Meir om argumentasjonsteknikkar



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Jon Fosse. For seint. Libretto


LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.


Til deg som bur i fosterheim år

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Informasjon til elevane

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

mmm...med SMAK på timeplanen

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Med god informasjon i bagasjen

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Brukarrettleiing E-post lesar

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Kva er økologisk matproduksjon?

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Korfor går skulegrensene på Radøy der dei går?

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Brødsbrytelsen - Nattverden

Eksamen REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

Eksamen MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Valdres vidaregåande skule

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:


Eksamen MAT1017 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

6. trinn. Veke 24 Navn:

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Brukarrettleiing. epolitiker

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Motivasjon for læring og meistring. Volda Ivar Ørstavik, kommunepsykolog i Herøy ivar.orstavik@heroy.kommune.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

Eksamen MAT1008 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Ulikskapens magre kår eit eit hinder for god stadsutvikling? Ulikhetens magre kår Ulikhetens magre Eksempel I: J g er me

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Nynorsk. Eksamensinformasjon

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

Frå novelle til teikneserie

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Samansette tekster og Sjanger og stil

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

FANTASTISK FORTELJING

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Sporing og merking. Merking

Å løyse kvadratiske likningar

Kom ikkje inn i mitt hus

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Transkript:

1 Meir om argumentasjonsteknikkar Nokre grunnomgrep i logikken I læreboka står dette: Alle bensinbilar slepp ut CO2 Køyretyet ditt er ein bensinbil. Altså slepp køyretyet ditt ut CO2. Desse tre setningane har ein indre samanheng ved at dei på eit vis byggjer på kvarandre. Det ligg eit resonnement bak det vil seie at vi trekkjer ei slutning basert på visse opplysningar. I denne fordjupingsartikkelen skal vi sjå nærmare på eigenskapane til slike resonnement. Vi må kunne skilje mellom premissar og konklusjon, og vi må kunne vurdere om resonnementet er logisk gyldig eller ikkje, og om det er haldbart eller ikkje. Premissar og konklusjon Resonnementet om bilen opnar med to påstandar som det er venta at vi godtek: «Alle bensinbilar slepp ut CO2» og «Køyretyet ditt er ein bensinbil». Dette er premissane i resonnementet. Premissane leier fram til ein konklusjon, som blir hovudpoenget i resonnementet: «Altså slepp køyretyet ditt ut CO2.» Heretter vil vi kalle premissane i eit slikt resonnement for P1 og P2 og konklusjonen for K. Gyldige resonnement Alle vil vere einige om at resonnementet med bensinbilen er logisk: Dersom det er sant at alle bensinbilar slepp ut CO2, og dersom det er sant at du har ein bensinbil, må det jo også vere sant at bilen din slepp ut CO2. Men kva er det eigentleg som gjer resonnementet logisk? Det logiske har korkje noko med bensinbilar, CO2-utslepp eller bilen din å gjere. Det er sjølve forma på resonnementet som er logisk. I logikken er vi nemleg opptekne av å finne fram til måtar å resonnere på som alltid gir logiske anten resonnementet handlar om bilar, smultringar eller utanrikspolitikk. For å finne denne fullkomne logiske forma må vi tenkje ganske abstrakt, om lag som i matematikk. Forma på eit logisk resonnement liknar faktisk mykje på ei matematisk likning. Vi skal her bruke bokstavar som A, B og C for dei opplysningane som kan variere, på same måten som vi bruker x, y og z for å markere dei ukjende i ei likning. Det spesielle resonnementet vårt handlar om bensinbilar, CO2-utsleppskjelder og køyretyet ditt. Dersom vi kallar bensinbilar for A, CO2-utsleppskjelder for B og køyretyet ditt for C, kan resonnementet skrivast slik: P1 (premiss 1): Alle A er B (Alle bensinbilar er CO2-utsleppskjelder.) P2 (premiss 2): C er A (Køyretyet ditt er ein bensinbil.) K (konklusjon): C er B (Køyretyet er (derfor) ei CO2-utsleppskjelde.) No har vi funne den logiske formelen bak resonnementet vårt. Denne formelen har ein heilt spesiell eigenskap: Dersom dei to premissane er sanne, må også konklusjonen bli sann. Noko anna er heilt umogleg. Prøv deg fram, så vil du sjå at same kva du fyller ut for A, B og C, vil konklusjonen alltid følgje logisk av premissane. Det vil seie at resonnementet er logisk gyldig.

2 Det er med andre ord vasstett så lenge vi godtek premissane, er vi også nøydde til å godta konklusjonen. Eit slikt logisk gyldig resonnement med to premissar og ein konklusjon blir også kalla ein syllogisme. Det finst mange slags syllogismar. Her er ein annan variant: P1: Dersom bussen er forseinka, kjem eg for seint på jobben. P2: I dag er bussen forseinka. K: Altså kjem eg for seint på jobben i dag. Dersom vi kallar påstanden «bussen er forseinka» for A og påstanden «eg kjem for seint på jobben» for B, blir formelen slik: P1: Dersom A, så B P2: A K: B Dette er også logisk gyldig, for konklusjonen er ei nødvendig følgje av premissane. Dersom det er rett at A alltid fører til B, og A faktisk er tilfellet ja, da må B nødvendigvis også vere tilfellet. Her er det på tide med ei åtvaring. Ei vanleg misforståing er å tru at eit resonnement automatisk er logisk gyldig dersom konklusjonen er sann. Så enkelt er det dessverre ikkje. Også ulogiske resonnement kan nemleg gi sanne konklusjonar innimellom. La oss for eksempel seie at du køyrer ein ureinande bensinbil. Da kan vi lage dette resonnementet: P1: Alle bensinbilar slepp ut CO2. (Alle A er B) P2: Bilen din slepp ut CO2. (C er B) K: Altså er bilen din ein bensinbil. (C er A) Her kan både premissane og konklusjonen vere sanne, men resonnementet er likevel ikkje logisk gyldig. Konklusjonen følgjer nemleg ikkje logisk av premissane. Sjølv om både bensinbilar og bilen din slepp ut CO2, treng jo ikkje bilen din vere ein bensinbil. Det kan for eksempel hende at han går på diesel og slepp ut CO2 på grunn av det. Logikken er i teorien akkurat like svak som når Erasmus Montanus narrar mor si til å tru at ho er ein stein (jf. læreboka). Haldbare resonnement At eit resonnement er logisk gyldig, er ingen garanti for at konklusjonen er sann. Det vil berre seie at konklusjonen følgjer logisk av premissane. Dersom éin eller fleire av premissane er usanne, kan konklusjonen også bli usann. Sjå berre på dette resonnementet, som er logisk gyldig: P1: Dersom jorda er flat, kan ein segle utfor kanten. P2: Jorda er flat. (A) K: Altså kan ein segle utfor kanten. (B) (Dersom A, så B) Her er premiss nummer to usann, og da blir konklusjonen også usann. Skal argumentasjonen vere god, må vi derfor ikkje berre krevje at resonnementet er logisk gyldig, men også at

3 premissane er sanne. Dersom premissane og konklusjonen i eit gyldig resonnement er sanne, seier vi at resonnementet er haldbart. Det ideelle resonnementet er altså både gyldig og haldbart. Påstand, grunngiving og heimel Logikken vi no har gått igjennom, er nyttig for å få oss til å skjøne kva som er gode og dårlege grunngivingar. Men som eg nemnde i lærebokkapittelet, bruker vi nesten aldri fullstendige syllogismar i praktisk argumentasjon. Vi nøyer oss med brottstykke, kanskje berre konklusjonen, eller til og med berre ein premiss. Ein slik ufullstendig syllogisme blir kalla eit enthymem. Når vi skal vurdere kor overtydande eit enthymem er, kan vi sjølvsagt prøve å rekonstruere éin eller fleire syllogismar som ligg bak. Men det kan vere eit ganske snirklete og omstendeleg arbeid. Dessutan byggjer enthymema ofte på påstandar som er vurderingar eller sannsyn, og som derfor ikkje kan reknast som anten sanne eller usanne. Da er det praktisk å ty til ein annan og litt enklare vurderingsmodell. For kvar påstand som blir sett fram, kan vi nemleg stille krav om grunngiving og heimel. La oss seie at eg påstår dette: «Det er urimeleg at eg skal betale tv-lisens.» Da kan du for det første krevje at eg kjem med ei grunngiving av den påstanden. Skal grunngivinga vere overtydande, bør ho vere lettare å akseptere enn den opphavlege påstanden. For eksempel kan grunngivinga mi vere at «eg ser jo aldri på NRK». Men for at denne grunngivinga skal fungere, må ho vere relevant. Du kan derfor krevje at eg forklarer kvifor det at eg aldri ser på NRK, er ein god grunn til å nekte å betale tv-lisens. Ei slik forklaring blir kalla ein heimel. Eg kan for eksempel seie at «ein skal aldri betale for tilbod ein ikkje gjer bruk av». For at ein heimel skal vere overtydande, må han byggje på verdiar som dei som deltek i kommunikasjonen, deler. Det kan av og til vere vanskeleg å skilje mellom grunngiving og heimel. Ein tommelfingerregel er at grunngivinga som regel viser til eit konkret, faktisk forhold («eg ser aldri på NRK»). Heimelen er derimot ein regel eller eit prinsipp som vi ventar at motparten er einig i («ein skal aldri betale for eit tilbod ein ikkje gjer bruk av»). Både grunngivinga og heimelen er sjølvsagt nye påstandar i seg sjølve. Derfor kan du nyste vidare på resonnementet ved å krevje grunngiving og heimel for kvar av desse påstandane igjen og så vidare i ei endelaus analyserekkje. Vil du lese meir om påstand, grunngiving og heimel, kan eg tilrå desse bøkene: Jørgensen, Charlotte og Merete Onsberg (1999): Praktisk argumentation. København Kjeldsen, Jens E. (2006): Retorikk i vår tid. Innføring i moderne retorisk teori. Oslo Toulmin, Stephen (1958): The Uses of Argument. London Toulmin er mannen bak teorien, og dette er boka der han presenterer han. Jørgensen og Onsberg gir ei lettfatteleg innføring på dansk, og Kjeldsen forklarer teorien på norsk. Fleire argumentasjonsknep

4 I læreboka fekk du fire eksempel på argumentasjonsknep, det vil seie argumentasjonsmåtar som kan verke overtydande, men som ikkje er logiske når vi ser nærmare etter. Når folk bruker slike knep, er det som regel for å sleppe å grunngi påstandane sine eller for å sleppe å svare på det dei blir spurde om. Lista over argumentasjonsknep kan gjerast svært lang. Her får du lære fem nye knep som du bør vere merksam på i viktige diskusjonar. Sirkelargumentasjon Nyleg var eg hos ein bruktbilforhandlar og såg på ein gammal Volvo. Prisen var god, men forhandlaren ville ikkje gi meg nokon garanti. Eg fekk derfor mistanke om at det kunne vere noko i vegen med bilen, og konfronterte seljaren: Kvifor gir de ikkje garanti på denne bilen? Det er fordi bilen er så billig. Men kvifor er han så billig? Jau, det er fordi vi ikkje gir garanti. Bilseljaren serverte her eit kroneksempel på sirkelargumentasjon: Ein påstand (bilen er billig) grunngir ein annan påstand (vi gir ingen garanti), samtidig som den siste påstanden (vi gir ingen garanti) grunngir den første igjen (bilen er billig). Resonnementet går i ring, og det inneheld ikkje noko sjølvstendig argument som eg kan vurdere relevansen eller sanningsverdien i. Hadde seljaren forklart at dei selde bilen billig fordi dei ikkje hadde plass til han lenger, eller at dei aldri gav garanti på bilar som hadde gått over 120 000 km, ville han ha vore meir truverdig. I staden vart eg berre enda meir skeptisk til at bilen var i orden. Ekspertknepet Da eg prøvekøyrde den billige bilen, høyrde eg mystiske tsjugga-tsjugga-lydar frå framhjula i skarpe svingar. Seljaren kom straks med ei forklaring: Det kjem av at det er rust på bremseskivene. Det er lett å fjerne. Kvifor trur du det er forklaringa? spurde eg. Kan det ikkje like gjerne kome av slitne hjullager eller ein feil på forstillinga? Nei. Eg har jobba som bilseljar i 30 år og veit at dette er rust på bremseskivene. Igjen prøvde bilseljaren seg med eit argumentasjonsknep, denne gongen det såkalla ekspertknepet. Han hadde inga sakleg grunngiving for at årsaka til ulydane måtte vere rust på bremseskivene, anna enn at han var ekspert og kunne slikt. Han argumenterte med andre ord berre ut frå etos, ikkje ut frå logos. Sjølvsagt kan eksperten ha rett, men dersom han er slik ein ekspert, bør han også kunne grunngi konklusjonen sin. Først da er argumentasjonen sakleg. Røykt sild Dei av oss som har lese mykje Donald, hugsar korleis B-gjengen gjerne trekkjer ei røykt sild over sporet etter seg når dei er på flukt. Grunnen er at sporhunden til Onkel Skrue skal bli distrahert og ta til å følgje lukta av silda i staden for det opphavlege sporet. Det same trikset blir ofte brukt i argumentasjon. Å innføre ei røykt sild vil da seie å ta til å snakke om noko som ikkje har med saka å gjere, men som vekkjer stor interesse. Politikarar er ekspertar på dette. Dei har gått på medietreningskurs og lært at same kva dei blir spurde om av journalistar, skal dei svare med ein påstand som dei veit appellerer til veljarane. Ein politikar som blir kritisert for å ha kutta i skolebudsjettet, kan for eksempel svare at ho trass

5 alt har styrkt eldreomsorga med fleire millionar. Dersom ikkje programleiaren er merksam på den røykte silda, risikerer vi da at debatten går over til å handle om eldreomsorg i staden. Generalisering I ein oppheta debatt kan det vere freistande å skjere alle over éin kam. Ofte høyrer vi at politikarar er slik eller slik, ungdommar slik eller slik eller lærarar slik eller slik. Da må vi spørje: Gjeld dette verkeleg alle politikarar, alle ungdommar og alle lærarar? Dersom ikkje, har vi vorte utsette for ei generalisering. Bak generaliseringar gøymer det seg ofte fordommar. Ein som ofte har vorte skulda for å spreie generaliserande fordommar om innvandrarar, er Oddvar Stenstrøm, som var programleiar for debattprogrammet Holmgang på TV 2 fram til 2008. I eit intervju med Dagsavisen i mars 2008 imøtegjekk han denne skuldinga slik: «Den eneste som holdt faren min i handa da han døde, var en innvandrer. Jeg nådde ikke fram selv. De har en respekt for de eldre som vi ikke har her i landet.» Denne historia viser kanskje at Stenstrøm ikkje har noko imot innvandrarar. Men like fullt generaliserer han om korleis innvandrarar er. For er det verkeleg slik at alle innvandrarar har større respekt for dei eldre enn nordmenn har? Den nest største innvandrargruppa i Noreg er svenskar, men det er neppe svenske sjukepleiarar Stenstrøm tenkjer på når han seier at innvandrarane har respekt for dei eldre. Når Stenstrøm og svært mange andre i den offentlege debatten snakkar om «innvandrarar», meiner dei ei avgrensa gruppe innvandrarar med ein spesiell kulturbakgrunn. Skal debatten bli sakleg, må ein da presisere kva innvandrargrupper ein snakkar om. Overføring av bevisbyrda Eit siste knep går ut på å overføre bevisbyrda på motstandaren. I staden for at du sjølv grunngir påstandane dine, krev du da at motparten skal kunne motbevise dei. Er du tiltala i ei rettssak, er det lurt å overføre bevisbyrda til aktoratet. Men du kan ikkje argumentere for at det er liv på Mars, ved å vise til at ingen har motbevist det. Du kan lese meir om argumentasjonsknep her: Roksvold, Thore (1989): Retorikk for journalister. Oslo: LNU / Cappelen Akademisk Forlag Vestad, Jon Peder og Bjarte Alme (2002): Mediespråk. Form og formidling i journalistikk. Oslo: Samlaget