Finansreglement for Fyresdal kommune 2015-2019 - del av det politiske delegeringsreglementet Vedteke i kommunestyret 26.11.15
1. Finansreglementet sitt virkeområde Reglementet skal gje rammer og retningsliner for kommunen si finansforvaltning. Reglementet utgjer ein samla oversikt over dei rammer og avgrensingar som gjeld, samt fullmakter/instruksar/rutinar med heimel i dette reglementet. Reglementet definerer dei avkastnings- og risikonivået som er akseptable for plassering og forvaltning av likvide midlar og midlar rekna til driftsføremål og opptak av lån/gjeldsforvaltning. Reglementet gjeld for Fyresdal kommune og interkommunale samarbeid etter KL 27. 2. Heimel og gyldighet Dette reglementet er utarbeidd på bakgrunn av: - Lov om kommunar og fylkeskommunar av 25. september 1992, 52 - Forskrift om kommunars og fylkeskommunars finansforvaltning fastsett av KRD 09.06.2009. Finansreglementet skal vedtakast minst ein gong i kvar kommunestyreperiode. Dette reglementet erstattar alle tidlegare reglar og instruksar som kommunestyret eller underordna organ har vedteke for Fyresdal kommune si finansforvaltning. 3. Forvaltning og forvaltningstypar Reglementet omfattar forvaltninga av alle kommunens finansielle aktiva (plasseringar) og passiva (renteberande gjeld). 4. Overordna mål med kommunens finansforvaltning Overordna mål for kommunens finansforvaltning er å sikre ein rimeleg avkastning på aktiva, stabile og låge netto finanskostnader på passiva for kommunen sine aktivitetar innanfor definera risikorammer. Overordna mål skal nåast gjennom: - Fyresdal kommune skal til ei kvar tid har likviditet til å dekke løpande utgifter. - Overskotslikviditet skal over tid gje ein god og konkurransedyktig avkastning innanfor definera krav til likviditet og risiko. - Lånte midlar skal over tid gje lågaste moglege totalkostnad innanfor definera krav til refinansieringsrisiko og renterisiko. 5. Generelle rammer og avgrensingar Reglementet baserer seg på kommunens eigen kunnskap om finansielle marknader og instrument. Kommunestyret skal sjølv gjennom fastsetting av finansreglement, ta stilling til kva som er tilfredstillande avkastning og vesentleg finansiell risiko, jfr. KL 52. Kommunestyret skal ta stilling til prinsipielle spørsmål om finansforvaltninga. Rådmannen har sjølvstendig plikt til å utgreie og legge fram saker for kommunestyret som sjåast som prinsipielle. Rådmannen skal utarbeide rutinar som sikrar at reglementet blir fylgd opp. Rådmannen skal fortløpande vurdere reglementet sine ulike rammer og avgrensingar, og om desse på ein klar og tydleg måte sikrar at kapitalforvaltninga utøvast på ein forsvarleg måte i forhold til dei risikoar kommunen er eksponera for. Rådmannens fullmakt til plassering av likvide midlar er avgrensa til innskot i bank. Finansielle instrument/produkt som ikkje er eksplisitt tillate bruka gjennom dette reglementet, kan ikkje nyttast i kommunens finansforvaltning. 2
6. Forvaltning av ledig likviditet og andre midlar rekna til driftsføremål Kommunen sine finansielle aktiva kan plasserast i bankinnskot, pengemarknadsfond og renteberande verdipapir med kort løpetid. Alle plasseringar skal gjerast i norske kroner. Kommunen kan inngå rammeavtale for å ivareta det løpande behov for banktenester. Ved val av hovudbankforbindelse stillast det krav om minimum internasjonal kredittrating A- eller tilsvarande kredittvurdering. Kommunen sin driftslikviditet skal plasserast i kommunens hovudbank. Fyresdal kommune har ingen langsiktige finansielle aktiva nå. Ved eit ynskje om slik plassering må finansreglementet endrast og vedtakast på nytt av kommunestyret. Ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål, utover det som trengs til dekking av kommunens løpande forplikting, trekt i frå estimera innbetalingar, dei næraste 3 månader, kan plasserast etter fylgjande retningsliner: Innskot i bank: - Tidsbinding kan ikkje avtalast for ein periode på meir enn 6 månader. - Enkeltinnskot med tidsbinding kan ikkje utgjere meir enn NOK 10 millionar. Andelar i pengemarknadsfond: - Plassering kun i fond forvalta av selskap med brei verdipapirforvaltning. - Plassering kun i fond med rentefølsomhet stuttare enn 12 månader. - Det skal ikkje vere avgrensingar på uttaksretten i fonda som nyttast, og midlane skal vere tilgjengelege på få dagar. - Samla gjennomsnittleg løpetid i eit enkelt pengemarknadsfond skal ikkje overstige 1,5 år. Renteberande papir (obligasjonar, sertifikat, verdipapir m.m.): - Plassering kun i renteberande papir med stuttare løpetid enn 12 månader. - Renteberande papir skal vere utstedt eller garantert av den norske stat, statsfortak, kommunar/fylkeskommunar eller norske banker/kredittinstitusjonar. - Enkeltplassering i renteberande papir kan ikkje utgjere meir enn NOK 5 millionar. 7. Rapportering på ledig likviditet og andre midlar rekna til driftsføremål Rådmannen skal legge fram rapport (sjå vedlegg) for kommunestyret som viser status for forvaltninga av ledig likviditet og andre midlar rekna for driftsføremål pr 1. mai og pr 1. september. I tillegg skal det i årsmeldinga kvart år vise utviklinga gjennom året og status pr. 31.12. Rapporten skal minimum innehalde: - Fordelinga på dei ulike plasseringsalternativ/typar aktiva i kroner og i prosent av dei samla midlar til driftsføremål. - Rentenivået samanlikna med marknadsrente (Oslo Børs Statsobligasjonsindeks 0,25 år, ST1X). - Rådmannens kommentarar knytt til plassering og avvik. 8. Forvaltning av kommunens finansielle passiva Kommunestyret fattar vedtak om opptak av nye lån i budsjettåret. Vedtaket skal minimum innehalde opplysningar om lånebeløp og nedbetalingstid. Det kan takast opp lån til refinansiering av eksisterande gjeld. Med utgangspunkt i kommunestyret sine vedtak skal forvaltninga av kommunens innlån skje etter dei retningsliner som framkjem av dette reglement og i tråd med kommunelovens 50. 3
8.1 Val av låneinstrument Det skal kun takast opp lån i norske kroner. Lån skal takast opp som direkte lån i offentlege eller private finansinstitusjonar, samt i livselskaper. Finansiering av investeringar kan og skje gjennom finansiell leasing. 8.2 Tidspunkt for låneopptak Låneopptak skal vurderast opp mot likviditetsbehov, vedteke investeringsbudsjett, forventningar om framtidig renteutvikling og generelle marknadsforhold. 8.3 Konkurrerande tilbod Låneopptak skal forsøkast gjennomført til marknadens gunstigaste tilbod. Det skal innhentast tilbod frå alle som Fyresdal kommune har rammeavtale med på innlån. 8.4 Rentebinding Styring av låneportefølje skal skje ved å optimalisere låneopptak og rentebinding i forhold til oppfatningar om framtidig renteutvikling og innanfor eit akseptabelt risikonivå med størst vekt på ynskje om forutsigbare og stabile lånekostnader. 8.5 Spreiing av lån Under elles like forhold vil det vere formålstenleg at kommunen fordelar låneopptaka på fleire lånegivarar. Innlån skal avgrensas til å vere færrast mogleg lån. 9. Rapportering på bruk av lån Rådmannen skal legge fram rapport (sjå vedlegg) for kommunestyret som viser status for gjeldsforvaltninga pr. 1. mai og pr. 1. september. I tillegg skal det i årsmeldinga kvart år vise utviklinga gjennom året og status pr. 31.12. Rapporten skal minimum innehalde: - Opptak av nye lån så langt i år - Refinansiering av eldre lån så langt i år - Løpetid for passiva og gjennomsnittleg rentebinding - Rentenivået samanlikna med marknadsrente (Oslo Børs Statsobligasjonsindeks, 3 år, ST4X). - Rådmannens kommentarar knytt til plassering og avvik. 10. Avvikshandtering Ved avvik mellom faktisk finansforvaltning og finansreglementet sine rammer, skal slikt avvik rettast opp med ei gong. Avviket skal, dersom det har vore større økonomiske konsekvensar enn NOK 0,3 millionar, utan ugrunna opphald rapporterast til kommunestyret saman med forslag til endring av rutinar for å forhindre framtidige avvik. Dersom avvik har mindre økonomisk konsekvens enn NOK 0,3 mill skal dette rapporterast saman med neste ordinære finansrapportering til kommunestyret. 11. Kvalitetsikring Rådmannen har ansvaret for at dette reglementet er i tråd med kommuneloven sine reglar og reglane i finansforskrifta. Det skal gjevast uttale frå ein uavhengig instans før kommunestyret vedtek dette reglementet. 4
Rapporteringsmal 5