Nordplan side 1 av 7 Føresegner reguleringsendring Langevåg sør og for eit område kring Olavsminde FØRESEGNER REGULERINGSENDRING FOR LANGEVÅG SØR OG FOR EIT OMRÅDE KRING OLAFSMINDE Føresegner dagsett: 27.02.2015 Plankart dagsett: 27.02.2015 1. GENERELT Desse føresegnene gjeld for området innanfor plangrensa på plankartet. Utbygging av området skal skje i samsvar med plankartet og føresegner. Føresegnene kjem i tillegg til det som vert bestemt i plan- og bygningslova med forskrifter, samt vedtekter til plan- og bygningslova. Etter at plankartet med desse føresegner er vedtekne, er det i planområdet ikkje tillate å inngå privatrettslege avtalar i strid med reguleringsføresegnene. 2. REGULERINGSFORMÅL Området er regulert til følgjande formål: Bygningar og anlegg (pbl 12.5 nr.1 ) Bustader- frittliggjande-småhus, BFS Bustader konsentrert småhus, BKS Offentleg tenesteyting, BIN Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (pbl 12.5 nr.2) Tekniske bygg, STB Køyreveg, offentleg o_skv Veg, felles f_skv Fortau, SPA Parkeringsplass, SF Grøntstruktur (pbl 12.5 nr.3) Turveg, GT Omsynssoner (pbl 12.6) Faresone, flaum H320 Sikringssone, turbinleidning H190 Frisikt H140
Nordplan side 2 av 7
Nordplan side 3 av 7 3. FELLES FØRESEGNER 3.1. Krav til byggesøknad Bygg, anlegg og verksemder skal utformast med sikte på å sikre gode arkitektoniske løysingar og ta naudsynt omsyn til eksisterande miljø. Søknad om løyve til tiltak skal innehalde ein detaljert, kotesett situasjonsplan. Denne skal vise bygningsvolum, handsaming av terreng, bygning i samanheng med omgjevnader, parkeringsplassar, gjerder, interne gangvegar, møblering av opphaldsareal, renovasjonsanlegg og vegetasjon som skal bevarast. For bygningar i planområdet skal det ved byggesøknad leverast plan for alle etasjar, fasadeteikning der nabobygg skal takast med for å vise heilskapen, snitt gjennom nye bygg og tilhøyrande areal, fotomontasje/perspektivteikningar. Ved endring av fasade skal ny fasade visast med fasadeoppriss. Planteikningar skal vere høgdesett og inngangspartiet skal teiknast i detalj. Det skal visast høgdesett snitt av tomta vinkelrett på inngangsparti. Ved byggesøknad skal det dokumenterast at byggeprosjektet ligg innanfor støygrenser gitt i den til ein kvar tid gjeldande retningsline for støy. 3.2. Plassering og definisjonar Bygningar skal plasserast innanfor dei regulerte byggegrenser. Der byggegrensa ikkje er vist, gjeld reglane i Plan- og bygningslova. Tilltatt bebygd areal (BYA) vert definert etter den til kvar tid gjeldande byggeteknisk forskrift. %-BYA angir tillatt bebygd areal i prosent av tomta sitt nettoareal. Parkering på bakkenivå vert rekna med i utnyttinga. Gesims- og kotehøgde vert rekna i samsvar med den til kvar tid gjeldande byggeteknisk forskrift, ut frå gjennomsnittleg planert terrengnivå. 3.3. Bygnings form, plassering, materialbruk og farge Kommunen skal ved handsaming av byggesøknader sjå til at bygningar får ei god form og materialbehandling, og at det vert lagt vekt på å finne ei så god løysing som mogleg i høve til terrengtilpassing, utsikt for naboar samt opparbeiding av gode uteopphaldsareal. Ved byggesøknad skal ein sjå til at bygningar innanfor same området får ei einsarta og harmonisk utforming med omsyn til materiale, takvinkel/takform og farge. Skjemmande fargar er ikkje tillate, og FUP kan i spesielle tilfelle stille krav til fargeval. Garasjar og carportar skal vere inkludert i byggesøknad saman med bustadane, sjølv om desse blir oppført seinare. Garasjar og carportar skal tilpassast hovudhuset med omsyn til materialval, form og farge. 3.4. Universell utforming Planlegging og utbygging skal basere seg på prinsippet om universell utforming/tilgjenge for alle.
Nordplan side 4 av 7 Byggeområde, trafikkområde og offentlege uterom skal utformast med tilfredsstillande tilkomst. Offentlege uterom og gangvegar skal utformast slik at personar med nedsett funksjonsevne lett kjem seg fram. Universell utforming skal dokumenterast i byggesøknad.
Nordplan side 5 av 7 3.5. Estetisk kvalitet Bygg, anlegg og uteområde skal tilfredsstille rimelege omsyn til estetisk godt uttrykk både i seg sjølv og i forhold til omgjevnadene. Tiltak skal ha ei god estetisk utforming i samsvar med funksjon og med respekt for naturgitte og bygde omgjevnader. Skjemmande fargar skal ikkje tillatast og kan verte kravd endra. Byggverk og offentlege uterom skal ha arkitektonisk kvalitet. I dette ligg det at det skal vere kvalitet både teknisk, funksjonelt og visuelt. Med byggverk vert det i tillegg til bygg og meint tekniske anlegg som t.d. vegar, gangvegar.for utomhusanlegg skal det leggast vekt på miljømessige kvalitetar ved utforming, val av materialar, vegetasjon og lyssetting. 3.6. Utnyttingsgrad Maksimal utnyttingsgrad er fastsett som %- BYA, etter reglane i TEK. Eit vilkår for å utnytte tomta med maksimal %-BYA, er at krav til byggehøgde, byggegrense og dokumentert parkeringsdekning er innfridd. 3.7. Krav til anleggsfasen Plan for sikring av omgjevnaden mot støy og andre ulempe i bygge- og anleggsfasen skal følgje søknad om igangsetting. Planen skal gjere greie for trafikkavvikling, massetransport, driftstid, trafikktryggleik for gåande og syklande, reinhald, støvdemping og støyforhold. Nødvendige sikringstiltak skal vere etablert før bygge- og anleggsarbeid kan settast i gong. 4. REKKEFØLGJEKRAV 4.1. Støyreduserande tiltak Det skal utførast støyskjermingstiltak i samsvar med støyvurderingar utarbeidd av Sweco, datert 20.01.2015. Nødvendige støydempingstiltak skal vere gjennomført før bruksløye til bustader kan bli gitt. 5. BYGNINGAR OG ANLEGG 5.1. Bustader frittliggande småhus, BFS Byggjeområda BFS er mindre stripeareal regulert til frittliggande småhus. Areala må sjåast i samanheng med tilstøytande planar for utbygging. Tomta BFS2 kan byggast ut med ei bueining. Gesimshøgda skal ikkje overstige 6,0 m for bygningar med vanlig saltak, og mønehøgd skal ikkje overstige 9,0 m. Graden av utnytting skal ikkje overstige %-BYA=35%. Det er krav om 2 p-plassar derav ein overdekt.
Nordplan side 6 av 7 5.2. Bustader- konsentrert-småhus, BKS Innanfor byggeområda BKS skal det byggast konsentrert, som einebustader i kjede, frittliggande tomannsbustader eller i kjede, fleirmannsbustader, rekkehus o.l. Før utbygging må det areala inngå i ein samla detaljreguleringsplan for tilstøytande byggeområder. 5.3. Offentleg tenesteyting, BAT Området skal nyttast til offentleg tenesteyting i form av omsorgsbustader, dagesenter og bukollektiv e.l. Grad av utnytting er angitt i %-BYA, og settast til maks BYA= 40 %. Byggehøgda skal ikkje overstige 12 meter (3 etasjar). Mindre oppbygg for ventilasjon og heis er tillatt. Situasjonsplan utarbeidd av Nordplan, datert 24.02.2015 skal leggast til grunn for utarbeiding av utomhusområdet knytt til bukollektiv for demente. Ved utbygging av restarealet i sør-aust skal ein så langt råd ivareta naturleg terrengformasjon/berg som eit skilje mellom dei ulike bygga. Jf. planomtale pkt. 6.2.1. Krav til parkering; 0.8 plassar pr. seng, jf. norm i SINTEF byggforsk. Av dette skal 5 % vere HC-plassar. 5.4. Energiforsyning, BE Arealet omfatar eksisterande elstasjon. 5.5. Telestasjon, BTK Arealet omfattar eksisterande telestasjon. 6. SAMFERDELSANLEGG OG TEKNISK INFRASTRUKTUR 6.1. Køyreveg o_skv1 1-3 Køyreveg o-skv1 er avsett til offentleg køyreveg inkludert fortau og i samsvar med dagens etablert veg. Standard for vegen er påført plankartet. Køyreveg o_skv2 skal opparbeidast i samsvar med standard påført plankartet. Køyreveg o_skv3 er regulert i samsvar med dagens opparbeidde tilkomstveg. 6.2. Køyreveg felles, f_skv Vegen skal vere felles køyreveg for eigedomane 109/119 og 109/44. 6.3. Parkering, offentleg, SPA Parkeringsplassane innanfor området skal nyttast til offentleg parkering.
Nordplan side 7 av 7 7. GRØNTSTRUKTUR 7.1. Turveg, GT Langs Vassetelva kan det opparbeidast ein sti med fast eller grusa dekke, og elles enkel tilrettelegging med benkar/sitteplassar. Eksisterande snarveg i Elvadalen (nordsør) er regulert som offentleg turvegen i 5 meters bredde. Vegen kan ved behov opparbeidast med grusa/fast dekke. 8. OMSYNSSONE 8.1. Frisiktsone, H140 Sona er merka H140 i plankartet. I området mellom frisiktline og køyreveg (frisiktsona) skal det vere fri sikt i ei høgd på 0,5 meter over nivået til dei tilstøytande vegane. Vegetasjon kan ryddast, tre hoggast og fjell sprengast for å halde frisiktsona oversiktleg. Høgstamma tre, trafikkskilt og lysmaster kan plasserast i frisiktsona, dersom dei ikkje hindrar fri sikt. 8.2. Faresone flaum, H320 Faresone for flaum langs Vassetelva er merka H320 i plankartet. Byggegrense for nye bustader til topp elvekant er 20 meter, med mindre ein gjennomfører hydrologiske undersøkingar og avklarar eventuelle behov for sikringstiltak. 8.3. Sikringssone turbinleidning, H190 Sona er merka H190 på plankartet omfattar eksisterande turbinleidning med byggegrense. Det kan ikkje byggast nærare enn 4 meter frå senter av turbinleidninga.