KLUBBHANDBOK. Innhold



Like dokumenter
STRATEGIPLAN IL HØDD FOTBALL

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Laget har sete i Stranda kommune, og er medlem av Idrettsrådet i kommunen.

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

Fargane er raud og kvit. IL Solid sitt merke er to norske flagg som omkranser ein blå stolpe, med tekst 1945, og nedanfor den SOLID.

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

LOVER FOR IL ØRNAR. Skipa 5. mars endra Føremål

LOVER FOR FROL IDRETTSLAG

HANDLINGSPLAN FAIR PLAY FOTBALLSESONGEN 2014

Oppmannsperm. Skal innehalde alle relevante opplysningar for sesongen Rollebeskrivelse Arbeidsfordeling Alle skjema

Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA.

LOVER FOR FROL IDRETTSLAG

SKOGN IDRETTSLAG. Lover for Skogn Idrettslag.

HANDLINGSPLAN FAIR PLAY FOTBALLSESONGEN 2015

LOV FOR FIGGJO IDRETTSLAG STIFTET

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

FairPlay-pris ca. 430 medlemmar. ca stk involvert styre - komitear nemnder trenarar -

Velkommen til årsmøte for KORSSUND DYKKEKLUBB. Dale, 09. februar 2013

VEDTEKTER FOR FAGERSTRAND IDRETTSFORENING

Vedtekter for Rørvik Idrettslag

Lov for KIL/Hemne Fotball stiftet 4. april Vedtatt den 4. april 2001.

VEDTEKTER FINNÅS SPORTSKLUBB. vedteke med seinare endringar, siste av

Laget er selveiende og frittstående med utelukkende personlige medlemmer.

Vedtekter for Revisjon

1 FORMÅL Laget er selveiende og frittstående med utelukkende personlige medlemmer.

Rekrutteringsplan FBK Voss

VEDTEKTER FOR HAMAR IL SVØMMING

LOV FOR ). 1 FORMÅL

ÅRSMØTE RauaLøo Søndag 22. mars 2015, kl Bjarne Øymyr

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Vedtekter for Dale Idrettslag

Lov for Eggedal Idrettslag stiftet 20. januar 1894, revidert 16. januar 2014.

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

Saksfremlegg til årsmøtet til Selbjørn idrettslag 22 mars 2015

NVBF REGION SOGN OG FJORDANE 38. ORDINÆRE TING 2014 TINGSAKER. STED: Idrettens hus Concordbygget. TID: Onsdag 22. april 2014 kl.

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Generelt om lovnorm for idrettslag

1 FORMÅL Laget er selveiende og frittstående med utelukkende personlige medlemmer.

LOVNORM FOR IDRETTSLAG (nynorsk) (Vedteken av Idrettsstyret 28. november 2011)

LOVNORM FOR IDRETTSLAG (nynorsk) (Vedteken av Idrettsstyret 28. november 2011)

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Vedtektene i sin helhet i ny utgave godkjent av årsmøtet 6 mars 2013

VEDTEKTER. (Vedteken av Idrettsstyret 28. november 2011)

LOV FOR VALLDAL IDRETTSLAG

Visjon og verdiar ei blå framtid

Strategiplan

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten Sogndal

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Nybygda Idrettslag. Lov for Nybygda Idrettslag. Vedtatt på årsmøte i NIL 3.desember Stiftet 29.mars 1933

Lov for Rosendal Turnlag skipa 28.juni 1901

LOV FOR LÆRDAL IDRETTSLAG

LOVNORM FOR IDRETTSLAG (nynorsk) (Vedteken av Idrettsstyret 28. november 2011)

Basis-lovnorm for idrettslag

INFORMASJON FOR OPPMENN

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Vedtekter for IL ILar stiftet

Lov for Remyra Idrettslag stiftet Vedtatt av Årsmøtet 20. februar Sist endret på Årsmøtet 26. februar 2008

Lagleiarmøte Info Trio-sesongen-12

LOVNORM FOR IDRETTSLAG (nynorsk) (Vedteken av Idrettsstyret 28. november 2011)

Vedtekter for SKEDSMO SVØMMEKLUBB av

SPORTSPLAN IL JOTUN FOTBALL

LOV FOR VOSS HANG OG PARAGLIDERKLUBB

Laget er selv-eiende og frittstående med utelukkende personlige medlemmer.

Lover for ULSTEIN SEILFORENING stifta

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

LOVER FOR ETDE OG OMEGN FOTBALUCLUBB, Lov for EIDE OG OMEGN FOTBALLflUEB stifta 30/ Vedtatt den 6/ på lagets første årsmøte.

Velkommen til. årsmøte!

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Klubben er selveiende og frittstående med utelukkende personlige medlemmer.

LOVER VEDTEKTER. Gjeldende for Allianseidrrettslaget Arna Bjørnar. Gjeldende for Arna Bjørnar Fotball

Landsmøte 2016 Sak 9.4 forslag til vedtektsendring som følge av navne-endring

Visjon og verdiar KLAR for Stranda

DAGSORDEN for årsmøtet 1. Godkjenna dei som har stemmerett 2. Godkjenna innkalling, sakliste og møtereglar 3. Velja dirigent, skrivar og 2

~ 1 ~ Vedtekter for. Elverum Bowlingklubb Stiftet 22. Mai Formål

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

Klubblov Bodø Golfklubb

LOV FOR STJØRDAL GOLFKLUBB

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

Vedtekter Sagvåg skulekorps.

Holdningsavtale mellom

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Lov for Trondheim Ballklubb Stiftet Godkjent av styret i Sør-Trøndelag Idrettskrets den

Lov for Furuset Idrettsforening stiftet 10. januar 1914

B I L E T K U N S T N A R A N E I M Ø R E OG R O M S D A L org.nr

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

ORGANISASJONSPLAN ROLLEBESKRIVELSER. Bremnes Idrettslag - Fotballgruppa ORGANISASJONSPLAN BREMNES IDRETTSLAG - FOTBALLGRUPPA

VEDTEKTER I.L STORMFJELL

Alle lag i krinsen pliktar å rette seg etter NIF og særkrinsen sine lover og retningslinjer.


Lover for Idrettslaget Drammen Strong

Til deg som bur i fosterheim år

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

VEDTEKTER FOR. SANDE NORD STORVALD (ajourført )

VEDTEKTER FOR TELEMARK KULTURNETTVERK

Transkript:

KLUBBHANDBOK Innhold 1 STRATEGIPLAN... 2 1.1 Visjon... 2 1.2 Verdigrunnlag... 2 1.3 Hødd si rolle... 2 1.4 Hødd som toppklubb... 3 1.5 Hødd som Breiddeklubb... 3 1.6 Hødd som medspelar... 4 1.7 Organisasjonen... 4 1.8 Anlegg... 5 1.9 Økonomi... 5 2 LOVER IL HØDD... 6 3 ORGANISASJON... 10 3.1 Fotballstyret... 10 3.2 Administrasjon... 11 4 LAGSADMINISTRASJON... 13 4.1 FIKS Fotballens informasjons og kommunikasjonssystem... 14 4.2 Politiattest... 14 5 FAIR PLAY... 15 6 ØKONOMISTYRING... 17 7 REKRUTTERINGSPLAN... 19 8 UTDANNING OG KOMPETANSE... 20

1 STRATEGIPLAN 1.1 Visjon liten - men stor Hødd skal famne både topp og breidde, og vere ein samfunnsutviklar i Ulstein og regionen - samt vere ein del av norsk toppfotball. Hødd har vist at ein med små ressursar kan kome inn i toppfotballen og vere der over lang tid. Lokal forankring og spelarutvikling har vore og blir ein viktig suksessfaktor. Hødd-ånda Gull av gråstein. Hødd er ingen storklubb frå ein storby, men har gjennom gode prestasjonar skapt store opplevingar og tukta dei største og sterkaste. Med hardt arbeid og sterk tru er det meste mogleg. Der andre ser begrensingane ser Hødd muligheitene 1.2 Verdigrunnlag STOLT I Hødd er vi stolte av klubben, prestasjonane og aktiviteten. Vi viser dette gjennom stor entusiasme, engasjement og respekt for kvarandre. AUDMJUK Gjennom Hødd-ånda er hardt arbeid, folkeskikk og ærleg spel ein viktig del av grunnfjellet. INKLUDERANDE I Hødd tek vi vare på alle og fellesskapet gjev oss styrke. I samarbeid med andre klubbar, næringsliv og det offentlege skal vi utvikle klubben vidare. 1.3 Hødd si rolle Hødd skal vere ein open og inkluderande klubb Hødd-ånda skal styrkast. Klubben skal til ei kvar tid få optimalt ut av tilgjengelege ressursar på alle områder. Hødd skal dyrke miljøet og frivilligheitskulturen. Dette skal vere med å skape eit godt grunnlag for aktivitet både i topp og breidde, samt utvikle gode ambassadørar for klubben. Hødd skal ta samfunnsansvar og vere ein inkluderande breiddeklubb, og i Ulstein kommune vere ein viktig bidragsytar til eit godt barne og ungdomsmiljø. 2

Hødd skal vere ein regionalt forankra klubb og ta særleg ansvar for utviklinga av fotballen på Søre Sunnmøre i eit nært samarbeid med klubbane i området. Skape opplevingar Om det er på trening eller i kamp, om du er liten eller stor, far eller mor, publikum, supportar eller sponsor; i Hødd handlar det om å skape opplevingar for alle. Små hendingar kan vere store opplevingar for den einskilde. Skape identitet Hødd skal vere ein klubb som folk flest kan identifisere seg med. Klubben skal vere folkeleg, open og inkluderande og framstå på ein positiv måte i alle samanhengar. Skape profilar og gode forbilde Positive profilar skapar positiv identitet og merksemd. Gjennom prestasjonar og sin veremåte er Kjetil Hasund Hødd sin største profil gjennom alle tider. Hødd skal skape nye profilar som bryt barrierar og er gode rollemodellar, både på og utanfor bana. 1.4 Hødd som toppklubb HØDD SKAL VERE EIN DEL AV NORSK TOPFOTBALL Hødd er den klubben i norsk fotball som sidan 1963 har spelt flest kampar i 1. divisjon. Sidan Hødd slo gjennom i norsk toppfotball på 60-talet har ein vidareført kompetanse til nye generasjonar og epokar. Klubben har hatt viktige kontinuitetsberarar i alle ledd. Hødd skal vere muligheitenes klubb og utvikle spelarar, trenarar og leiarar gode nok for norsk toppfotball. Hødd skal vere ein ressursklubb for klubbane i regionen. Hødd skal vidareutvikle samarbeidet med skuleverket for å legge best mulig til rette for kombinasjonen fotball og studie. Hødd skal tilstrebe å utvikle minst ein spelar pr. år god nok til å bli teken opp i A- stallen frå rekruttstallen. Hødd skal vere eit lag i norsk toppfotball med stor grad av regional identitet. 1.5 Hødd som Breiddeklubb HØDD SKAL VERE EIN STOR OG INKLUDERANDE BREIDDEKLUBB Hødd satsar både på topp og breidde, jenter og gutar. Uansett interesse, ambisjonsnivå eller dugleik ser vi på kvar enkelt som ein unik ressurs. 3

Hødd vil legge til rette for å gi eit tilpassa tilbod for alle, og skape ein trygg og god arena. Hødd skal rekruttere frivillige og foreldre som trenarar og leiarar. Hødd skal legge til rette for at flest mogleg vil spele fotball lengst mogleg. Hødd skal vidareutvikle Hødd FotballFritidsOrdning for jenter og gutar. Hødd skal legge til rette for utvikling av spelarar, trenarar, leiarar, domarar og frivilligheita. Hødd skal utvikle seg til å bli ein sertifisert kvalitetsklubb 1.6 Hødd som medspelar Hødd skal vere Søre Sunnmøre sin mest attraktive kommersielle arena. Hødd skal vere eit knytepunkt for relasjonsbygging, utvikling og samarbeid mellom næringslivet i regionen. Hødd skal gjennom samarbeid med næringslivet og kommunane gjere Søre Sunnmøre til ein attraktiv plass å bu. Hødd skal gjennom gode resultat skape opplevingar som gir stoltheit til heile regionen. Hødd skal vere aktive i alle viktige mediekanalar. 1.7 Organisasjonen Organisasjonen og kompetansen i Hødd skal utviklast i takt med dei utfordringane som klubben møter i framtida. Styret Utarbeide strategi og overordna retningslinjer for korleis klubben skal drivast. Styret skal i saman med administrasjonen syte for at klubben vert drifta i tråd med vedtekne planar. Administrasjon Drifte klubben utifrå dei retningslinjene som er gitt frå styret. Skal ha tilstrekkeleg kompetanse for å drifte ein toppklubb. Skal vere pådrivar, skape blest, entusiasme og auka aktivitet. 4

Skal legge til rette på ein slik måte at mange frivillige vil delta i klubbens arbeid. Det skal vere kjekt å vere frivillig i Hødd. Frivillige Skal bistå med kunnskap og engasjement i nært og godt samarbeid med administrasjon og styre. 1.8 Anlegg Nye Høddvoll skal utviklast til ein intim og moderne fotballstadion, og ein kamparena for alle lag, der både utøvarar, publikum og andre aktørar trivast. Det skal leggast til rette slik at frivillige i saman med dei tilsette også i framtida er ein viktig del av drift og utvikling av Høddvoll-området. Sikre at klubben i framtida har tilgang på nødvendig areal til å drive den sportslege aktiviteten i Høddvoll-området. Utvikle Høddvoll-området til eit kraftigare tyngdepunkt for fotballen og for andre idrettar og aktivitetar. Banene, bygningane og uteområdet på Høddvoll skal vedlikehaldast og takast godt vare på. Ta eigaransvar av «gamle» Høddvoll Stadion og Høddvollhuset. 1.9 Økonomi Klubben skal styrast etter fornuftige og solide økonomiske prinsipp, der verdiar skal skapast før dei kan nyttast. Dette skal ligge til grunn i spelarkontraktar, trenarkontraktar og anna avtaleverk. Tilfredstille Norges Fotballforbunds klubblisenskrav. Positiv eigenkapital. God likviditet. FOS mål om grøn sone. Nøktern budsjettering og god oppfølging. Rapportering i god tid til NFF og revisor. (FOS=Finansielt oppfølgingssystem) 5

2 LOVER IL HØDD Idrottslaget Hødd skipa 01.08.1919. Lov vedteken på årsmøtet 28.02.2005. 1. Målsetting IL Hødd skal ved samarbeid og kameratskap fremje idrett og friluftsliv i sunne former. IL Hødd er eit sjølveigande og frittståande lag med personlege medlemer. 2. Tilhøvet til andre organisasjonar IL Hødd er tilslutta Norges Idrettsforbund (NIF) gjennom Møre og Romsdal Idrettskrets. Laget er tilslutta dei særforbund som årsmøtet gjer vedtak om å slutte seg til. IL Hødd held til i Ulstein kommune, og er tilslutta Idrettsrådet i kommunen. 3. Medlemskap Alle som innordnar seg lovene til laget og dei overordna idrettsinstansar, kan takast opp som medlemer i IL Hødd. Ved innmelding må det gjevast opplysningar om alder og bustad, og om vedkomande har vore eller er medlem av andre lag tilslutta NIF. Ny medlem kan ikkje takast opp dersom tilhøvet til eit anna lag ikkje er ordna. Gyldig medlemskap blir rekna frå den dagen medlemskontingenten er betalt. Alle medlemer må til ei kvar tid rette seg etter IL Hødd sine lover og vedtak, samt lovene til NIF. 4. Stemmerett og valgbarheit For å ha stemmerett i IL Hødd må ein medlem ha fylt 15 år, og ha vore medlem i minst ein månad, og ha alle sine formalitetar med laget i orden. Alle medlemer som har stemmerett, kan veljast til tillitsverv i laget og som representantar til ting eller møte i overordna idrettsorganisasjon. Arbeidstakar i laget kan ikkje veljast til hovudstyret. 5. Kontingent og treningsavgift Kontingenten blir fastsett kvart år på årsmøtet. Kontingenten skal betalast på forskot. Medlemer under 18 år betalar ein lågare kontingent. Medlemer som skuldar kontingent for meir enn eitt år, misser rettane sine i IL Hødd, og kan av styret i laget strykast som medlem. Blir eit medlem stroke, kan det ikkje takast opp att som medlem før skuldig kontingent og andre formalitetar er ordna. Styret har høve til å sette ned eller frita for kontingent ved sjukdom, arbeidsløyse, militærtjeneste eller andre gyldige grunnar. Treningsavgifta blir fastsett kvart år på årsmøtet. Treningsavgifta skal betalast på forskot. Det skal betalast treningsavgift til kvar gruppe der ein medlem er aktiv. Medlemer under 18 år 6

betalar ei lågare treningsavgift enn vaksne medlemer. Aktive medlemer som skuldar treningsavgift, kan nektast å ta del i treningane. 6. Godtgjering til tillitsvalde Tillitsvalde kan ta imot eit høveleg honorar for arbeidet sitt, samt refusjon for faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsfortjeneste. Godtgjering og refusjon av faktiske utgifter skal gå fram av IL Hødd sitt budsjett og rekneskap. 7. Habilitet For IL Hødd sine tillitsvalde, oppnemnde tillitspersonar og tilsette, gjeld NIF sine habilitetsreglar (jfr NIF si lov paragraf 2-7). 8. Straffesaker For alle straffesaker gjeld NIF si lov kapittel 11 (NIFs straffebestemmelser). 9. Årsmøtet Il Hødd sitt høgste organ er årsmøtet, som blir halde kvart år i februar månad. Årsmøtet blir kalla inn av styret med minst ein månads varsel, direkte til medlemene eller ved kunngjering i pressa. Årsmøtesaker må vere styret i hende seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste skal vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet. På årsmøtet skal det ikkje handsamast forslag til lovendring som ikkje er oppført på saklista ei veke før årsmøtet. Andre saker kan handsamast og avgjerast når 2/3 av dei frammøtte krev det. Slik avgjerd kan berre takast i samband med vedtak om godkjenning av saklista. 10. Leiing av årsmøtet Årsmøtet skal leiast av ein vald dirigent. Dirigenten treng ikkje vere medlem av laget. 11. Avstemming på årsmøtet Når ikkje anna er vedteke, blir årsmøtesakene avgjorde med simpelt fleirtal. Val foregår hemmeleg dersom det ligg føre meir enn eitt framlegg eller det blir fremja krav om det. Skal det veljast fleire ved same avrøysting, må røystesetlane innehalde det antal kandidatar som skal veljast. Røystesetlar som er blanke, eller som inneheld kandidatar som det ikkje er gjort framlegg om, eller eit anna antal kandidatar enn det som skal veljast, tel ikkje og røystene vert rekna som ikkje avgitt. Når eit val foregår enkeltvis, og ein kandidat oppnår mindre enn halvparten av stemmene, skal det haldast omval mellom dei to kandidatane som har fått flest stemmer. Dersom dei to 7

kandidatane får like mange stemmer ved omvalet, skal valet avgjerast ved loddtrekning. Når det ved val skal veljast fleire ved ei avstemming, må alle for å vere valde ha meir enn halvparten av stemmene. Dersom ikkje mange nok av kandidatane har fått dette i første omgang, er dei valde som har fått meir enn halvparten av stemmene. Ein foretek så bunde omval mellom resten av kandidatane, og etter denne avrøystinga er dei valde som har fått flest stemmer. Dersom nokon ved omvalet får like mange stemmer, blir valet avgjort ved loddtrekning. 12. Årsmøtet sine oppgåver Årsmøtet skal: 1. Handsame IL Hødd si årsmelding. 2. Handsame rekneskapen i revidert stand. 3. Handsame innkomne årsmøtesaker. 4. Fastsette kontingent. 5. Fastsette treningsavgift. 6. Godkjenne rekneskapen. 7. Gjere vedtak om budsjett. 8. Fastsetje laget sin organisasjon. 9. Gjere fylgjande val: a ) Leiar og nestleiar b) 3 til 6 styremedlemar. c) 2 revisorar d) Representantar til ting og møter i dei organisasjonar IL Hødd er tilslutta. 10. Årsmøtet kan også velje andre tillitsfolk det måtte vere behov for. 13. Ekstraordinært årsmøte Ekstraordinært årsmøte blir halde når styret eller overordna idrettsmyndigheit gjer vedtak om det, eller når minst ein tredjedel av medlemene med stemmerett krev det. Ekstraordinært årsmøte skal kunngjerast på same måte som ordinært årsmøte, og kallast inn med minst 14 dagars varsel. 8

Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame den eller dei saker årsmøtet er samankalla for, og som er kunngjorde i innkallinga. 14. Styret IL Hødd blir leia av eit styre. Styret er laget sitt høgste organ mellom årsmøta. Styret er samansett av leiar og nestleiar og 3-6 styremedlemer. Styret skal: 1. Setje i verk årsmøtet og overordna idrettsmyndigheit sine vedtak. 2. Etter behov oppnemne kommitear, utval og personar for særskilde oppgåver, og utarbeide instruks for desse. 3. Administrere og føre nødvendig kontroll med laget sin økonomi etter dei instruksar som til ei kvar tid gjeld for idretten. 4. Representere laget utover. 5. Etter beste evne arbeide for laget, og løyse problem som måtte oppstå. Styret held møte når leiaren eller eit fleirtal av medlemene krev det. Eit styremøte er vedtaksført når fleirtalet av medlemene er tilstades. Alle vedtak blir gjorde med simpelt fleirtal. Får eit forslag like mange stemmer, har møteleiaren dobbeltstemme. Det skal førast protokoll over møta i styret. 15. Gruppene i IL Hødd. Grupper som årsmøtet i IL Hødd har gjort vedtak om å opprette, skal leiast av eit styre på minst 3 personar. Gruppestyra skal veljast på årsmøtet til IL Hødd, eller på gruppene sine eigne årsmøte. Gruppene sine årsmeldingar og rekneskap skal godkjennast på IL Hødd sitt årsmøte i februar. Gruppestyra har det økonomiske ansvaret for drifta i gruppa. Heile laget heftar for den einskilde gruppe sine økonomiske forpliktingar. Den einskilde gruppa kan ikkje inngå avtalar eller representere laget utover utan styret si godkjenning. Gruppestyra skal handsame alle faglege saker som gjeld idrettsgreina til gruppa. Det skal gjere framlegg for hovedstyret om stemne og idrettsarrangement. I idrettstekniske spørsmål som berre vedgår gruppa, handlar gruppestyra sjølvstendig. Gruppestyra skal syte for å få fram medlemene til idrettsarrangement, og syte for god disiplin og at lovene i laget blir fylgde. Brot på lovene skal rapporterast til styret. Alle avtalar med næringslivet skal godkjennast av styret eller den dei gir mynde til dette. 16. Haldningar til alkohol 9

Deltakarar i aldersbestemte klasser skal møte eit fullstendig alkoholfritt miljø i IL Hødd. Dette inneber at dei ikkje skal sjå leiarar, trenarar eller andre vaksne medhjelparar drikke alkohol eller opptre rusa i samband med reiser, turneringar eller andre idrettsarrangement. 17. Lovendring Endringar i denne lova kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte. Forslag til lovendring må vere oppførd på saklista og krev 2/3 fleirtal. Lovendringar må godkjennast av Idrettsstyret, og dei trer ikkje i kraft før dei er godkjende. Paragraf 17 kan ikkje endrast. 18. Oppløysing Oppløysing av IL Hødd kan berre vedtakast på ordinært årsmøte. Vert oppløysing vedteke med minst 2/3 fleirtal, skal det haldast ekstraordinært årsmøte 3 månader seinare. For at laget skal oppløysast, må vedtaket gjentakast med 2/3 fleirtal. Samanslåing med andre lag vert ikkje sett på som oppløysing av laget. Vedtak om samanslåing og nødvendige lovendringar i samband med dette, vert gjort i samsvar med lover og lovendring i laget. I tilfelle oppløysing tilfell eignelutane i laget NIF eller formål godkjende av idrettskretsstyret. Ved oppløysing av laget skal arkivet sendast til idrettskretsen. 3 ORGANISASJON 3.1 Fotballstyret Bård Dalen Leiar Jogeir Romestrand Nestleiar Ingebjørg Rønning Arne Heltne Per Ivar Roald Leiar 10

3.2 Administrasjon Sindre Eid MARKED OG MEDIA Lars Petter Rønnestad Andre Gardshol Geir Hansen Sindre Eid Hovudtrenar Trenarforum 12 år -> Arnfinn Ingjerd DAGLEG LEDAR Andrè Nevstad SPORT OG UTVIKLING: Steinar Lein Assistent-trenar Manuell Torres Fysisk trener Ronny Osnes Keeper trenar Trenarforum 6-12 år Vidar Ertesvåg Sportsleg utval Andre Nevstad Leiar Kenneth Moldskred Trenar rekrutt Trenarar aldersbestemt ANLEGG Tom Vågen Anleggs-komiteen Per Arve Moldskred, Leiar BREIDDE Per Arve Moldskred ØKONOMI PERSONAL Kari Mette Sundgot Dagleg leiar Skal sørgje for at IL Hødd Fotball har ein godt tilrettelagt aktivitet både i forhold til sportslege og administrative forhold. Sørgje for å gjennomføre den strategi som er vedteke i Fotballstyre og på klubbens årsmøte. 11

Marknad og Media www.hodd.no Sponsordialog Leverandørkonferansen Sponsorcup Kamparrangement Sosiale mediar Kommunikasjon med andre medier, som TV, aviser m.m TV-kampar Sport og utvikling Spelarutvikling og rekruttering Trenarutvikling og rekruttering Samarbeid naboklubbar på spelar- og treningsutvikling Samarbeid med Ulstein Vidaregåande skule FotballFritidsOrdning Breidde Styrke breiddeaktivitet Kommunikasjon lag og foreldre FairPlay FIKS Kvalitetsklubbkonseptet Treningstider og banefordeling Anlegg Drift og vedlikehald baner og bygningsmasse Maskinpark Ansvarleg for banemannskapet Økonomi og personal Rekneskapsføring, fakturering og rapportering Opplæring og oppfølging økonomirutinar lagleiarar Lønn og rapportering Oppfølging sjukemeldte Forsikring 12

4 LAGSADMINISTRASJON Namneliste eige lag Lagleiar har ansvar for å utarbeide liste over alle spelarar på laget og sende kopi av denne til administrasjonen. Aktivitetshjul Det er utarbeidd eit årshjul der du finn ei oversikt over dei mest relevante aktivitetane i løpet av året. Årshjulet ligg oppdatert på Hødd fotball sine heimesider, under Breiddefotball og våre lag. Aktivitetsplan Alle lag skal i starten av sesongen lage ein aktivitetsplan. Denne skal innehalde kort informasjon om laget, sportslege mål, sosiale/haldningsmessige mål, støtteapparat, økonomi med eige budsjett og oversikt over planlagde sportslege aktivitetar som treningar, serie og turneringar. Ei oversikt over turneringar finn ein vanlegvis på Sunnmøre fotballkrets si nettside. Kopi av årsplanen skal sendast administrasjonen før 1. april. Budsjett /rekneskap Alle lag i Hødd fotball breidde skal ha eige budsjett og alle lag skal ha ein økonomiansvarleg. Budsjetta til breiddelaga er ein del av breiddekomiteen sitt totale budsjett. Det er utarbeidd to malar som skal nyttast, eit for barnefotballen og eit for alle andre lag. I malen finn du satsar for treningsavgift, administrasjonshonorar og nokre eigenandelar for cupar. Budsjettet skal ligge som vedlegg til laget sin aktivitetsplan. Det skal sendast administrasjonen og leiaren i breiddekomiteen før 1. april. Link til: Budsjettskjema for barnefotballen. Budsjettskjema for øvrige lag i breidde. Administrasjonen fører rekneskapen for kvart lag. Rekningar med tilhøyrande dokumentasjon sendast fortløpande til administrasjonen. Dette gjeld også reiserekningar og dommarrekningar. Det er viktig at rekneskapen til ei kvar tid er mest mogleg oppdatert. Skjema for reiserekning og dommarrekningar finn du på Hødd sine heimesider under Breiddefotball og skjema. 13

I september vil kvart lag få utsendt ein status på rekneskapen så langt. Er der behov for å korrigere budsjettet bør dette gjerast. Eit lag som eit år går med overskot vil få med seg dette til neste år. Eit underskot skal dekkast inn av laget. Foreldremøte Alle lag skal ha min. eit foreldremøte ved sesongoppstart der det skal orienterast om årsplan og andre relevante saker. Deretter kan det haldast møte ved behov. Fair Play Alle lag i Hødd fotball skal vere ein del av Fair Play konseptet. Sjå kapittel 5. Årsmelding Ved sesongslutt skal alle lag levere ei enkel årsmelding. Det er utarbeidd eige skjema for denne. Årsmeldinga skal sendast administrasjonen 10. november. Treningsplan Kvart lag skal ha ein treningsplan. Planen skal innehalde ei overordna oversikt over målsettingane på treningane, type teknisk og taktisk trening, haldningar som skal fremmast frå leiarar og blant spelarar etc. Det er forøvrig utarbeidd ein spelarutviklingsplan for Hødd sine barne- og ungdomslag. Denne ligg på Hødd sine nettsider. Link til Spelarutviklingsplan. På Norges fotballforbund sine nettsider finn du ein øvingsbank med mange øvingar som kan nyttast i treninga. Link til øvingsbank. 4.1 FIKS Fotballens informasjons og kommunikasjonssystem Per Arve Moldskred er Hødd Fotball sin Fiks-ansvarleg. Alle spelarar frå 12 år og oppover skal vere innregistrert i Fiks. Lagleiarane er ansvarleg for å melde sine spelarar inn til Fiksansvarleg. FIKS ansvarleg i Hødd Fotball Ansvarleg for at klubbens trenarar og leiarar kjenner til alle nødvendige FIKSoppgåver Ansvarleg for at personar med tilgang til FIKS har kompetanse til å utføre påkrevde Skal sørgje for at alle spelarar frå 12 år og oppover er registrert i FIKS. Ansvarleg for påmelding av lag til serie og turneringar. Ansvarleg for spelarovergang og forsikringar. Sørgje for rolletildeling/oppdatering av roller i FIKS. 4.2 Politiattest Politiattest ansvarleg i Hødd Fotball er Per Arve Moldskred. Ansvarleg skal sørgje for at alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for klubben som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklings hemming, skal levere godkjent politiattest. 14

Hødd Fotball har rutinar for å hente inn, registrere og følgje opp politiattestar. Personar med leiaransvar blir opplyst om krav til politiattest, og pålagt å rette seg etter lovbestemte rutinar: Rutinar Formål politiattest er dokument som skal signerast av politiattestansvarleg i Hødd Fotball Elektronisk søknad Dersom klubben ber om ein politiattest, og den aktuelle personen ikkje ynskjer å innhente den, skal idrettslaget ikkje nytte vedkommande til oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige / personar med utviklings hemming. Hødd Fotball fører oversikt over dei som har søkt og levert godkjent politiattest. 5 FAIR PLAY Hødd Fotball er opptekne av å utvikle kvar enkelt både som fotballspelar og som menneske. Skal vi lukkast med dette, er det avgjerande at vi har eit trygt og godt miljø der små og store trivst saman. Samspelet mellom dei aktive, trenarar, leiarar og føresette, er avgjerande for å få dette til. Eit godt miljø er inkluderande og viser respekt og toleranse. Vi har valt å sette ord på dei krav og plikter som må ligge til grunn for å få samspelet til å fungere best mogleg. Både dei aktive, trenarar, leiarar og føresette kan gjennom dette dokumentet sette seg inn i kva klubben legg til grunn for at alle skal trivast i eit utviklande og spennande fotballmiljø. Samtidig er det i alle si interesse at Hødd står fram som ein klubb der alle involverte representerer klubben på ein verdig måte i alle samanhengar, både på og utanfor bana. Alle aktive, foreldre, trenarar og lagleiarar i Hødd Breidde skal motta Hødd Breidde sitt Fair Play program. Gjennom dette skal alle gjere seg kjende med dei retningslinjene klubben jobbar etter. Målsetting IL Hødd fotball har ein tradisjon for å utvikle gode fotballspelarar frå eigne rekker. Denne tradisjonen skal førast vidare. Hødd Breidde skal: Skape ein trygg og god arena til glede og utvikling for alle aktive. Ha kvalifiserte trenarar og leiarar på alle lag. 15

Drive aktiv rekruttering og skulering av trenarar og leiarar. Utvikle og ivareta anlegg som tilfredstiller krav til breiddefotball, talentutvikling og toppfotball. Spele ei naturleg rolle i oppvekstmiljøet i Ulstein kommune. Så fotballkompetanse i aktuelle naboklubbar (spelarar, trenarar og leiarar). Ta aktivt del i utviklinga av dei beste spelarane på Sunnmøre i alderen 12-16 år, saman med naboklubbar, Sunnmøre Fotballkrets og NFF. Trenar og lagleiar sitt ansvar Som trenar eller lagleiar skal du vere eit forbilde overfor alle om korleis vi oppfører oss og korleis vi vil framstå både på og utanfor bana. Gode og positive haldningar vil over tid smitte over på spelarar og føresette. Du skal gjennom di framferd stimulere til at spelarar respekterer kvarandre og viser ei sportsleg haldning overfor medspelarar, motspelarar, dommarar og motstandaren sine leiarar og føresette. Du skal legge til rette for at spelarane trivst med sin idrett, og kan utvikle sine ferdigheiter gjennom rettleiing og læring. Du skal, både på trening og i kampsituasjon, legge vekt på læringseffekta både for laget og enkeltspelarar, og søke å oppnå dette utan at enkeltspelarar blir unødig tilsidesette ved manglande prestasjon eller resultat. Hald god kontakt med føresette og informer om evt. negative/positive episodar. Dersom spelarar ikkje oppfører seg i samsvar med Hødd Breidde sitt Fair Play program, så har du som trenar eller lagleiar plikt til å sanksjonere. Vis FAIR PLAY Spelaren sitt ansvar Eiga innstilling til trening er avgjerande for resultatet. Læring er aktiv innsats vèr 100% med. Talent er viktig, men hardt arbeid er nødvendig for utvikling. Gled deg over eigen og andre sin suksess og framgang. Møt presis til treningar. Meld frå om du ikkje kan møte og kvifor du ikkje kan møte. Du er sjølv ansvarleg for å få tak i informasjon viss du ikkje har vore på trening, kamp eller møte. Du har ansvar for å vere med å ta vare på Hødd fotball sitt utstyr. Vis gode haldningar på og utanfor bana. Ha respekt for laguttak og spelarbyte. Du har ansvar for å skape trivsel og humør i laget. Alle som er på laget ditt skal føle tilhøyrigheit. Vis respekt for klubb, medspelarar, motspelarar, trenar, lagleiar og dommar. Vis respekt for andre sine følelsar og meiningar. Vis god folkeskikk. Banning og mobbing vert ikkje godtatt. God framferd gjeld også på laget sine reiser. Då er du ein ambassadør for Hødd fotball. Ha kontroll over eige temperament. 16

Avstå frå bruk av alkohol, tobakk, snus og andre rusmiddel. Delta på inntektsbringande tiltak som laget ditt utfører. Sørg for at treningsavgift, kontingent og eigenandelar blir betalte til rett tid. Manglande betaling kan føre til at du ikkje får spele. Ta ansvar for å rydde i garderobe og på bana etter trening og kamp. Dette gjeld også på bortekampar. Sei frå til trenar eller lagleiar om du er misnøgd med noko. Vis FAIR PLAY Ved brot på nokre eller fleire av punkta ovanfor vil det bli reagert. 1. Første trinn er at du får tilsnakk av trenar/lagleiar. 2. Betrar det seg ikkje, kan du bli bortvist frå trening. 3. Er det framleis ikkje betring, kan du bli utestengd frå trening/kamp. Foreldra si rolle Ein av våre viktigaste ressursar er du som føresett. Det er difor spesielt viktig at vi har deg med på laget. Legg til rette for at barnet ditt kan møte opplagt til trening og kamp. Sørg for riktig og fornuftig utstyr. Møt fram på trening og kamp om barnet ditt ynskjer det. Gi oppmuntring til alle spelarane, ikkje berre din eigen håpefulle. Forsterk det som er bra i staden for å fokusere på det som ikkje gjekk bra. Oppmuntre i medgang og motgang. Ikkje stå på sidelinja og kritiser. Respekter trenaren sin bruk av spelarar. Ikkje forsøk å påverke trenar under kamp. Ikkje kritiser dommaravgjersler. Stimuler og oppmuntre barnet ditt til å delta, ikkje press det. Spør barna om kampen var kjekk og spennande, fokuser ikkje alltid på resultat og prestasjon. Tenk på at det er ditt barn som spelar fotball og ikkje du. Blir det kalla inn til foreldremøte, ver vennleg og møt opp. Vèr i dialog med trenar/lagleiar. Sørg for at treningsavgift, kontingent og eigenandelar blir betalte til rett tid. Manglande betaling vil medføre at barnet ikkje får delta på trening og i kamp. Vis FAIR PLAY 6 ØKONOMISTYRING IL Hødd fotball har ein bankkonto som skal nyttast av alle lag, både topp og breidde. Alle inntekter (kontantar) skal setjast inn på denne kontoen. Det er ikkje høve for det enkelte lag å opprette eigne konti. Økonomiansvarleg i Hødd fotball har ansvar for all fakturering, bokføring, lønnsrapportering, betalingar og purringar. Kvart lag har sitt eige rekneskap. På den måten har ein full oversikt alle inntekter og utgifter på det enkelte lag. Det vert sendt ut rekneskapsrapport til alle lag to gongar i året, pr. 31.07 og pr. 31.12. Kvart lag har ansvar for at rekneskapet er i balanse. Er 17

det underskot i drifta, må laget dekke dette inn. Eit overskot vert sett av og vil følgje laget vidare til neste år. Budsjett Overordna budsjett for påfølgjande år for Il Hødd Fotball vert utarbeidd kvar haust. Budsjettet vert utarbeidd på kontonivå og så detaljert så mogleg. Det er vanskeleg å utarbeide detaljerte budsjett for aldersbestemte lag på dette tidspunktet. Frist for innsending av detaljert budsjett for desse vert sett rett etter oppstart av ny sesong. Alle lag skal då utarbeide eigne budsjett og sende dette inn til økonomiansvarleg. Godkjenning av rekningar Dagleg leiar for Hødd Fotball har mynde til å godkjenne alle rekningar. Dagleg leiar i Hødd fotball, breiddeavdeling har mynde til å godkjenne rekningar som gjeld breiddeavdelinga. Økonomiansvarleg har mynde til å godkjenne rekningar som dommarutgifter, reisekostnadar knytt til kampar/turneringar, kostnadar som er etter avtalar og påmeldingar til m.a turnering. Innkjøp Det er berre lagleiar og trenar eller den som har fullmakt frå desse, som kan kjøpe inn utstyr til laget. Alle vareuttak skal signerast, og faktura skal sendast til IL Hødd Fotball. Reiseutgifter Lag som har mange bortekampar frå utdelt ferjekort. Det er lagleiar som har ansvaret for kortet, og dersom dette forsvinn er lagleiar ansvarleg for å erstatte det. Det skal fyllast ut reiserekning for bruk av kortet, der formålet med reisa får fram av oversikta. Kvitteringar skal leggast ved. Reiserekningar skal som eit minimum sendast til økonomiansvarleg to gongar i året. Etter vårsesong og haustsesong er ferdig. Ved på fyll av kort skal kvittering sendast inn rett i etterkant. Dommarutgifter Dommarrekningar skal leverast til økonomiansvarleg så raskt som mogleg etter gjennomført kamp, slik at dommarane får honorar utbetalt så raskt som mogleg. Betalar ein ut kontant til dommar, skal dommar signere på å ha mottatt pengane. Dersom lokale dommarar vert brukt til turneringar og kampar, bør økonomiansvarleg få informasjon om kven som har dømt, slik at vi veit dette når dommarane kjem for å få utbetalt honoraret. Treningsavgift Treningsavgifta skal dekkje kostnadar med den daglege drifta av laget, seriekampar, utstyr m.m. Faktura på treningsavgift vert sendt ut til spelarane etter oversikt som lagleiar er ansvarleg for å utarbeide. I oversikta skal epostadresse til føresette gå fram, slik at vi kan sende faktura på epost. Treningsavgift vert sendt ut i mai/juni. Vert ikkje avgifta betalt innan rimeleg tid, vert det sendt ut purring. 18

Administrasjonshonorar Kvart lag vert belasta for administrasjonshonorar. Desse satsane er fastsette av styret/breiddekomiteen. Felleskostnadar Kostnadar til trenarar, baneleige, lønn, administrasjonskostnadar, draktsett osv, vert ikkje belasta det enkelte lag, men går inn i eit fellesrekneskap for Hødd Fotball breiddeavdeling. Cupar og turneringar Kvar enkelt lag skal finansiere cupar og turneringar som dei deltek på. Dette må gjerast enten med eigenandelar eller dugnadstiltak. Økonomiansvarleg sender rekning til deltakarane på eigenandel eller faktura på dugnadstiltak. Lagleiar er ansvarleg for intern oversikt på dugnadsarbeid. Lønn og kilometergodtgjersle For alle fast tilsette vert det køyrt lønn kvar månad, med utbetaling den 15. Det er styret i IL Hødd som godkjenner lønnsjusteringar. Melding om endringar sendast økonomiansvarleg. Trenarhonorar vert utbetalt ein gong i året, om ikkje anne er avtalt. Ved krav om kilometergodtgjersle skal trenarar og andre tillitsvalde levere inn reiserekningar som skal vere utfylt og dokumentert i samsvar med dei reglane som gjeld til ei kvar tid. Kiosksal Det er utarbeidd eige oppgjersskjema for kiosksal på kampar og turneringar. Pengane skal teljast opp av to personar, som også fyller ut oppgjersskjema og signerer dette. Oppgjeret leverast til økonomiansvarleg som set pengane på konto. Altinn Økonomiansvarleg har fullmakt til å sende inn og signere på aktuelle skjema som skal sendast inn via Altinn. 7 REKRUTTERINGSPLAN Hødd fotball vil gi eit fotballtilbud til alle gutar og jenter frå året dei fyller 6 år. Oppstartsansvarleg for Hødd Fotball er Per Arve Moldskred. Annonsering av oppstart: Annonse i lokalavisa Informasjonsskriv til barnehager / skular Informasjon på klubben si heimeside. Etter skulestart vert det halde eit informasjonsmøte leia av klubben sin oppstartsansvarlig. På dette møtet skal nye lag konstituerer seg med trenarar og lagleiarar. Det skal også gis informasjon om: 19

Spelarregistrering Økonomirutiner Klubbens retningslinjer for barnefotball Informasjon om miniturneringer og andre cuper. Klubben skal sikre at laget får tilbod om: Treningstider Tilstrekkelig med utstyr, herunder baller, vester, kjegler o.l. Relevant kursing til støtteapparat i løpet av fyrste år (Barnefotballkurset o.l) 8 UTDANNING OG KOMPETANSE Hødd Fotball har eit mål om auka kompetansenivå i alle ledd. I dette ligg å følgje NFF sine mål gjennom Kvalitetsklubb konseptet. Hødd Fotball vil oppmode representantar i styret til å gjennomføre Lederkurs i regi av Sunnmøre Fotballkrets. Hødd Fotball vil kvart år arrangere Barnefotballkveld og Ungdomsfotballkveld for trenarar og lagleiarar. Hødd Fotball tek sikte på å gjennomføre C-lisenskurs med jamne mellomrom for å sikre seg at trenarar med hovudansvar på kvart alderstrinn har dette. 20