ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Levekårsutvalet Møtestad: Ørstafjord, Rådhuset Dato: 05.03.2014 Møtet starta 14:00 Møtet slutta 16:45 Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Sven Castberg Leiar H Per Are Sørheim Medlem H Elsa Bergmann Medlem FRP Kjellfrid Hovdenakk Medlem AP Tove Halse Digernes Medlem SP Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Odd Magne Vinjevoll Medlem FRP Marit Steinnes Nestleiar KRF Inger Sandvik Sundnes Medlem H Hermod Halse Medlem AP Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Oddvar Åm Marit Steinnes FRP Per Ole Røed Inger Sandvik Sundnes V Ingen varamedlem kunne møte for Odd Magne Vinjevoll og Hermod Halse. Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Wenche Solheim Rådmann Inger Johanne E. Løeng Politisk sekretariat, førte protokollen Inger Liadal Seksjonsleiar omsorg og rehabilitering, orienterte Ingvild Endal Folkehelsekoordinator, orienterte Monica Gustavsen Ergoterapeut og teamleiar kvardagsrehabilitering, orienterte Arne Gotteberg, Kommuneoverlege, sak 10, 11 og 12 Knut Åmås Seksjonsleiar helse og velferd, referatsak 20/14 Per Ole Røed og Elsa Bergmann vart valde til å skrive under protokollen saman med leiar.
Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 8/14 PS 9/14 Godkjenning av innkalling og sakliste Referat og meldingar RS 12/14 Vedtak - Retningsline for merking og skilting av turruter i friluftsområde 2014/124 RS 13/14 Melding om merknad i protokollen frå råd for likestilling av funksjonshemma sitt møte 27.01.14, sak RS 4/14: Ørsta for likestillingsrefs 2014/14 RS 14/14 Protokoll - Ungdomsrådet 4.2.2014 2014/166 RS 15/14 Forvaltning og vidareutvikling av LOS 2014/395 RS 16/14 Interkommunalt barnevern for Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta 2014/166 RS 17/14 RS 18/14 Høringsbrev - Forslag til endringer i forskrift 2011-12-16-1349 om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester Oversending Årsmelding 2013 for syns- og audiopedagogtenesta i Møre og Romsdal 2014/166 2014/166 RS 19/14 Ørsta kommune - Tildeling av midler til universell utforming i 2014 2014/5 RS 20/14 RS 21/14 PS 10/14 PS 11/14 PS 12/14 LPP Søre Sunnmøre, oppmoding til RFF om å bidra til oppretting av brukarog pårørandeutval Regional delplan for kulturminne og regional og nasjonal verdi til høyring og offentleg ettersyn Revisjon av samarbeidsavtalar mellom Ørsta kommune og Helse Møre og Romsdal HF - godkjenning Høyringsforslag om endring i helse og omsorgstenestelova om reservasjonsrett for fastlegar Legevaktsentral Volda sjukehus - godkjenning av ny avtale mellom Ørsta kommune og Helse Møre og Romsdal HF, Volda sjukehus om legevaktsentral og nødnett helse 2014/14 2014/638 2014/434 2014/602 2014/435 Før møtet var sett: Tema i møtet: Helse- og omsorgstenestene i Ørsta kommune Ca kl. 14:15 Seksjonsleiar omsorg og rehabilitering, Inger Liadal orienterte om avdelingane på Ørstaheimen, bukollektiv på Vartdal Helsetun og heimetenestene. Folkehelsekoordinator Ingvild Endal orienterte om Besøk til eldre over 75 år. Levekårsutvalet fekk utdelt eit hefte som skal nyttast ved besøk. Ergoterapeut og teamleiar kvardagsrehabilitering Monica Gustavsen orienterte om Kvardagsrehabilitering. Levekårsutvalet fekk høve til å stille spørsmål langs med orienteringane, dei som orienterte svarte på spørsmåla. Leiar sette møtet ca kl. 15:55
PS 8/14 Godkjenning av innkalling og sakliste Innkallinga vart godkjent utan merknad Tove Halse Digernes(SP) stilte spørsmål om kva skjer vedk. Bustadar for unge med funksjonshemming? Rådmannen vil svare på spørsmålet på neste møte. Saklista vart godkjent med ovannemnde spørsmål. Tema neste møte: Psykisk helse.
PS 9/14 Referat og meldingar Orientering i referatsak 12/14 og 20/14. Lagt fram i møtet: skriv frå råd for likestilling av funksjonshemma, til referatsak 17/14 og 20/14 Referat og meldingar vart tekne til vitande m/ovannemnde. RS 12/14 Vedtak - Retningsline for merking og skilting av turruter i friluftsområde - Folkehelsekoordinator Ingvild Endal svarte på spørsmål frå levekårsutvalet. RS 13/14 Melding om merknad i protokollen frå råd for likestilling av funksjonshemma sitt møte 27.01.14, sak RS 4/14: Ørsta for likestillingsrefs RS 14/14 Protokoll - Ungdomsrådet 4.2.2014 RS 15/14 Forvaltning og vidareutvikling av LOS RS 16/14 Interkommunalt barnevern for Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta RS 17/14 Høringsbrev - Forslag til endringer i forskrift 2011-12-16-1349 om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester - Delt ut i møtet: Melding om merknad i protokollen frå møte i råd for likestilling av funksjonshemma 03.03.2014, til referatsak 14/14: Høringsbrev Forslag til endringer i forskrift 2011-12-15-1349 om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester. RS 18/14 Oversending Årsmelding 2013 for syns- og audiopedagogtenesta i Møre og Romsdal RS 19/14 Ørsta kommune - Tildeling av midler til universell utforming i 2014 RS 20/14 LPP Søre Sunnmøre, oppmoding til RFF om å bidra til oppretting av brukar-og pårørandeutval - Delt ut i møtet: Melding om merknad i protokollen frå møte i råd for likestilling av funksjonshemma 03.03.2014, til referatsak 11/14: LLP Søre Sunnmøte, oppmoding til RFF om å bidra til oppretting av brukar- og pårørandeutval ved Viketunet - Knut Åmås, seksjonsleiar helse og velferd orienterte. Levekårsutvalet var samde om følgjande: Tema neste møte: Psykisk helse Invitere representantar frå organisasjonen LLP Søre Sunnmøre, frå Viketunet m.m. RS 21/14 Regional delplan for kulturminne og regional og nasjonal verdi til høyring og offentleg ettersyn
PS 10/14 Revisjon av samarbeidsavtalar mellom Ørsta kommune og Helse Møre og Romsdal HF - godkjenning TILRÅDING TIL FORMANNSKAPET: 1. Ørsta kommunestyre godkjenner dei foreslåtte endringane i Samarbeidsavtalen mellom Ørsta kommune og Helse Møre og Romsdal HF, slik dei ligg føre etter reforhandlingar hausten 2013, med unntak av vedlegg 12. 2. Ørsta kommunestyre tek til vitande at Samhandlingsstruktur i Møre og Romsdal mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal HF (vedlegg 12) enno ikkje har funne ei god form. Formannskapet støtter ein prosess for total gjennomgang av samhandlingsstrukturen i 2014. Vedlegg 12 oppretthaldast uendra inntil revisjonen er gjennomførd. 3. Ørsta kommunestyre gir formannskapet fullmakt til å godkjenne seinare revisjonar av avtalane og endringar av vedlegg så lenge endringane ikkje har vesentleg og prinsipiell betyding. Endringar av administrativ karakter blir delegert til rådmannen. Kommuneoverlege Arne Gotteberg orienterte Levekårsutvalet vedtok med 7 mot 0 å leggje saka fram for formannskapet i samsvar med rådmannen si tilråding. TILRÅDING TIL VEDTAK: 1. Ørsta kommunestyre godkjenner dei foreslåtte endringane i Samarbeidsavtalen mellom Ørsta kommune og Helse Møre og Romsdal HF, slik dei ligg føre etter reforhandlingar hausten 2013, med unntak av vedlegg 12. 2. Ørsta kommunestyre tek til vitande at Samhandlingsstruktur i Møre og Romsdal mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal HF (vedlegg 12) enno ikkje har funne ei god form. Formannskapet støtter ein prosess for total gjennomgang av samhandlingsstrukturen i 2014. Vedlegg 12 oppretthaldast uendra inntil revisjonen er gjennomførd. 3. Ørsta kommunestyre gir formannskapet fullmakt til å godkjenne seinare revisjonar av avtalane og endringar av vedlegg så lenge endringane ikkje har vesentleg og prinsipiell betyding. Endringar av administrativ karakter blir delegert til rådmannen.
PS 11/14 Høyringsforslag om endring i helse og omsorgstenestelova om reservasjonsrett for fastlegar TILRÅDING TIL FORMANNSKAPET: 1. Ørsta kommunestyret ønskjer ikkje å innføre ei reservasjonsrettordning for fastlegar i Ørsta kommune 2. Dersom ei slik reservasjonsrettordning likevel vert innført bør det vere ei nasjonal ordning, felles for heile landet. Kommunestyret ønskjer ikkje ei kommunal reservasjonsordning. 3. Eventuell reservasjonsrett for tilvising til abort må utformast og praktiserast slik at kvinnenes tilgang til sjølvbestemt abort ikkje på nokon måte blir hindra. 4. Dersom reservasjonsrett blir lovfesta, må kommunane få informasjon om legen sin reservasjonsstatus ved tilsetting og ha rimeleg høve til å ta omsyn til dette for å kvalitetssikre ei tilstrekkeleg og ballansert fastlegeordning 5. Når saka om reservasjonsrett no har kome opp politisk og også har fått eit utvida innhald ut over tilvising til abort, må lovforslaget gjennom ei etisk og prinsipiell vurdering, der synspunkt vil vere forskjellige. Ørsta kommunestyre finn det uheldig at spørsmålet om eventuell framtidig legalisering og deltaking i aktiv dødshjelp er bygd inn i same saka som gjeld reservasjonsrett mot tilvising til abort. Kommunestyret har forståing for at dette gjer saka vanskelegare og aksentuerar fleire samvitsspørsmål for mange legar. Kommuneoverlege Arne Gotteberg orienterte Per Are Sørheim(H) sitt framlegg til vedtak: 1. Ørsta kommunestyre ønskjer ikkje å innføre ei reservasjonsrettordning for fastlegar i Ørsta kommune 2. Dersom ei slik reservasjonsrettordning likevel vert innført bør det vere ei nasjonal ordning, felles for heile landet. Kommunestyret ønskjer ikkje ei kommunal reservasjonsordning. 3. Eventuell reservasjonsrett for tilvising til abort må utformast og praktiserast slik at kvinnenes tilgang til sjølvbestemt abort ikkje på nokon måte blir hindra. 4. Dersom reservasjonsrett blir lovfesta, må kommunane få informasjon om legen sin reservasjonsstatus ved tilsetting og ha rimeleg høve til å ta omsyn til dette for å kvalitetssikre ei tilstrekkeleg og ballansert fastlegeordning 5. Når saka om reservasjonsrett no har kome opp politisk og også har fått eit utvida innhald ut over tilvising til abort, må lovforslaget gjennom ei etisk og prinsipiell vurdering, der synspunkt vil vere forskjellige. Ørsta kommunestyre finn det uheldig at spørsmålet om
eventuell framtidig legalisering og deltaking i aktiv dødshjelp er bygd inn i same saka som gjeld reservasjonsrett mot tilvising til abort. Kommunestyret har forståing for at dette gjer saka vanskelegare og aksentuerar fleire samvitsspørsmål for mange legar. Ved alternativ røysting fekk Sørheim sitt framlegg 7 røyster Rådmannen si tilråding fekk 0 røyster og fall. Levekårsutvalet vedtok med 7 mot 0 å leggje saka fram for formannskapet i samsvar med Sørheim sitt framlegg. TILRÅDING TIL VEDTAK: 1. Ørsta kommunestyre meiner at tilvising og tilgang til abort til no har vore praktisert på ein fornuftig måte, der legar på kollegial basis har teke omsyn både til kvinnene og til dei kollegaer som vegrar seg. 2. Eventuell reservasjonsrett for tilvising til abort må utformast og praktiserast slik at kvinnenes tilgang til sjølvbestemt abort ikkje på nokon måte blir hindra. 3. Når saka om reservasjonsrett no har kome opp politisk og også har fått eit utvida innhald ut over tilvising til abort, må lovforslaget gjennom ei etisk og prinsipiell vurdering, der synspunkt vil vere forskjellige. Ørsta kommunestyre finn det uheldig at spørsmålet om eventuell framtidig legalisering og deltaking i aktiv dødshjelp er bygd inn i same saka som gjeld reservasjonsrett mot tilvising til abort. Kommunestyret har forståing for at dette gjer saka vanskelegare og aksentuerar fleire samvitsspørsmål for mange legar. 4. Ut frå ei samla vurdering av alle sider av denne saka, finn Ørsta kommunestyre det rimeleg at der skal bli opna høve til reservasjonsrett. Reservasjonsretten må være ei nasjonal ordning, felles for heile landet. Kommunestyret ønskjer ikkje ei kommunal reservasjonsordning. 5. Dersom reservasjonsrett blir lovfesta, må kommunane få informasjon om legen sin reservasjonsstatus ved tilsetting og ha rimeleg høve til å ta omsyn til dette for å kvalitetssikre ei tilstrekkeleg og ballansert fastlegeordning.
PS 12/14 Legevaktsentral Volda sjukehus - godkjenning av ny avtale mellom Ørsta kommune og Helse Møre og Romsdal HF, Volda sjukehus om legevaktsentral og nødnett helse TILRÅDING TIL FORMANNSKAPET: 1. Ørsta kommunestyre godkjenner ny avtale mellom Helse Møre og Romsdal HF, Volda sjukehus og Ørsta kommune, sluttforhandla i januar 2014, om drift av legevaktsentral og nødnett helse ved henvendelse på nasjonal legevaktnummer 116 117 2. Det er ein føresetnad for godkjenninga at likelydande vedtak blir gjort i dei øvrige 6 kommunane på Søre Sunnmøre. 3. Ørsta kommune sin del av investerings og implementeringskostnadane ved oppstart av ny LV-sentral blir å innarbeide ved budsjettrullering 2014. Kommuneoverlege Arne Gotteberg orienterte. Levekårsutvalet vedtok med 7 mot 0 å leggje saka fram for formannskapet i samsvar med rådmannen si tilråding. TILRÅDING TIL VEDTAK: 1. Ørsta kommunestyre godkjenner ny avtale mellom Helse Møre og Romsdal HF, Volda sjukehus og Ørsta kommune, sluttforhandla i januar 2014, om drift av legevaktsentral og nødnett helse ved henvendelse på nasjonal legevaktnummer 116 117 2. Det er ein føresetnad for godkjenninga at likelydande vedtak blir gjort i dei øvrige 6 kommunane på Søre Sunnmøre. 3. Ørsta kommune sin del av investerings og implementeringskostnadane ved oppstart av ny LV-sentral blir å innarbeide ved budsjettrullering 2014.