Endeleg innkalling til VT 01/11 Tid: 06.12.2010 17:15 Stad: Egget, Studentsenteret Mellombels innkalling med ei mellombels dagsorden skal vere oversendt til VT sine medlemmer minst 14 dagar før møtedato. Endeleg innkalling med dagsorden, saksdokument og innstillingar frå Velferdsstyret skal vere VT sine medlemmar i hende minst sju dagar før møtedato. Vedtakssakar må vere melde og saksdokument må vere sendt inn til Velferdsstyret seinast åtte dagar før møtedato. Saker som kjem etter fristen må meldast til eventuelt før dagsorden godkjennast/møtet settast. Det krevjast 2/3 fleirtal for å kunne gjere vedtak i slike saker. Nye saker eller spyrjesmål kan rettast til velferdsstyret på e-post: velferdsstyret@sib.no eller til konstituert leiar på tlf: 48 12 49 42. Representantar som ikkje kan møte oppmodast om å melde frå til organisasjonssekretær, Hege Heltne Andersen, så snart som mogleg: hege.andersen@sib.no, eller tlf 55 54 51 27. Orienteringssak berre mogleg å stilje oppklarande spyrjesmål. Drøftingssak mogleg å stilje spyrjesmål og å diskutere saka. Vedtakssak mogleg å stilje spyrjesmål, diskutere og gjere vedtak i saka. Framlegg til dagsorden: VT 01/11 Opprop. Vedtakssak. VT 02/11 Val av ordstyrar og referent Vedtakssak VT 03/11 Godkjenning av innkalling, protokoll og dagsorden. Saker til eventuelt. Vedtakssak.
VT 04/11 Orienteringar - Velferdsstyret - SiB-styret - Kulturstyret - Andre VT 05/11 Prinsipprogramkomité for Velferdstinget. Vedtakssak VT 06/11 Stillingsinstruks for Velferdsstyret VT 07/11 Statuttar for Velferdstinget VT 08/11 Valreglement for Velferdstinget VT 09/11 Konstituering og val VT 10/11 Møtedatoar for VT 2011 VT 11/11 Oppstartseminar for Velferdstinget 2011 VT 12/11 Eventuelt Med Venleg Helsing Ole Fosse Fardal Nestleiar, Velferdsstyret Edvin Ørbog Medlem, Velferdsstyret Dagsorden
VT 01/11 Opprop Standardsak Hensikt: Å avklare om alle representantar er til stades, og om VT er vedtaksdyktig VT 02/11 Val av ordstyrar og referent Standardsak Hensikt: Å velje ordstyrar(ar) og referent(ar) for Velferdstinget 2011 Velferdsstyrets innstilling: Velferdstinget vel a.a og b.b som ordstyrar og referent for Velferdstinget 2011. VT 03/11 Godkjenning av innkalling, protokoll og dagsorden. Saker til eventuelt Standardsak Hensikt: Å avklare kommentarar og merknadar til innkalling og protokoll, eventuelle revideringar av dagsorden. VT 04/11 Orienteringar Standardsak Hensikt: Å informere Velferdstinget om kva som har skjedd i ulike organ tilknytta Velferdstinget i tida sidan forrige VT, og om komande utfordringar. Orientering frå Velferdsstyret Grunna eksamensførebuingar har det skjedd lite i Velferdsstyret i tida sidan forrige VT. Etter Budsjettmøtet har Velferdsstyret arbeida med å få i stand ei fullstendig oversikt over verv som skal fyllast på VT 01/11, og har utforma ei annonse som skal trykkast i siste utgåva av Studvest, der konstituerande møte blir informert om. Kostnad for dette er rekna til kroner 4500, og blir henta frå informasjonsposten for VT 2010. Samstundes har Velferdsstyret vore usikre på vedtaket i Budsjettmøtet angåande kva alternativ budsjettkomiteen la fram Velferdstinget ønskte å gå inn for; enten alt basert på frivilligheit, at ein beheld dagens honorarnivå, eller om ein vil auke det til tilsvarande nivå studentpolitikarar ved HiB og UiB ligg på, med den konsekvens at ein går ned i ei 100% honorert stilling, og dei resterande verv i VS baserast på friviljug basis. Fram til dette blir avklara på konstituerande møte, tek Velferdsstyret høgde for at intensjonen er å auke honorarnivået og samstundes redusere antalet honorerte stillingar. For å få i gang arbeidet med å planlegge eit oppstartseminar for VT 2011, har Velferdsstyret begynt å sjå på eit budsjett for arrangementet. Samstundes vil Velferdsstyret begynne arbeidet med å innhente anbud frå hotell og berekne transportkostnadar for inntil 30 personar i slutten av januar eller begynnelsen av februar. Velferdsstyret tek ingen avgjerdsler kva angår stad eller hotell enno, men ønskjer å leggje til rette for at Velferdstinget kan fatte avgjerdsla kva angår ønska stad.
VT 05/11 Prinsipprogramkommité for Velferdstinget Innmeldt av: Velferdsstyret 2010 Hensikt: å etablere mandat til ein prinsipprogramkommité(pk) for Velferdstinget, som skal utarbeide eit prinsipprogram for Velferdstinget, eit styrande dokument som skal vare over lengre tid. Det vart i arbeidsprogrammet til Velferdstinget slått fast naudvendigheita av kjernedokument for Velferdstinget, som kan skape politisk stabilitet og engasjement rundt handsaminga av dokument som er meir langvarige enn andre dokument som blir utarbeidd av det enkelte Velferdstinget. Det er ønskjeleg frå VS si side at det blir etablert eit mandat for ein slik prinsipprogramkomité i forbindelse med konstituerande møte, slik at det praktiske ligg til grunn for val til denne komiteen. Det har vore diskutert om denne komiteen burde nedsetjast i haust, men VS har trekt konklusjonen at det blir meir hensiktsmessig om at denne komiteen er vald av VT 01/11. Foreslått mandat til prinsipprogramkomité: Velferdstinget nedsett på VT 01/11 ein prinsipprogramkomité beståande av 7 personar frå minst 4 institusjonar, samt ein representant frå Velferdsstyret med observatørstatus. Komiteen vel sjølv sin eigen leiar. Kvar representant i prinsipprogramkomiteen, skal om mogleg ha minst 1 personleg vara. Komiteen skal utarbeide eit prinsipprogram som skal vere eit fast grunndokument som kan endrast med 2/3 fleirtal. Dette dokumentet skal vere eit av Velferdstingets grunndokument, og skal vere gjeldande utover dei einskilde Velferdstingsperiodane. Komiteen sitt arbeid skal ferdigstillast på vårparten 2011, og leggjast fram til handsaming innan mai månad. Velferdsstyrets innstilling: -Vedtakast, med eventuelle endringar i VT. VT 06/11 Stillingsinstruks for Velferdsstyret Innmeldt av: Velferdsstyret 2010 Hensikt: Årlege revideriingar av driftsmessige dokument vert rekna som hensiktsmessig for å betre drifta. Grunna endringar foreteke på VT 08/10 -Budsjettmøtet, er det naudsynt å endre stillingsinstruksen til Velferdsstyret. Samstundes ser Velferdsstyret det som hensiktsmessig å gjere visse endringar i instruksen slike den ligg føre i dag, utover dei endringane som kjem som ein direkte konsekvens av avgjerdsler fatta i budsjettmøtet. Framlegg til endringar ettersendast saman med originalt dokument
VT 07/11 Statuttar for Velferdstinget Innmeldt av: Velferdsstyret 2010 Hensikt: Årlege revideriingar av driftsmessige dokument vert rekna som hensiktsmessig for å betre drifta. Velferdsstyret reknar det som hensiktsmessig å opne for debatt rundt statuttane for Velferdstinget for 2011. Spørsmål som må takast stilling til er mellom anna om ein skal gjere noko med krava for vedtaksdyktigheit, kva sanksjonar ein eventuelt skal ha til rådigheit ovanfor institusjonar som ikkje benyttar seg av møteretten dei har i Velferdstinget. Framlegg til endringar ettersendast saman med originalt dokument VT 08/11 Valreglement for Velferdstinget Innmeldt av: Standardsak Hensikt: Årlege revideriingar av driftsmessige dokument vert rekna som hensiktsmessig for å betre drifta. Ved byrjinga av ein ny Velferdstingperiode, må det avgjerast kor mange mandat kvar enkelt institusjon har til rådigheit. Desse mandata blir fordelt basert på studenttalet ved den enkelte institusjon, og for kvar påbegynte 1500 student ved institusjonen, får denne eitt mandat. Velferdstinget består av 21 medlemmer, og dersom denne nøkkelen fører til at det blir fleire enn 21 mandat, skal eventuelle overskytande mandat takast frå institusjonen med flest mandat. Samstundes kan ikkje ein institusjon miste meir enn to mandat ved eit slikt tilfelle. Framlegg til endringar ettersendast saman med originalt dokument VT09/11 Konstituering og val Innmeldt av: Standardsak For å ha eit operativt Velferdsting i 2011, og for å ha eit operativt SiB-styre, Kulturstyre og andre organ, er det særs viktig at det stiller kandidatar til alle verva som Velferdstinget lyser ut. Alle studentar som har betalt semesteravgift til SiB har rett til å stille til val, og kan bli valde til eit kva verv som helst. Valg av leder, medlem og varaer for styremedlemmer i Studentsamskipnaden i Bergen: Det skal for den kommende perioden velges fire varamedlemmer til styret i SiB. Varamedlemmene velges for et år. Valg av leder og tre medlemmer i Velferdsstyret:
Det skal velges en leder og tre medlemmer til VS. Valg av leder, nestleder, medlemmer og varaer til Kulturstyret: For den kommende perioden skal det velges en leder, en nesteleder, fire medlemmer og fire varamedlemmer. Alle medlemmene velges for et år. Valg av 10 representanter og personlige varaer til Arbeidsprogramkomiteen: Det skal velges 10 representanter og 10 personlige varaer til styret. Valg av styremedlemmer og varaer til Studvest: Det skal velges 5 nye medlemmer til styret i Studvest samt 3 varaer. 2 av de faste medlemmene må ha bakgrunn fra studentmedia, 2 må ha bakgrunn i en studentorganisasjon eller studentpolitikken og en representere yrkesaktive journalister. Det stilles ingen krav til varaene utover at de må være semesterregistrerte. Alle velges for 1 år. Valg av medlem og vara til Representantskapet for Det akademiske kvarter: Til Kvarteret sitt RS skal det velges et medlem og en vararepresentant. Valg av medlem og vara til Representantskapet for Hulen: Til Hulen sitt RS skal det velges et medlem og en vararepresentant. Valg av representanter og varaer til ankeutvalget for barnehagesaker: Det skal velges to representanter og to vararepresentanter til ankeutvalget for barnehagesaker. Valg av to styremedlemmer og varaer til Studentradioen: Det skal velges to styremedlemmer og to varaer. Valg av representant og vara til Idrettsrådet: Det skal velges en representant og en vara til rådet. Valg av representant og vara til styret i Studentersamfunnet: Det skal velges en representant og en vara til styret.
Valg av representant og vara til kontaktutvalget mellom Bergen kommune og studentene i Bergen: Det skal velges en representant og en vara til kontaktutvalget. Valg av vara til kontaktutvalget mellom studenter og Hordaland Fylkeskommune: Det skal velges en vara til kontaktutvalget. Valg av representant og vara til styringsgruppen til Karrieresenteret: Det skal velges en representant og en vara til styringsgruppen. Valg av medlemmer til Kontrollkomiteen: Det skal velges tre medlemmer og tre vara til Kontrollkomiteen. Valg av medlemmer og varaer til Mediekomiteen: Det skal velges tre medlemmer og tre varaer til Mediekomiteen Valg av leder, fire medlemmer og varaer til Budsjettkomiteen: Det skal velges en leder, fire medlemmer og fem varamedlemmer, det er et mål at de største lærestedene er representert i komiteen. VT 10/11 Møtedatoar for Velferdstinget 2011 Innmeldt: Standardsak Velferdsstyret innstiller på at møtedato setjast til tredje veka i månaden, Velferdsstyret innstiller på at datoane blir satt til tysdag i staden for måndag, dette for å hindre kollisjon med møtene i dei ulike Studentråda- og -parlamenta. Velferdsstyret foreslår følgjande desse datoane som møtedatoar for 2011: VT 01/11: Måndag 6.desember 2010 (Konstituerande møte 2011) VT 02/11: Tysdag 18. januar 2011 VT 03/11: Tysdag 15. mars 2011 VT 04/11: Tysdag 12. april 2011 VT 05/11: Måndag 16. mai 2011 (flytta grunna 17. mai) Sommarferie VT 06/11: Tysdag 13. september 2011
VT 07/11: Tysdag 18. oktober 2011 VT 08/11: Tysdag 15. november 2011 VT 01/12: Tysdag 6. desember 2011 (Konstituerande møte VT 2012) Velferdsstyrets innstilling: Vedtakast VT 11/11 Oppstartseminar for Velferdstinget 2011 Innmeldt av: Velferdsstyret 2010 På budsjettmøtet for 2011 vart det bevilga midlar til å avhalde eit oppstartmøte for Velferdstinget i byrjinga av 2011. Summen som er satt av er på kroner 50 000,- og skal dekke hotellopphald, reise og mat over ei helg for omlag 30 personar. Endeleg antal personar er avhengig av kva tilbod ein får frå ulike aktørar, men det er ikkje urealistisk å leggje seg på dette som ei tetentativ storleiksberekning. Velferdsstyret har sett på ulike alternativ, men har ikkje enno fåttt inn anbod frå dei ulike aktørane (pr 29/11-2010). Tross dette kan det skisserast opp anslåtte kostnadar knytt til ulike reisemål og transportmetodar. Mellom anna har Velferdsstyret sett på Voss som eit mogleg alternativ for å avhalde oppstartseminaret for Velferdstinget 2011. Basert på opne prisar som ligg tilgjengeleg på internett er romkostnaden på Park Hotel på Vossevangen 775 kroner pr dobbeltrom. Dette blir omlag 11625,- pr natt for 30 personar. Eventuelle enkeltromstillegg betaler den einskilde sjølv. Med dette prisbiletet blir biletet som følgjer: Ei overnatting Park Hotel for 30 personar (laurdag-søndag): 11625,- Reise Tur-retur Bergen-Voss (NSB): 7620,- for 30 studentar utan grupperabatt (127,- kvar veg per person) Anslått kostnad pr person for middag: 350,-*30 = 10500 Disponibelt til leige av møtelokale og andre utgifter: 20.255,- Det finst sjølvsagt mange andre alternativ enn det ovannemde, og det oppmodast Velferdstinget om å kome med framlegg om kvar ein ønskjer å halde dette seminaret. Voss er eit alternativ, her er også fleire hotell, samstundes er det også alternativ i Hardanger og i Nordhordaland, Os, og andre stader kan også vere aktuelle. Meir detaljert informasjon om arrangementet følgjer i ettersending. Ytterlegare informasjon ettersendast. VT 12/11: Eventuelt Innmeldt av: Standardsak