SULA KOMMUNE Kommunestyret TILLEGGSINNKALLING Møtedato: 22.06.2016 Møtestad: Sula ungdomsskule Møtetid: Kl. 18:00 Interpellasjon vedlagt kom inn i rett tid og skulle vore sendt ut saman med dei øvrige møtepapira. Interpellasjonen vert derfor ettersendt til møtet. Sula kommune 20.06.16 Jim Arve Røssevoll Ordførar
Sakliste Saksnr. Sakstittel Gradering 085/16 Interpellasjon frå Håvard V. Lien - MDG - Auka aktivitet og betre kosthald i Sulaskulen
SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Åge Erstad Remvik Arkiv: K1-090, K3 - &29 Arkivsaksnr: 12/183 16/10362 Interpellasjon frå Håvard V. Lien - MDG - Auka aktivitet og betre kosthald i Sulaskulen Utval: Møtedato: Saksnr.: Kommunestyret 22.06.2016 085/16 Interpellasjon: Samanlikna med tidlegare er borna i dag i snitt meir passive i kvardagen. Ein av grunnane til dette er tilgjenget på TV, data og liknande media. Parallelt med dette har ein generelt ufordringar i skulen med ukonsentrerte elevar. Sulaskulen har i dag mange innslag av mistrivsel og mobbing. For å betre dette tek vi til orde for auka satsing på fysisk aktivitet og kosthold ved barneskulane på Sula. På fleire skular i landet har ein innført fysisk aktivitet i skulane kvar dag, og oppnådd målbare resultat i form av auka trivsel, mindre mobbing, mindre bråk i timane og dermed også betre læringsmiljø. I tillegg har ein registret mindre sjukefråvær blant lærarane. Eksempel som har vore oppe i media på vår kant av landet er Stryn Kommune som har vedtatt minimum 1 times aktivitet pr dag, i tillegg til gymtimane. Spjelkavik barneskule har satsa på fysisk aktivitet til dømes leikepatrulje, Leik på Strek m.m. Dette har dei óg kombinert med auka fokus på kosthald i skuletida. Parallelt med dette har dei ordningar som gir elevane tilgang på sunn og næringsrik mat på skulen. Begge deler er viktige for å sikre god læring. Vidare har Apeltun Skule i Bergen satsa på auka aktivitet i undervisninga i lengre tid og med god effekt, noko som har vakt oppsikt internasjonalt. Dei har blant anna fått ein pris frå Dronning Sonja for arbeidet sitt. Lærar Christian Holstad Lilleng i Stordal har kjørt eit forsøk med gym-basert matematikkundervisning og avdekka betydelig effekt, spesielt på dei mest aktive borna som gjerne er mindre mottakelig for konvensjonell kateterundervisning. I Stavangerprosjektet har forskning på doktorgradsnivå vist at fysisk aktivitet aukar føresetnadane for å forståelse av praktiske og teoretiske utfordringar. I Danmark har liknande prosjekt vore aktive i lengre tid på meir enn 150 skular med god effekt. Forskning på desse tiltaka viser at effekten er betydeleg. Her lokalt har Høgskulelektor Elisabeth Innselset ved Høgskulen i Volda forska på satsinga til Spjelkavik barneskule, og har 1
oppsummert dette med at ein kan anta at auka fysisk aktivitet fører til auka trivsel, bedre læringsmiljø, gode faglege prestasjonar og sosial kompetanse. Sjå følgjande linkar for meir informasjon: Lek-på-strek på Spjelkavik barneskule - http://www.smp.no/nyheter/article11154477.ece Apeltun Skole, Bergen - http://www.aftenposten.no/100sport/sprek/her-larer- Nora-10-matte-753776_1.snd Christian Holstad Lilleng, Stordal Skule - http://www.smp.no/video/article11896148.ece Stavangerprosjektet - http://fysioterapeuten.no/aktuelt/nyheter/bevegelsebinder-all-laering-sammen Leik-på-Strek er initiert på to av skulane på Sula, men etter det vi har forstått foreligg det ikkje konkret vedtak i kommunen om at dette skal gjennomførast på alle skulane, det er opp til kvar enkelt skule å gjennomføre dette. Vi veit óg at Ålesund kommune har invitert Sula til å være med i Leik-på-strek prosjektet utan kostnad, men fått relativt lite tilbakemelding frå kommuna på dette. Når det gjeld økonomi så veit vi alle at Sula kommune går i møte aukande utfordringar økonomisk sett i åra som kjem, så noko betydeleg auke i rammene til skulane er ikkje realistisk. Imidlertid finst det statlege tilskotsordningar allereie, til dømes «Lokalt samarbeid om organisering av matordninger på skolen», sjå https://helsedirektoratet.no/tilskudd/lokalt-samarbeid-om-organisering-av-matordningerpa-skolen. OBS! Søknadsfrist 22.juni! Vidare har til dømes Spjelkavik barneskule hatt stor hjelp og dragkraft frå FAU på skulen til å gjennomføre sine satsingar. Eg er viss på at foreldra stiller villig opp her I kommunen óg når det gjeld sine eigne borns trivsel på skulen. Vi ber ordføraren greie ut om kva som er gjort i kommunen i forhold til dette og kva som er bestemt på dette området. Vi ber også om at det vert lagt fram tal for mobbing og mistrivsel på skulane i Sula, samt å få høyre oppvekstsjefen sine tankar om desse tiltaka. Vidare har vi følgjande forslag til vedtak: Sula kommunestyre vedtek at det skal utarbeidast eit opplegg for barneskulane i Sula som sikrar alle barneskuleelevar i kommunen minst éin skuletime fysisk aktivitet per dag gjennom skuleveka, i tillegg til ordinære gymnastikktimar. Den fysiske aktiviteten treng ikkje og bør ikkje erstatte andre fag, men kan innarbeidast i andre fag som matematikk og naturfag. Den fysiske aktiviteten skal planleggjast i samanheng med eit mattilbud på skulen som gir alle born tilgang på næringsrik og sunn kost i kvardagen. Med venleg helsing 2
Håvard Vollset Lien Miljøpartiet dei grøne - Sula Interpellasjonen vart levert inn i rett tid, og skulle vore sendt ut med sakspapira. Ordføraren ønskja interpellasjonen ettersendt. Utdrag frå møtereglementet til Sula kommunestyre, s.10: 24. INTERPELLASJON a) Kvar medlem kan kome med førespurnad til ordføraren i form av ein interpellasjon. Interpellasjonen bør gjelde prinsipielle spørsmål. Interpellasjonen må vere ordføraren i hende seinast 10 dagar før møtedagen (møtedagen ikkje medrekna). b) Interpellasjonen skal sendast medlemene saman med sakliste og saksdokument. c) Den som har meldt interpellasjonen har rett til å leggje fram ei kort munnleg grunngjeving. d) Møteleiaren svarar på interpellasjonen. e) Ved eventuelt ordskifte kan interpellanten, møteleiaren, rådmannen og gruppeførarane ha ordet to gonger. Elles skal ingen ha ordet meir enn ein gong. f) Møteleiaren, eller 1/3 av medlemene, kan motsetje seg at det vert gjort vedtak i tilknyting til interpellasjonen. 3