Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Årsmelding 2010
2 Innleiing Fylkesrådet for funksjonshemma i Hordaland vart etter vedtak i fylkesutvalet 26.02.98 oppretta som ei friviljug ordning frå 01.04.98. Frå 15.09.07 vart kommunar og fylkeskommunar ved lov av 17. juni 2005 pålagt å oppretta råd eller anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne. Fylkestinget vedtok under tingseta 16. oktober 2007 at fylkeskommunen skal ha eige råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Det vart også i same møte gjort vedtak om å endre namnet til Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Hordaland. Lova opna også for ein del endringar sett i høve til tidlegare veiledande retningsliner. Fylkestinget vedtok i sak 59/07 fylgjande reglement for rådet: gi fråsegn til forslag til økonomiplan og årsbudsjett gi fråsegn til fylkesplan og til fylkesdelplanar med verknad for menneske med nedsett funksjonsevne gi fråsegn til saker som fylkeskommunale organ legg fram for rådet ta del i arbeid med planprogram og konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova, som gjeld fylkeskommunal verksemd ta del i planprosessar vedkomande fylkeskommunale bygg (nybygg og ombygging) Rådet kan på eige initiativ ta opp saker som er relatert til fylkeskommunal verksemd. Rådet skal ikkje handsama saker som gjeld enkeltpersonar. Rådet skal kvart år leggja fram for fylkestinget melding om verksemda si, jfr. lova 8 jfr. 7. Funksjonstida for rådet er 4 år og fylgjer fylkestingsperioden. For valperioden 2007-2011 har rådet 7 medlemar - 3 politiske representantar frå dei tre hovedutvala samferdsle, kultur- og ressurs og opplærings- og helseutvalet. 4 representantar kjem frå organisasjonane for funksjonshemma der er representert med 3 og SAFO med 1 medlem. Medlemane i rådet har personlege varamedlemar. 2
3 For valperioden 2007-2011 har rådet slik samansetjing: Leiar: Anita Garlid Johannessen, Frp Nestleiar: Kjell Søvik, Faste medlemar: Frå fylkeskommunen: Anita Garlid Johannessen Cathrine Elisabeth Schjelderup Benthe Bondhus Frå organisasjonane: Kjell Søvik Olav Aag Anne-Britt H. Johannessen Harald Norheim Frp H Sp SAFO Varamedlemar: Frå fylkeskommunen: Ottar Tangen Ingebjørg Winjum Aud Karin Oen Frå organisasjonane: Elna Lappegård Britt Ervik Bruland Paul Magne Mariussen Tore Eugen Hansen Frp V SV SAFO Arbeidsutval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har valt å å videreføre ordninga med arbeidsutval for valperioden 2007-2011. Utvalet er samansett av leiar og nestleiar, og frå administrasjonen møter rådgjevar/møtesekretær. Arbeidsutvalet har sine møter mellom dei ordinære møta i rådet, etter ein fastsett møteplan. Budsjett Rådet sitt budsjett for 2010 var kr 375.000,- Innafor dette budsjettet har rådet gjennomført rådsmøter, arbeidsutvalsmøter og fellesmøter med kommunale og fylkeskommunale råd. Rådet sin økonomi gjer det mogeleg å arrangera samlingar og like eins høve til å kunne delta på eksterne konferansar og møter. Nettverkssamarbeid og informasjonsutveksling har ein svært positiv effekt og er ein viktig del av arbeidet i rådet. 3
4 Sekretariat Rådet har felles møtesekretariat /saksbehandlar med fylkeseldrerådet. Rådgjevaren er tilsett ved organisasjonsavdelinga/personalseksjonen i fylkeskommunen. Budsjett- og regnskapsansvar for rådet er lagt til økonomiavdelinga. MØTER OG SAKER I RÅDET Vanlege møter: Det vart i 2010 halde 6 ordinære møter 8. februar, 9. april, 24. august, 15.-16. september, 26.-27. oktober og 2. desember. På dei ordinære møta har rådet behandla 24 saker og 47 meldingar. Rådet sine møter vert lagt inn på den fylkeskommunale møtekalendaren med møtesaker og møtebøker tilsvarande dei politiske utvala i fylkeskommunen. Nettsideinformasjon På fylkeskommunen sin nettportal har rådet eiga nettside med opplysningar om rådet og med linkar bl.a. til Statens råd for likestilling av funksjonshemma, Deltasenteret, ulike departement og organisasjonar som og SAFO. KONFERANSAR OG SEMINAR Fellesmøte med representantar frå kommunale råd og organisasjonar for funksjonshemma i kommunane i Hordaland Rådet har i fleire år invitert til samling for dei kommunale råda i fylket. kommunale råd, administrativt tilsette og politikarar. I tillegg til Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne var forvaltningslov, offentleglov, kommunelova og plan- og bygningslova viktige tema. Arbeidet med universell utforming i kommunar og fylkeskommunar - og kva dette inneber for rådet sitt arbeide - var hovedtema. Fellesmøter i 2010 Det vart invitert til fellesmøte med representantar frå kommunale råd i Nordhordland i samband med rådsmøte 15.-16. september. Invitasjonen var sendt ut til kommunale Meland, Radøy, Lindås, Masfjorden, Modalen, Fedje og Austrheim. I samband med rådsmøte på Voss inviterte rådet representantar frå kommunane Voss, Granvin, Vaksdal, Kvam og Ulvik til fellesmøte 9. april. 4
5 Møte med Jernbaneverket og Voss kommune Det vart arrangert fellesmøte med representantar frå Jernbaneverket og Voss kommune i samband med rådsmøte på Voss 8.-9. april. Det var lagt opp til synfaring og samling der ombygging av stasjonsområdet Voss stasjon og miljøgata Vangsgata samt det nye kulturhuset på Voss var tema. Årskonferansen for fylkesråda for likestilling av funksjonshemma Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Hordaland deltok på landskonferanse for dei fylkeskommunale råda i Molde i tida 25.-27. august. Dette er ein årleg konferanse der Statens råd for likestilling av funksjonshemma samarbeider med ein fylkeskommune om arrangementet. Ei slik samling er eit viktig møtepunkt for rådsmedlemane for å utveksla informasjon og delta i drøftingar kring arbeidet i fylkesråda. Rådet ser det såleis som særs nyttig at flest mogleg av representantane har høve til å delta. Frå Hordaland deltok Anita Garlid Johannessen, Kjell Søvik, Benthe Bondhus, Anne-Britt H. Johannessen, Harald Norheim, Paul Magne Mariussen, Olav Aag og Dagmar Reutz Hillestad. Samarbeidsforum for Vestlandet Hordaland, Sogn & Fjordane og Møre & Romsdal Fellesmøte mellom alle rådsrepresentantane i forumet vart halde tysdag 24. august i samband med landskonferansen i Molde. Aktuelle saker var: NOU 2010:5 Aktiv deltakelse, likeverd og inkludering Vestlandsrådet sin Transportplan 2007-2019 handlingsprogram, oppfølgjingssaker SAMARBEID MED FYLKESKOMMUNALE ETATAR Eigedomseksjonen: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har gjennom 2010 hatt eit nært og godt samarbeid med eigedomseksjonen i fylkeskommunen i samband med planprosessar vedkomande fylkeskommunale bygg nybygg og ombyggingar. Det har vore fleire møter mellom rådet og representantar frå seksjonen i 2010. Samarbeidet har i 2010 særleg vore retta mot: Fusa vidaregåande skule - nybygg Sørås tannklinikk - tilbygg og ombygging Årstad vidaregåande skule tilbygg og rehabilitering Arna videregående skule ny byggehall Handlingsplan for tannklinikkar i lokale som fylkeskommunen leiger Kvalitetssikre universell utforming i mindre byggeprosjekt Synfaring m/rapport - Nordahl Grieg vidaregåande skule Synfaring m/rapport - Knarvik vidaregåande skule Synfaring m/rapport - Austevoll vidaregåande skule Synfaring m/rapport - Osterøy vidaregåande skule Synfaring terminalområdet Nonneseter/bystasjon Orientering om nybygg/ombygging av Sørås tannklinikk v/arne Åsan, leiar for Sentrum tannhelsedistrikt Skulehelsetenesta i dei vidaregåande skulane i Hordaland 5
6 Inneklimakonferanse Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne samarbeida med Helse-, miljø- og tryggleikseksjonen (HMT) og eigedomseksjonen i fylkeskommunen om konferansen Det sunne skolebygg det gode arbeidsmiljø med fokus på Henøk framfor enøk. Målgruppa var driftsleiarar, rektorar og vernombod. Innleiarar frå Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF) var dr.philos Knut Ragnvald Skuldberg og dr.scient. og fagsjef uteluft/inneklima Britt Ann K. Høiskar. Rådet er særskilt oppteken av enøk- og inneklimatiltak i fylkeskommunen. Samferdsle & Skyss: Samarbeid med Skyss betring av tilhøva for passasjerer med sørskilte behov Det har eit tid vore ei rekkje avisoppslag og reaksjonar frå einskildorganisasjonar når det gjeld tilhøva for passasjerer med særskilte behov som reiser kollektivt, særleg retta mot billetteringssystemet. Skyss inviterte det fylkeskommunale rådet til eit samarbeid der også representantar frå Kommunalt råd for funksjonshemmede i Bergen kommune, paraplyorganisasjonane og SAFO var med. Første fellesmøte vart arrangert 26. oktober. Følgjekort/ledsagerbevis for funksjonshemma Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har gjennom fleire år arbeida for at følgjekort/ledsagerbevis vert innført også for transportsektoren i Hordaland tilsvarande den ordninga dei fleste av landets fylkeskommunar har innført. Rådet har bedt fylkeskommunen gjera ordninga gjeldande også for Hordaland. TT-ordninga Rådet har arbeida for at tildelt årskvote med påfylling to gonger i året vert vidareført, men at inndraging av ubrukt kvote kun skjer ved årsskifte og ikkje etter 1. halvår slik som ordninga er i dag. Dette vil gjera transportordninga for funksjonshemma meir fleksibel og rasjonell. Rådet har gjeve uttale til: Transportordninga for funksjonshemma. kriteria for godkjenning av personar med psykiske lidingar og livsvarig godkjenning for personar med konstatert varig funksjonshemming Arbeidsseminar Bystasjonen, forprosjekt terminal Leiar Anita Garlid Johannessen og nestleiar Kell Søvik deltok på folkehelsekonferansen som Fylkesmannen i Hordaland og fylkeskommunen inviterte til i Magnus Barfot-senteret. 6
7 Fylkesdelplan Deltaking for alle universell utforming - tiltak 5.5.2: Realistisk reisemanøver for toppleiarar og politikarar Realistisk reisemanøver vart gjennomført 28. april med Oddmund Sylta, Magnus Vestrheim, Gisle Handeland og Dan Famoen som deltakarar i tillegg var rådsrepresentantane med. Trasèvalet var: Fylkeshuset midlertidig busstasjon perrong 2 Nesttun terminal og retur same trasè. Målet for tiltak 5.5.2 var å komme seg fram i Hordaland som funksjonshemma. ANDRE MØTER Deltaking på høyringsmøte, Leirvik Klimaplan for Hordaland 2010-2020 Representanten Kjell Søvik møtte som rådet sin representant på høyringsmøte som vart halde i samband med Klimaplan for Hordland. Kulturløype eit samarbeidsprosjekt mellom Fjell kommune og fylkeskommunen Representanten Olav Aag har møtt som rådet sin representant i prosjektgruppa. Konferansen Innemiljø 2010 Nestleiar Kjell Søvik var rådet sin representant på konferansen som vart arrangert i tida 16.-18. april 2010. Regional plan for folkehelsearbeidet i Hordaland - oppstartmøte Rådet var invitert til oppstartmøte i Bergen 6. desember 2010. Rådet var representert med Anita Garlid Johannessen, Harald Norheim og Anne Britt H. Johannessen. Rådet har gjeve fråsegner i fylgjande saker: Budsjett 2011 økonomiplan 2011-2014 for fylkeskommunen Prioritering av søknader av BRA-midlar i Hordaland Klimaplan for Hordaland 2010-2020 Utviklingsplan for Skyss Kollektivmeldinga 2010 Høyring servicebuss i Åsane Handlingsplan for trafikksikring i Hordaland Handlingsplan for folkehelsearbiedet 2010-2011 7
8 Planprogram for regional plan for Haugalandet NOU 2010:5 Aktiv deltakelse, likeverd og inkludering Forslag til ny folkehelselov frå Helse- og omsorgsdept. Regional planstrategi for Hordaland 2010-2012 Saker som særleg opptek rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Tilgjenge ved fylkeskommunale bygg/vidaregåande skular i fylket Utarbeiding av standardkrav for heis i bygg som fylkeskommunen disponerer Inneklima og innemiljø i fylkeskommunale bygg Fylkesdelplan Deltaking for alle - universell utforming - oppfølgjing av tiltak der rådet har eit særskilt ansvar for gjennomføring Tiltak 4.3.3 Ta opp med forsikringsselskapa korleis universell utforming kan gje lågare forsikringspremie pga. færre ulykker i heimen Sluttord Året 2010 har vore eit godt arbeidsår for Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Hordaland. Ein har handsama saker på ei rekkje område, særleg viktig er oppfølging av fylkeskommunale saker, og ein ser at ein etter kvart vinn igjennom med innspel og fråsegner. Korte tidfristar er framleis eit problem for å få sakene tidsnok behandla i rådet. Rådet har stor breidde i dei sakene ein engasjerer seg i. Mange av sakene som er handsama i 2010 vil bli følgde opp i 2011. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er oppretta av fylkestinget og og har eit klart mandat for sitt arbeide. Rådet skal vera eit rådgjevande organ i saker som er relatert til fylkeskommunal verksemd, så det er difor viktig at det er nær kontakt med den politiske og administrative leiinga i fylkeskommunen. Bergen, 30. mars 2011 Anita Garlid Johannessen -leiar- Dagmar Reutz Hillestad -rådgjevar- 8