS 30.01.2007 24/07 Os Formannskap PS 20.02.2007 Uformelle drøftingar. ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20