FORSKRIFT TIL ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKOLANE I DOVRE KOMMUNE 1 Innleiing 1. 1 Heimel Med heimel i Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa kapittel 2 Grunnskolen 2-9 og 2-10 og kapittel 9a Elevane sitt skolemiljø, samt Forskrift til opplæringslova kapittel 3 Elevvurdering i grunnskolen, har Dovre kommunestyre fastsett forskrift til felles ordensreglement for grunnskolane i Dovre kommune. 1.2 Formål Skolane i Dovre skal vera prega av trivsel, samarbeid, respekt og medansvar. Ordensreglementet er eit virkemiddel for å nå denne målsettinga. Ordensreglementet tek utgangspunkt i at skolen er til for elevane, og at tilsette og elevar brukar sine positive ressursar for å nå målsettinga om eit godt skolesamfunn for alle. 1.3 Virkeområde Ordensreglementet gjeld for all aktivitet i skolens regi. Det gjeld også på skolevegen og på skolebussen, der eventuelle tiltak føreset at skolen blir gjort kjend med brot på reglementet. Ordensreglementet inneheld reglar for orden og oppførsel, reglar for kva tiltak som skal brukast når elevar bryt reglementet (sanksjonar) og reglar for framgangsmåte når ein skal behandle slike saker (saksbehandlingsreglar). Ordensreglementet er grunnlaget for evaluering med og utan karakterar i orden og oppførsel slik det går fram av 3-2 Formålet med vurderinga i Forskrift til opplæringslova kapittel 3 Elevvurdering i grunnskolen. I forskrifta står det at føremålet med vurderinga i orden og oppførsel er tredelt. Ho skal bidra til at elevane lærer seg korleis dei skal te seg i eit sosialt fellesskap, ho skal skape eit godt psykososialt miljø (jamfør kapittel 9a i opplæringslova) og vurderinga skal gi informasjon om eleven sin orden og oppførsel. Føremålet med vurderinga i orden og oppførsel er tett knytt opp mot ordensreglementet I tillegg til eit felles ordensreglement, får skolemiljøutvalet ved den enkelte skole myndigheit til å vedta eigne trivselsreglar. Desse skal ikkje innehalde fastsetjing av sanksjonar. 1
2 Reglar og sanksjonar 2.1 Orden og oppførsel Dovre-skolen skal gi elevane dei beste moglegheiter for læring og utvikling. Det er difor viktig å skape eit godt arbeidsmiljø for både elevar og tilsette. Elevane skal følgje vanlege reglar i samfunnet, slik som alminneleg god folkeskikk. Reglar for orden og oppførsel: Vis omsyn og respekt for andre Gjer det du kan for at andre skal trivast på skolen. Hald arbeidsro i timane og vis respekt for undervisninga. Møt presis til timar og avtalar. Gjer skolearbeidet til avtalt tid. Hald god orden. Hald området ved skolen reint og ryddig. Ta godt vare på alt som tilhøyrer skolen, både ute og inne, og stell pent med skolebøker og anna undervisningsmateriell. Ta godt vare på personlege eigedelar. Lås om mogleg inn det du er redd for. Unngå å ta med verdisaker på skolen. Verdisaker blir ikkje erstatta av skolen. Ballspel og snøballkasting skal gå føre seg på tilvist plass og skal ikkje rettast mot skolebygningen. Dette blir ikkje blir akseptert: - Banning, slåssing og/eller forstyrring av andre sin leik. - Tobakk, alkohol og/eller andre rusmidlar. - Mobbing. - Rasistiske utsegner og/eller handlingar. - Sjikane på grunn av religion og/eller livssyn. - Seksuell trakassering. 2.2 Tiltak mot brot på ordensreglane - sanksjonar Sanksjonar kan berre brukast som følgje av brot på ordensreglementet. Sanksjonane skal stå i rimeleg høve til brotet. Alle sanksjonar skal vera slik at elevane kan forstå kva reglar som er brote og kvifor tilsette må reagere på dette. Eleven skal, om mogleg, få høve til å gjere opp for seg. Skolane i Dovre kommune vil kunne nytte følgjande sanksjonar mot brot på ordensreglane: - Ta hand om ulovlege gjenstandar. - Munnleg tilrettevisning og/eller påtale frå lærar eller rektor. - Melding heim (munnleg eller skriftleg) og involvering av føresette. - Pålegg om oppgåver for å rette opp skade dei har påført skolens eigedom eller eigedelar (rydde, vaske, fjerne tagging o. l.) - Opphald på skolen før eller etter skoletid i samband med samtalar med lærar/rektor og/eller utføring av pålagte oppgåver. - Bortvisning frå klasse/gruppe for resten av timen/arbeidsperioden etter avgjerd frå lærar eller rektor. - Bortvisning frå skolen for resten av skoledagen etter avgjerd frå lærar eller rektor. - For 8.-10. årssteg bortvisning frå skolen i inntil 3 dagar etter avgjerd frå rektor. - Nedsett karakter i orden og/eller oppførsel. - Midlertidig eller permanent klassebyte eller skolebyte. - Straffbare tilhøve på skolen sitt område skal meldast til politiet. Kollektiv avstraffing skal ikkje nyttast for handlingar utøvd av enkeltelevar. 2
2.3 Straffbare tilhøve Straffbare tilhøve skal meldast til politiet. Det kan dreie seg om nasking, tjuveri, ran, rasisme, vald, valdtekt, utuktig omgang med mindreårige, skade på lekam, utpressing, tvang, hærverk, skadeverk, truslar samt å ha med narkotisk stoff og/eller våpen. Mobbing og trakassering av elevar eller tilsette ved skolen på internett eller mobiltelefon blir også meldt til politiet. Når ein elev gjer ei straffbar handling mot Dovre kommune (f. eks. hærverk, tjuveri), skal rådmannen stå som den som melder dette til politiet på vegne av kommunen. Dersom ein elev gjer ei straffbar handling mot ein medelev eller ein tilsett (f eks tjuveri, hærverk, vald eller anna alvorleg trakassering), må offeret eller dei føresette til offeret vurdere om det skal leverast melding til politiet. Rektor skal informere dei føresette før grunnlag for melding til politiet blir utforma. Rektor må i kvart enkelt tilfelle vurdere omsynet til den enkelte elev og det generelle oppdragaransvaret som skolen har, før grunnlag for melding blir utforma. Rektor utarbeider grunnlag for melding før rådmannen formelt melder saka til politiet. 3 Orden og oppførsel - konkrete tilhøve Vurdering med eller utan karakter skal vera forankra i ordensreglementet. Grunnlaget for vurdering i orden og oppførsel er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet, jamfør 3-5 i Forskrift til opplæringslova. Brot på reglane for orden og oppførsel kan gi grunnlag for å kontakte føresette. Det kan også få følgjer for karakterane i orden og oppførsel. Ved karaktersetting skal det normalt ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar. I vurderinga i orden og oppførsel skal det elles takast omsyn til føresetnadene til eleven, også jf 3-5 i forskrifta. 3.1 Orden 3.1.1 Oppmøte, bøker, lekser o. l. Elevane skal møte i rett tid til timane og vera utkvilde. Dei skal ha med seg nødvendige læremidlar og utstyr. Lekser og innleveringar skal vera gjort til avtalt tid. Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, jf 3-5 i forskrifta. 3.1.2 Arbeidsvanar og arbeidsinnsats Arbeidsvanar og arbeidsinnsats skal tilleggjast vekt ved vurdering av orden. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast og har med nødvendig læremidlar og utstyr. 3.1.3 Dokumentert fråvere Ved planlagt fråvere skal føresette be elevane fri på førehand. Dette skal skje skriftleg. Ved fråver på grunn av sjukdom, skal skolen ha beskjed så raskt som mogleg. Det skal leverast skriftleg melding etter slikt fråver. Søknad og melding kan skrivast i meldingsbok, brev eller e-post. SMS blir ikkje godkjent. 3.1.4 Ikkje dokumentert fråvere Elevane har plikt til å møte presis til undervisninga og plikt til å delta i undervisninga i den form den blir gitt. Ikkje dokumentert fråvere er brot på ordensreglementet og skal tilleggjast vekt når ordenskarakteren blir fastsett. Fråvere kan føre til nedsett karakter anten i orden eller i oppførsel. Manglande motivasjon hjå eleven kan få følgjer for oppførselskarakteren, Dersom eleven kjem for seint og/eller er ulovleg borte frå skolen, skal eleven sine føresette ha melding. Dei tiltaka som blir sette i verk, må bli sett i samanheng med årsaka til fråveret og eventuelt kor lenge eleven er borte frå undervisninga. 3
3.2 Oppførsel Alvorlege brot på reglane for oppførsel kan føre til bortvising og melding til politiet. Grunnlaget for vurdering i oppførsel er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna spørsmålet om eleven viser omsyn og respekt for andre. 3.2.1 Juks Juks på prøver og innleveringar fører til at det ikkje blir sett karakter på prøve/innlevering. I tillegg skal det skrivast ein merknad til oppførselskarakteren. Kopiering frå internett eller frå andre elevar sine prøvesvar eller arbeid blir rekna som juks. Ein medelev som gjev samtykke til at hans/hennes arbeid blir kopiert, får same reaksjon som den som har kopiert arbeidet. 3.2.2 Mobbing og valdelig åtferd Mobbing, vald eller truslar om vald skal ikkje aksepterast. Den enkelte skole skal ha ein handlingsplan mot mobbing og anna uønska oppførsel. Elevar som mobbar, truar med vald eller utøver vald, kan visast bort frå undervisninga/skolen. Bortvisningstida vil avhenge av eleven sin alder og av alvoret i situasjonen (jf Oppll 2-10). Før vedtak om bortvisning blir fatta, skal ein ha vurdert å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak. Ved mobbing eller valdsbruk skal føresette til både utøvaren og offeret kontaktast. Alvorlege tilhøve og mobbing på internett/mobiltelefon skal meldast til politiet. 3.2.3 Oppbevaring eller bruk av farlege gjenstandar På skolen sitt område er det ikkje tillate å ha med gjenstandar som kan nyttast til å utøve skade på andre. Det kan gjerast spesialavtalar når gjenstanden skal nyttast til lovlege føremål. Tilsette skal ta hand om farlege gjenstandar som blir teke med til skolen. Ulovlege gjenstandar skal leverast til politiet. Føresette skal få tilbod om å hente andre gjenstandar som det er teke vare på. 3.2.4 Rusmidlar Det er ikkje tillate å ta med seg eller bruke tobakk, alkohol, narkotika eller andre rusmidlar på skolens område eller ved aktivitetar i skolen sin regi. Ved brot på regelen skal føresette straks ha skriftleg melding. Tilsette skal ta hand om tobakk og rusmidlar som elevar tek med til skolen. Ulovlege rusmidlar blir levert til politiet. Føresette skal få tilbod om å hente tobakk og andre rusmidlar som er det er teke vare på. 3.2.5 Hærverk på bygningar og/eller eigedelar Ved hærverk skal elevane sine føresette kontaktast. Elevar som gjer hærverk, kan påleggjast å rydde opp etter seg og/eller utbetre skadar som er utøvd når eleven blir vurdert å ha føresetnad for å klare dette. Arbeidet må stå i rimeleg høve til brotsverket. Ved hærverk på skolens bygningar og/eller eigedelar, kan eleven bli straffa med sanksjonar etter lov og reglement. Føresette er erstatningsansvarlege etter Skadeerstatningslovens 1-2 for inntil kr. 5 000 (fem tusen) for kvart utført skadeverk. Tilsette skal bidra til å avklare kva som er skjedd dersom ein elev øydelegg andre elevar sine eigedelar. Erstatningsspørsmål blir ei sak mellom dei føresette til dei aktuelle partane. 4
3.2.6 Mobiltelefon, ipod, MP3-spelar, etc. Mobiltelefon, ipod, MP3-spelar, etc, skal ikkje brukast og skal vera slått av i timane. På barneskolane skal slikt utstyr ikkje brukast i løpet av skoledagen. Dersom elevane bryt skolens reglar for bruk av mobiltelefon, ipod, MP3-spelar, etc, skal tilsette ta hand om og oppbevare utstyret på ein trygg stad til slutten av skoledagen. Det kan gjerast avtalar om unntak for særtilfelle og/eller pedagogisk bruk. 3.2.7 Internett Skolane sin internettilgang skal som hovudregel berre brukast i samband med undervisning. Dette gjeld også bruk av e-post. Denne regelen er ikkje til hinder for at skolens internettilgang kan vera tilgjengeleg for elevar utanom den organiserte undervisninga. Dovre kommune skal vedta felles nettvettreglar for alle skolane i kommunen. Dersom elevane bryt nettvettreglane, kan dei fråtakast retten til å bruke internett på skolen for eit nærare bestemt tidsrom. Ved alvorleg og/eller gjenteke reglementsbrot, kan eleven visast bort. 3.2.8 Påkleding Elevane skal bruke funksjonelle klede på skolen og påkledinga skal vere slik at den ikkje verkar støytande på andre. Det er ikkje lov å bruke hovudplagg i timane. 3.2.9 Brus og søtsaker Skolen ynskjer å ha fokus på sundt kosthald, difor er det ikkje lov å bruke søtsaker, brus og tyggegummi på skolen. 3.2.10 Skolemiljøutvalet sitt mandat Skolemiljøutvalet ved den enkelte skole kan fastsetja trivselsreglar for skolen. Det kan ikkje knytast sanksjonar til desse reglane. 4 Saksbehandling 4.1 Generelt Saksbehandlinga ved brot på ordensreglementet følgjer reglane i opplæringslova 15-1 og 15-2 samt Forvaltningslova kap III - VI ved enkeltvedtak. 4.2 Saksbehandlingsreglar Tilsette pliktar å sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg og at avgjerda skjer på eit grunnlag som er forsvarleg etter sakens art og karakter. Før disiplinære tiltak blir sette i verk, skal eleven ha høve til å gjere greie for sitt syn. I alvorlege saker skal føresette så vidt mogleg kontaktast. Varselet kan gjevast munnleg, men ved avgjerder av særleg omfang bør det gjevast skriftleg. Avgjerda om sanksjonar skal grunngjevast. Grunngjevinga skal gjevast samtidig som eleven blir orientert om avgjerda - med mindre særskilte tilhøve gjer dette umogleg. Grunngjevinga kan gjevast munnleg, men ved avgjerder av særleg omfang, bør ho gjevast skriftleg. 5 Vedtaksforum og gyldig frå dato Vedteke i Dovre kommunestyre i sak xx/2010 den zz.xx.yy med verknad frå zz.xx.yy. 5