Sogndal kommune Postboks 153 6851 SOGNDAL Dykkar ref Vår ref Dato 15/2189-2 10.07.2015 Statsbudsjettet 2015 Kap. 552, post 72 Tilsegn om tilskot på inntil kr 420 000 til utviklingsprosjekt for LLS (Leikanger, Luster og Sogndal) for arbeid i 2015 og planlagt samla tilskot for heile prosjektperioden Tilsegnsnr.: 502284 Vi syner til utlysning av midlar til utviklingsprogrammet for byregionar, fase 2 og til søknad frå Sogn Næring AS på vegne av Sogndal kommune, datert 4. mai 2015. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) planlegg å tildele til saman kr.1 740 000.- for perioden 2015 2017, fordelt på dei tre åra på følgjande måte: 2015 2016 2017 SUM Tilskot 420 000 835 000 485 000 1 740 000 KMD gjev gjennom dette brevet tilsegn om tilskot på inntil kr.420 000,- for arbeid som skal gjerast i 2015. KMD er avhengig av vedtak i Stortinget av statsbudsjetta for 2016 og 2017 for å kunne gje endelege tilsegn for desse åra. KMD har lagt vekt på å få med flest mogleg regionar i fase 2. Den planlagde løyvinga for heile perioden er lågare enn det beløp regionen har søkt om. Dette har ført til noko reduksjon i tilskotsdelen i høve til søknaden frå regionen. 1. Målet med tilskotet i fase 2 i utviklingsprogrammet for byregionar Postadresse Kontoradresse Telefon* Regionalpolitisk avdeling Sakshandsamar Postboks 8112 Dep Akersg. 59 22 24 90 90 Eli Nygaard NO-0032 Oslo Org no. 22247048 postmottak@kmd.dep.no http://www.kmd.dep.no/ 972 417 858
Målet med tilskotet i fase 2 er å gje støtte til gjennomføring av nødvendige prosessar, etablering av nettverksarenaer, delta i nettverkssamarbeid i byregionprogrammet, innhenting av kunnskap, for å utvikle strategiar og tiltak som kan medverke til å fremje økonomisk vekst i regionen basert på samspelet mellom byen og omlandet. Regionens mål er å få til auka utbytte av samhandling mellom næringslivet og kommunane, utnytte tilflyttingspotensialet og næringspotensialet til friluftsliv og aktivitetsbassert reiseliv, kople kompetansemiljøane i kommunane til innovasjon og nyskaping. 2. Kostnader som vert støtta og kostnadsoverslag Departementet gjev støtte til dokumenterte kostnader i samband med: - Gjennomføring av prosessar i byregionen som skal leie til utarbeiding av strategiar og tiltak innanfor det tema/samfunnsområde regionen har prioritert - Deltaking i nettverk i regi av Kompetansesenter for distriktsutvikling. - Innhenting av kunnskap med utgangspunkt i tema byregionen skal utvikle strategiar og tiltak for programperioden. Dokumenterte kostnader kan være prosjektleiing, utgreiingsarbeid i kommunane eller kjøp av utgreiingar, arrangere møter, reise- og opphaldskostnader og tapt arbeidsforteneste for private deltakarar. KMD har, på bakgrunn av det det som er nemnd ovanfor, tatt ut følgjande kostnader frå kostnadsoverslaget i søknaden: - Timebruk i samband med deltaking på ulike møter, samlingar og liknande, kaldt "eigeninnsats" i søknaden. Ut frå det som er nemnd ovanfor, er dette ikkje kostnader som kan takast med tilskotsgrunnlaget, med mindre dette er møter som er utanom arbeidstid. Denne posten er difor redusert. KMD har derfor anslått at dei kostnadene departementet nyttar som grunnlag for å gje støtte til byregionen utgjer kr. 3 900 000 for heile perioden. KMD har ut frå dette sett opp følgjande justerte kostnadsoverslag som tilskotsgrunnlaget for prosjektperioden 2015 2017: Kostnader 2015 2016 2017 Administrative kostnadar kr. 10 000 kr. 30 000 kr. 10 000 Eigen førebuing til møter og liknande. kr. 300 000 kr. 300 000 kr. 300 000 Innleigde tenester kr. 200 000 kr. 210 000 kr. 170 000 Møte- og reisekostnader kr. 190 000 kr. 390 000 kr. 190 000 Prosjektadministrasjon kr. 335 000 kr. 800 000 kr. 465 000 Sum kr. 1 035 000 kr. 1 730 000 kr. 1 135 000 Regionen kan oppretthalde planlagd aktivitet gjennom annan finansiering, sjølv om tilskotet frå KMD er mindre enn planlagt. Regionen kan også vurdere omfanget av prosjektet i lys av storleiken på tilskotet, og eventuelt utarbeide eit nytt budsjett. KMD sin del av budsjettet må i så fall ikkje overskride 50% av kostnader departementet gjev støtte til. Eit eventuelt nytt budsjett må sendast inn saman med stadfesting om at byregionen tek i mot tilskotet på dei vilkår som er gjeve i dette brevet. 3. For tilskotet gjeld følgjande vilkår: 1. Sogndal kommune må innan 1. september 2015 gje skriftleg tilbakemelding til departementet om det framleis er aktuelt å gjennomføre prosjektet og at vilkåra for Side 2
tilskotet vert aksepterte. I brevet skal tilskotsmottakar også gi opplysningar om kva for kommune tilskotet skal bli utbetalt til, samt organisasjonsnummer og kontonummer til denne kommunen. 2. Prosjektet må ikkje bli redusert på ein måte som gjer at tilskotet frå departementet går over 50 % av kostnadene departementet gjev tilskot til. Eventuelle større endringar i høve til det som låg til grunn for tilskotet skal leggjast fram for departementet til godkjenning. 3. Evt. innkjøp av FoU eller andre tenester skal følgje reglane om offentlege innkjøp. 4. Departementet føreset at dei oppførte kostnadene dekker reise- og opphaldsutgifter for deltaking i nasjonale nettverk mellom byregionane i regi av KMD og Kompetansesenteret for distriktsutvikling (KDU). 5. Arbeid basert på bruk av tilskotet for 2015 (år 1) må vere satt i gang innan 1. desember 2015. Tilsegn om tilskotet gjeve i 2015 vil gjelda ut 2017. Departementet vil ikkje utbetale midlar frå tilskot for 2015 etter det. 6. Årlege framdriftsrapportar skal vere sendt departementet innan 15. februar 2016 og 15. februar 2017. Dersom desse ikkje ligg føre, vil departementet ikkje gje tilsegn for komande år i fase 2. Den årlege framdriftsrapporten skal synleggjere på eit overordna nivå dei aktivitetane som er satt i gang eller gjennomført, ev. milepelar/delmål som er nådd. Den årlege rapporten sendast inn via www.regionalforvaltning.no. 7. Tilskotsmottakar skal føre spesifisert rekneskap for arbeidet. Rekneskapet skal settast opp slik at utgiftene kan samanliknast med kostnadsoverslaget som ligg til grunn for tilskotet. Dersom arbeidet ikkje blir utført i omfang som føresett eller til oppgjevne kostnader, vert tilskotet redusert tilsvarande. Dette vil bli endeleg kontrollert ved innsending av sluttrapport og revidert rekneskap. Dersom tilskotet ikkje vert nytta etter føresetnaden, kan departementet krevje tilskotet tilbakebetalt. Rekneskapsmaterialet skal oppbevarast i 10 år. 8. I samsvar med Bevilgningsreglementet sin 10 og med Lov om Riksrevisjonen 12 kan Riksrevisjonen, Kommunal- og moderniseringsdepartementet eller den departementet gjev mynde krevje informasjon frå mottakar av tilskotet og setje i verk kontroll med at midlane er nytta etter føresetnadene. Mottakar av tilskotet pliktar å gje dei opplysningane som vert forlanga av Riksrevisjonen, departementet eller andre departementet har delegert kontrollmynde til. 4. Innhald i sluttrapportering for heile fase 2 Mottakar skal utarbeide ein sluttrapport for heile fase 2, som skal sendast innan 30. september 2018. Denne skal innehalde følgande punkter: 1. Kva som er gjennomført av større arbeid i prosjektperioden 2. Resultata av arbeidet samt ein vurdering av om målet som vart satt i søknaden for prosjektet er nådd. Det må leggast med dokumentasjon av dette. 3. Ei vurdering av nytten av å delta i Byregionprogrammet. 4. Revidert rekneskap for heile prosjektperioden. Side 3
I tillegg ber vi byregionen svare på eventuelle evalueringsspørsmål frå departementet eller FoU-miljø. Departementet kan også kome tilbake i tilskottsbrevet for 2017 med suppleringar til kravet om sluttraportering. 5. Utbetaling av tilskotet gjeve for 2015 (år 1) Tilskotet skal blir utbetalt på etterskot. Departementet kan gjere ei delutbetaling av tilskotet, tilsvarande den prosentdelen av tilskotsgrunnlaget som til ein kvar tid er gått med. Ynske om delutbetaling må bli sett opp slik at kostnader som er gått med kan samanliknast med tilskotsgrunnlaget, jf. side 2 i dette brevet. Søknad om delutbetaling skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no, eller i form av brev. Sluttutbetaling av tilskotet gjeve i dei ulike åra (minimum 25 % av tilskotet) kan først utbetalast når arbeidet er gjennomført, og framdriftsrapport og oppdatert rekneskap for tilskotet siste år er sendt inn. Departementet treng ikkje å få tilsendt årleg revidert rekneskap, men vil syne til kravet om revidert rekneskap i samband med siste ynske om utbetaling for fase 2 (frist 30. september 2018. All kontakt om saka skal syne til saksnummer og tilsegnsnummer, jf side 1 i dette tilskotsbrevet. 6. Oppstartkonferanse KMD vil, i samarbeid med KDU, arrangere ein oppstartkonferanse for regionane som deltar i fase 2. Den vil finne stad i Oslo 24. september 2015. Invitasjon og utkast til program er lagt ved dette brevet. Vær merksam på at dette er invitasjonen. Informasjon om påmelding vil bli send ut frå KDU. Vi ynskjer lykke til med arbeidet! Med helsing Gerd Slinning (e.f.) avdelingsdirektør Eli Nygaard seniorrådgjevar Dette dokumentet er elektronisk godkjent og blir sendt utan signatur Kopi til: Riksrevisjonen Postboks 8130 Dep 0032 OSLO Riksrevisjonen Postboks 8130 Dep 0032 OSLO Sogn og Fjordane fylkeskommune Fylkeshuset, Askedalen 2 6863 LEIKANGER Side 4
Riksrevisjonen Postboks 8130 Dep 0032 OSLO Distriktssenteret Ogndalsvegen 2 7713 STEINKJER Side 5