INFOSKRIV OM LANDSLEIREN STAVANGER 2013 NR. 2, JUNI 2013 Hei, alle saman! Leiren nærmar seg veldig no, og vi leiarane har massevis av småting som må ordnast for at leiren skal bli best mogleg for speidarane. Dette skal bli ei fantastisk oppleving for alle. Eirik, Sivert og Rasmus vil allereie ha vore i Stavanger i to veker når bussen til Førde speidargruppe kjem, så forhåpentleg kan vi vise dykk raskt og enkelt på plass etter innsjekken. Elles håpar vi alt går bra med landsleirførebuingane der heime også. Her er litt meir detaljert info om ting de kanskje lurer på: Reise Avreise er fredag 5. juli kl. 23.00 frå Førde rutebilstasjon. Møt opp i god tid! Vi er framme i Stavanger ca. kl. 08.00 laurdagen. Gruppemerket vårt på leiren Retur er laurdag 13. juli kl. 07.00. Vi kjem nok til rutebilstasjonen i 16 17-tida. Helsekort Alle må fylle ut det vedlagde helsekortet med opplysningar om sjukdom, allergi og meir (sjå siste side). Dette skal leverast til Eirik i Stavanger. Korta blir berre brukte i tilfelle uhell/sjukdom, og dei blir makulerte etter leiren. Dette er viktig! Pakkeliste Vi ynskjer at de pakkar i éin stor sekk og éin handbagasjesekk, dvs. ikkje lause posar o.l. Soveposar og liggjeunderlag må kunne vere festa til sekken. Dette har spesielt med komfort under haiken å gjere. Merk alt utstyr med namn. For sjølve pakkelista, sjå vedlegget på nest siste side. Program for kvar dag Leiren vil for oss sjå omtrent slik ut: Laurdag Søndag Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Bussen kjem. Oppsett av leirområde. Opningsleirbål om Oppsett av leirområde Gruppebidrag aktivitet i leiren. Fritid om Ut på haik om ettermiddagen Tilbake frå haik på føremiddagen. Fritid resten av dagen Preikestolturen. Fritid om Finale: tivoli-/ marknadsdag med speidaraktivitetar. Avslutnings -leirbål om. Pakking av leiren
Leirbygging Når bussen er framme laurdag morgon, begynner vi å setje opp leirområdet vårt etter frukost. Her er det mykje som skal gjerast, med alt frå oppsett av telt til bygging av bord og portal. Jo fortare alt er klart i løpet av laurdagen og søndagen, jo fortare blir det fritid og andre aktivitetar. Det er viktig at speidarane er klar over at denne fyrste fasen kan vere litt krevjande. Men det skal seiast at resultatet blir desto meir imponerande! Vi ynskjer at alle foreldre snakkar med ungane om bussturen fredag kveld, slik at alle kan få ro til å sove litt denne natta. Får vi nokon som er oppe og pratar heile tida, vil dette øydelegge veldig for den viktige byggjeaktivitete laurdagen. Haik Alle speidarane er i utgangspunktet melde på til ein overnattingstur (ca. 18 timar) under landsleiren. På haiken går patruljane kvar for seg, men det blir sett ut vakter langs vegen. Alle i Sogn og Fjordane krets er på haik frå tysdag 9. til onsdag 10. juli. Preikestoltur Alle speidarane er også i utgangspunktet melde på til preikestolturen, som for vår krets går torsdag 11. juli. Heile turen tek om lag 7 timar. Fyrst ein og ein halv time med buss, så har speidarane fire timar på seg til sjølve fotturen, før det igjen tek ein og ein halv time tilbake med buss. Mange vil nok klare turen mykje raskare, men vi har med vilje sett av god tid. Fotturen vil stort sett gå på god sti, men det er nokre strekk med ulendt terreng. Sjølve fotturen opp til Preikestolen er på 3,8 km med ein høgdeskilnad på 330 meter. Speidarane må kle seg etter vêret. Gode sko er sjølvsagt. Joggesko fungerer, men fjellsko/fjellstøvlar er best. Speidarane må ha med seg mat, vassflaske og ekstra klede/utstyr i ein dagstursekk. Det vil ikkje vere mogleg å kjøpe noko undervegs. Løypa er svært godt merkt, og sjansen for å gå seg vekk er minimal. Leiren har eigen stab med fyrstehjelpsutstyr og radiosamband fleire stader i løypa. Turen ut på sjølve platået går føre seg slik at speidarane går i rekkje ut, utan å stoppe opp, og så går dei opp på fjellet bak sjølve Preikestolen. Dei som ikkje vil gå ut på platået, kan passere på innsida, for så å gå opp på stoppunktet. Det vil vere folk frå stab begge stader. Mobilbruk og telefon Speidarane vil ha tilgang til ladestasjon for mobiltelefon via ein felles kasse. Vi ynskjer likevel at speidarane skal bruke mobilen minst mogleg undervegs, spesielt til musikk, sosiale media o.l. Viss speidaren ringjer heim om problem o.l., ynskjer vi at de tek kontakt med ein av oss leiarane slik at vi kan løyse opp i dei der og då. Fjernløysing av problem på leir fungerer erfaringsmessig svært dårleg og bidreg gjerne berre til å gjere problemet verre. Ver også merksame på at mobiltelefonar lett kan rotast vekk eller bli øydelagde. Alle verdigjenstandar er med på eige ansvar. Pengebruk Leiren vil ha moglegheit til uttak og betaling med kort i butikkane, så vi tilrår dei som har bankkort å bruke dette for å unngå å gå rundt med for mykje kontantar. Av stader å bruke pengar er det stort sett kiosken/butikken med snop, is osb., og Speider-sport, med alt av speidarutstyr m.m. Butikken vil ha med store delar av sortimentet sitt, og dette kan de sjå på http://speider-sport.no
Skjorte og merke http://speider-sport.no sel skjorter. Merke skal speidarane ha fått frå gruppa. Spør etter dei merka du/de manglar på pakkemøtet. Her ser de korleis merka skal plasserast. Post Viss dei der heime vil sende eit godt, gammaldags brev, er adressa: <Namnet på speidaren>, Sogn og Fjordane krets, Speidarlandsleir Stavanger 2013, Treskeveien 3, 4043 HAFRSFJORD. Meir informasjon om leiren Detaljert informasjon og artige nyheitssaker om landsleiren finn de på landsleiren si heimeside på http://www.stavanger2013.no. Her er det også moglegheit til å følgje med undervegs på leiren for foreldra heime. Besøk Foreldra er velkomne til å besøkje oss i leiren. Det vil også vere eigne aktivitetar for gjester. Sjå nettsida til leiren for meir info. Kontaktinfo til leiarar Eirik Ulltang Birkeland: 481 15 535 Per Anders Moldestad: 992 33 297 Frida Mulen: 952 76 088 I tillegg er Reidun Kristiansen og Nancy Karstad med.
Pakkeliste Soving Sovepose Liggjeunderlag Ev. nattklede Hygiene Tannkost Tannkrem Såpe Sjampo Handkle (små og store) Solkrem Myggspray/myggolje Ev. medisinar og smertestillande Ev. reisesjuktablettar (om du treng det) Klede Speidarskjorte og -skjerf Leirbålskappe Undertøy Shorts Sandalar Joggesko/kvardagssko Caps eller solhatt (vurder det) Varme sokkar Andre varme klede Langbukser T-skjorter Genserar Vindtett og vasstett jakke Regnklede Regntette sko Hue Anna Tallerken, skål og kopp Kniv, gaffel og skei Vassflaske Lommelykt/hovudlykt (og ekstra batteri) Badeklede Skrivesaker og notatbok Handbagasjesekk Lommepengar Kamera? Sysaker Klokke Solbriller Merke og speidarskjerf til bytting (om ein vil) Mobiltelefon
HELSEKORT FOR LANDSLEIR STAVANGER 2013 Helsekortet behandles konfidensielt i gruppen og skal makuleres etter arrangementet. Troppsleder skal selv oppbevare helsekort for alle deltakere fra sin gruppe. Helsekortene skal kun gjøres tilgjengelig for helsepersonell ved behov. Personnummer: Adresse: Postnummer: Kommune: Telefon: Stivkrampevaksinert: ja/nei Mobil: Hvis ja, når: Gruppe: Patrulje: Krets: Allergi: Allergien arter seg som (høysnue, astma etc.): Andre sykdommer (diabetes, epilepsi etc.): Jeg bruker følgende medisiner: Andre opplysninger: Nærmeste pårørende 1 Beskriv relasjon (f.eks. far, mor): Telefon/mobil (for kontakt under leiren): Adresse hvor pårørende er under leiren: Postnr: Nærmeste pårørende 2 Beskriv relasjon (f.eks. far, mor) Telefon/mobil (for kontakt under leiren): Adresse hvor pårørende er under leiren: Postnr: Hjemmeleder Navn og telefon til hjemmeleder (som kan kontaktes under leiren): Foresattes underskrift (for deltakere under 18):