Kyrkjeposten. Årgang 11 Informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn Nummer 2 juni 2012. n Ny kyrkje n Misjonsprosjekt n Konfirmantar n Tripp Trapp



Like dokumenter
EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Jon Fosse. For seint. Libretto

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

6. trinn. Veke 24 Navn:

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Møteprotokoll for møte i

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Kyrkjeposten. n Kor stor e Gud? n Ny kyrkje n Timeglaset n Liturgireform

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

/

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:


BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg?

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Styret har vore samansett slik i 2012 :

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Månadsbrev for ROSA mars 2015

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

ORDNING FOR KONFIRMASJON

5. Soknerådsmøte mai Referat

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

«Ny Giv» med gjetarhund

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste


Informasjon til elevane

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Brødsbrytelsen - Nattverden

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

MEDLEMSINFO. august 2009

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Innsamlingsakjsonen 24. mars kva, kvar, når og korleis

Månadsbrev for Rosa september 2014

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje


MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Strategidokument

Månadsplan for Hare November

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Transkript:

Kyrkjeposten Årgang 11 Informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn Nummer 2 juni 2012 n Ny kyrkje n Misjonsprosjekt n Konfirmantar n Tripp Trapp 1

n Framsida Kai var ivrig med og tok tunge tak då det fyrste spadestikk blei tatt for ny kyrkje! Les meir på side 4-5 2 Kyrkjeposten distribuerast til alle husstandar i Etne og Skånevik. Bladet blir betrakta som offentleg informasjon og nærmiljøblad. Kyrkjeposten er ikkje definert som uadressert reklame. Frist for innlevering av stoff til neste nummer: 20. august Stoff sendes til kyrkjeposten@etnekyrkja.no Eg elskar deg! seier Gud likefram. Tenk om du sa det til ein du verkeleg brød deg om. Og så svara den andre: Jamen, då er jo alt i orden då! Var det eigentleg det? Det kunne vært tolka på mange måtar, men ville ikkje det rette svaret vært: Eg elskar deg også. Det kan være vanskeleg, det med signaler og tolkinga av dei. Mange forhold speler inn når vi skal tolke kva som eigentleg seiast og kva det faktisk tyder: betoning, kroppsspråk - det er lett å gå i fella når det gjelder å sei noko som ikkje skulle vært sagt, eller høyre noko som aldri blei uttalt. Difor er det også slik at i omgang mellom menneske er det ofte om å gjere å uttale seg diplomatisk, kanskje til og med tvitydig. Så har ein ryggen fri til å late som om det ikkje var meint slik. Det kan være imponerande å studere de som er flinke til den slags. Gud er ikkje ein sånn diplomat. Han er meir rett på sak. Ja, han seier visst like ut det han meiner, som til dømes: Eg elskar deg. Nei, det er ikkje tvitydige signaler, ikkje noko spill med halvkveda visar og større vekt på det som ikkje blir sagt enn det som blei sagt. Gud går rett inn i sakas kjerne, og den er: Eg elskar deg, menneske! Meir enn du veit, med større kjærleik enn du nokon gong har kjent eller sett - nei, forresten, du har då sett det, den gong eg døydde for deg. Så mykje elskar eg deg! Eg vil deg berre godt - og difor snakkar eg rett ut - seier Gud. Å få reine ord for pengane er ganske befriande. Då slepp vi å gå og lure, være usikre på tolkingsmoglegheiter og meiningsinnhald. Vi veit, og det er greitt å halde seg til. Guds reine ord for pengane seier tre ting. For det første, som sagt, at han elskar oss inntil døden og berre vil oss godt (Joh 3,16). For det andre at vi ikkje er i stand til å

Andakt: Per Hjemdal elske han attende på eit vis som er hans kjærleik verd (Rom 7, 18). For det tredje, seier Gud, fordi eg elskar deg så høgt, har eg løyst det problemet ved å la Jesus dø for dine synder (Rom 5, 8). Eg tilgjev deg di synd og all din eigenkjærleik, eg tilgjev deg blankt fordi min kjærleik ikkje er retta mot meg men mot deg. Mange menneske blir skremd av denne rett-fram-tala til Gud. Slik snakk fører nemlig ikkje berre til fridom, men også til forpliktingar. Eg mister jo fluktvegen om eg uttrykker meg for klårt. Difor møter Guds kjærleikserklæring ofte berre vage svar. Når Gud rett ut seier: Tru på meg, så skal du få evig liv - svarast det ofte: Jo, eg trur på ein skapar der ute, for noko må det jo vere. Når Gud rett ut seier: Jesus er vegen, sanninga og livet, utan han kjem ingen til himmelen - så svarast det: Ja, eg trur at Jesus var spesiell, berre det at å gå på vannet eller stå opp frå dei døde... vel. Og når Gud seier: Vend om, så skal du bli frelst - svarast det: Men Bibelen kan jo tolkast på så mange vis... Eg elskar deg! seier Gud likefram. Tenk om du sa det til et menneske du verkeleg brød deg om. Og så svara den andre: Jamen, då er jo alt i orden då! Var det eigentleg det? Det kunne vært tolka på mange måtar, men ville ikkje det rette svaret vært: Eg elskar deg også. Men kven tør bruke slike ord om Gud? Tja, kanskje hans elskede? 3

Den 1. mai gikk endeleg startskotet for bygginga av den nye kyrkja i Etne! Med spadestikkfest, song både frå Soul Children og KM-karane, og masser av gode, heimebakte bollar var meir enn hundre personar med å feire at vi etter år med planlegging no kunne skride til verket bokstaveleg talt. Alle som kom, var oppmoda om å ta med seg spade, for å hjelpe med å flytte unna det første lasset med jord frå tomta. Det var spader av alle slag: Store, gode arbeidsspadar, nokre rustne, ikkje så titt brukte, og nokre som kom rett frå sandkassa! Men alle monnar drar. Likevel viste det seg at sjølv om vi hadde så mange store og små spader, tapte den manuelle arbeidskrafta klårt mot eit einaste grafs frå den store gravemaskina til Egil Selland. Egil hadde sagt seg villig til å grave ut det som skulle til på dugnad. I løpet av nokre travle mai-dagar før 17. tok han og fleire gode dugnadshjelparar så fatt, og vi som gjekk forbi rakk knapt å sjå før dei var ferdige. Når Kyrkjeposten har sin deadline ligg tomta der klår for forskaling og støyping av ringmur vi kan sjå konturane og gleder oss til vegger blir reist og det blir enda meir tydeleg kva bygg vi er i ferd med å få! Ny kyrkje! 4 Soul Children song og dansa til opning på Spadestikk-fest. Egil Selland tok i eit tak på dugnad og gjorde grunnarbeidet raskt og effektivt.

Sokneprest Per Hjemdal venter utålmodig på å ta nykyrkja i bruk... Etne kommune har gjort vedtak om å auka den årlege overføringa til kyrkja med kr. 600.000. Saman med den gjevartenesta me til no har fått lovnad på, har me dekning for kalkulert auke i driftsutgifter for den nye kyrkja og langt på veg renter og avdrag på låna som må takast opp. Likevel står me igjen med nesten kr. 200.000 pr år som vi enno ikkje har dekka. Dei må samlast inn lokalt om dei to låna på til saman kr. 3 mill. skal bli tilbakebetalte i løpet av 10 år. Difor treng me stadig villige gjevarar som kan vere med å bygge Guds rike i Etne også med pengane sine! Og eg seier dykk: Bruk pengane, som det hefter så mykje urett ved, til å vinna dykk vener, som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt. Luk 16, 9 n Innsamla midlar og ubrukte tilskot kr. 1,0 mill. n Betalt til arkitekt og konsulentar (finansiert m.a. ved gåve på kr. 0,7 mill frå Etne Sparebank) kr. 1,5 mill. n Eingongstilskot frå Etne kommune kr. 1,5 mill. n Lån i kommunalbanken med garanti frå Etne kommune kr. 13,0 mill. n Tilsegn om rentefritt lån kr. 1,5 mill. n Tilsegn om renteberande lån kr. 1,5 mill. Finansiert i alt kr. 20,0 mill Kyrkjelyden treng enno gjevarar for å klare rentene også på det siste lånet. 5

Skånevik kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt Bibelskulen i Bafoulabé, Mali Her er «sjefsgjengen» for bygget samla. Frå venstre Alf Halvorsen, arkitekt og økonomiansvar, kyrkjepresidenten Adama Bah, Juckou Konaté,ansvar for sjølve bygginga og til slutt rektor Gjermund Lygre. Våren 2012 Året byrja med ein god festkveld sidan vi hadde mange elevar og ikkje minst fordi det nye undervisningsbygget stod klart til det nye semesteret. I 2012 var det 8 menn og 7 kvinner som gjekk på bibelskulen. Alle, både kvinner, menn og barn var med på samlingane om morgonen og om kvelden. Tatou Cissé, tidlegare elev og ein av kvinneleiarane i kyrkja hadde lese og skriveopplæring for kvinnene. Dei fekk og noko bibelundervisning. Vi var fleire som underviste mennene som vanleg. Eit høgdepunkt var då Gerson Celeti frå Gå Ut Senteret kom og hadde eit seminar om seksualitet og seksuelt misbruk. Han hadde god og tydeleg undervisning om dette. Den veka var det deltakarar frå alle dei fire distrikta til kyrkja. Kyrkja treng å få heve sin kompetanse på dette området. Difor er dette noko vi skal jobbe meir med. Kvar måndag var det evangelisering mellom anna i fengselet. Mansadji, ein landsby ca 17 km frå Bafoulabé, fekk også jamlege 6 besøk frå oss. Det var flott å sjå elevar som forkynte og vitna på Kvinnene som gjekk bibelskule våren 2012. Læraren, Tatou Cisse, er nummer to frå venstre i bakre rekke. ein framifrå måte og gjorde stort inntrykk på dei som deltok på møtet. Det gir håp for framtida til kyrkja. Ei anna oppleving var då vi ein gong kom til Mansadji og fekk ta del i forbøn for ein brønn! Før dette hadde vi gitt litt hjelp til å kjøpe dynamitt og fenghetter. Desse hadde dei ikkje fått til å virke. Tolkinga deira var at det var vonde ånder som stod bak dette og som ville øydeleggje for landsbyen. Etter møtet den dagen gjekk vi alle ned og bad for brønnen og la både den og dynamitten i Guds hender. Vi reiste heim etterpå og var spente på korleis dette ville gå. Nokre dagar seinare fekk eg telefon og då var det ein glad mann som kunne fortelje at no hadde dei fått dynamitten til å virke og dei store steinane var blitt håndterbare. Kva som skjedde veit vi ikkje, om det var vonde ånder eller mangel på teknisk innsikt, som hadde hindra eksplosjon. Vi gler oss uansett over resultatet. No nærmar dei seg vatn, men vær med og be om at det må bli ein god brønn. Landsbyen har nesten ikkje vatn no. Vi fekk ei spesiell avslutning på semesteret i og med statskuppet i Mali den 22 mars. Dei to siste vekene skulle eg hatt ansvar for undervisninga, men på grunn av statskuppet vart eg sitjande fast i Bamako, kor eg var for å fylgje familien til flyplassen. Før me drog frå Bamako og Mali fekk me tak i gode erstattarar som tok ansvaret for undervisninga i mitt fråvære. Mobiltelefonen er ein god ting, og takka vere den fekk vi planlagt mykje. Karim Fofana, og Adama Bah, kyrkjepresident og medlem av bibelskulekomiteen tok ansvar saman med andre i Bafoulabé og fekk avvikla både eksamen og ein svært god avslutningsfest for elevane. Alle elevane kom seg vel heim etter enda semester.

Amerikansk gjesteprest i August I tida 9. - 20. august vil Joe Everson vera gjesteprest her hos oss. Han kjem til å preika og delta i gudstenestene 12. august, både i Skånevik og Stødle, og torsdag 16. lagar me til ein kyrkjekveld i Skånevik der Joe fortel om norske kyrkjer i Nord-Amerika og me et kveldsmat i lag. Joe ættar frå Skånevik. Oldefar hans. Ingebrigt Bø slo seg ned her i 1890 og han har framleis familie i bygda som han og gjerne vil treffa. Sjølv er han fødd i North Dakota og har utdanning frå St. Olaf College og teologiske skular i Tyskland og USA. Den ferske pensjonisten kan sjå tilbake på ein lang arbeidsdag både som prest og universitetslærar. Frå 1968 var han ved Luther College i Iowa, frå 1974 til 90 prest ved Hope Lutheran Church i St. Paul, Minnesota. Han har arbeidd mykje mellom ungdom og er oppteken av å formidla den kristne arven til nye generasjonar. Frå 1990 til no har han vore professor i Det gamle testametet ved California Lutheran University. Han har særleg arbeidd med Jesaiaboka. I lang tid har han hatt eit svært aktivt venskapsforhold til den aust-tyske kyrkja. Men i sommar ville han gjerne vera her hos oss. Joe er gift med Sue og dei har tre søner. Me ynskjer Joe velkommen til oss! Johs. Lundal & Sønner AS Teigland, 5590 Etne, tlf. 53 77 15 80 Ølensvåg Tlf. 53 76 82 03 Johansen Rør AS Skånevik Tlf. 53 77 12 50 Etne E- lag 5590 Etne - Tlf. 53 77 11 55 Når dagen er på hell tenn lys med kraft frå eigne fjell! 7

LIVETS GANG ETNE DØYPTE: 11. mars, Grindheim Sofia Grønfur Molland 18. mars, Stødle Hanna Cathrina Flydal Flatebø Daniel Lovra Viskjer Malin Hamre 8. april, Stødle Margret Lindevik Arnestad 15 april, Enge Bedehus Vebjørn Lindås Erichsen 20. mai, Grindheim Theodor Gangstø Lye Linnea Svendsen Håland Vebjørn Ness Lye 27. mai, Gjerde Miriam Wold Flokketvedt VIGDE: 19. mai, Stødle Elin Gravelsæter og Ellef K. Reiersen GRAVLAGDE: 14. mars, Gjerde Søren Steinar Moe 16. mars, Stødle Gunda Sørheim 21. mars, Gjerde Sverre Aalvik 13. april, Stødle Valgjerd Aune 8 Konfirmant 2012 Etne Bak fra venstre: Lars Inge Stødle, Kristian Bjelland Ronæs, Daniel Gullachsen, Sven Bjarte Sande, Joachim Fosse Øvrevik, Thomas Hardeland, Martin Brekke, Aleksander Træet,, Åsmund Norheim, Knut Flatebø. Midten fra venstre: Sokneprest Per Hjemdal, Tiril Irene Strand Drange, Malene Sævareid, Mari Melkeraaen Lundal, Martine Myklebust, Lilly Lilledal, Marthe Brendeland Håland, Maren Øyjord Rødne, Sunniva Ness Lye, Øystein Ekrheim. Framme fra venstre: Malin Helen Hamre, Linn Hege Gravelsæter, Anne Lien, Lina Kringlebotten, May Iren Sundt Holmedal, Ann Therese Frøland, Joanna Norheim Knutson, Ingrid Steinstø, Elisabeth Baustad. Konfirmanter som ikkje var stades når bildet ble tatt: Sveinung Paz Eskeland, Erlend Kaldheim. Foto: Øyjord foto

19. april, Gjerde Sigmund Opedal 25. april, Stødle Bergljot Rønnevik 11. mai, Stødle Sigurd Brekke SKÅNEVIK DØYPTE: 24. mars, Skånevik Øydis Brendeland 25. mars, Skånevik Alette Tjelmeland 8. april, Skånevik Johanne Ertsland Solberg Ingrid Synnøve Garvik Ebne Aslaug Johansson 6. mai, Skånevik Hedda Matre Funderud Konfirmant 2012 Skånevik Bak frå venstre: Olav S. Løyning, Vemund Ness Nedreskår, Marius Strøm, Håkon Ness Nedreskår. Framme frå venstre: Stephanie Sterri, Silje Molnes Åsheim, Britt Helen Nordbø, Synnøve Haukland, sokneprest Harald Grønnevik 6 år? Hei! Hugsar du når du var 4 år, og fekk 4-årsbok i kyrkja? No gjer vi det igjen for deg som er 6! Hald av sundagen 26. august. Ps: Brev kommer! Foto: Bjørn Kristiansen VIGDE: 14. april, Skånevik Tina Totland og Tor Øystein Toste Røyrvik GRAVLAGDE: 23. mars, Skånevik Oddbjørg Nora Brekke 4. april, Skånevik Ingrid Johanne Ebne 20. april, Fjæra Håkon Gutubø 24. april, Skånevik Anne Turid Sandvik Geving 9

Mette MetteTøsse Voll heiter den nye kyrkjelydssekretæren vår. Frå 1. januar har ho to dagar i veka teke seg over Fikse frå Ølensvåg i nabobispedømmet for å arbeida hos oss. Det trives ho godt med, fortel ho. Mette er sekretær for Etne og Skånevik sokneråd, fører kyrkjebok og medlemsregister og har ein del arbeid med økonomi. Dialekten plasserar Mette noko lenger nord på kysten. Fræna i Romsdal er heimekommunen. Erfarings- og yrkesbakgrunnen hennar er variert. Etter Høgtun folkehøgskule tok ho butikkfag på vidaregåande og var 2 år lærling i butikk. Derfrå gjekk turen til Tromsø og Fjellheim bibelskule der ho etter elevtida var ett-åring og seinare skulesekretær i 5 år. Eit års studium i bedriftsøkonomi fekk ho og med seg der nord. Men ho lengta etter våren i sør, og det ordna seg gjennom rogalendingen Arne frå Nedstrand. Etter at dei gifte seg, flytte dei til Ølensvåg der Arne arbeider på Lundaneset. Mette har fram til Jørgen sin entré 1. januar i fjor jobba i barnehage. Ølensvåg er ein fin stad å bu. Mette og Arne har sin åndelege bakgrunn på bedehuset og i Misjonssambandet, og det miljøet er sterkt og godt i bygda. No gjer ho jobben i DNK, og gleda er gjensidig. Det er ikkje så vanskeleg når forholdet mellom kyrkje og bedehus er godt, slik ho føler det er her i bygdene. Velkomen hos oss i Etne, Mette! 10

Harald Kyrkjelydane i Etne har draget på folk med dette namnet. No er me igjen fleire slike på kontoret. Harald Sævik er vår nye organist som i Solveig si permisjonstid er musikkansvarleg i kyrkjene våre. Sjølv om namnet er frå Herøy på Sunnmøre, er han Åkrabu frå Karmøy og tek mange dagar i veka den 8 mil lange turen inn til oss i sin vakre, grå Mercedes. Harald er eigentleg pianist, men har sidan 1997 og vore i kortare og lengre vikariat som organist. Musikkutdanninga si har han frå Trondheim der han tok musikk mellomfag, og 4 år ved Stavanger Musikkonservatorium. Før det gjekk han og eit år på Indremisjonen sin Bibelskule i Staffelsgate, Oslo og han var innom Menighetsfakultetet der han tok kristendom mellomfag. Slik er han godt rusta til teneste i kyrkja. Arbeidsplassene hans har vore kulturskular og skular i Rogaland, men i perioden 2005-7 heldt han hus i Sandane, som distriktsmusikar. Han har og vore litt innom industrien, ved Hydro på Karmøy og Westcon i Ølensvåg. I ledige stunder komponerar Harald songmelodiar, og me klarar å lokka ut av han at han også syng. Kanskje me får høyra det og, ein gong. Ver velkomen hos oss! Harald G 11

Felles sommaravslutning for Tr Onsdag 9. mai samlast born og vaksne frå Sævareid, Skånevik og Etne på Osnes. Me fekk låne det flotte området der naturbarnehagen heldt til dei andre vekedagane. Alle hadde kledd seg godt. Ein fotball var god å ha medan me venta på at alle skulle finne fram. Me starta med ei songstund. Søndagsskulekonsulent Elisabeth Fauskanger var med og fortalde om Paulus. Han reiste rundt og arresterte dei som trudde på Jesus. Så fekk han eit spesielt møte med Jesus. Etter det reiste Paulus rundt og fortalde om Jesus og gjorde under. Paulus blei fleire gonger sett i fengsel. Ein gong måtte han som fange vere med i båt til Roma for å bli stilt for retten 12 der. Under forteljinga fekk borna utdelt papirbåtar. Det bles opp til uver. Båten som Paulus var i blei delt i to. Papirbåten blei reven i to. Alle blei redda. Ny papirbåt blei delt ut. I ny båt segla Paulus vidare som fange. Han visste at Gud var saman med han sjølv om det storma. Små og store kosa seg med pølser i brød og varm sjokolade og kaffi før dei utforska postane som var laga til under dei store grantrea. Der var det mange ulike oppgåver. Før me gjekk heim var det utdeling av premiar. Alle er velkomne til haustsemesteret som startar med supersøndag på Stemnestaden / Grinde 2. september! God sommar! Astrid

Etne kyrkjelyd arrangerer SOMMARFEST! Sundag 10. juni kl. 12.30 ipp Trapp Treff Kl. 11.00: Familiegudsteneste i Stødle kyrkje v/ sokneprest Per Hjemdal Utdeling av biblar til 5. klasse Kl. 12.30 ca 15.00: Sommarfest i prestegardshagen med god middag og kaffi og kaker, og mange festlige aktivitetar for barna Meny: Koteletter med tilbehør til dei vaksne, pølser til barna, drikke til alle. Pris: Barn kr. 30,- Vaksne kr. 60,- Familie max kr. 200,- Meld deg på innan fredag 8. juni! Tlf.: 53 77 11 70 E-post: post@etnekyrkja.no Alle er hjarteleg velkommen - også om man ikkje har deltatt på gudstenesta! Atterhald: Ved regn blir festen avlyst. 13

Me tar oss av alle gjeremål i samband med dødsfall og gravferd i Etne og omegn. - med heile vegen Etne Gravferdsbyrå 5590 Etne - Tlf. 53 22 50 10 - Døgnvakt Etne senter - Tlf. 53 75 60 44 Sunnhordland Mek Verksted AS 14 Tlf. 53 77 12 00 Skånevik - Etne Tlf. 05555

Kyrkjas tilbod til barn og unge i Etne og Skånevik Søndagsskulen Skånevik: Aud Karin Leknes tlf: 53 75 54 65 Tripp Trapp Treff Tripp trapp treff på Enge bedehus anna kvar onsdag. Sjå etter plakat. Det blir treff annakvar onsdag utover hausten. Er du ein vaksen - ei bestemor eller bestefar - som har lyst å hjelpe med praktisk arbeid er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med Astrid på kyrkjekontoret. Skånevikspeidaren Småspeidarane: 3. og 4. klasse Storspeidarane: 5.-10. klasse Møter på gamleskulen onsdagar kl 17.30. Kontaktperson: Kari Johansson tlf. 975 78 186 Etne Soul-Children Songtilbod for unge frå 10-15 år. Annkvar veke torsdagar kl 19.00-20.30 Enge bedehus. Kontaktperson: Pål Atle Baustad 416 06 945 Fredagsklubben Tilbod til barn frå 1. til og med 7. klasse. Enge bedehus kl 18.00-19.30 Gruppeaktivitetar, song og andakt KFUK-KFUM speidarane Oppdagarane frå 3.-4. klasse. Annakvar tysdag kl 18-19.30. Kontaktperson Marta Onstein 480 95 999 Vandrerar frå 5. klasse. Møte ein laurdag i månaden kl 11-15. Kontaktperson Ingunn Frette 474 19 364 www.etnespeidar.com for meir informasjon. Etne Nettkafè For ungdom frå 8. klasse og oppover. Annakvar fredag på Enge bedehus kl. 20.00-23.30. Bordtennis, biljard, internett, wii, PS3, Xbox, kiosk, pizza, prat, samling med lystenning osv. Kyrkja Adresser Etne kyrkjekontor Postboks 6, 5591 ETNE tlf. 53 77 11 70 Heimeside: www.etne.kyrkja.no Soknepresten i Etne, Per Hjemdal. 53 77 11 72 / 411 26 549 soknepresten@etnekyrkja.no Soknepresten i Skånevik, Harald Grønnevik. 922 51 816 Kontortid: Onsdag kl. 10-13 i Skånevik prestegard. hprest@online.no Kyrkjeverje Aud Jorunn Baustad 960 16 864 kyrkjeverja@etnekyrkja.no Trusopplæringsmedarbeidar Astrid Askeland Johnsen tru@etnekyrkja.no Organist Vikar Harald Sævik organist@etnekyrkja.no Kyrkjegardsarb./kyrkjetenar Bjørn Stødle 971 68 514 Kyrkjelydssekretær Mette Tøsse Voll sakshandsamar@etnekyrkja.no Soknerådsleiar i Etne Pål Atle Baugstad 53 75 49 96 / 416 06 945 Soknerådsleiar i Skånevik Eli Garvik 53 75 59 74 Fellesrådsleiar Harald Lindevik 53 75 44 74 / 975 89 056 15

Gudstenester sommaren 2012 Dato Søndag Stad KL Type Prest 10.juni 2. s i treeiningstida Stødle 11.00 Familie Hjemdal 10.juni 2. s i treeiningstida Eikehaugen, 11.00 Familie Gunnvald Bjotveit Skånevik 17.juni 3. s i treeiningstida Gjerde 18.00 Høgmesse Hjemdal 24.juni 4. s i treeiningstida Grindheim 11.00 Høgmesse Hjemdal 01.juli 5. s i treeiningstida Ikkje gudst 08.juli 6. s i treeiningstida Gjerde 11.00 Høgmesse Grønnevik 15.juli 7. s i treeiningstida Frette 18.00 Høgmesse Grønnevik 15.juli 7. s i treeiningstida Skånevik 11.00 Høgmesse Grønnevik 22.juli 8. s i treeiningstida Stødle 11.00 Høgmesse Grønnevik 22.juli 8. s i treeiningstida Fjæra 17.00 Høgmesse Grønnevik 29.juli 9. s i treeiningstida Grindheim 11.00 Høgmesse J.O.Mæland 05.august 10. s i treeiningstida Gjerde 11.00 Marknadsgudstjeneste Hjemdal 12.august 11. s i treeiningstida Skånevik 11.00 Høgmesse HG / JE 12.august 11. s i treeiningstida Stødle 19.00 Høgmesse HG/ JE 19.august 12. s i treeiningstida Frette 11.00 Høgmesse Hjemdal 26.august 13. s i treeiningstida Skånevik 11.00 Høgmesse Vikar 26.august 13. s i treeiningstida Enge b.hus 11.00 Familie Vikar 02.sep Vingårdsssøndag Stødle 11.00 Presentasjonsgudsteneste Hjemdal 09.sep 15. s i treeiningstida Gjerde 11.00 Høgmesse Hjemdal 16.sep 16. s i treeiningstida Grindheim 11.00 Familie Grønnevik 16.sep 16. s i treeiningstida Fjæra 17.00 Hausttfest Grønnevik 23.sep 17. s i treeiningstida Stødle 19.00 Høgmesse Hjemdal 23.sep 17. s i treeiningstida Skånevik 11.00 Famile Grønnevik 30.sep 18. s i treeiningstida Frette 11.00 Høgmesse Grønnevik Vil du vere med å byggja kyrkje i Etne? Vi seier takk for alle gåver! Send gjerne ein epost om du vil vite meir om fast gjevarteneste. Kontonummer 3543.13.50007 Epost: post@etnekyrkja.no Kunngjeringar Enge bedehus 9. september kl 15 Samlingsfest for heile Etne Tale v/ Henning Liknes Bevertning Alle hjarteleg velkommen! Endringar kan skje. Fylg med i Grannar! 16