Månedsbrev desember 2015 NOVEMBER Det har vore ein måned prega av mykje musikk og konsert. Stig Van Eijk tok heile barnehagen med storm på felles sangstund 2. november. Barna var med frå første stund og interessa og iveren var stor for kvar dag han kom att. Med sitt vinnande vesen møtte han barna med stor entusiasme. Han fekk dei med seg i sang og kommunikasjon, og ikkje minst gjennom vennen sin Theo. Han budde oppi sekken til Stig og kom fram og helste på barna. Dei som turte og kome fram og helse på han fekk lov til det. Han tulla og tøysa litt, men han fekk latterne og praten fram hjå barna. Etter at Theo hadde vore der eit par gonger turte fleire og fleire barn og kome fram til han. På barnehagens bursdag fekk me besøk av Forut prosjektet sitt band Bonaza som sang og spilte kjente sangar til oss. Etter konserten var det samling med opning av pakkar til barnehagen. Det var mange spente barn som kom fram og opna presanagar. Mange gjetta kva som kunne vera inni. Me avslutta med pølser og saft som barna kjøpte i boden før dei inntok golvet som sitteplass denne dagen. Leikene vart pakka ut på ettermiddagen og det var stor stas å få leike med desse. Barna diskuterte seg i mellom kven som skulle ha den og den bilen og den og den barbiedokka. Kjekt og sjå at jentene og gutane leikar på tvers med bilgarasjen og barbiehuset. 11. november var det høgtidleg opning med klipping av snor og opning av leikeplassen. Grillhytta var full av forventningsfulle barn då Arna Misjonssenter spanderte skillingsbollar og bamsedrikk til kvart enkelt barn. Etter opninga har det vore kreativ og entusiastisk leik på leikeplassen. Fredag 20. november hadde me oss ein fantastisk tur til leikeplassen i Stølsveien via Rambergsveien. Line hadde pakka sekken med god mat og kakao. Det smakte veldig godt i eit nydeleg ver.
DESEMBER Desember er ein måned med mykje aktivitet, spenning og glede. Me vil legge til rette for ein roleg desember med førjulsaktivitetar, sang, lesing, samtalar og julebakst. Mandag 30. november startar me med adventstund på avdelingen, der me tenner lys, syng sangar, og barna får trekke lapp frå kalendaren. Det er alltid like spennande kva som står på lappen og ikkje minst kven sin tur det er. Kvart barn skal male julepose som det får med heim til jul, og kanskje vert det nokon overraskelsar oppi der. Sangar me vil synge er: Tenn lys, Musevisa, På låven sitter Nissen, Et barn er født i Betlehem, Julekveldsvisa, Store og små gleder seg til jul, Svart senker natten seg, Jeg er så glad hver julekveld. I november har VENNEGRUPPA starta forberedelsane til Lucia feiringen som skal vera fredag 11. desember. Me har bakt Lussekattar, funne fram dei kvite kappene, laga stjernehattar til gutane og glitterband til jentene. Me har øvd på songane, og ber de foreldre øve på songane de har fått heim. Me veit at øvelse gjere mester. Me startar å gå Lucia i barnehagen kl 8.30 og fyrst syng me på Maurtua, så Bikuben og avsluttar på Andedammen/ Knøttene. Kl 11 og 11.30 skal me synge for bebuarane på Arna Helseheim. Turen som me skulle på Vilvite 5. november er flytta tii 10. februar 2016. Barna i REGNDRÅPEGRUPPA etablerer stadig nye vennskap. Me observerer at barn har mange gode venner og leika med. Rundt frukostbordet er det god prat, og mange barn planlegg kva dei har lyst og gjere på etterpå. Det er populært å leika på familierommet og puterommet er populære rom, medan andre vil spele spel, pusle og tegne på smartboarden eller leike ute. På denne måten formidlar barna kva dei
er opptatt av, og er med å medvirke til kva dei vil gjere på i barnehagen. Gjensynsgleda er stor når barna på Maurtua kjem inn på Bikuben, dei seier «Hei» til kvarandre og barna vert invitert opp til bordet av ein god venn. SJÅ HER!!!!! Det regnar og er kalde dagar. Hugs å ha rikeleg med reseveklede og fyll opp på nytt. Sjekk regnbukser om dei er tette og har strikk under. Merk kleda!!! Me ønskjer å vera med barna og skape gode magiske stunder både inne og ute, og då er det viktig at barna har klede til alle vertypar og tørt på når me kjem inn att!! Me ønskjer dykk ei riktig god og roleg desember, og ei fredfylt julehelg! Kontakt på Bikuben: 53 08 38 83 eller mobil: 99 28 33 79. Følg elles med på barnehagens nettside: https://bergen.kommune.no/omkommune/avdelinger/barenhager/arnatveit-barnehage/2637. Med vennleg helsing personalet på Bikuben Line, Ingrid, Else, Marit, Eli og Vibecke!
MÅNEDSPLAN BIKUBEN DESEMBER 2015 Fokus: vennskap, Advent og Jul. MANDAG TIRSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG UKE 49 30. Sangstund på Andedammen 1. 2. 3. 4. kl 9.30: Forestilling med Ulla Krulla på Maurtua UKE 50 7. Feire Ainisa 5 år!! 8. 9. 10. 11. Luciafeiring Sangstund på Knøttene Førjulsaktivit et m/frukost UKE 51 14. Sangstund på Maurtua 15. Nissefest 16. 17. 18. UKE 52 21. 22. 23. 24. JULAFTA!! GOD JUL UKE 1 28. 29. 30. 31. NYTTÅRSAFTA 25. 1. JULEDAG 1. 1. NYTTÅRSDAG