FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULANE I FØRDE OG SFO I FØRDE Vedteke i Førde bystyre 17.06.2010 Innleiing 1. Heimel Forskrift om ordensreglement i grunnskulane og SFOane i Førde har heimel i Opplæringslova 2.9 og 13-7, samt Forvaltningslova 2. 2. Mål Førdeskulen skal vere prega av god læring og godt læringsmiljø, eit godt klima for samarbeid, trivsel, høg brukarfokus, gjensidig respekt og medansvar for elevar og tilsette. Elevane i Førdskulen skal oppleve eit mobbefritt miljø. 3. Virkeområde Forskrifta for ordensreglement omfattar alle grunnskular i Førde kommune, jfr Opplæringslova 2-9. Forskriften gjeld og i kommunale skulefritidordningar (SFO), jfr Opplæringslova 13-7 og Forskrift for Oppl-lova 12-1e. Skulane har ansvar for elevane på skulen sitt område, dvs i alle typar undervisningslokale, fellesrom og uteareal, og når elevane har opplegg i regi av skulen i prosjekt, på kveldssamlingar, ekskursjonar, leirskular eller liknande. Reglementet gjeld og på elevane sin skuleveg. Ordensreglementet tek utgangspunkt i at skulen er til for elevane, og at alle partar, elevar, føresette og tilsette vil bidra positivt til eit godt skulesamfunn for alle. Tiltak Forskrifta for ordensreglement er eit tiltak for å nå måla i 2, og for å sikre at skulane er stader der elevane lærer, alle kan trivast og kan gjere ein god jobb..
Personalet ved alle skular skal ha eit definert, konkretisert og innarbeidd elevsyn og vaksenrolle, som delar av skulen sitt verdigrunnlag. Desse verdiane skal ligge i botnen for dei tilsette sin omgang med og handsaming av elevane. Alle skular skal ha ein handlingsplan mot mobbing. Reglar og sanksjonar 4. Generell åtferd og orden Førdeskulen skal gi elevane dei beste vilkår for læring og utvikling. Det er derfor viktig å skape eit godt læringsmiljø for elevane. Alle skal følge vanlege reglar for god åtferd, - Vise omsyn og respekt for andre - Halde ro og vise respekt i undervisningssituasjonen, i friminutt og på skulevegen - Møte presis til læringsøkter og avtalar - Gjere skulearbeidet til avtalt tid - Halde god orden på eigne ting, inne og ute - Ta vare på skulen sitt inventar og utstyr - Unngå å ta med verdisaker til skulen - Negativ språkbruk, agressiv fysisk åtferd og uroing av andre skal ikkje forekomme. - Førdeskulen skal vere mobbefri. Mobbing skal ikkje forekomme - Sjikane på grunn av livssyn, rase eller seksuell trakassering skal ikkje forekomme 5. Sanksjonar som kan brukast Alle sanksjonar skal forklarast slik at eleven forstår kva for reglar som er brotne og kvifor skulen reagerer i saka. Normalt nyttar skulen desse sanksjonane: - Kontakt med heimen, involvering av føresette - Pålegg om å rette opp skaden, Jfr Skadeerstatningslova 1-1 og 1-2. - Munnleg eller skriftleg vurdering/rettleiing frå kontaktlærar - Munnleg eller skriftleg vurdering/rettleiing frå rektor - Nedsett karakter i orden / åtferd for u-skuleelevar Jfr Forskrift til Oppl-lova 3-5. - Bortvising frå undervisningssituasjonen til anna rom under tilsyn, etter rektor sitt vedtak. Jfr opplæringslova 2-10. - Bortvising frå skulen kan og nyttast etter saksbehandling og enkeltvedtak etter reglane i Forvaltingslova 2. Før vedtaket blir fatta skal skulen konsultere skuleansvarleg i kommunen i saka. - Mellombels eller permanent klassebyte etter saksbehandling etter reglane i Forvaltningslova (enkeltvedtak). Jfr Oplæringslova 8-2
- Permanent byte av skule etter reglane i Forvaltningslova (enkeltvedtak) Jfr opplæringslova 8-1. Rektor førebur saka, og skuleansvarleg i kommunen tek avgjerd. Alle sanksjonar som kan brukast skal ha heimel i denne forskrifta. 6. Sanksjonar som ikkje kan brukast Fysisk refsing er ikkje tillete. Med dette siktar ein ikkje til fysisk arbeid i samband med reparasjonar, rydding eller vask etter seg sjølv. Kollektiv straff ovanfor ei heil gruppe/klasse skal ikkje brukast for handlingar utført av einskildelevar eller nokre få elevar. Bortvising av elevar frå skuletur kan ikkje nyttast, jfr Utestenging fra skoletur som sanksjon, brev frå UDIR til Fylkesmannen i R 23.09.09 7. Åtferd og orden, konkrete tilhøve - Ugyldig fråver: Elevane har plikt til å møte på skulen og ta del i undervisninga i den form den blir gitt. Ikkje å møte er brot på ordensreglane og skal tilleggast vekt i vurderinga av eleven sin orden.. Skulen skal informere føresette raskt i slike saker. Ved sjukdom skal føresette gi melding til kontaktlæraren snarast mogleg - Mobbing og anna valdeleg åtferd: Elevar som utøver valdeleg åtferd eller mobbar andre kan takast ut av situasjonen og settast på eige rom under tilsyn. Føresette skal trekkast inn i situasjonen snarast mogleg, og ta del i vurderinga og rettleiinga av eleven. - Farlege gjenstandar: Gjenstandar som kan brukast til å gjere skade på andre kan ikkje takast med til skulen. Dersom dette allikevel skjer skal gjenstanden takast inn og leverast tilbake til føresette. I spesielle saker kan rektor overlevere gjenstanden til politiet. - Rusmiddel: Det er ikkje tillatt å ta med eller bruke noko form for rusmiddel (alkohol, narkotika, tobakk el) på skulen sitt område eller i opplegg i skulen sin regi. Tobakk og alkohol skal takast inn og leverast tilbake til føresette. Ulovlege rusmiddel i Norge skal rektor overlevere til politiet. - Hærverk på bygningar, skulen sitt utstyr eller andre elevar sin eigendom: Elevar som gjer slikt hærverk kan påleggast å rydde opp etter seg. Eleven (føresette) kan i tillegg bli erstatningsansvarleg etter Skadeerstatningslova 1-1 og 1-2.
- Bruk av mobiltelefon eller anna elektronisk kommunikasjonsutstyr: Slikt utstyr skal vere avslått i skuletida og på opplegg i regi av skulen. Dersom nokon bryt denne regelen skal utstyret takast inn for resten av dagen. Ved gjentekne brot på regelen skal utstyret leverast tilbake til føresette. - Hovudplagg er ikkje tillete å bruke inne. Unnatak her er hovudplagg som føl av eigen religion, men som ikkje skjuler ansiktet. - Internett: Internett skal brukast i tråd med Internettreglane for Førdeskulen Sakshandsaming - Vurdering og rettleiing i orden og åtferd: Dette er heimla i Opplæringslova 3 7, og kan vere uformell og formell, munnleg eller skriftleg. Der elevane får karakter i orden og åtferd kan desse settast ned ved gjentekne eller spesielt grove brot på ordensreglane. - Førde kommune har eigen skriftleg rutine for praktiseringa i 9a i Opplæringslova. Denne rutina gjeld for alle grunnskular i Førde, og er lagt ved denne forskrifta. - Sakshandsaminga av brot på ordensreglane føl reglane i Opplæringslova 2-9 og 2-10, samt Forvalningslova, herunder kap III og IV ved enkeltvedtak. - Ved avgjerdsler gjeld: a. Saker skal mest mogleg løysast på lågast moglege nivå b. Skulen pliktar å opplyse saka best mogleg før avgjerd treffast c. Avgjerder skal alltid grunngjevast d. Elev (og føresette) skal ha tilgang til alle relevante opplysingar i saka og ha rett til å uttale seg før avgjerd treffast. Informasjonen kan bli gjeven munnleg eller skriftleg, alt etter saka sin natur. - Ut ifrå omsynet til orden og respekt for andre kan skulen v/ rektor sende saker til Konfliktrådet i kommunen. Før saka sendast dit skal skulen ha vore i dialog med eleven/elevane sine føresette med sikte på ei omforeint løysing i saka. - I heilt spesielle saker kan skulen v/ rektor rå til at kommunen melder saka til politiet. I tillegg til forskrifta kan skulen sine organ gi utfyllande ordensreglar tilpassa den einskilde skulen, men den kommunalt fastsette forskrifta kan ikkje fråvikast. Vedlegg: Rutine for 9a i Opplæringslova for grunnskulen og SFO i Førde kommune. Internettreglar for Førdeskulen
Iverksetting Denne forskrifta trer i kraft frå 01.06.2010 Førde 27.04.10 Ole Jon Østenstad Rådmann Helge Sæterdal Kommunalsjef
FØRDE KOMMUNE RUTINE FOR 9A I OPPLÆRINGSLOVA FOR GRUNNSKULEN OG SFO I FØRDE KOMMUNE Vedteke i Førde bystyre 17.06.10, som vedlegg til Forskrift for ordensreglement 1. Heimel Heimel for denne rutina ligg i Opplæringslova 9a og i Forskrift for ordensreglement i grunnskular og SFO i Førde 6. 2. Formål Formålet er å sikre elevane eit fysisk og psykososialt miljø som fremjer helse, trivsel og læring. 3. Tiltak Dersom ein elev, forelder eller eit utval der desse er representerte ber om tiltak som vedkjem fysiske tilhøve ( 9a-2) eller psykososiale tilhøve ( 9a-3), skal skulen snarast mogleg registrere inn saka skriftleg og gjennomføre skriftleg saksbehandling. I saka skal det gå fram i vedtak kva skulen gjer for å rette på dei tilhøve som det er peika på. Samarbeidsutvalet er skulemiljøutval for elevane etter 11-1a. 4. Vedtak Vedtak skal fattast av rektor som enkeltvedtak etter forvaltningslova, med opplysning om at vedtaket kan påklagast innan 3 veker etter at melding om vedtaket er motteke. (jfr. 28 i forvaltningslova). Kopi av saka skal sendast Førde kommune. 5. Klage Klage skal rettast til og sendast til skulen, og innehalde dei endringar ein vil ha i høve til vedtaket. Skulen sender klagen til Førde kommune sitt klageutval. Dersom ikkje klagar får medhald der går saka til Fylkesmannen i SF, som er endeleg klageinstans. Førde..