Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Like dokumenter
Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2016

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

I mål? Innleiing på frukostseminar 3. desember 2014 Kjetil Aasen

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Nynorsk i staten. Reglar og råd

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad.

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa.

2014/

Målbruksplan for Ål kommune

Varsel om felles nasjonalt tilsyn med Lindås kommune - kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan

Vintervèr i Eksingedalen

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Oi, på nynorsk! når virksomheten trenger å styrke nynorskopplæringen. Aksel Torsnes Mehlum fra Språkrådet og Åste R. Ruud fra Domstoladministrasjonen

Fangststatistikk figur 1 figur 1 figur 1 FIGUR 1 NB! Skjelmateriale figur 2 FIGUR 2

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

Oversyn over økonomiplanperioden

tapte årsverk i 2011

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Samordna opptak 2016: Talet på studentar som vel framandspråk aukar. Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 5/2016

nye bøker i 2004

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Årsrapport Norsk Intensivregister (NIR)

Dam Sarvsfossen, Bykle kommune. Dammen stod ferdig i 2014 og er ein av dei nyaste i KIKS

Vel nynorsk for barnet ditt!

St.meld. nr. 7 ( ) Målbruk i offentleg teneste

Rettleiar til Partiportalen for kommune- og fylkesparti (også fylkesungdomsparti)

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

HORDALANDD. Utarbeidd av

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Høyringsnotat forslag til endringar i forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar 2017

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

Kommunedelplan for oppvekst

7. Festivalar. Statistiske analysar 127 Kulturstatistikk ,5 millionar til musikkfestivalar

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Forventa pensjoneringsalder

OM OPPDRAGET EVALUERING AV OFFENTLEGLOVA

Transkript:

Rapport om målbruk i offentleg teneste 21 1

Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 4 Nettsider... 4 Figur 1 Nynorskdel på statlege nettsider, i prosent... 4 Korte tekstar (1 1 sider) og lengre tekstar (over 1 sider)... 4 Figur 2 Talet på statsorgan som oppfylte krava i mållova i korte tekstar (1 1 sider) og lengre tekstar (over 1 sider)... Sosiale medium... Figur 3 Nynorsk i sosiale medium, i prosent... Skjema... Figur 4 Skjema som ligg føre i begge målformene, i prosent... 6 Førespurnader om moglege brot på mållova... 6 Figur Talet på førespurnader om moglege brot på mållova... 6 Resultat frå departementa... 6 Dokument under 1 sider... 7 Figur 6 Nynorsk i dokument under 1 sider hjå departementa, i prosent... 7 Dokument over 1 sider... 7 Figur 7 Nynorsk i dokument over 1 sider hjå departementa, i prosent... 7 Stortingsdokument... 8 Sosiale medium... 8 Tiltak i 21... 8 Nynorskkurs... 8 Regjeringa.no... 8 2

Om rapporten Dette er det statistiske oversynet over fordelinga mellom bokmål og nynorsk i staten i 21. Statistikken er ført på grunnlag av eigenrapportering frå statsorgan til Språkrådet og gjeld sentrale statsorgan, dvs. statsorgan som har heile landet som tenestekrins. Målbruken i departementa er omtalt i eit kapittel for seg. Alle sentrale statsorgan skal levere målbruksrapport til Språkrådet, men ikkje alle oppfyller denne plikta. For 21 bad vi om tal frå 17 statsorgan. Denne rapporten er bygd på svara frå 127 av dei. I tillegg inneheld rapporten tal frå 16 departement, medrekna Statsministerens kontor. Forklaring til statistikken Dei sentrale statsorgana rapporterer i faste kategoriar i eit skjema som Språkrådet og Kulturdepartementet har utarbeidd, og leverer tal for kategoriane nettsider, tekstar under 1 sider, tekstar over 1 sider, sosiale medium og skjema. I alle kategoriane utanom skjema er føremålet å finne ut i kva grad statsorgana etterlever det lovpålagde vekslingskravet på 2 %. Skjema skal etter lova liggje føre på både bokmål og nynorsk. I denne kategorien rapporterer statsorgana inn kor mange skjema dei har i alt, og kor mange som er tilgjengelege i begge målformene. Språkrådet vil i tida som kjem, arbeide med ei modernisering og forenkling av rapporteringsmetoden, og vonar å få til ei fullgod digital løysing innan nokre få år. Tilsynet med departementa har tidlegare lege hjå Kulturdepartementet, men vart overført til Språkrådet i 21, med tala frå rapporteringsåret 214. Dette er såleis andre året Språkrådet behandlar tala frå departementa. Departementa har tidlegare rapportert i kategoriane dokument under 1 sider, dokument over 1 sider og stortingsdokument. Nytt for 21 er at departementa (på lik linje med dei underliggjande organa) òg skal melde inn tala for målbruk i sosiale medium. Målbruk er meir enn tal, så statistikken er berre ein peikepinn på bruken av og den faktiske jamstillinga mellom nynorsk og bokmål i staten. Statsorgan som har ein låg nynorskprosent, kan ha mykje nynorsk i sentrale tekstar, slik at det er meir verkeleg jamstilling enn tala tyder på. Like eins kan eit statsorgan med nokså jamn veksling ha mest nynorsk i mindre sentrale tekstar, slik at nynorsken i røynda er lite jamstilt. Mellom anna difor vil Språkrådet i liten grad gi seg inn på å tolke små endringar. Vi tek atterhald om feilføringar og feilrapporteringar i statistikken. 3

Resultat frå underliggjande organ I statistikken for underliggjande organ er prosenttala rekna som vanleg (aritmetisk) gjennomsnitt. I 21 var det ni færre underliggjande organ som leverte rapport til Språkrådet enn i 214. Jamstillinga hjå underliggjande organ er om lag den same som i 214. Nettsider I gjennomsnitt nytta ein statleg nettstad 14,8 % nynorsk i 21. Det har vore jamn framgang i denne kategorien dei siste åra, men det har gått litt attende etter 214. Nettsider er den mest usikre kategorien å måle veksling i. Målemetoden Språkrådet nyttar, eit Google-søk på ordpar, har veikskapar. Dessutan har mange statsorgan store nettstader der mykje av stoffet er lite relevant eller gammalt. Statistikken seier heller ikkje noko om vekslinga i det mest lesne tilfanget på nettstaden, noko som er viktig for den reelle jamstillinga. Ein kan altså ikkje slå heilt fast korleis stoda er, på grunnlag av denne statistikken aleine, men han er likevel ein nyttig indikasjon. 16 1 14 13 12 Nettsider 14,7 1,2 14,8 13,6 Figur 1 Nynorskdel på statlege nettsider, i prosent Korte tekstar (1 1 sider) og lengre tekstar (over 1 sider) Rapporteringsskjemaet skil mellom kategoriane «korte tekstar 1 1 sider» og «tekstar over 1 sider». Begge kategoriane inneheld ein god del sentrale publikasjonar av ulik lengd, til dømes stillingsannonsar i den eine kategorien og årsrapportar i den andre. Ein del statsorgan oppfyller krava i desse kategoriane. Tala våre tyder på at bruken av nynorsk har gått noko ned i kategorien for korte tekstar. Her ligg gjennomsnittleg bruk av nynorsk på 19,1 %, mot 21, % i 214. Også i kategorien for lengre tekstar ser vi nedgang, til 2,1 % i 21 frå 21,8 % i 214. 4

4 3 2 1 Korte og lengre tekstar 4 47 42 36 37 3 32 32 Korte tekstar 1 1 sider Tekstar over 1 sider Figur 2 Talet på statsorgan som oppfylte krava i mållova i korte tekstar (1 1 sider) og lengre tekstar (over 1 sider) Sosiale medium I gjennomsnitt publiserte statsorgana 14,7 % av meldingane sine på nynorsk i sosiale medium i 21. Talet har auka fleire år på rad. Meldingar og nyheiter i sosiale medium når ut til eit breitt publikum. Det er difor særleg viktig for måljamstillinga at vekslinga i denne kategorien er jamn. Tekstane er korte, så terskelen bør vere låg for å skrive på nynorsk, også for statstilsette som kjenner seg utrygge på målforma. Språkrådet har tidlegare sett at mange statsorgan ikkje har vore klare over at mållova også gjeld for sosiale medium, men med tida aukar kjennskapen til regelverket. Alt tyder på at den positive utviklinga vi ser i kategorien, er reell. 2 1 1 Sosiale medium 12 13, 14,7 213 214 21 Figur 3 Nynorsk i sosiale medium, i prosent Skjema 266 av 3124 innrapporterte skjema låg føre i begge målformene i 21. Dei fleste av skjemaa som ikkje gjorde det, mangla på nynorsk. Talet på innrapporterte skjema varierer mykje frå år til år, og det er truleg ein del feilrapportering. Dei store svingingane i denne kategorien må sjåast i lys av dette.

8 7 7 6 6 Skjema 76 68 66 64 Figur 4 Skjema som ligg føre i begge målformene, i prosent Førespurnader om moglege brot på mållova Talet på førespurnader om moglege brot på mållova har gått gradvis nedover dei siste åra, men i 21 var talet høgare enn dei to åra før. Av dei 63 førespurnadene Språkrådet mottok i 21, galdt 2 eksamen i feil målform. Språkrådet har god grunn til å tru at dei aller fleste brot på mållova aldri blir melde inn, så talet på førespurnader speglar ikkje talet på brot direkte. Ein av grunnane til auken er truleg betre informasjon på Språkrådets nye nettsider om korleis ein går fram når ein meiner å oppdage mållovsbrot. 8 6 4 2 Førespurnader om moglege brot på mållova 76 4 43 63 Figur Talet på førespurnader om moglege brot på mållova Resultat frå departementa Det er Kulturdepartementet som tidlegare har ført statistikken for departementa. Dei har berre målt vekslinga mellom nynorsk og bokmål i dokumentkategoriar. Dette er andre gongen Språkrådet behandlar rapportane til departementa og fyrste gongen vi inkluderer målbruken i sosiale medium. Nettsider er ikkje med i statistikken. Statistikken for departementa viser prosenten som vege snitt. 6

Dokument under 1 sider Nynorskbruken i dokument på under 1 sider har gått gradvis ned dei siste åra, med eit lågpunkt i 214, men ser no ut til å vere på veg opp mot vekslingskravet igjen. Dokument under 1 sider 3 2 2 1 1 24,7 2,2 2,1 1,1 Figur 6 Nynorsk i dokument under 1 sider hjå departementa, i prosent Dokument over 1 sider Dokument over 1 sider 2 1 1 9,1 1,9 1,8 Figur 7 Nynorsk i dokument over 1 sider hjå departementa, i prosent Statistikken viser ein kraftig auke i bruken av nynorsk i dokument på over 1 sider. Mykje av auken skriv seg frå teksttilfang knytt til kommunevalet i 21. 7

Stortingsdokument Stortingsdokument 3 2 2 1 1 26,3 23,3 23,1 19,9 Figur 8 Nynorsk i stortingsdokument, i prosent Stortingsdokument, som omfattar proposisjonar og stortingsmeldingar, er den kategorien der departementa samla sett har pleidd å ha den jamnaste vekslinga. Sett under eitt har departementa vore nær ved å oppfylle krava i mållova dei siste åra, og i 212 nådde dei målet om meir enn 2 % nynorsk. Talet for 21 er på under 2 %.. Vi ventar at departementa ser på rutinane sine slik at tala for 216 kjem opp mot målet på 2 % att. Sosiale medium Departementa rapporterer om berre 4 % nynorsk i sosiale medium i 21. Det er fyrste året vi ber om informasjon i denne kategorien. Vi har difor ikkje tal å samanlikne med. Dei aller fleste departementa nyttar både Facebook og Twitter, og bokmål er nesten einerådande. Mange nyttar dessutan heller engelsk enn nynorsk. Departementa har ein lang veg å gå før krava i mållova blir oppfylte. Vi håpar å sjå framgang i tida som kjem. Tiltak i 21 Nynorskkurs Det er godt driv i Språkrådets kursarbeid: Det vart halde 11 nynorskkurs i 21. Etterspurnaden var stor, og tilbakemeldingane var jamt over svært gode. Regjeringa.no Ein ny versjon av departementa sin nettstad regjeringa.no vart lansert rett før årsskiftet 214/21. Nettstaden vart kritisert for å ha for lite nynorsk både i faste tekstar og i 8

nyheitssaker. Språkrådet tok difor initiativ til ein dialog med DSS (Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa) om korleis målvekslinga kunne bli betre. Dette førte til eit konstruktivt samarbeid med DSS, Kulturdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Statsministerens kontor som resulterte i at nynorsk gradvis vart meir synleg på nettstaden. Språkrådet inviterte nettredaktørane og kommunikasjonssjefane i alle departementa til eit møte om arbeidet med målveksling på nettstaden. Målet var å få innsikt i kva utfordringar departementa har i arbeidet med målveksling, slik at Språkrådet på best mogleg måte kan gi råd og rettleiing. Språkrådet fylgjer no opp desse spørsmåla i tilsynsdialogen med departementa. 9