Midsund kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Kantina, Kommunehuset Dato: 02.02.2015 Tid: 12:00 Faste medlemmar som møtte: Namn Funksjon Parti Einar Øien LEDER FRP Odd Helge Gangstad MEDL SP Bjørn Wang MEDL V Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Parti Robin Mikal Sørlie NESTL H Oddny Lisbeth Midtbø Rød MEDL FRP Varamedlemmar som møtte: Namn Vara for: Parti Audun Hånes Robin Mikal Sørlie H Stig Otto Dyrseth Oddny Lisbeth Midtbø Rød FRP Frå administrasjonen møtte: Namn Ketil Ugelvik Arild Sjøvik Inge Rakvåg Astrid Abelseth Stilling Rådmann Økonomisjef Teknisk sjef Utvalssekretær Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Einar Øien Odd Helge Gangstad Bjørn Wang Audun Hånes Stig Otto Dyrseth
SAKSLISTE Saksnr Innhald Arkivsaknr PS 15/1 Referatsaker PS 15/2 Betalingssatsar kulturskulen 2015 2015/5 PS 15/3 Handheving av driveplikta 2014/340 PS 15/4 PS 15/5 Dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel. Frådeling av våningshus på gnr 62,bnr 1. Otto Hole. Finansiering - ny P - plass ved friluftsområdet Rørsethornet i Rakvåg - 63/106. 2014/183 2011/25 PS 15/6 Midsund kommune - språkleg nøytral 2014/536 Den 2. februar 2015 vart det halde møte i Formannskapet i kantina på Midsund kommunehus. Møtet vart leia av ordførar Einar Øien. Møtet tok til kl 12.00. Robin Mikal Sørlie (H) og Oddny Lisbeth Midtbø Rød (FRP) hadde meldt forfall. Audun Hånes (H) og Stig Otto Dyrseth (FRP) møtte som vara. 5 voterande. Det var ingen merknader til innkallinga. Sakslista vart samrøystes godkjent. Politistasjonssjef Per Karsten Røv informerte om responstid og kva som skal til, alvorlegheitsgrad, for at politiet skal rykkje ut til Midsund. Hofseth Bio Care informerte om planar for bedrifta framover. Økonomisjefen orienterte om regnskap for 2014. Ordføraren orienterte: Brev frå Riksantikvaren Fredningsvedtaket for Antonbua vert oppheva etter at det er sett ein plan for bevaring av gjenstandar i bygget. Næringsaktørar i Midsund samarbeider om plan for eit fleirbruksbygg som også kan romme nytt administrasjonsbygg for Midsund kommune. Brev frå verneombudet om inneklima/universell utforming og parkering på kommunehuset. (utdelt på møtet) Brev frå Arbeidstilsynet med varsel om tilsyn. Brev frå FAU om trafikksituasjonen ved Midsund skule (utdelt på møtet) Ordføraren ba administrasjonen om å leggje fram K-sak 14/93 Bygge- og investeringsnemnd til neste formannskapsmøte
Rådmannen orienterte: 19.12.14 vart det skreve kontrakt med Byggkompetanse om bygging av Bibliotekbygget. Det har vore møte med Byggkompetanse i dag der det vart opplyst om at gravearbeid tek til i neste veke. Etter planen skal bygget stå ferdig 24.07.15. Vaksenopplæringa flyttar då inn, og ut av sine lokaler der ny fysioteraput skal inn 01.08.15. Det var 13 kvalifiserte søkjarar til fysioterapistillinga. 5 søkjarar har vore til intervju, og i løpet av denne veka vert fysioterapeut tilsett. Ein vil auke kommunal del frå 30 til 33 % som då vil gje eit fastlønstilskot på 65.000,-. Rådjevar Oppvekst- og kultur, Lasse A. Strømme har sagt opp. Stillinga vert utlyst denne veka. Ingeniør Henning Opstad er tilsett ved teknisk avdeling. Teknisk sjef orienterte om: Kloakkanlegget i Brokvika Ny hoveddør på Midsund skulen uke 8 Ventilasjonsanlegget på Midsund skulen Trafikkavvikling på Midsund skulen Adressering Kapellvegen PS 15/1 Referatsaker Protokoll frå møte i Formannskapet 18.12.2014 vart godkjent. PS 15/2 Betalingssatsar kulturskulen 2015 Betalingssatsar for Midsund kulturskule aukast frå 01.08.2015. Satsane blir som følgjer: 1/ 1 undervisning per år/ semester: kr. 2700/ 1350 (tidlegare: 2600/ 1300) Rabatt ved deltaking i fleire aktivitetar: 25 % (som tidlegare) Søskenmoderasjon: 25 % (som tidlegare) Gruppeundervisning per år/ semester: kr. 2000/ 1000 (tidlegare: 1950/ 975) Instrumentleige per år/ semester: kr. 600/ 300 (tidlegare: 520/ 260) Tidsavgrensa kurs får eigne betalingssatsar, som samsvarer med kostnadene ved å arrangere kurset. Det kan også lagast eigne satsar for kor og korps. Vedtak i Oppvekst- og kulturutval - 02.02.2015 Samrøystes vedtak i Oppvekst- og kulturutvalet 02.02.2015 Administrasjonen sitt forslag til vedtak vart vedteke.
PS 15/3 Handheving av driveplikta Midsund formannskap tek planen for oppfølgjing av bu og driveplikt i Midsund til vitande. Midsund formannskap tek planen for oppfølgjing av bu og driveplikt i Midsund til vitande. PS 15/4 Dispensasjon frå kommuneplane nsin arealdel. Frådeling av våningshus på gnr 62,bnr 1. Otto Hole. Midsund kommune gir dispensasjon etter 19-2 i Plan og bygningsloven til frådeling av det nyaste våningshuset på gnr 60,bnr 1 i. Midsund kommune gir dispensasjon etter 19-2 i Plan og bygningsloven til frådeling av det nyaste våningshuset på gnr 60,bnr 1 i. PS 15/5 Finansiering - ny P - plass ved friluftsområdet Rørsethornet i Rakvåg - 63/106. 1. Midsund kommunestyre løyver kr. 350.000 til å finansiere prosjekt 478 Fjellsenden P-plass. 2. Finansiert ved auka låneopptak. Behandling i Formannskapet - 02.02.2015 Det vart lagt fram alternativt forslag til vedtak: 1. Midsund kommunestyre løyver kr 350.000 til å finansiere prosjekt 478 Fjellsenden P- plass. 2. Bruk av bundne investeringsfond (Fjellsenden P-plass) kr. 10.000,- 3. Finansiert ved auka låneopptak kr 340.000,- 1. Midsund kommunestyre løyver kr 350.000 til å finansiere prosjekt 478 Fjellsenden P- plass. 2. Bruk av bundne investeringsfond (Fjellsenden P-plass) kr. 10.000,- 3. Finansiert ved auka låneopptak kr 340.000,-
PS 15/6 Midsund kommune - språkleg nøytral Nynorsk skal vere administrasjons- og tenestemål i Midsund kommune. Behandling i Formannskapet - 02.02.2015 Ordføraren la fram alternativt forslag til vedtak: Midsund kommune sitt administrasjonsspråk skal være språknøytralt. Ved alternativ røysting vart ordføraren sitt forslag til vedtak vedteke med 3 mot 2 røyster. Vedtak i Formannskapet - 02.02.2015 Midsund kommune sitt administrasjonsspråk skal være språknøytralt. Møtet vart heva kl 16.25