VOLDA KOMMUNE Utval: Formannskapet Møtestad: Møterom A, Volda rådhus Dato: 09.04.2013 Tid: 14:00 MØTEPROTOKOLL Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Arild Iversen Leiar KRF Jan Heltne Nestleiar H Jorunn Aske Medlem V Helge Hamre Medlem V Roald Arnold Espset Medlem FRP Odd Arne Folkestad Medlem FERJELISTA Jørgen Amdam Medlem AP Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Gunnar Strøm Medlem SV Odd Harald Sundal Medlem SP Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Erling Ulvestad Odd Harald Sundal SP Åshild Vik Gunnar Strøm SV Frå administrasjonen møtte: Namn Rune Sjurgard Stilling Rådmann SAKLISTE Saksnr. PS 57/13 PS 58/13 PS 59/13 PS 60/13 Sak Godkjenning av innkalling og sakliste Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte Orientering om prosjekt for innføring av ny organisasjonsplan Strategi for busetjing på bygdene
PS 61/13 PS 62/13 PS 63/13 OS 29/13 OS 30/13 OS 31/13 OS 32/13 Gnr. 59 bnr. 12 - overdraging til Møre og Romsdal Fylke/Statens Vegvesen Godtgjersle for kontrollutvalet sine medlemmer når dei møter i kommunestyret Alternativ til samanslåing av høgskolane i Møre og Romsdal Nattferje - sambandet Folkestad - Volda Hjartåbygda grendautval - spørsmål vedk. mobildekning i delar av bygda Kloakkløysing på Folkestad Grendahuset Vesttun PS 57/13 Godkjenning av innkalling og sakliste Innkalling: Dokument utdelt på møtet: - Brev frå 10. klasse ved Folkestad skule, vedkomande nattferje på ferjesambandet Volda Folkestad. - Framlegg til fråsegn: samarbeid eit godt alternativ til samanslåing av høgskolane i Møre og Romsdal Sakliste: Ordførar kom med framlegg om å legge dette til saklista: - Nattferje sambandet Volda Folkestad - Alternativ til samanslåing av høgskolane i Møre og Romsdal Odd A. Folkestad ynskjer ei orientering om status i saka om kloakkløysing på Folkestad. Innkalling og sakliste med tillegg frå ordførar og Odd A. Folkestad vart samrøystes godkjent. PS 58/13 Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte Møteprotokollen frå forrige møte, 12.03.2013, vart samrøystes godkjent.
PS 59/13 Orientering om prosjekt for innføring av ny organisasjonsplan Administrasjonen si tilråding: Orientering om prosjektorganisering av omorganiseringa vert teken til vitende. Ordførar kom med slikt tilleggsframlegg, nytt pkt 2 og 3: 2. Formannskapet ber rådmannen om at prosjektet vert gjennomført på ein effektiv måte med tanke på tids- og ressursbruk. 3. Vidare er det ein føresetnad at prosjektet skal ta omsyn til dei økonomiske utfordringane til Volda kommune når det gjeld framtidig effektiv organisering, slik at det samla vert lagt til rette for reduserte driftskostnader. Administrasjonen si tilråding og tilleggsframlegget frå ordførar vart samrøystes vedteke. Tilråding i Formannskapet - 09.04.2013 til Kommunestyret: 1. Orientering om prosjektorganisering av omorganiseringa vert teken til vitende. 2. Formannskapet ber rådmannen om at prosjektet vert gjennomført på ein effektiv måte med tanke på tids- og ressursbruk. 3. Vidare er det ein føresetnad at prosjektet skal ta omsyn til dei økonomiske utfordringane til Volda kommune når det gjeld framtidig effektiv organisering, slik at det samla vert lagt til rette for reduserte driftskostnader. PS 60/13 Strategi for busetjing på bygdene Administrasjonen si tilråding: 1. Kommunestyret sluttar seg i hovudsak til nemnda si innstilling, og tek atterhald om at denne saka ikkje skal binde opp for komande prosessar om organisering av tenestestruktur. Innstillinga vil inngå som grunnlag i det føreståande arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Gjennomføring av tiltak som krev økonomisk uttelling vert å vurdere i budsjettsamanheng og med utgangspunkt i prinsippet om berekraftig kommuneøkonomi. 2. Rådmannen vert beden om å ta opp med Ørsta kommune eit evt. felles grendautviklingsprosjekt som nemnda skisserer 3. Kommunestyret tek til vitende notat av 14.3.13 når det gjeld informasjon om bustadtomter/bustader i kommunen.
Tilrådinga frå administrasjonen vart samrøystes vedteken. Tilråding i Formannskapet - 09.04.2013 til Kommunestyret: 1. Kommunestyret sluttar seg i hovudsak til nemnda si innstilling, og tek atterhald om at denne saka ikkje skal binde opp for komande prosessar om organisering av tenestestruktur. Innstillinga vil inngå som grunnlag i det føreståande arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Gjennomføring av tiltak som krev økonomisk uttelling vert å vurdere i budsjettsamanheng og med utgangspunkt i prinsippet om berekraftig kommuneøkonomi. 2. Rådmannen vert beden om å ta opp med Ørsta kommune eit evt. felles grendautviklingsprosjekt som nemnda skisserer 3. Kommunestyret tek til vitende notat av 14.3.13 når det gjeld informasjon om bustadtomter/bustader i kommunen. PS 61/13 Gnr. 59 bnr. 12 - overdraging til Møre og Romsdal Fylke/Statens Vegvesen Administrasjonen si tilråding: Volda kommune overdreg eigedomen gnr. 59 bnr. 12 vederlagsfritt til Møre og Romsdal fylke v/statens Vegvesen mot at Statens Vegvesen dekker kostnadane med tinglysing av skøytet. Tilrådinga frå administrasjonen vart samrøystes vedteken. Tilråding i Formannskapet - 09.04.2013 til Kommunestyret: Volda kommune overdreg eigedomen gnr. 59 bnr. 12 vederlagsfritt til Møre og Romsdal fylke v/statens Vegvesen mot at Statens Vegvesen dekker kostnadane med tinglysing av skøytet.
PS 62/13 Godtgjersle for kontrollutvalet sine medlemmer når dei møter i kommunestyret Administrasjonen si tilråding: Kommunestyret fastset at godtgjersla til medlem i kontrollutvalet som møter i kommunestyret skal vere lik godtgjersla til ein kommunestyremedlem (p.t. 958 kr pr møte), jfr. Rettleiing for kontrollutvalet og kommunestyret sitt tilsynsansvar. Tilrådinga frå administrasjonen vart samrøystes vedteken. Tilråding i Formannskapet - 09.04.2013 til Kommunestyret: Kommunestyret fastset at godtgjersla til medlem i kontrollutvalet som møter i kommunestyret skal vere lik godtgjersla til ein kommunestyremedlem (p.t. 958 kr pr møte), jfr. Rettleiing for kontrollutvalet og kommunestyret sitt tilsynsansvar. PS 63/13 Alternativ til samanslåing av høgskolane i Møre og Romsdal Ordførar la fram framlegg til fråsegn vedk. alternativ til samanslåing av høgskolane i Møre og Romsdal. Samarbeid eit godt alternativ til samanslåing av høgskolane i Møre og Romsdal Volda kommune merkar seg at Møre og Romsdal fylkeskommune rår staten ved Kunnskapsdepartementet til å slå saman høgskulane i fylket. Vi vil uttrykke uro for at fylkeskommunen så sterkt grip inn utanfor sitt eige ansvarsområde. Dette ikkje minst sidan det er stor usemje i leiinga ved høgskulane i fylket om ei slik utvikling. Høgskulane i Molde, Ålesund og Volda har samarbeidd på ulike område i mange år. Saman med Møreforsking har dei danna «Mørealliansen» for å heve kvaliteten på utdanning og forsking i regionen. I media så vel som i fylkeskommunen si saksutgreiing om «Høgskolen Møre og Romsdal» vert det dessverre framstilt som om institusjonane konkurrerer i staden for å gjere kvarandre betre. I 2010 vart det laga ei større utgreiing om moglege samarbeidsmodellar for høgskulane i fylket. Konklusjonen vart at ein ville gå vidare med avtalefesta formalisert samarbeid. Vi stiller oss undrande til at fylkeskommunen som ikkje har noko formell rolle overfor dei statlege skulane så raskt ynskjer ein omkamp om saka.
Alle tre høgskulane er inne i ei positiv utvikling. Dei har no kvar sine seks mastergrader; til saman 18 slike tilbod på komplementære fagområde. Eit fellesområde for dei tre skulane er helse og sosial, og det har dermed vorte eit prioritert samarbeidsområde. Parallelt med arbeidet i Mørealliansen er høgskulane opptekne av å styrke det regionale kompetansemiljøet ved å samarbeide med institusjonar som er både større og betre enn oss. Alle høgskulane har difor nære kontaktar og avtalar med universitet i inn- og utland. Slikt samarbeid er heilt naudsynt for fagleg utvikling og for å kunne konkurrere om midlar til forsking og utdanning som regionen har bruk for. For høgskulane er Mørealliansen eit konstruktivt samarbeid mellom sjølvstendige og frittståande institusjonar. Den nye samarbeidsavtalen grip ikkje inn i myndet til det einskilde høgskulestyret, og han er heller ikkje til hinder for at ein kan gjere avtalar med andre institusjonar så sant dei ikkje er i konflikt med intensjonane for alliansen. Avtalen vart vedteken av høgskulestyra i Volda og Ålesund i mars, og han skal opp i styret ved Høgskolen i Molde i april. Vi registrerer at administrasjonen i fylkeskommunen ynskjer seg ein høgskule i Møre og Romsdal. Det er langt frå sikkert at ein felles høgskule i vårt fylke vil styrke studiestadane og breidda i studietilboda. Ei samanslåing kan like gjerne føre til unødig sentralisering utan anna effekt enn byråkratisering og vanskar med framtidig rekruttering av fagmiljø og studentar. Slike prosessar bør i så fall finne stad i dialog og samspel med dei det gjeld. Reelt fagleg samarbeid er viktigare enn symbolske og byråkratiske fusjonar. Formannskapet slutta seg samrøystes til fråsegna. Vedtak i Formannskapet - 09.04.2013 Samarbeid eit godt alternativ til samanslåing av høgskolane i Møre og Romsdal Volda kommune merkar seg at Møre og Romsdal fylkeskommune rår staten ved Kunnskapsdepartementet til å slå saman høgskulane i fylket. Vi vil uttrykke uro for at fylkeskommunen så sterkt grip inn utanfor sitt eige ansvarsområde. Dette ikkje minst sidan det er stor usemje i leiinga ved høgskulane i fylket om ei slik utvikling. Høgskulane i Molde, Ålesund og Volda har samarbeidd på ulike område i mange år. Saman med Møreforsking har dei danna «Mørealliansen» for å heve kvaliteten på utdanning og forsking i regionen. I media så vel som i fylkeskommunen si saksutgreiing om «Høgskolen Møre og Romsdal» vert det dessverre framstilt som om institusjonane konkurrerer i staden for å gjere kvarandre betre.
I 2010 vart det laga ei større utgreiing om moglege samarbeidsmodellar for høgskulane i fylket. Konklusjonen vart at ein ville gå vidare med avtalefesta formalisert samarbeid. Vi stiller oss undrande til at fylkeskommunen som ikkje har noko formell rolle overfor dei statlege skulane så raskt ynskjer ein omkamp om saka. Alle tre høgskulane er inne i ei positiv utvikling. Dei har no kvar sine seks mastergrader; til saman 18 slike tilbod på komplementære fagområde. Eit fellesområde for dei tre skulane er helse og sosial, og det har dermed vorte eit prioritert samarbeidsområde. Parallelt med arbeidet i Mørealliansen er høgskulane opptekne av å styrke det regionale kompetansemiljøet ved å samarbeide med institusjonar som er både større og betre enn oss. Alle høgskulane har difor nære kontaktar og avtalar med universitet i inn- og utland. Slikt samarbeid er heilt naudsynt for fagleg utvikling og for å kunne konkurrere om midlar til forsking og utdanning som regionen har bruk for. For høgskulane er Mørealliansen eit konstruktivt samarbeid mellom sjølvstendige og frittståande institusjonar. Den nye samarbeidsavtalen grip ikkje inn i myndet til det einskilde høgskulestyret, og han er heller ikkje til hinder for at ein kan gjere avtalar med andre institusjonar så sant dei ikkje er i konflikt med intensjonane for alliansen. Avtalen vart vedteken av høgskulestyra i Volda og Ålesund i mars, og han skal opp i styret ved Høgskolen i Molde i april. Vi registrerer at administrasjonen i fylkeskommunen ynskjer seg ein høgskule i Møre og Romsdal. Det er langt frå sikkert at ein felles høgskule i vårt fylke vil styrke studiestadane og breidda i studietilboda. Ei samanslåing kan like gjerne føre til unødig sentralisering utan anna effekt enn byråkratisering og vanskar med framtidig rekruttering av fagmiljø og studentar. Slike prosessar bør i så fall finne stad i dialog og samspel med dei det gjeld. Reelt fagleg samarbeid er viktigare enn symbolske og byråkratiske fusjonar. OS 29/13 Nattferje - sambandet Folkestad - Volda Brev frå 10. klasse ved Folkestad skule vart delt ut på møtet. Formannskapet slutta seg samrøystes til intensjonen i brevet frå 10. klasse ved Folkestad skule.
OS 30/13 Hjartåbygda grendautval - spørsmål vedk. mobildekning i delar av bygda Ordførar viste til brev frå Hjartåbygda grendautval, datert 06.03.13, vedk. spørsmål om mobildekning i delar av bygda. Saka har stoppa opp, då ein ikkje får svar med Telenor trass gjentekne purringar. Ordførar arbeider vidare med saka. OS 31/13 Kloakkløysing på Folkestad Odd A. Folkestad reiste spørsmål om framdrifta for sak om kloakkløysing på Folkestad. Rådmannen vil orientere om status på neste møte. OS 32/13 Grendahuset Vesttun Erling Ulvestad reiste spørsmål om han var ugild, jfr kl. 40 og fl. 6 1 l, a. Han tok ikkje del i handsaming av og røysting over spørsmål om ugildskap. Røysting vedk. ugildskap: Erling Ulvestad vart samrøystes kjent ugild. Det vart samrøystes vedteke at møtet skulle lukkast, jfr. kl. 31. Ordførar orienterte om status i saka. Deretter drøfta formannskapet vidare forhandlingsstrategi. Saka vert handsama i kommunestyret 04.06.2013. Det vart samrøystes vedteke at møte skulle opnast. Møtet slutt 17:30 Rett utskrift, Volda kommune, servicekontoret 10.04.2013 Sonja Håvik konsulent