BILAG 1 MOTTAK OG BEHANDLING AV RESTAVFALL Innhald 1 KRAVSPESIFIKASJON... 2 1.1 OPPDRAGET OG KONTRAKTSOMRÅDET... 2 1.2 OMFANG AV ARBEIDET... 2 1.3 AVGRENSINGAR VED GJENNOMFØRING AV ANDRE OPPDRAG... 2 1.4 MILJØKRAV... 3 1.5 MOTTAK, OMLASTING... 3 1.6 BEHANDLING... 3 1.7 RAPPORTERING... 4 2 INFORMASJON OM BILAG 3... 4 2.1 BILAG 3A GRUNNLAGSDATA... 4 2.2 BILAG 3B UTFYLLING AV PRISSKJEMA MV... 4 2.3 BILAG 3 INKLUDERT I EININGSPRISANE I PRISSKJEMA... 4 Albaran AS Side 1 av 5
1 KRAVSPESIFIKASJON 1.1 Oppdraget og kontraktsområdet Kravspesifikasjonen omfattar mottak, omlasting, transport og behandling av restavfall samla inn gjennom renovasjonsrutene frå hushald og noko næring i kommunane Fjell og Øygarden. Det kan også vere noko restavfall frå Sund kommune i enkelte lass som vert levert. Kommunane utgjer ein felles kontrakt, men kvar oppdragsgjevar (FjellVAR og Øygarden kommune) vil inngå separate avtalar. Kontrakten er på 3 år, rekna frå 1.juli 2016, med opsjon om forlenging 1 + 1 år. Tabell 1: Innbyggjarar og geografi i kommunane Fjell og Øygarden Kommune Innbyggjarar 31.12. 2015 Areal, km2 Busett i tettstad Fjell 24 870 148 73 % Øygarden 4 852 67 48 % Oppdragsgjevar har inngått kontrakt med RenoNorden AS om innsamling og transport av restavfall og papir/papp og plast i dei to kommunane, ein kontrakt som startar opp 1.juni 2016. Utgangspunktet for kontrakten med RenoNorden er at restavfallet skal leverast til Rådal, men restavfallet kan gjerne leverast til anlegg med ein kortare transportavstand frå Fjell kommune. Leverandøren overtek ansvaret og eigedomsretten for kontraktsavfallet etter at oppdragsgjevar sin renovatør, dvs. Reno Norden AS, har tippa kontraktsavfallet ved leverandøren sitt mottak. 1.2 Omfang av arbeidet Leverandøren tek på seg ansvaret for at ytingane hans er komplette i høve til føremåla og spesifikasjonane i kontrakten, og arbeidet vil såleis omfatte alle aktivitetar som er nødvendige for å oppfylle krava i kontrakten, sjølv om alle ikkje er nemnt spesielt i kontrakten. Det er såleis leverandøren sitt ansvar å gjere seg kjent med alle tilhøve som er relevante for oppdraget, som t.d. vegstandard, transportavstandar mv. Leverandøren kan seinare ikkje krevje rett til kontraktsendringar eller ekstra kompensasjon av noko slag ut frå tilhøve som har vore reelle, eller kunne ha vore registrert før innlevering av tilbodet, eller som kunne eller burde vore oppdaga av leverandøren eller nokon leverandøren svarar for, men som ikkje er blitt særskilt regulert i kontrakten. At oppdragsgjevar ikkje har merknader til eller godkjenner/samtykkjer i leverandøren sitt arbeidsopplegg, fritek ikkje leverandøren for ansvaret hans etter kontrakten. 1.3 Avgrensingar ved gjennomføring av andre oppdrag Ved mottak, transport og behandling av kontraktsavfallet kan dette gjerast saman med avfall frå andre så lenge leverandøren oppfyller denne kontrakten, m.a. i høve til kapasitet, responstid og i høve til sporing av avfallet. Leverandøren må ha eit tilfredsstillande system for sporing for å kunne dokumentere kva anlegg kontraktsavfallet vert levert til, og for å dokumentere at transportløysinga tilfredsstiller avtalt miljøkvalitet i kontrakten. Innblanding i strid med kontrakten vert sett på som misleghald. Albaran AS Side 2 av 5
1.4 Miljøkrav Alle bilar > 3,5 t skal oppfylle utsleppskravnivå B2 (Euro 5) i 25-11A i forskrift 4. oktober 1994 nr. 918 om tekniske krav og godkjenning av kjøretøy, deler og utstyr (kjøretøyforskriften). Ved gjennomføring av kontrakten skal anlegget for energigjenvinning ha ein energigjenvinningsgrad (definert som R1, jf. rammedirektivet for avfall) på minimum 0,80 over kalenderåret, jf. punkt 1.7 om rapportering. 1.5 Mottak, omlasting Oppdraget vert om ikkje anna er avtalt, avrekna etter registrert vekt hjå anlegget der leverandøren overtek eigedomsretten av kontraktsavfallet, jf. punkt 1.1. Dette anlegget skal ikkje ha lenger transportavstand frå Fjell kommune enn køyreavstanden til RagnSells / BIR Avfallsenergi AS sine anlegg i Rådal. Oppdragsgjevar kan med 3 månaders varsel nekte leverandøren å nytte leverandøren sitt mottak dersom mottak og omlasting, på grunn av årsaker som kan tilbakeførast til leverandøren, skapar lukt eller andre driftsproblem i den grad at dette skadar oppdragsgjevar sitt omdøme. Leverandøren må i så fall skifte til eit anna mottak som tilfredsstiller lokaliseringskravet over, utan ekstrakostnader for oppdragsgjevar. 1.6 Behandling Fraksjonane papir/papp, våtorganisk avfall og emballasjeplast vert henta hjå hushalda, og i tillegg har både FjellVAR og Øygarden returpunkt for mottak glas/metall-emballasje. Men det vil sjølvsagt vere att ein viss del av desse fraksjonane i restavfallet likevel. Restavfallet som skal behandlast er i hovudsak samla inn frå hushald, hytter og næring i behaldarar, men det er også restavfall frå nokre få konteinarar. Restavfall levert til gjenvinningsstasjonen inngår ikkje i kontrakten. Kontraktsavfallet skal kunne sporast tilbake til oppdragsgjevar på ein eintydig måte. Oppdragsgjevar vil ikkje godta nokon form for avviksmeldingar dersom det ikkje kan provast at dette er kontraktsavfall. Leverandøren er pliktig til å syte for lovleg sluttbehandling av alt kontraktsavfall, også delmengder som ikkje kan gå til energigjenvinning eller materialgjenvinning. Einingsprisen for behandling skal såleis inkludere alle netto kostnader ved behandling av kontraktsavfallet, inkludert eventuell forbehandling eller leveringsavgifter til deponi. Leverandør har rett til å skifte mottak-/transport- og/eller behandlingsløysing i løpet av kontraktsperioden. Vilkåret for dette er likevel at løysinga ikkje skal medføre meirarbeid eller ekstrakostnader for oppdragsgjevar, og at miljøkvaliteten ikkje er dårlegare enn krava i kontrakten. Leverandøren skal straks varsle oppdragsgjevar ved skifte av anlegg. Oppdragsgjevar skal ha tilgang til og kunne synfare anlegg der leverandøren forbehandlar eller sluttbehandlar kontraktsavfall. Albaran AS Side 3 av 5
1.7 Rapportering Oppdragsgivar kan kostnadsfritt be om leveringsrapportar (levert til anlegg og mengde) ikkje oftare enn ein gang pr månad. Leverandøren skal utarbeide ein årsrapport som skal leverast oppdragsgjevar seinast 01.02 kvart kalenderår, første gong 01.02.2017 for kalendaråret 2016, med følgjande innhald: Anlegg som avfallet er levert til Mengder til kvart anlegg siste år Spesielle hendingar, problem, avvik og eventuelle forslag til endringar. Oversyn for kvar månad som viser korleis transporten fordeler seg på ulike Euroklassar. Oversyn pr. anlegg som viser R1-verdi, og som dokumenterer at R1-kravet er i samsvar med kontrakten. I tillegg skal leverandøren innan rimelig tid kunne opplyse om talgrunnlag for bruk i LCA-analysar og liknande om utslepp, energiforbruk / produksjon mv ved gjennomføring av kontrakten. 2 INFORMASJON OM BILAG 3 2.1 Bilag 3a Grunnlagsdata Under fliken "bilag3a" er avfallsmengdene frå kommunane dei to siste åra. Det vert presisert at avfallsmengdene kan variere både over året og frå år til år. 2.2 Bilag 3b Utfylling av prisskjema mv Skjema i vedlagte excel-ark kan fylles ut manuelt eller i excel. Om ikkje anna er spesifisert, skal tilbydaren fylle ut alle postar. Det er berre dei gule felta som skal fyllast ut. Utskrifta av skjema skal leggjast ved tilbodet. Det vert teke atterhald om feil i formlar / referansar i pristabellane. Ved eventuelle feil er det dei gjevne einingsprisane som vert lagt til grunn. Tal, verdiar og annen informasjon utfylt av oppdragsgjevar, skal ikkje endrast av tilbydaren. Skjema 51 gjeld omtalen av gjennomføringsplanen innan kvalitet og miljø. Der skal det på eigne dokument gjevast ein utfyllande omtale knytt til kvart punkt som der er lista opp. Det vert likevel presisert at punkta i desse skjema ikkje er utømmande, slik at tilbyder gjerne kan supplere med fleire opplysningar som er relevante i forhold til gjennomføringsplan og oppfylling av kravspesifikasjonen. 2.3 Bilag 3 Inkludert i einingsprisane i prisskjema Der det ikkje er nemnt noko anna, skal alle prisar, summar og einingsprisar inkludere alle kostnader til leverandøren i samband med utføring av arbeidet, inkludert men ikkje avgrensa til - delar og materiell/utstyr (halde av leverandør), forbruksmateriell, generalkostnader (inklusive administrasjon og arbeidsleiing) sentralt og for oppdraget, skattar og avgifter og forteneste. Dvs. at tilbydar må inkludere alle sine påreknelege kostnader ved utfylling av skjema, sjølv om ikkje alle kostnadselement og arbeid / ytingar er nemnde i detalj i konkurransegrunnlaget. Dersom det viser Albaran AS Side 4 av 5
seg å vere behov for auka ressursinnsats for å gjennomføre oppdraget, skal leverandøren auke ressursbruken utan ekstra kompensasjon. Dette gjeld t.d. ekstra ressursinnsats ved eventuelt plunder og heft i oppstartsfasen. Dersom tilbydar meiner at nokre av kostnadene ikkje naturleg kan knytast til skjema, må kostnadene tydeleg kvantifiserast og spesifiserast i tilbodsbrevet. Tilbyder skal fylle ut alle postar i tilbodet. Prisene skal vere i kroner (NOK) eksklusive meirverdiavgift. Det er alltid einingsprisane i avtalen som vert lagt til grunn ved avrekning. Einingsprisane gjeld om ikkje anna er spesifisert (lista er ikkje uttømmande): uansett når på døgnet arbeida vert utført, uansett vekedag arbeida vert utført, uansett når på året arbeida vert utført, uansett mengde arbeid pr. arbeidsoperasjon. Albaran AS Side 5 av 5