Til medlemmane i Mental Helse Os / MHO: Os, 5. februar 2014 Styret i Mental Helse Os kallar inn til årsmøte og deretter hyggetreff tysdag 4. mars kl.18.00, Allaktivitetshuset, 3 etg. Den viktigaste saka på møte vil vera at styre ser seg nøydd til å ta eit kvileår i 2014, grunna at ein ikkje har klart å mobilisera nok personar til eit nytt styre. Sakliste: 1. Opning og velkomen v/leiar Mental Helse Os Anne B.Tøsdal. Presentasjon av: Regionsekretær i Mental Helse Vestlandet Guri Tysse Mental Helse Os Opplegget for kvelden 2. Konstituering av årsmøte iht. til vedtektene: Registrering av frammøtte medlemmar med betalt kontingent til Mental Helse for 2014, v/frøydis Sirevåg. Dette vert gjort før årsmøte startar. Det er desse medlemmane som har tale-og stemmerett på årsmøte 4/3-2014. Val av møteleiar, forslag Arne Skogedal og referent, forslag Rita Jacobsen. Val av to protokollunderskrivarar, forslag Tone Ulvedal og Frøydis Sirevåg. Val av tellekorps, forslag på 2 personar Tone Ulvedal og Frøydis Sirevåg. Godkjenning av innkallinga og dagsorden. 3. Helsing til årsmøte: Guri Tysse 4. Årsmelding 2013, sjå vedlegg 1, side 3
5. Rekneskap 2013, jf. vedlegg 2, side 5 6. Innkomne forslag, sjå vedlegg 3, side 6 Handlingsplan MHO 2014, sjå vedlegg 3 Forslag til saker frå medlemmane: Frist for innlevering av saker frå medlemmane er sett til 18. februar. Saker som evt. ikkje vert ferdig avklara eller vedtekne på Årsmøte, må Årsmøte vurdera å delegera til styret for ferdigstilling. 7. Budsjett 2014, sjå vedlegg 4, side 7. Satt opp då det er utgifter januar, februar og mars 2014. 8. Forslag til val : Styre med 4 medlammar og 1 vararepresentant: Ingen på val. Forslag til saker som medlemmane ynskjer behandla på årsmøte må sendast til: Mental Helse Os si nettsie, innan 18. februar. ETTER ÅRSMØTE VERT DET HYGGJETREFF FRÅ CA. KL: 19.00-21.00. Os, 5/2-2014, Styret i Mental Helse Os v/leiar Anne B. Tøsdal
VEDLEGG:1 ÅRSMELDING 2013 FOR LOKALLAGET AV MENTAL HELSE OS / MHO 1. Styremøte: Samansetting: Anne Tøsdal / leiar, Rita Jacobsen / sekretær, Tone Ulvedal / nestleiar og Frøydis Sirevåg / kasserar. Det har i 2013 vore gjennomført 8 styremøte med ordinære styresaker. Referat frå styremøta vert send til fylkeslaget i Hordaland og regionsekretæren for Mental Helse Sør-Vest Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. 2. Medlemstal Mental Helse Os 2013: Det er 21 registrerte medlemmar i Mental Helse med adresse Os og 2 registrerte medlemmar med adresse Fusa og Samnanger. 3. Deltaking på kurs og konferansar: Kurs i regi av Funkis ( Kurs om korleis ein held kurs): Rita Jacobsen og Frøydis Sirevåg. Årsmøte i fylkeslaget: Rita Jacobsen og Tone Ulvedal. Landsmøte Mental Helse i Tromsø 2013: Tone Ulvedal, delegat. Medlemskonferanse for Verdensdagen 2013. For medlemmar: 4 kurs i sosialisering (korleis vi betre samhandlar med kvarandre), lefsebakekurs. 4. Rekneskap: Rekneskap 2013 og budsjett 2014 kjem opp som eiga sak på årsmøte 4/3-2014, sjå framlegg vedlegg 2 og 4. Styret har etter fullmakt frå årsmøte vald Arne Skogedal til å revidera rekneskapet. Vart vald i 2013. Styret har utarbeidd eiga budsjett for 2014 då det er utgifter januar, februar og mars 2014. 5. Samarbeid og kontakt med Mental Helse Hordaland og regionsekretær Vestlandet: Lokallagsstyret har våren 2013 hatt mykje kontakt med fylkesleiar i Mental Helse Hordaland ( MHH ). Vært på årsmøte i fylkeslaget og landsmøte. Noko kontakt og samarbeid med regionsekretæren Vestlandet Guri Tysse. 6. Lokallagsaktivitetar: Lokallaget har: -Eiga e-postadresse: os.hordaland@mentalhelse.no
-Bankkonto: 3624 2819 165. -Organisasjonsnr.: 993350508 -Nettsie: http://www.mentalhelse.no/fylkes-og-lokallag/hordaland/lokallag/os. Det er utarbeida svarrutinar for dei som tar kontakt over nettet. -Eiga facebooksie. -Lokallaget er registrert i Brønnøysund-registeret. Styret har utarbeida eiga informasjonsmateriale om lokallaget som er sendt ut til medlemmane i Mental Helse Os og til interesserte einskildpersonar og samarbeidsinstansar, offentlege og private instansar. Funkis kurs (Korleis ein avviklar kurs, søknadsprosedyrar). Årsmøte i Fylkeslaget. Landsmøte i Tromsø. 3 møte med brukarrepresentantar om ny psykiatriplan i Os kommune. Sosialiseringskurs( korleis samhandle med andre) og lefsebakekurs. Basar med 50 deltakare. Revy og middag i Bergen. Lokallaget har ikkje eige kontor og lokale, men har fått låna møterom på Rådhuset og på Allaktivitetshuset / Kontakto dagsenter. Deltok på Verdsdagen for psykisk helse der 70 deltok på arrangementet. Lokallaget var med på medlemskonferanse for Verdsdagen 2013. Den viktigaste oppgåva for styret har vore å planleggja og gjennomføra dei 8 faste hyggjetreffa og dei 2 faste medlemsmøta vi har kvart år. Personar frå Fusa og Samnanger har vore med på samlingar i Os. 7. Største utfordringa for styret 2013: Den største utfordringa for styret har vore å få til eit best mogleg samarbeid, samordning og fordeling av arbeidsoppgåvene i styret og gjennomføring av hyggjetreffa og medlemsmøta. 8. Styret tilrår pause i 2014. Tre representantar sluttar i styret. Ein har ikkje klart å mobilisera nok personar til eit nytt styre. Vi har difor vald å ta ein pause på eit år i 2014. Har hatt kontakt med regionsekretær Guri Tysse om at det lar seg gjera.
VEDLEGG 2 REKNESKAP MHO 2013 Når det gjeld utgifter så har det vore utgifter til betaling av: Telefon Mat til servering på møta Kurs for styre og medlemmer Basar Rekneskap vert lagt ved årsmeldinga på MHO si nettsie seinast 18.februar Styret har ferdigbehandla rekneskapet på møte 4. februar og det sendes revisor for revisjon.
VEDLEGG:3 1.INNKOMNE FORSLAG TIL ÅRSMØTE INNAN 18. FEBRUAR 2014: 2.FORSLAG FRÅ STYRET TIL HANDLINGSPLAN 2014 FOR LOKALLAGET AV MENTAL HELSE OS: Ikkje utarbeidd ein handlingsplan for 2014 då det på styremøte 04.02.2014 vart vedteke å leggja lokallaget MHO på is i eit år. Avgjerda er samstemd vedteke i styre.
VEDLEGG 4 BUDSJETT MHO 2014 Inntekt: 1. Saldo pr. dato: Kr. 4492,08 2. Tilskot frå MHH kr. x tal medl. Kr. 2294,- 3. Kulturmidlar Os komm.2013, søknadsfrist 1. mars Kr. 0,- 4. Div. andre inntekter, basar Kr. 0,- Tilsaman: Kr 6786,08 Utgift: 1. Telefon kr.1000,- 2. Møteutg. kr.1000,- 3. Rekvisita kr. 250,- 4. Kurs kr. 500,- 5. Div. kr. 500,- Tilsaman kr 3250,- Styrebehandla 4. februar 2014
Kopi: Fylkeslaget av Mental Helse Hordaland Regionsekretær for Mental Helse Hordaland, Sør-Vest Rogaland og Sogn og Fjordane Guri Tysse Fagleiar avd. psykisk helse i Os kommune Olaug S.Steen