VANYLVEN KOMMUNE KULTURSKULEN PLAN FOR VERKSEMDA 2010-2011-2012 1
VISJON Vanylven kommune skal ha ein kulturskule der barn og unge i og utanfor skuletida får utvikle sine sansar og skapande evner. Kulturskulen skal vere med på å styrke barn og unge sin sjølvtillit, og gje glede i livet. 2
MUSIKALSK FØRSKULE AKTIVITETANE Musikalsk førskule er lagd til 2.trinnet i skulen. Dette er eit tilbod om generell musikkopplæring/aktivitet, med notelære, blokkfløytespel, rytme, song, songleikar og dans. Tilbodet gjev førerett ved søknad til instrument i 3.klasse. Det er musikalsk førskule på Eidså skule, Fiskå skule, Rovde skule og Åheim skule. Lærar er Bente Sundnes. ASPIRANTOPPLÆRING TIL KORPSA Kulturskulen underviser 15 1.og 2.års aspirantar. Undevisninga føregår på Åheim, Fiskå og i Syvde, og aspirantane høyrertil dei respektive korpsa. Aspirantopplæringa er to-årig, og vanlegvis når elevane er i 3.og 4.klasse. Instruktørar 10/11 er Sølvi Nygård, Malin Nordal og Magne Sørdal. 3
STRENGEINSTRUMENTA GITAR / BASSGITAR / EL-GITAR Det er 49 søkjarar til gitar. Undervisninga foregår i Syvde, Fiskå og Åheim. Lærar er Lucian Gradinaru, med fem års gitarutdanning frå Romania. Lucian underviser både klasisk gitar og rock / el-gitar, og bass. Han har no arbeidt i fem år i Vanylven kulturskule. Alder: Frå 3.klasse BAND Kulturskulen vil frå hausten av gje tilbod om å spele i band. Om du spelar band-instrument (keyboard-el-gitar-bassgitar- trommer,) eller syng), kan du melde deg på så vil vi sette saman passelege grupper. Øvingsstad vert musikkbingen i Syvde. FIOLIN Lærar er Sølvi Erviksæter Sjåstad, med erfaring frå både klassisk, og folkemusikktradisjonen i Nordfjord. Alder: Frå 3.klasse 4
PIANO/ORGEL Det er i dette skuleåret 12 søkjarar til tangentinstrument. Lærar til piano-og orgel-elevane er Øyvind Sørdal Klungre, i mange år elev ved kulturskulen, seinare elev ved musikklina i Volda. Han stuerer no musikk på Høgskulen i Volda. Frå hausten 2011 vert det truleg ny lærar i piano/el-orgel: Brunhilde Engelhart frå Tyskland, som også er organist i kyrkja. Keyboard: Lærar : Truleg Magne Sørdal Alder: Frå 3.klasse TREKKSPEL. Trekkspel har lang tradisjon i Kulturskulen. Det er dette året 17 søkjarar til trekkspelundervisninga. Lærar er Bente Sundnes. Trekkspelelevane er, i tillegg til den vanlege undervisninga, deltakarar på Distriktmesterskapen for trekkspel anten i Nordfjord eller i Møre og Romsdal. Mange av dei reiser også på trekkspel-leir i lag med Bente, noko som er både utviklande, inspirerande og morosamt. Trekkspelarane er også deltakarar på ymse tilstellingar i kommunen som Solsikkedagane, Kostarikjedagane osv. Alder: Frå 3. klasse 5
TVERRFLØYTE Det er seks elevar som spelar tverrfløyte dette året. Lærar er Malin Nordal. Alder: Frå 3.klasse DANS Det er i skrivande stund 35 elevar på fire dansegrupper. 6
10 av dese er knytta til prosjektet FORTELJINGAR, som er initiert og blir utvikla av Solveig Holte, danselærar. Forestillinga er ein kombinasjon av dans, litteratur og musikk og såleis nytt og banebrytande. Medverkande er også Hilde Myklebust, Maria Parr og Magnar Aam. Premiere blir i Aasen-tunet laurdag 25.juni.Ein arbeider også med å få til framsyning i Vanylven i august. Det er i skrivande stund uklart kven som blir danseinstruktør til hausten 2011, men kulturskulen vil oppdatere nettsidene så fort det blir klart. 7
TEATER Det er to grupper elevar som har teater som fag, om lag 25 elevar tilsaman. Instruktør er Marianne Løseth, freelans skodespelar og teaterinstruktør frå Syvde/Bergen. Desse to gruppene har gått i lag om å sette opp Alice i Eventyrland denne vinteren, og den eine gruppa, som er tilknytta DUS (den unge scene) spelar stykket SUPER av Knut Nærum Marianne Løseth Gjengen i Annie, (2010) 8
SONG /DANS Dette er eit nytttilbod til barneskule/ungdomsskuleelevar. Det viktige her er opplæring i stemmebruk og bruk av mikrofon til sang, men også litt koreografi i samband med opptreden. Lærar er Micaela Gradinaru TEIKNING/FORM/FARGE Det er inneverande år to grupper, ei på Fiskå og ei på Åram, med 15 elevar. Innhaldet er opplæring i teikning og diverse teknikkar innan kunst. Lærar er Anne Håberg, lokal kunstnar frå Åram. Ho vil halde fram også til neste år. Undervisningsstadane vil vere avhengig av søknadane. AKTIVITETAR GJENNOM ÅRET Kulturskulen har tradisjonelle konsertar rund om i bygdene i januar, og ein større felles konsert som avslutning i juni. Elles arrangerer skulen mindre konsertar i løpet av året, ved passande høve så som institusjonsbesøk, utstillingar etc. Grupper som har bildefag har utstilling ved slutten av skuleåret. Danseframsyning av dansegruppene to gongar pr år. Teater: Framsyning på vårparten av det stykket ein har arbeidt med. 9
UNDERVISNINGSMENGD Undervisninga i kulturskulen fyl skuleåret elles, og inneheld såleis normalt 36 undervisningsveker pluss to konsertar/framsyningar. Undervisningstida er mellom 20 og 30 minutt alt etter alder og modning for enkeltelevar, og opptil 45 min for grupper. For teater- og teikne-elevar er undervisningstida 90 min. For dans 45 min. REGLAR FOR ELEVANE Kulturskulen gjev undervisning ved hjelp av offentlege midlar. Dette medfører eit ansvar for eleven om korleis undervisninga han/ho får vert nytta. Reglar for elevane vedtekne av kultur - og oppvekststyret i Vanylven : o Dei som vert tekne opp som elevar, må binde seg for minst eit halvt år. Dersom ein elev ynskjer å slutte midt i eit semester, må han/ho betale for heile semesteret. o Det er høve til å seie opp plassen 15.desember. Skriftleg melding om dette må ligge føre innan fristen o Elevavgifta blir innkravd for eit halvt år om gongen. Denne vert ikkje refundert utan ved lengre tids sjukdom(meir enn fire veker) eller ved flytting frå kommunen. o Elevane må møte presis og godt førebudde til timen. Sjukdom eller annan gyldig grunn til fråver skal, om mogleg, på førhand gjevast melding om til lærar eller til rektor. Eleven kan ikkje få forsømde timar tilbake. o Dersom instrument som musikk-og kulturskulen eig vert påført skade, skal dette straks meldast til rektor. Dersom skaden skuldast hærverk/dårleg behandling, må elevane sjølve betale for reparasjonen o Ved gjentekne fråver etter kvarandre utan melding, ved manglande interesse for skulearbeidet, eller av disiplinære årsaker, kan lærar, etter samråd med rektor, vise bort elevar frå undervisninga. ELEVBETALING/EIGENANDEL Musikalsk førskule kr 750,- pr halvår Andre aktivtetar kr. 1100,- pr halvår. Egenandel kor: kr 7500,- pr halvår Egenandel korps kr 6500,- pr halvår MEDARBEIDARANE Solveig Styve Holte Lucian Grandinaru Øyvind Klungre Marianne Løseth Sølvi Myklebust Malin Nordal Sølvi Nygård Sølvi E. Sjåstad Bente Sundnes Arbeidsområde Dans Gitar, klassisk og rock, bassgitar Piano Teater Dirigent, Vanylven Blandakor Tverrfløyte Aspirantgrupper Åheim Fiolin Musikalsk førskule, trekkspel 10
Anne Håberg Magne Sørdal Aina Wefring Gunn Torill Stubbmo Teikning/form/farge Rektor 50%, aspirant, dirigent Syvde skulekorps Dirigent Fiskåbygd skulekorps Dirigent Syvdeklang MUSIKKBINGEN Hausten 2009 fekk Vanylven kommune musikkbinge, som barn og unge kan benytte til øvingsaktivitet. Bingen er plasert ved Myklebust skule, men vil sjølvsagt vere til benyttelse for alle i kommunen. Bingen er lydisolert, oppvarma og ca 30m stor. Den er utstyrt med bandutstyr slik som forsterkarar, sanganlegg, trommer osv. Utlån vil verte administrert gjennom kulturskulen. Bingen er finansiert gjennom statleg tilskot og ein eigenandel frå komunen. Den er først og fremst tenkt å tene det sjølvstendige musikklivet i kommunen, men også kulturskule og grunnskule vedbehov. SLUTTORD Kulturskulen er eit svært viktig tilbod til born og unge i Vanylven. Oppslutninga viser dette. Over 200 elevplassar delte ut på om lag 170 elevar fortel at born og unge brukar kulturskulen i stor grad. Det er difor svært viktig, på brukarane sine vegne, at politikarar og administrasjon også framover vil tilføre kulturskulen det som trengs for å kunne gje tilbod om kulturopplæring med breidde og god kvalitet. 11