Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: 10.11.2016 Tidspunkt: 18:30 20:45 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Solveig Nekstad Grave Medlem AP Tore Åsland Medlem AP Cecilie Vee Straand Medlem AP Bjørn Nordskog Medlem SP Tarjei Andreas Draugedal Varaordførar KRF Jon Ingebretsen Medlem MDG Terje Nekstad Medlem AP Anne Birgit Sollid Medlem SP Lars Håkon Didriksen Medlem SP Tor Arne Mælen Medlem V Tarjei Gjelstad Ordførar AP Halvor Nyland Medlem H Steinar Torsdalen Medlem SP Einar Søreide Medlem AP Jonn Foldøy Medlem KRF Mona Riis Medlem AP Bjørn Håvard Olsen Medlem AP Tone Gulliksen Øy Medlem SP Geir Kjartan Lid Medlem AP Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Elsa Ann Grave Hauglid MEDL H Ellen Oddrun Smenes MEDL KRF Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Magne Wraa Elsa Ann Grave Hauglid H Thor Arne Heggtveit Ellen Oddrun Smenes KRF Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Øystein Tveit Rådmann Lothar Edel Økonomisjef Ordføraren orienterte om_ - Statlege tilskot til klimatiltak: Klimasats 2016, prosjekt G/S til Kvitsund, vart ikkje imøtekome - Vest-Telemark Rådet
Interkommunalt samarbeid, felles eigarskapsmelding, Vest-Telemark Kraftlag er fyrste selskap. Uttale om samanslåing Vestfold og Telemark, høyringssvar på intensjonsavtala frå kommunane vert handsama i formannskapet 30.11.16 Rådmannen orienterte om framlegget til budsjett for 2017 og økonomiplan 2018-2020
Saksliste Utvalssaksnr. FO 8/16 PS 74/16 PS 75/16 Innhald Interpellasjon og spørsmål Godkjenning av protokoll Orienteringssaker PS 76/16 Høyring - Forslag til effektivisering av lokal struktur - nærpolitireformen i Sør-Øst Politidistrikt PS 77/16 PS 78/16 Val ved stortingsvalet 2017 - valdagar og kretser Selskapsavtale for Vest-Telemark PPT IKS Lukka FO 8/16 Interpellasjon og spørsmål Det var ingen interpellasjonar eller spørsmål til møtet. PS 74/16 Godkjenning av protokoll Protokollen vart samrøystes vedteken. PS 75/16 Orienteringssaker Det var ingen orienteringssaker til møtet. PS 76/16 Høyring - Forslag til effektivisering av lokal struktur - nærpolitireformen i Sør-Øst Politidistrikt Kviteseid kommunestyre stør dei vurderingane som er gjort i saka, og gjer dette til kommunen si høyring om Nærpolitireformen.
Jon Ingebretsen, MDG, kom med fylgjande framlegg til 2. setning i kapittel Organisering av tenesteeiningane i Vest-Telemark: «Kviteseid kommune stør politimeisteren si tilråding om Kviteseid som tenestestad for kommunane Nissedal, Kviteseid og Seljord, eventuelt Fyresdal.» Einar Søreide, AP, kom med fylgjande tilleggsframlegg som plasserast etter Kviteseid kommune er eit administrasjonssenter i Vest-Telemark : «Kviteseid kommune meiner innspela frå Vest-Telemark tingrett og Øvre-Telemark jordskrifterett må tillegast stor vekt. Dei understrekar i sine høyringsbrev at det er viktig med ein god kontakt og nærleik til eit lensmannskontor i det daglege arbeidet. Nye krav til domstolane om auka fokus på tryggleik som gjer at det er eit sterkt ynskje frå dei om eit lensmannskontor i Kviteseid.» Geir Kjartan Lid, AP, kom med fylgjande framlegg (nytt strekpkt 2 og 3 og nytt strekpkt) «Kviteseid kommunestyre stør ein vidareføring av redningstenesteeininga som i dag er lokalisert i Vinje. Dette er eit unikt tverrfagleg samarbeid mellom politiet, Røde Kors, Vinje kommune, Statkraft m.fl. som gjev vesentleg større faglege, operative og ressursmessige føresetningar for ein vellykka innsats under dei mest krevjande forhold. Ved å lokalisere miljøkoordinatoren for Sør-Øst politidistrikt fast til Vinje vil politidistriktet oppnå vesentlege synergier som vil vera av stor tyding for dette fagområdet. Kviteseid, Nissedal og Seljord har mange generasjonars erfaring med avvikling av store arrangement, festivalar, stevner m.m. Kviteseid kommunestyre foreslår at det nye regionkontoret i Kviteseid etablerer eit fagteam med koordinatorrolle på vegne av Sør-Øst politidistrikt som kan utvikle ein felles mal for politiets handtering av større arrangement i heile politidistriktet. Dette vil gje ein likare og meir føreseieleg søknads- og planleggingsprosedyre for arrangørane, og ein meir heilskapleg operativ førebuing og gjennomføring for politidistriktet.» Solveig N. Grave, AP, kom med fylgjande nye strekpkt: «Datatryggleik er viktig og det er nødvendig med god og stabil kompetanse. NC-Spectrum, med kontorstad i Kviteseid, er partner i Senter for cyber og informasjonssikkerheit, der dei samarbeider med bl.a. Politidirektoratet, Kripos og Politihøgskulen for å auke kompetansen og førebygge datakriminalitet. Fleire oppgåver innafor datatryggleik kan utførast og utviklast i Kviteseid saman med eit allereie etablera nasjonalt kompetansesenter.» Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke med samrøystes vedtak på alle framlegga i møtet. Kviteseid kommunestyre stør dei vurderingane som er gjort i saka med ovannemnde vedtekne framlegg, og gjer dette til kommunen si høyring om Nærpolitireformen. Kviteseid kommune stør politimeisteren si tilråding om Kviteseid som tenestestad for kommunane Nissedal, Kviteseid og Seljord, eventuelt Fyresdal. Kviteseid kommune meiner innspela frå Vest-Telemark tingrett og Øvre-Telemark jordskrifterett må tillegast stor vekt. Dei understrekar i sine høyringsbrev at det er viktig med ein god kontakt og nærleik til eit lensmannskontor i det daglege arbeidet. Nye krav til domstolane om auka fokus på tryggleik som gjer at det er eit sterkt ynskje frå dei om eit lensmannskontor i Kviteseid. Kviteseid kommunestyre stør ein vidareføring av redningstenesteeininga som i dag er lokalisert i Vinje. Dette er eit unikt tverrfagleg samarbeid mellom politiet, Røde Kors, Vinje kommune,
Statkraft m.fl. som gjev vesentleg større faglege, operative og ressursmessige føresetningar for ein vellykka innsats under dei mest krevjande forhold. Ved å lokalisere miljøkoordinatoren for Sør-Øst politidistrikt fast til Vinje vil politidistriktet oppnå vesentlege synergier som vil vera av stor tyding for dette fagområdet. Kviteseid, Nissedal og Seljord har mange generasjonars erfaring med avvikling av store arrangement, festivalar, stevner m.m. Kviteseid kommunestyre foreslår at det nye regionkontoret i Kviteseid etablerer eit fagteam med koordinatorrolle på vegne av Sør-Øst politidistrikt som kan utvikle ein felles mal for politiets handtering av større arrangement i heile politidistriktet. Dette vil gje ein likare og meir føreseieleg søknads- og planleggingsprosedyre for arrangørane, og ein meir heilskapleg operativ førebuing og gjennomføring for politidistriktet. Datatryggleik er viktig og det er nødvendig med god og stabil kompetanse. NC-Spectrum, med kontorstad i Kviteseid, er partner i Senter for cyber og informasjonssikkerheit, der dei samarbeider med bl.a. Politidirektoratet, Kripos og Politihøgskulen for å auke kompetansen og førebygge datakriminalitet. Fleire oppgåver innafor datatryggleik kan utførast og utviklast i Kviteseid saman med eit allereie etablera nasjonalt kompetansesenter. Rådmannen fekk fullmakt til å ta med eventuelt nye framlegg fram til høyringsfristen 1. desember 2016. PS 77/16 Val ved stortingsvalet 2017 - valdagar og kretser Kviteseid kommunestyre vedtek at det blir halde val på sondag 10. september 2017 i Brunkeberg krins. Antal valkrinsar blir som i dag. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke, Kviteseid kommunestyre vedtek at det blir halde val på sondag 10. september 2017 i Brunkeberg krins. Antal valkrinsar blir som i dag. PS 78/16 Selskapsavtale for Vest-Telemark PPT IKS Kviteseid kommunestyre godkjenner selskapsavtale for Vest-Telemark PPT IKS slik den ligg føre. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. Kviteseid kommunestyre godkjenner selskapsavtale for Vest-Telemark PPT IKS slik den ligg føre.