Dato: 13.05.2016 Arkiv: 212 Kontrollutvalet i Sande SAK 18/15 KOMMUNEREKNESKAPEN MED ÅRSMELDING 2015 Vedlegg: - Revisjonsmelding 2015. Datert 22.04.2016. - Rekneskap 2015. Utsendt frå kommuneadministrasjonen til nettbrett. - Årsmelding 2015. Utsendt frå kommuneadministrasjonen til nettbrett. Saksopplysningar Det vert vist til dei vedlagde dokumenta: Revisjonsmelding, rekneskap og årsmelding for 2015. Driftsrekneskapen viser kr 160.988.193 til fordeling drift. Det kjem fram at rekneskapen av avslutta med eit rekneskapsmessig meirforbruk på kr 3.353.164. Revisjonsmeldinga Revisjonsmeldinga er eit viktig dokument for kontrollutvalet i samband med uttalen til rekneskapen. Utale om årsrekneskapen Rådmannen sitt ansvar for årsrekneskapen: o Å utarbeide rekneskap i samsvar med lov, forskrift og god kommunal rekneskapsskikk. o Nødvendig intern kontroll for at rekneskapen ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon korkje av misleghald eller annan feil. Revisor sine oppgåver og plikter: o Skal uttale seg om årsrekneskapen på grunnlag av den revisjonen som er gjennomført. o Rekneskapen er revidert i samsvar med god kommunal revisjonsskikk i Noreg, i dette International Standards on Auditing, som bl.a. krev at han lever opp til etiske krav samt planlegg og gjennomfører revisjonen for å sikre seg at den ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon. o For meir informasjon viser sjå punktet Revisors oppgåver og plikter i revisjonsmeldinga. Konklusjon: o Etter revisor si meining er årsrekneskapen, med unntak av at pensjonskostnad som viser eit avvik (rekneskapsteknisk anordning av betalte pensjonskostnader og inga reell fordring), er gitt i samsvar med lov og forskrift og gir i det alt vesentlege ei dekkande framstilling av den finansielle stillinga til kommunen pr 31.12.2015, og av resultat for rekneskapsåret per denne datoen som er i samsvar med lov, forskrift og god kommunal rekneskapsskikk.
Uttale om andre forhold Konklusjon om budsjett: o Regulert budsjettet i rekneskapen er i samsvar med budsjettvedtak. Beløpa i årsrekneskapen viser avvik i høve til regulert budsjett. Det er forklaring i årsmeldinga. Konklusjon om årsmelding: o Opplysningane i årsmeldinga om årsrekneskapen er konsistente med årsrekneskapen og dei er i samsvar med lov og forskrifter. Revisor har ikkje vurdert økonomiske opplysningar å detaljnivå, då dei har ei anna inndeling enn rekneskapen. Konklusjon om registrering og dokumentasjon: o Leiinga har oppfylt si plikt til å sørgje for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av kommunen sine rekneskapsopplysningar i samsvar med lov og god kommunal bokføringsskikk i Noreg Økonomisk og annan informasjon Her vert det vist til rekneskapen og årsmeldinga for 2015, som fylgjer som vedlegg. For rekneskapen viser vi til oversiktene for: Økonomisk oversikt Drift (Rekneskap regulert budsjett oppr. budsjett og rekneskap 2014) Økonomisk oversikt Investering (Samla ikkje kvart prosjekt, sjå då skjema 2B) Anskaffelse og anvendelse av midler Avsetningar og bruk av avsetningar Skjema 1A og 1B Driftsrekneskapet fordelt på område og netto driftsutg. fordelt på område Rekneskapsskjema 2A Investeringsregneskapet Rekneskapsskjema 2B Investeringsrekneskapet fordelt på dei ulike investeringsobjekta Balanserekneskapet Spesifikasjon fond notar til balansen Kapitalkonto Lånegarantiar Detaljar for investeringsrekneskapen Detaljar for drift Detaljar for balanse Notar (viktig å lese, gir god informasjon For årsmeldinga del 1 viser vi til: Rådmannen sine kommentarar frå side 2 som har lite tilbakeblikk. Fakta 5 Organisasjon, side 6 Økonomisk driftsresultat, side 7 Netto driftsresultat, side 8 Disposisjonsfond, side 9 Lånegjeld, side 10 Driftsoversikt 2015, side 10 og 11 Sektorvis fordeling, side 12 16 Personal/HMS-arbeid, side 17-22
Politisk styring frå side 18. Frå side 22 er det oversikt over saker som kommunestyret har behandla og status for oppfølginga. I årsmelding del 11 finn ei fleire detaljar for dei ulike einingane. Oppsummering Viser til saka og vedlagde dokument. Ein bør merke seg at revisor har gjort merksam på at beløpa i årsrekneskapen viser avvik i høve til regulert budsjett. Dette var tilfelle også for 2014 rekneskapen og gjort merksam på uttalen då. Forslag til uttale 1. Kontrollutvalet viser til revisjonsmelding for 2015 datert 22. april 2016. 2. Kontrollutvalet meiner at årsrekneskapen for Sande kommune for rekneskapsåret 2015, som består av balanse pr. 31.12.2015, driftsrekneskap som viser kr 160.988.193 til fordeling drift og eit rekneskapsmessig meirforbruk på kr 3.353.164, investeringsrekneskap og økonomiske oversikter for rekneskapsåret avslutta pr. 31.12.2015, og ein beskrivelse av vesentlege anvendte rekneskapsprinsipp og andre noteopplysningar, kan godkjennast. 3. Kontrollutvalet gjer merksam på at årsrekneskapen viser avvik i høve til regulert budsjett. Jostein Støylen Dagleg leiar
SØRE SUNNMØRE KOMMUNEREVISJON IKS Til kommunestyret i Sande 6084 LARSNES REVISJONSMELDING 2OI5 Uttalelse om årsrekneskapen Vi har revidert årsrekneskapen for Sande kommune, som består av balanse pr 31.desember 2015, driftsrekneskap som viser kr. 160.988.193,- til fordeling drift og eit rekneskapsmessig meirforbuk på kr. 3.353.164,-, investeringsrekneskap og økonomiske oversikter for rekneskapsåret avslutta pr denne datoen, og ein beskrivelse av vesentlege anvendte rekneskapsprinsipp og andre noteopplysningar. Rådmannen sitt ansvar for årsrekneskapen Rådmannen er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen i samsvar med lov, forskrift og god kommunal regnskapsskikk. Rådmannen har og ansvar for intern kontroll som gjer det muleg å utarbeide eit årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av mislegheiter eller feil. Revisor sine oppgaver og plikter Vår oppgave er å gi ein uttale om årsrekneskapen på bakgrunn av vår revisjon. Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med lov, forskrift og god kommunal revisjonsskikk i Norge, herunder International Standards on Auditing. Revisjonsstandardane krev at vi etterlever etiske krav og planlegg og gjennomfører revisjonen for å oppnå betryggande sikkerheit for at årsrekneskapen ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon. Revisjon inneberer utførelse av handlingar for å innhente revisjonsbevis for beløp og opplysningar i årsrekneskapen. Dei valgte handlingane avheng av revisor sitt skjønn, herunder vurdering av risikoane for at årsrekneskapen inneheld vesentleg feilinformasjon, enten det har si årsak i mislegheiter eller feil. Ved ein slik risikowrdering tek revisor omsyn til den interne kontrollen som er relevant for kommunen sin utarbeidelse av eit årsrekneskap som gir ei dekkande framstilling. Formålet er å utforme revisjonshandlingar som er hensiktsmessige etter omstenda, men ikkje for å gi uttrykk for ei meining om effektiviteten av selskapet sin interne kontroll. Revisjonen omfattar og ei vurdering av om dei nytta rekneskapsprinsippa er hensiktsmessige. og om rekneskapsestimata som er utarbeida av leiinga er rimelege, samt ei vurdering av den samla presentasjonen av årsrekneskapen. Etter vår oppfatning er innhenta revisjonsbevis tilstrekkeleg og hensiktsmessig som grunnlag for vår konklusjon. Balanse og note til årsrekneskapen vedkomande pensjonskostnad viser eit premieavvik. Dette er ei rekneskapsteknisk anordning av betalte pensjonskostnader og inga reell fordring. Revisjon Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta
SØRE SUNNMØRE KOMMUNEREVISJON IKS Konklusjon Etter vår meining er årsrekneskapen, med unntak av det som er nemnd ovanfor, avgitt i samsvar med lov og forskrifter og gir i det alt vesentlege ei dekkande framstilling av den finansielle stillinga til Sande kommune pr 31. desember 2015, og av resultatet for rekneskapsåret pr. denne dato som er i samsvar med lov, forskrift og god kommunal rekneskapsskikk. Uttalelsar om andre forhold Konklusjon om budsjett Basert på vår revisjon av rekneskapen som beskreve ovanfor meiner vi at regulert budsjett i rekneskapen er i samsvar med budsjettvedtak. Beløpa i årsrekneskapen viser avvik i forhold til regulert budsjett. Viser til forklaring i årsmelding. Konklusjon om årsmelding Basert på vår revisjon av årsrekneskapen som beskreve ovanfor, meiner vi at opplysningane i årsmeldinga om årsrekneskapen er konsistente med årsrekneskapen og er i samsvar med lov og forskrift. Økonomiske opplysningar på detaljnivå er ikkje vurderte, då dei har ei anna inndeling enn rekneskapen. Konklusjon om registrering og dokumentasjon Basert på vår revisjon av årsregnskapet som beskreve ovanfor og kontrollhandlingar vi har funne naudsynte i hht attestasjonsstandard ISAE 3000, meiner vi leiinga har oppfylt plikta si til å sørgje for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av Sande kommune sine rekneskapsopplysningar i samsvar med lov og god bokføringsskikk i Norge. Larsnes 22. april2016 Halldis Moltu Reg. revisor Revisjon Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta