FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak:13/1283-2 Løpenummer: 13/7187 Utval: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 25.11.2013 Tid: 16:00 18:40 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene og varamedlemene i brev av 13.11.2013. Møtet vart kunngjort i ei avis, på heimesida. Desse medlemene møtte: Ingebjørg Naa Hjelle Roald Samnøy Geir Inge Eide frå kl 16.20. Steinar Berland Turid Ekeberg Haldor Tuft kom kl 17.00 etter at sak nr 26/17 var handsama. Det var ikkje kalla inn vara for han. Hanne Solvang Forfall og møtande varamedlemar: Ingebjørg Naa Helle hadde meldt forfall, men ho kunne møta likevel. For henne møtte Harald Hjartåker opp som vararepresentant. Han tok plass i møtet for Geir Inge Eide inntil han kl 16.20. Andre som var tilstade på møtet: Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Roald Samnøy leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 25.11.2013 Roald Samnøy Leiar Gunn Sissel Teigen Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 026/13 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 24.09.2013 027/13 HANDLINGSPLAN FUSA KOMMUNE. ØKONOMIPLAN 2014-2017, ÅRSBUDSJETT 2014 MED AVGIFTSBUDSJETT. 028/13 KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT, FRILUFTSLIV OG FYSISK AKTIVITET 2014-2021 029/13 PRIVAT REGULERINGSPLAN FOR FRITIDSANLEGG / HOTELL, GBNR. 40/3, M.FL., NEDRE SKJØRSAND. SLUTTHANDSAMING. 030/13 EVALUERING - ELDREDAGEN 2013 - OPPSTART PLANLEGGING 2014 031/13 SKRIV OG MELDINGER 25.09.13 - SENIOR- OG FUNKSJONSRÅDET
026/13: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 24.09.2013 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møtebok etter møtet 24.09.2013 vert godkjend. Møteprotokollen frå møtet 24.09.13 vart samrøystes godkjend. RAAD-026/13 VEDTAK: Møteprotokollen frå møtet 24.09.13 vart samrøystes godkjend.. 027/13: HANDLINGSPLAN FUSA KOMMUNE. ØKONOMIPLAN 2014-2017, ÅRSBUDSJETT 2014 MED AVGIFTSBUDSJETT. Saka vert lagt fram for handsaming slik det framgår i saksutgreiinga. Turid Ekeberg fremja følgjande framlegg til vedtak: STILLINGA FOR FOLKEHELSEKOORDINATOR MÅ IKKJE STRYKAST I budsjettnotatet 2014 frå rådmannen, går det fram at folkehelsekoordinatorstillinga skal kuttast og erstattast av eit kollektiv ansvar i heile organisasjonen. Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne stiller seg tvilande til slik organisering då eit fellesansvar lett kan bli pulverisert. I budsjettnotatet s. 37 om «Helse, familie og velferd», heiter det i utviklingsmål nr 3: Vi skal ha førebygging og rehabilitering som perspektiv i tenesteytinga. Om lag den same formuleringa finn me som utviklingsmål nr. 3 under «Heimetenester». Førebygging på lang sikt er det viktige i saka. Me stiller oss undrande til at førebygging og rehabilitering er utviklingsmål i kommunen når stilinga til den som skal koordinera og vera pådrivar i viktige oppgåver, kanskje fell vekk. Det vil i særleg grad gå ut over eldre og funksjonshemma sidan folkehelsekoordinatoren sine oppgåver mykje er retta mot desse gruppene.
Det er og verdt å merkja seg at folkehelsekoordinatoren medverkar til å søkja om eksterne midlar til folkehelsearbeidet. Rådet oppmodar politikarane om å løyva midlar til folkehelsekoordinator for 2014 og åra framover. FOKUS PÅ DEN PSYKISKE HELSE. I rapport om «Folkehelse og levekår i Fusa 2012 2016» er det i pkt 6.2 s. 39 peika på at fleire grupper, deriblant eldre, har spesiell utfordring med den psykiske helsa. Rapporten er utarbeidd av dåverande kommuneoverlege og dåverande folkehelsekoordinator. På s. 11 og 12 vert det m.a. peika på at psykiske lidingar er den største årsaka til sjukemelding i Fusa og at einsemd og isolasjon er eit problem for mange. Statlege føringar ber kommunane leggja meir vekt på den psykiske helsa for utsette grupper. I den samanheng yter staten tilskot over 3 år til fast psykologstilling, 1. året 500 000 kr., 2. året 400000 og 3. året 300 000. Kommunen må søkja på desse midlane som vil få stor betydning for dei som slit psykisk. Og ikkje minst vil stillinga gje ei god støtte og rettleiing til dei som arbeider i helse- og omsorgstenestene. Viser til budsjettnotatet frå rådmannen for 2013 s. 57 der oppgåver og organisering for kommunepsykolog er utgreidd nærare. Rådet ber om at rådmannen legg fram sak til budsjettmøtet slik at politikarane får høve til å setja seg inn i utfordringane og, forhåpentlegvis, gjera eit positivt vedtak. Framlegga frå Turid Ekeberg vart samrøystes vedteke. RAAD-027/13 VEDTAK: Følgjande felles uttale frå senior- og funksjonsrådet vart samrøytes vedteke 25.11.13: STILLINGA FOR FOLKEHELSEKOORDINATOR MÅ IKKJE STRYKAST I budsjettnotatet 2014 frå rådmannen, går det fram at folkehelsekoordinatorstillinga skal kuttast og erstattast av eit kollektiv ansvar i heile organisasjonen. Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne stiller seg tvilande til slik organisering då eit fellesansvar lett kan bli pulverisert. I budsjettnotatet s. 37 om «Helse, familie og velferd», heiter det i utviklingsmål nr 3: Vi skal ha førebygging og rehabilitering som perspektiv i tenesteytinga. Om lag den same formuleringa finn me som utviklingsmål nr. 3 under «Heimetenester». Førebygging på lang sikt er det viktige i saka. Me stiller oss undrande til at førebygging og rehabilitering er utviklingsmål i kommunen når stilinga til den som skal koordinera og vera pådrivar i viktige oppgåver, kanskje fell vekk. Det vil i særleg grad gå ut over eldre og funksjonshemma sidan folkehelsekoordinatoren sine oppgåver mykje er retta mot desse gruppene. Det er og verdt å merkja seg at folkehelsekoordinatoren medverkar til å søkja om eksterne midlar til folkehelsearbeidet. Rådet oppmodar politikarane om å løyva midlar til folkehelsekoordinator for 2014 og åra framover.
FOKUS PÅ DEN PSYKISKE HELSE. I rapport om «Folkehelse og levekår i Fusa 2012 2016» er det i pkt 6.2 s. 39 peika på at fleire grupper, deriblant eldre, har spesiell utfordring med den psykiske helsa. Rapporten er utarbeidd av dåverande kommuneoverlege og dåverande folkehelsekoordinator. På s. 11 og 12 vert det m.a. peika på at psykiske lidingar er den største årsaka til sjukemelding i Fusa og at einsemd og isolasjon er eit problem for mange. Statlege føringar ber kommunane leggja meir vekt på den psykiske helsa for utsette grupper. I den samanheng yter staten tilskot over 3 år til fast psykologstilling, 1. året 500 000 kr., 2. året 400000 og 3. året 300 000. Kommunen må søkja på desse midlane som vil få stor betydning for dei som slit psykisk. Og ikkje minst vil stillinga gje ei god støtte og rettleiing til dei som arbeider i helse- og omsorgstenestene. Viser til budsjettnotatet frå rådmannen for 2013 s. 57 der oppgåver og organisering for kommunepsykolog er utgreidd nærare. Rådet ber om at rådmannen legg fram sak til budsjettmøtet slik at politikarane får høve til å setja seg inn i utfordringane og, forhåpentlegvis, gjera eit positivt vedtak.. 028/13: KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT, FRILUFTSLIV OG FYSISK AKTIVITET 2014-2021 1. I medhald av PBL 11-14 vedtek Utval for plan og miljø å leggja Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014-2021 ut til høyring og offentleg ettersyn. 2. Høyringsfristen vert sett til 1.2.2014. RAAD-028/13 VEDTAK:.
029/13: PRIVAT REGULERINGSPLAN FOR FRITIDSANLEGG / HOTELL, GBNR. 40/3, M.FL., NEDRE SKJØRSAND. SLUTTHANDSAMING. Privat reguleringsplan for fritidsanlegg/ hotell, gbnr. 40/3, m.fl, Skjørsand, med plankart sist revidert 29.05.2012 med tilhøyrande planskildring, samt reguleringsføresegner sist revidert 05.11.2013, vert godkjent. Vedtak er gjort med heimel i 12-12 i plan- og bygningslova. RAAD-029/13 VEDTAK: 030/13: EVALUERING - ELDREDAGEN 2013 - OPPSTART PLANLEGGING 2014 Saka vert lagt fram til handsaming. Det vart gjort følgjande samrøystes vedtak: Markeringa av eldredagen vart svært vellykka. Set av 01.10.14 til eit nytt arrangement/markering. RAAD-030/13 VEDTAK: Markeringa av eldredagen vart svært vellykka. Set av 01.10.14 til eit nytt arrangement/markering
031/13: SKRIV OG MELDINGER 25.09.13 - SENIOR- OG FUNKSJONSRÅDET Skriv og meldingar vert teke til orientering. Informasjon om eldrerådskonferansen var sendt ut. Lenkje til foredraga på heimesida til fylkeskommunen: http://www.hordaland.no/hordaland-fylkeskommune/politikk/politiskeorgan/fylkeseldreradet/eldreradskonferansen-2013/ Gunn Sissel Teigen orienterte kort med utgangspunkt i foredraga. Tema frå eldrerådskonferansen kan vera aktuelle å setja på dagsorden i seinare møte. Samrøystes vedtak: Skriv og meldingar vert teke til orientering. Sak om kulturell spaserstokk planlegging og tilbakemelding om bruk - vert tema i seinare møte. Jf. vedtak i sak 14/13 i senior- og funksjonsrådet. Tema frå eldrerådskonferansen kan vera aktuelle å setja på dagsorden i seinare møte. RAAD-031/13 VEDTAK: Skriv og meldingar vert teke til orientering. Sak om kulturell spaserstokk planlegging og tilbakemelding om bruk - vert tema i seinare møte. Jf. vedtak i sak 14/13 i senior- og funksjonsrådet. Tema frå eldrerådskonferansen kan vera aktuelle å setja på dagsorden i seinare møte.