Høyring av søknad frå Voss Stein AS om driftskonsesjon for Grauo steinbrot i Voss kommune



Like dokumenter
Søknad frå Odd Småge AS/Romsdalsfisk AS om dispensasjon frå reguleringsplan Rindarøy fiskerihamn for utsprenging av fjellskjæring

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland

-fl- DET KONGELIGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT. Kirkeg Lillehammer

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

Fra Forskrift til Opplæringslova:

SAKSFRAMLEGG. SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Naturutvalet /14 RLØ Kommunestyret

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

Fråsegn om eksportløysing for olje og gass frå Johan Sverdrup feltet

Melding om behov for representant

Kunden og BIR. Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald

Retningslinjer for lån til barnehagar frå Husbanken

Oversikt over interkommunalt samarbeid

Eksempelsamling med kommentarar. Styringsdokumenta instruks for økonomiog verksemdsstyring og tildelingsbrev frå departement til verksemd

Økonomihåndboka. Møre og Romsdal fylkeskommune. del 2 av 2. Siste hovedoppdatering: Økonomiseksjonen

KVAM HERAD. I/PÅ (namn). (gnr/bnr)

Nynorsk i staten. Reglar og råd

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-18 Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter 3-9 i opplæringslova

Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs. Opplæringsloven 9a-3,2ledd

Ide Camp Rapport nr: Dato: 21. mars 2011 Utarbeida av: Cecilie Ukvitne, Egil Selvåg og Yngve Tranøy

HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE

INFORMASJONSBREV FRÅ MATTILSYNET - FLYTTING AV JORD

Veileder for behandling av søknader om permisjon fra den pliktige opplæringen

Lov for SA Naustdal Båtlag

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Møtebok for Kommunestyret i Radøy

FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr November 2009

Transkript:

Adresseinformasjon fylles inn ved ekspedering. Se mottakerliste nedenfor. Dato: 16.01.2015 Vår ref: 13/00714-5 Deres ref: Høyring av søknad frå Voss Stein AS om driftskonsesjon for Grauo steinbrot i Voss kommune Leiv Erikssons vei 39 Postboks 3021 Lade N-7441 Trondheim TELEFON + 47 73 90 40 50 E-POST mail@dirmin.no WEB www.dirmin.no GIRO 7694.05.05883 SWIFT DNBANOKK IBAN NO5376940505883 ORG.NR. NO 974 760 282 SVALBARDKONTOR TELEFON +47 79 02 12 92 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn ein søknad om driftskonsesjon etter 43 i Lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Voss Stein AS, datert 04.07.2013 og ajourført driftsplan motteke 10.08.2014. Søknaden med vedlegg er tilgjengeleg på DMF si heimeside: http://www.dirmin.no/ under fana Saker til høring. Høyringsinstansane kan få søknaden tilsend i papirutgåve på førespurnad. Høyringsfristen er 6. mars 2015. Søknaden Steinbrotet ligg ved Grauo ca. 5 km nordaust for Vossevangen i Voss kommune på del av gnr./bnr. 104/3, 6 og 7. Omsøkt areal på ca. 255 dekar er regulert til steinbrot i reguleringsplan vedteken 30.10.2008. DMF si handsaming av søknaden Minerallovas formål er å fremje og sikre samfunnsmessig forsvarleg forvalting og bruk av mineralressursane i samsvar med prinsippet om ei berekraftig utvikling. DMF er konsesjonsmyndigheit i saker som gjeld samla uttak av mineralførekomstar på meir enn 10 000 m³ masse og alt uttak av naturstein. DMF sender søknadane, inkludert driftsplanar, på høyring til aktuelle høyringsinstansar, jf. forvaltningslova 17. Dette vil vanlegvis vere grunneigar og andre kjende rettshavarar, eigarar, drivarar, bebuarar og andre kjende rettshavarar på naboeigedomar som drifta kan få følgjer for, i tillegg til kommunen (kommunane), fylkeskommunen og statlege forvaltningsorgan. Søkjaren får høve til å kommentere innkomne fråsegner før DMF gjer vedtak.

Innkomne konsesjonssøknadar går gjennom ei skjønnsmessig prøving hos DMF før det blir avgjort om det skal gjevast driftskonsesjon. I vurderinga av om det skal gjevast driftskonsesjon skal det leggjast vekt på om søkjaren er "skikka" til å utvinne førekomsten, det vil seie om prosjektet ser ut til å vere økonomisk gjennomførbart, om det blir lagt opp til bergfagleg forsvarleg drift, og om søkjaren har tilstrekkeleg kompetanse til å drive førekomsten. I vurderinga av om det skal gjevast driftskonsesjon skal det òg leggjast vekt på: Kva tiltaket vil ha å seie for verdiskaping og næringsutvikling Korleis tiltaket vil påverke omgjevnadene og dei nærliggjande områda under drift Dei miljømessige konsekvensane av utvinning Kva planar som finst for etterbruk eller tilbakeføring av området Dersom DMF gjev driftskonsesjon, blir det knytt vilkår til den, jf. minerallova 43. Vilkåra vil mellom anna setje krav om driftsplan og økonomisk sikkerheit. DMF gjer merksam på at ein driftskonsesjon gjeven etter minerallova ikkje erstattar krav om løyve, godkjenning, arealplan eller konsesjon etter anna lovgjeving. Det er søkjaren sitt ansvar å skaffe slikt løyve. Meir om høyringsfråsegnene DMF oppmodar høyringsinstansane om å kome med grunngjevne synspunkt på om konsesjonen bør gjevast eller ikkje, inkludert konkrete framlegg til avbøtande tiltak og vilkår som bør stillast med omsyn til det ansvarsområdet kvar instans er sett til å forvalte, og for private partar, slike innspel som blir sett som relevante ut frå konkrete tilhøve i den aktuelle saka. Dersom høyringsinstansen er kjend med tilhøve som ikkje er tilstrekkeleg drøfta i søknaden, ønskjer vi opplysningar om desse. Generelle kommentarar knytte til arealbruken i området skal ikkje vurderast i samband med søknadar om driftskonsesjon. Dette omsynet er sikra gjennom plan- og bygningslova. I vurderinga vår vil vi difor ikkje leggje nemnande vekt på synspunkt som gjeld kommunen si allereie vedtekne arealdisponering (arealplan, reguleringsplan og eventuelle dispensasjonar frå reguleringsplanen). Vi ber spesielt kommunen om å informere oss snarast råd dersom det finst partar som saka kjem særleg ved som ikkje står på adresselista. Innsending av høyringsfråsegner Vi ber om at høringsfråsegna blir send innan 6. mars 2015, på e-post til mail@dirmin.no eller med ordinær post til: Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard, Postboks 3021 Lade, 7441 Trondheim. Delar av høyringsfråsegna kan bli sitert i vedtaket om konsesjon skal gjevast eller ikkje. Dersom fråsegna er omfattande, er det ein fordel om de lagar eit samandrag som kan brukast til dette. 2

For nærare informasjon om minerallova med tilhøyrende føreskrifter, sjå heimesida vår på www.dirmin.no. Venleg helsing Torbjørn Killi Olsen Seksjonsleder Stein Erik Hansen senioringeniør Dokumentet er elektronisk signert og har derfor ikke håndskrevne signaturer. Saksbehandler: Stein Erik Hansen Mottakere: Voss kommune Postboks 145 5701 VOSS Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310 5020 BERGEN Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 BERGEN Jernbaneverket Region vest Postboks 4350 2308 HAMAR Eirik Tøn Kytesvegen 81 5706 VOSS Kjell Magne Rong Tjukkebygdvegen 189 5706 VOSS Brit Ingvild Osgjerd Tjukkebygdvegen 461 5706 VOSS Berit Vinje Grauavegen 44 5706 VOSS Marit Helene Førde Grauavegen 32 5706 VOSS Kjetil Brandseth Grauavegen 36 5706 VOSS Jon Lilletveit Grauavegen 34 5706 VOSS Anders Graue Grauavegen 130 5706 VOSS Knut Helge Helland Graue Grauavegen 72 5706 VOSS Bjørg Helland Grauavegen 50 5706 VOSS Anne B. Fasteland Tverberg Grauavegen 26 5706 VOSS Silje Stenrud Grauavegen 36 5706 Voss Lars A Graue Grauavegen 130 5706 Voss Valborg Kløve Graue Grauavegen 151 5706 VOSS Anne Jorunn Nestås Tøn Kytesvegen 85 5706 VOSS Kopi: Voss Stein AS Flyplassvegen 103 5700 VOSS 3