Sak 8 Endringar i mønsterlovene for lokallag og fylkeslag

Like dokumenter
Råkåfiskfesten 2014 festtaler Kjell Bitustøyl

Landsmøte 23. og 24. april sakspapir

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

Sak 1 Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

LOV OG FØRESEGNER. for. Bondeungdomslaget i Kristiansand. Vedteke på omframt årsmøte 18.oktober Oppdatert etter årsmøtet 8. februar 2012.

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Sakspapira blir etter dette sendt direkte til dei påmeldte utsendingane etter påmeldingsfristen er ute, 14. mars.

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

Vedtekter for Revisjon

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

B I L E T K U N S T N A R A N E I M Ø R E OG R O M S D A L org.nr

Kap 1 Innleiande fastsettingar

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Landsmøte 2016 Sak 9.4 forslag til vedtektsendring som følge av navne-endring

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

VEDTEKTER FOR. SANDE NORD STORVALD (ajourført )

Vedtekter for Vestland SV

5 Overdragelse av andeler Det er ikkje høve til å overdra andeler til andre utan at styret for andellaget samtykkjer. Adresse: Styret 2009:

Framlegg til lovbrigde LST: Framlegg frå landsstyret SST: Framlegg frå sentralstyret VST: Framlegg frå Vebjørn Sture Innstilling på lov- og tuftbrigde

Vedtekter for Sognefrukt SA

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

NVBF REGION SOGN OG FJORDANE 38. ORDINÆRE TING 2014 TINGSAKER. STED: Idrettens hus Concordbygget. TID: Onsdag 22. april 2014 kl.

VEDTEKTER for Lusetermorkje beitelag

Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA.

VEDTEKTER FOR TELEMARK KULTURNETTVERK

Vedtekter Sagvåg skulekorps.

VEDTEKTER. Luster Arbeidarparti Luster Arbeidarparti

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

Vedtekter for. Landbrukstenester Folgefonna

VEDTEKTER FOR. Beitelaget Hømrobekken Tøsobekken

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

VEDTEKTER FOR VIKEDAL BYGDAHUS SA, VINDAFJORD KOMMUNE

Hordaland Venstre har som føremål å arbeide aktivt for Venstre si sak i fylket, i samsvar med hovudvedtektene og programmet til Venstre.

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

Protokoll Årsmøte 2017 Møre og Romsdal folkemusikklag

Vedtekter Norske Landbrukstenester Hordaland SA

VEDTEKTER FOR LYE SKULEKORPS

Årsmøte. Ørsta idrettslag Kl i klubbhuset

VEDTEKTER FOR RYSSHOLMEN BÅTEIGARLAG

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Årsmøte. Ørsta idrettslag Kl på klubbhuset

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

Lover for Arne Musikforening

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

FOR VEDTEKTER. Vik SPAREBANK. Kap. 1. Føretaksnamn. Forretningskontor. Formål Formål. 1-1 Namn. Kontorkommune.

VEDTEKT av februar 2007

VEDTEKTER FOR SKJØRSAND OG FUSA VASSVERK SA

VEDTEKTER for Aurland Sparebank

Lover for 4H Norge. Vedtatt på landsmøtet juli 2016

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

LOVER FOR LEIKARRINGEN I BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO

Selskapsavtale for Sogn og Fjordane Revisjon IKS Gjeldande frå

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Selskapsavtale for Setesdal Revisjonsdistrikt IKS Versjon

Sparebankens eigardelskapital er på kr fordelt på eigenkapitalbevis pålydande kr 104 fullt innbetalt.

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Nye Vedtekter. Ogna Elveeigarlag

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

ÅRSMØTE RauaLøo Søndag 22. mars 2015, kl Bjarne Øymyr

Vedtekter for Landbrukstjenester Sør SA

Vedtekter for Sognefrukt BA

Protokoll frå årsmøtet i Noregs Ungdomslag i Trondheim onsdag 5. og torsdag 6. juli 2006.

Velkommen til årsmøte for KORSSUND DYKKEKLUBB. Dale, 09. februar 2013

3 Det målpolitiske grunnlaget tufta vert slege fast gjennom særskilt vedtak på landsmøtet.

Norsk Sau og Geit. Lover for lands-, fylkes- og lokallag

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Norsk Sau og Geit. Lover for lands-, fylkes- og lokallag

Vedtekter for Fusa Kraftlag

SELSKAPSAVTALE FOR SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK IKS (SIM)

Unios vedtekter. vedtatt av representantskapet 7. desember Nynorsk utgåve

Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon

Unios vedtekter. nynorsk utgåve

VEDTEKTER FOR FINNÅS KRAFTLAG SA

Vedtekter. for Bygstad Brass. Skipa 1960

for NORDTVEIT VASSVERK SA

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

Norsk Sau og Geit. Lover for lands-, fylkes- og lokallag

Hordaland Venstre har som føremål å arbeide aktivt for Venstre si sak i fylket, i samsvar med hovudvedtektene og programmet til Venstre.

Sak L09-15: Vedtektsendringer

VEDTEKTER FOR Vekselbanken. Voss Veksel- og Landmandsbank ASA

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Vedtekter for Solevåg skulekorps

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

I forkortinga skal S, T og V vere store bokstavar, I skal vere liten.

Framlegg til vedtekter for Vestland SV

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

ÅRSMØTE I OSTERØY IDROTTSLAG Protokoll frå årsmøte

NYNORSK. Vedtekter FOR NORGES BYGDEKVINNELAG

Reglement for administrasjonsutvalet. Vedteke av kommunestyret , sak K-13/110

Transkript:

Sak 8 Endringar i mønsterlovene for lokallag og fylkeslag Vedlegg: Gjeldande mønsterlover for lokallag Gjeldande mønsterlover for fylkeslag Landsmøtet i NU har tidlegare vedteke mønsterlover for lokallag og fylkeslag. Desse kan ha to ulike funksjonar. På den eine sida er det ein mal for korleis lag kan utforme lova si, ved nystarting av lag eller ved revisjon av gjeldande lov. På den andre sida kan lokallaga vise til desse mønsterlovene ved registrering av laget i offentlege register, i dei tilfella laget ikkje kjenner til at laget har lover. Det sistnemnde er av og til tilfelle når lovene har blitt utforma og vedteke for lang tid tilbake. I samband med styret sine forslag i forrige sak, til endringar i lova, vil ei naturleg følgje vere at endringane også blir innarbeidd i mønsterlovene. Fullstendige mønsterlover ligg som vedlegg. Sak 8.1 Endring av mønsterlovene for lokallag På bakgrunn av dei foreslåtte endringane i lova til NU, foreslår styret følgjande endringar i mønsterlovene for lokallag: Dagens 7 Trygging av eiga Forslag til ny 7 1. Ungdomshus, anna fast lagseige og luter i fast 1. Avhending av ungdomshuset, anna fast eigedom kan ikkje avhendast utan samtykke frå lagseige og luter i fast eigedom skal ha styret i Noregs Ungdomslag. samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag. 2. Det skal ikkje gjerast bruksendringar og 2. Blir laget lagt ned, skal styret i Noregs ombygging av ungdomshus og anna fast lagseige Ungdomslag sørgje for at eventuell formue blir som fører til at den kulturhistoriske verdien blir nytta til å slette gjeld. Eventuell restformue øydelagd. Det offentlege regelverket innafor etter dette skal bli nytta til beste for ungdomskulturvern skal følgjast. og kulturarbeid på staden. 3. Blir laget lagt ned, skal Noregs Ungdomslag ta Om styret ikkje gjennomfører oppløysing av vare på eiga til laget i minst 7 år. Om laget er laget innan 6 månader etter nedlegging, skal eigar av fast eigedom, skal det samarbeidast Noregs Ungdomslag gjennomføre oppløysinga. aktivt med lokale kulturstyresmakter for at Medlemmene i laget har ikkje krav på medel eigedomen skal bli nytta til beste for ungdoms- eller delar av desse. og kulturarbeid på staden. Dersom andre i ein 3. [Blir fjerna] periode overtek drifta av ein eigedom, skal det 4. [Blir fjerna] takast verditakst på eigedommen ved 5. [Blir fjerna] overtakinga. 6. [Blir fjerna] 4. Dersom det, innan 7 år etter det siste årsmøtet i laget, vert skipa eit nytt lag på staden som fyller krava til medlemskap i Noregs Ungdomslag, skal eiga overførast til det nye laget. Det nye laget må dekkje eventuell verdiauke på grunn av påkostnader og utbygging i den perioden andre har drive eigedommen etter takst.

5. Utgiftene til styring av eiga skal dekkjast av eiga. Fylkeslag eller landslag er såleis ikkje økonomisk ansvarleg for styringa. Dersom ungdomshus og anna fast lagseige fører med seg utgifter som ikkje kan eller bør dekkjast av eiga, kan styret i Noregs Ungdomslag godkjenne avhending av slik eige, sjølv om ivaretakingstida på 7 år ikkje er ute. 6. Dersom det ikkje er skipa nytt lag på staden innan tryggingsperioden er ute, skal Noregs Ungdomslag samarbeide aktivt med lokale kulturstyresmakter for at eiga skal bli nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden. Dagens 8 Lagsbruksavgift Forslag til ny 8 Dersom laget eig, driv eller har partar eller luter i [Paragrafen blir fjerna] forretningstiltak som ikkje kjem inn under lagsrekneskapen, betalar laget kvart år eit tilskot, lagsbruksavgift, til Noregs Ungdomslag. Avgifta er 1 promille av omsetnaden. Forslag til vedtak: 7 i mønsterlovene for lokallag blir endra til: 1. Avhending av ungdomshuset, anna fast lagseige og luter i fast eigedom skal ha samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag. 2. Blir laget lagt ned, skal styret i Noregs Ungdomslag sørgje for at eventuell formue blir nytta til å slette gjeld. Eventuell restformue etter dette skal bli nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden. Om styret ikkje gjennomfører oppløysing av laget innan 6 månader etter nedlegging, skal Noregs Ungdomslag gjennomføre oppløysinga. Medlemmene i laget har ikkje krav på medel eller delar av desse. 8 i mønsterlovene for lokallag blir fjerna. Dagens 9-10 i mønsterlovene for lokallag blir endra til ny 8-9

Sak 8.2 Endring av mønsterlovene for fylkeslag På bakgrunn av dei foreslåtte endringane i lova til NU, foreslår styret følgjande endringar i mønsterlovene for fylkeslag: Dagens 7 Trygging av eiga Forslag til ny 7 1. Ungdomshus, anna fast lagseige og luter i fast 1. Avhending av ungdomshus, anna fast eigedom kan ikkje avhendast utan samtykke frå lagseige og luter i fast eigedom skal ha styret i Noregs Ungdomslag. samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag. 2. Det skal ikkje gjerast bruksendringar og 2. Blir fylkeslaget lagt ned, skal styret i ombygging av ungdomshus og anna fast lagseige Noregs Ungdomslag sørgje for at eventuell som fører til at den kulturhistoriske verdien blir formue blir nytta til å slette gjeld. Eventuell øydelagd. Det offentlege regelverket innafor restformue etter dette skal blir nytta til kulturvern skal følgjast. beste for lokallaga som er tilknytt 3. Blir fylkeslaget lagt ned, skal Noregs Ungdomslag fylkeslaget. ta vare på eiga til laget i ein tryggingsperiode på 7 Om styret ikkje gjennomfører oppløysing år. av laget innan 6 månader etter nedlegging, 4. Dersom det i løpet av tryggingsperioden vert skal Noregs Ungdomslag gjennomføre skipa eit nytt fylkeslag i regionen, som fyller krava oppløysinga. til medlemskap i Noregs Ungdomslag, skal eiga Enkeltmedlemmer i fylkeslaget eller overførast det nye fylkeslaget. Det nye laget må lokallaga har ikkje krav på medel eller delar dekkje eventuell verdiauke på grunn av av desse. påkostnader og utbygging i den perioden andre 3. [Blir fjerna] har drive eigedommen etter takst. 4. [Blir fjerna] 5. Dersom det ikkje er skipa eit nytt fylkeslag innan 5. [Blir fjerna] tryggingsperioden er ute, skal Noregs 6. [Blir fjerna] Ungdomslag sørge for at eiga vert nytta til det beste for ungdomslaga som var tilknytt fylkeslaget når laget vart lagt ned. 6. Utgiftene til styring av eiga skal dekkjast av eiga. Dagens 8 Lagsbruksavgift Forslag til ny 8 Dersom fylkeslaget eig, driv eller har partar eller luter [Paragrafen blir fjerna] i forretningstiltak som ikkje kjem inn under lagsrekneskapen, skal ein kvart år betale lagsbruksavgift til Noregs Ungdomslag. Avgifta vert fastsett i lova til Noregs Ungdomslag.

Forslag til vedtak: 7 i mønsterlovene for fylkeslag blir endra til: 1. Avhending av ungdomshus, anna fast lagseige og luter i fast eigedom skal ha samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag. 2. Blir fylkeslaget lagt ned, skal styret i Noregs Ungdomslag sørgje for at eventuell formue blir nytta til å slette gjeld. Eventuell restformue etter dette skal blir nytta til beste for lokallaga som er tilknytt fylkeslaget. Om styret ikkje gjennomfører oppløysing av laget innan 6 månader etter nedlegging, skal Noregs Ungdomslag gjennomføre oppløysinga. Enkeltmedlemmer i fylkeslaget eller lokallaga har ikkje krav på medel eller delar av desse. 8 i mønsterlovene for fylkeslag blir fjerna. Dagens 9-10 i mønsterlovene for fylkeslag blir endra til ny 8-9

Vedlegg: Mønsterlov for lokallag i Noregs Ungdomslag -Vedteke på landsmøtet 2010, med endringar på landsmøtet i 2012 Lov for <namn på ungdomslaget> Vedteken på årsmøtet <dato> 1 Føremål 1. <namn på ungdomslaget> er eit frilyndt lag som ønskjer å skape engasjement og levande lokalmiljø. 2. Laget er medlem i <namn på fylkeslaget> og godkjenner lovene og føresegnene til Noregs Ungdomslag. Arbeidet skal drivast i samsvar med føremålet og prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag. 3. Laget skal legge vekt på samarbeid med andre ungdomslag, fylkeslaget og Noregs Ungdomslag for å styrkje felles kulturelle og økonomiske føremål. 2 Medlemskap og årskontingent 1. Alle som godkjenner føremålet til <namn på ungdomslaget> kan bli medlemmer i laget og i Noregs Ungdomslag. 2. Medlemmer melder seg inn i laget ved å betale ein årskontingent etter satsar fastsett av årsmøtet i laget, fylkeslaget og landsmøtet i Noregs Ungdomslag. 3. Alle medlemmer over 14 år som har betalt årskontingent, og som har vore medlemmer i laget i minst ein månad, har røysterett i laget. 4. Styret i laget har ansvar for medlemsverving. 3 Årsrapportering 1. Arbeidet i laget bør fylgje kalenderåret. 2. Laget leverer årsrapport med kontrollerte medlemslister til Noregs Ungdomslag kvart år innan 1. mars. 3. Laget melder inn nyvalde tillitsfolk til Noregs Ungdomslag kvart år så snart årsmøtet i lokallaget er halde. 4 Årsmøtet 1. Innkalling Styret i laget kallar inn til årsmøte kvart år. Årsmøtet skal vere halde innan 15. februar og må vere kunngjort på vanleg måte minst 14 dagar i framkant. Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, lovleg innkalla medlemsmøte, styret i laget eller 1/3 av medlemmene krev det. 2. Saker Årsmøtet skal handsame årsmelding, revidert rekneskap, arbeidsprogram, budsjett, kontingent og andre saker som styret legg fram for det. Medlemmer og nemnder kan kome med framlegg om saker til årsmøtet. Sakene med grunngjeving må vere melde skriftleg til styret i laget seinast 1 månad før årsmøtet. Årsmøtet kan ikkje gjere vedtak i saker som ikkje er oppsett på lovleg utsendt innkalling. 3. Gjennomføring a. Årsmøtet konstituerer seg med godkjenning av innkalling og sakliste, val av ordstyrar, referent og 2 medlemmer til å skrive under møteboka. b. Årsmøtet vel leiar, 4 styremedlemmer og 3 varamedlemmer, revisor, valnemnd på 3 medlemmer og arbeidsnemnder og tillitsfolk som til ei kvar tid er nødvendige. Leiaren blir vald særskilt for eit år om gongen. Styremedlemmene blir valde for 2 år om gongen, slik at 2 står på val kvart år. Første gongen det blir halde styreval etter denne regelen, eller når det er tvilsmål om kven som står på val, blir det avgjort ved loddtrekning kven som skal vere i styret 2 år framover. Varamedlemmene, revisor og valnemnd blir valde for eit år om gongen. Nemndsmedlemmer blir valde for 2 år og slik at ikkje alle står på val samstundes. c. Utsendingar til årsmøtet i fylkeslaget og landsmøtet i Noregs Ungdomslag skal veljast på årsmøtet i laget eller på eit medlemsmøte. Årsmøtet i laget kan gje styret fullmakt til å velja utsendingar. d. For drøftingane, val og avrøystingar gjeld dei same reglane som for landsmøtet i Noregs Ungdomslag. 5 Styret 1. Styret vel seg i mellom nestleiar, sekretær og kasserar. <Legg til eventuelle andre verv etter som det er aktuelt for laget>. 2. Styret har ansvar for lagseiga og den daglege drifta av laget. Styret har overordna ansvar for arbeidet i nemnder og særgreiner. 3. Styret skal sørgje for at årsmøtet får framlagt årsmelding og revidert rekneskap. Dessutan skal det legge fram arbeidsprogram og budsjett for det nye arbeidsåret. 4. Styret rår over lagseiga og skal drive laget på ein økonomisk forsvarleg måte i samsvar med arbeidsprogram og budsjett. 5. Løyvingar/vedtak om investeringar over kr 50.000 og opptak av lån med pant i laget sin eigedom, skal godkjennast av årsmøtet med minst 2/3 fleirtal. 6. Styret er vedtaksført når minst havparten av medlemmene er til stades og røystar. 7. Styret skal føre vedtaksprotokoll for styremøte, medlemsmøte og årsmøte. Protokollen frå årsmøtet skal underskrivast av dei to som blir valde av årsmøtet til dette.

6 Utmeldingar, skifte av føremål og nedleggingar. 1. Dersom laget ynskjer å melde seg ut av Noregs Ungdomslag, må dette vedtakast på 2 vanlege påfølgjande årsmøte, med minst eitt års mellomrom og med minst 2/3 fleirtal. Dersom eit mindretal på minst 5 medlemmer over 14 år vil halde fram med det gamle lagsnamnet og etter det gamle føremålet, tek dette mindretalet over namnet og eiga til laget. Det kan gjerast unntak for eige laget hadde ved innmelding. Slike unntak må gå fram av lover godkjende av Noregs Ungdomslag. 2. <For lag tilknytta eit fylkeslag:> Dersom det har gått 1 år ut over den fastsette årsmøteperioden, utan at styret har kalla inn til årsmøte i laget, skal fylkeslaget sørgje for at det blir innkalla til årsmøte. <For direkte innmeldte lag:> Dersom det har gått 1 år ut over den fastsette årsmøteperioden, utan at styret har kalla inn til årsmøte i laget, skal Noregs Ungdomslag sørgje for at det blir innkalla til årsmøte. 3. Dersom laget 2 år etter kvarandre ikkje har sendt årsrapport etter 3.2, skal laget kontaktast av Noregs Ungdomslag, der nedlegging eller naudsynte tiltak for reaktivisering skal vurderast. 4. Dersom laget 3 år etter kvarandre ikkje har sendt årsrapport etter 3.2, skal laget reknast som nedlagd. Dersom laget i 3 år etter kvarandre ikkje fyller krava til lagsdefinisjonen i Noregs Ungdomslag sine lover, skal det like eins reknast som nedlagd. 7 Trygging av eiga 1. Ungdomshus, anna fast lagseige og luter i fast eigedom kan ikkje avhendast utan samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag. 2. Det skal ikkje gjerast bruksendringar og ombygging av ungdomshus og anna fast lagseige som fører til at den kulturhistoriske verdien blir øydelagd. Det offentlege regelverket innafor kulturvern skal følgjast. 3. Blir laget lagt ned, skal Noregs Ungdomslag ta vare på eiga til laget i minst 7 år. Om laget er eigar av fast eigedom, skal det samarbeidast aktivt med lokale kulturstyresmakter for at eigedomen skal bli nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden. Dersom andre i ein periode overtek drifta av ein eigedom, skal det takast verditakst på eigedommen ved overtakinga. 4. Dersom det, innan 7 år etter det siste årsmøtet i laget, vert skipa eit nytt lag på staden som fyller krava til medlemskap i Noregs Ungdomslag, skal eiga overførast til det nye laget. Det nye laget må dekkje eventuell verdiauke på grunn av påkostnader og utbygging i den perioden andre har drive eigedommen etter takst. 5. Utgiftene til styring av eiga skal dekkjast av eiga. Fylkeslag eller landslag er såleis ikkje økonomisk ansvarleg for styringa. Dersom ungdomshus og anna fast lagseige fører med seg utgifter som ikkje kan eller bør dekkjast av eiga, kan styret i Noregs Ungdomslag godkjenne avhending av slik eige, sjølv om ivaretakingstida på 7 år ikkje er ute. 6. Dersom det ikkje er skipa nytt lag på staden innan tryggingsperioden er ute, skal Noregs Ungdomslag samarbeide aktivt med lokale kulturstyresmakter for at eiga skal bli nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden 8 Lagsbruksavgift Dersom laget eig, driv eller har partar eller luter i forretningstiltak som ikkje kjem inn under lagsrekneskapen, betalar laget kvart år eit tilskot, lagsbruksavgift, til Noregs Ungdomslag. Avgifta er 1 promille av omsetnaden. 9 Ymse Lov og føresegner for Noregs Ungdomslag som omhandlar tilhøve i ungdomslaga eller organisasjonen allment, gjeld for <namn på ungdomslaget>. 10 Lovendring 1. Framlegg til lovendring skal vere kunngjort minst 14 dagar før årsmøtet. Årsmøtet kan då vedta endring med 2/3 fleirtal. 2. <For lag tilknytta eit fylkeslag:> Endringar av lovene må godkjennast av <Namn på fylkeslaget> <For direkte innmeldte lag:> Endringar av lovene må godkjennast av Noregs Ungdomslag.

Vedlegg: Mønsterlov for fylkelslag i Noregs Ungdomslag - Vedteke på landsmøtet 2011, med endringar på landsmøtet i 2012 Lov for <namn på fylkeslaget> Vedteken på årsmøtet <dato> 1 Føremål 1. <namn på fylkeslaget> skal arbeide for å styrke den frilynte ungdomsrørsla i <sitt område/fylke> i samsvar med føremålet og prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag. 2. <namn på fylkeslaget> skal vere ein fast bindelekk mellom laga og mellom laga og Noregs Ungdomslag. Særleg skal fylkeslaget ha ansvar for å fremje felles kulturelle og økonomiske føremål, skipe nye lag, ha ansvar for utdanninga av leiarar/instruktørar og kome med nye tilbod til medlemmene gjennom laga. 2 Medlemskap og årskontingent 1. <namn på fylkeslaget> er medlemslag i Noregs Ungdomslag og godkjenner lova og føresegnene til landslaget. 2. Alle lokallag i <geografisk område> som vil arbeide i samsvar med føremålet til Noregs Ungdomslag og som har lover som er godkjende av fylkeslaget kan bli medlemslag i <namn på fylkeslaget> og Noregs Ungdomslag. 3. Lokallaga betaler medlemskontingent etter satsar fastsett av årsmøtet i fylkeslaget. 3 Årsrapportering 1. Arbeidet i fylkeslaget bør følgje kalenderåret. 2. Fylkeslaget melder inn nyvalde tillitsfolk til Noregs Ungdomslag kvart år så snart årsmøtet i fylkeslaget er halde. 3. <namn på fylkeslaget> sender årsmelding og årsrekneskap til Noregs Ungdomslag kvart år innan 1. april. 4 Årsmøtet. 1. Innkalling Styret i fylkeslaget kallar inn til ordinært årsmøte. Årsmøtet skal haldast kvart år innan 31. mars. Innkalling og førebels sakliste sendast skriftleg til lokallaga minst 2 månader på førehand. Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, styret eller 1/3 av lokallaga krev det. Fristen for utsending av endeleg sakliste og sakspapir er 4 veker før årsmøtet. 2. Saker Årsmøtet skal kvart år handsame årsmelding, revidert rekneskap, arbeidsprogram, budsjett, kontingent, og andre saker som styret legg fram for det. Årsmøtet kan ikkje gjere vedtak i saker som ikkje er oppsett på lovleg utsendt innkalling. Årsmøtet vel leiar, <tal> styremedlemmer og <tal> varamedlemmer til styret. I tillegg vel årsmøtet revisorar, valnemnd på <tal> medlemmer og dei nemnder og andre tillitsvalde som til kvar tid er nødvendig. Årsmøtet kan gje styret fullmakt til å velje nemnder. Leiaren blir valt særskilt for eitt år om gongen, styremedlemmene blir valde for 2 år om gongen, slik at halvparten står på val kvart år. Varamedlemmene blir valde for eitt år om gongen. Årsmøtet vel utsendingar til landsmøtet i Noregs Ungdomslag. Årsmøtet kan gi styret fullmakt til å velje utsendingar. Lokallag og nemnder kan kome med framlegg om saker til årsmøtet. Sakene med grunngjeving må vere melde skriftleg til styret i fylkeslaget seinast 6 veker før årsmøtet. 3. Utsendingar Lokallag som har sendt årsmelding for føregåande år, og betalt årspengar for foregåande år for minst 5 medlemmer over 14 år, har rett til utsendingar. Lokallag med inntil 50 medlemmer har rett til 2 utsendingar til årsmøtet. Deretter 1 utsending i tillegg for kvar nye påbyrja 50 medlemmer. Eit lag kan ikkje ha meir enn 10 utsendingar. Utsendingane frå lokallaga skal veljast på årsmøtet i laget eller eit medlemsmøte. 4. Gjennomføring av møtet Årsmøtet konstituerer seg med godkjenning av innkalling og sakliste, val av ordstyrarar, referentar og 2 protokollunderskrivarar. Det skal førast protokoll frå årsmøtet som skal underskrivast av dei to som blir valde av årsmøtet til dette. For drøftingane, val og avrøystingar gjeld dei same reglane som for landsmøtet i Noregs Ungdomslag.

5 Styret. 1. Styret vel seg i mellom nestleiar, kasserar, sekretær og andre etter det som er aktuelt for fylkeslaget. 2. Styret har ansvaret for at arbeidet i fylkeslaget blir drive i samsvar med lov, styringsføresegner, arbeidsprogram og andre vedtak gjort av årsmøtet. Styret har ansvar for lagseiga og den daglege drifta av fylkeslaget, og det overordna ansvaret for arbeidet i nemnder og særgreiner. Styret har ansvar for at fylkeslaget utfører dei oppgåvene ein er pålagt av landsmøtet i Noregs Ungdomslag. 3. Styret skal drive fylkeslaget på ein økonomisk forsvarleg måte i samsvar med arbeidsprogram og budsjett. Løyvingar/vedtak om investeringar over kr 50.000, og opptak av lån med pant i laget sin eigedom, skal godkjennast av årsmøtet med minst 2/3 fleirtal. Det same gjeld større investeringar og låneopptak i lagsbruk som er skilde ut som sjølvstendige selskap. Styret kan gje fullmakt til leiar/og eller kasserar til disponering av konto. Alle styremedlemmene skal skrive under denne fullmakta. Langsiktige bindande avtalar skal skrivast under av alle styremedlemmene. 4. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemmene er til stades og røystar. 5. Styret skal føre protokoll for styremøte og andre møte i fylkeslaget. 6. Styret skal sørgje for å kalle inn til årsmøte i eit lokallag, dersom det har gått eitt år ut over den tida då lokallaget hadde plikt til å halde årsmøte i samsvar med si eiga lov. 6 Utmeldingar, skifte av føremål og nedlegging 1. Dersom fylkeslaget ønskjer å melde seg ut av Noregs Ungdomslag, må dette vedtakast på 2 vanlege påfølgjande årsmøte med minst eitt års mellomrom og med minst 2/3 fleirtal. Dersom eit mindretal på minst 5 medlemmer over 14 år vil halde fram med det gamle lagsnamnet og etter det gamle føremålet, tek dette mindretalet over namnet og eiga til laget. Det kan gjerast unntak for eige laget hadde ved innmelding. Slike unntak må gå fram av lover godkjende av Noregs Ungdomslag. 2. Dersom fylkeslaget 2 år etter kvarandre ikkje har levert årsmelding og rekneskap etter 3.3. skal fylkeslaget bli kontakta av Noregs Ungdomslag sentralt, der nedlegging eller naudsynte tiltak for reaktivisering blir vurdert. 3. Dersom fylkeslaget 3 år etter kvarandre ikkje har levert årsmelding og rekneskap etter 3.3. skal fylkeslaget reknast som nedlagd. 4. Dersom fylkeslaget bryt lova til Noregs Ungdomslag og ikkje vil rette seg etter lovleg påbod frå styret og landsmøtet, skal fylkeslaget seiast å ha skifta føremål, slik at det ikkje lenger kan vere medlem i Noregs Ungdomslag. 5. Saker i samband med denne paragrafen, kan ankast av det laget saka gjeld til landsmøtet i Noregs Ungdomslag. Landsmøtet tek då endeleg avgjerd. 7 Trygging av eiga. 1. Ungdomshus, anna fast lagseige og luter i fast eigedom kan ikkje avhendast utan samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag. 2. Det skal ikkje gjerast bruksendringar og ombygging av ungdomshus og anna fast lagseige som fører til at den kulturhistoriske verdien blir øydelagd. Det offentlege regelverket innafor kulturvern skal følgjast. 3. Blir fylkeslaget lagt ned, skal Noregs Ungdomslag ta vare på eiga til laget i ein tryggingsperiode på 7 år. 4. Dersom det i løpet av tryggingsperioden vert skipa eit nytt fylkeslag i regionen, som fyller krava til medlemskap i Noregs Ungdomslag, skal eiga overførast det nye fylkeslaget. Det nye laget må dekkje eventuell verdiauke på grunn av påkostnader og utbygging i den perioden andre har drive eigedommen etter takst. 5. Dersom det ikkje er skipa eit nytt fylkeslag innan tryggingsperioden er ute, skal Noregs Ungdomslag sørge for at eiga vert nytta til det beste for ungdomslaga som var tilknytt fylkeslaget når laget vart lagt ned. 6. Utgiftene til styring av eiga skal dekkjast av eiga.. 8 Lagsbruksavgift Dersom fylkeslaget eig, driv eller har partar eller luter i forretningstiltak som ikkje kjem inn under lagsrekneskapen, skal ein kvart år betale lagsbruksavgift til Noregs Ungdomslag. Avgifta vert fastsett i lova til Noregs Ungdomslag. 9 Ymse Lov og føresegner for Noregs Ungdomslag som omhandlar tilhøve i fylkeslaga eller organisasjonen generelt gjeld for <namn på fylkeslaget>. 10 Lovendring. 1. Framlegg til endringar i lova må sendast skriftleg til styret i fylkeslaget seinast 3 månader før årsmøtet. 2. Lovendringsframlegg må kunngjerast for lokallaga minst ein månad før årsmøtet. Årsmøtet må då vedta framlegget med 2/3 fleirtal. 3. Endringar i lova skal godkjennast av styret i Noregs Ungdomslag.