Løyve etter ureiningslova til Schlumberger Norge as, avdeling lager Florø til mottak og mellomlagring av flytande avfall ved tankanlegg på Fjordbase Løyvet er gitt i medhald av lov om vern mot forurensninger og om avfall av 13. mars 1981 nr. 6, 11 jf. 16 og 11-7 og 11-29 i avfallsforskrifta. Løyvet er gitt på grunnlag av opplysningar gitt i søknad av 05.10.2010 med supplerande opplysningar 31.01.2011 samt opplysningar framkome under behandlinga av søknaden. Løyvet gjeld frå dags dato og på dei vilkåra som er gjevne i dette dokumentet. Med heimel i 18 i ureiningslova er løyvet datert 30.3.11 og adressert til Schlumberger Norge as, divisjon M-I SWACO, erstatta med dette løyvet. Dersom verksemda ønskjer å gjere endringar i høve til opplysningar som er gitt i søknaden eller under saksbehandlinga, og desse endringane kan ha innverknad på miljøet, må endringane avklarast skriftleg med Fylkesmannen på førehand. Verksemddata Verksemd Schlumberger Norge as, avdeling lager Florø Eigd av Schlumberger Norge as Stad/gateadresse Fjordbase, 6900 Florø Postadresse Schlumberger Norge AS, Divisjon: M-I SWACO, Postboks 403, 4067 Stavanger Kommune og fylke Flora i Sogn og Fjordane Org. nummer Anlegg 881 313 332 Eigd av 968 360 302 NACE-kode og bransje 38.220 Behandling og disponering av farlig avfall NOSE-kode 109.04.00 Annen avfallsbehandling Fylkesmannen sine referansar Arkivkode Anleggsnummer Løyvenummer Bransje Risikoklasse 1 05/4473 1401.0005.08 2011.099.T avfall 3 Løyve gitt 30.03.2011 Endringsnummer: 1 Sist endra: 22.4.2013 Gøsta Hagenlund Ass. fylkesmiljøvernsjef Dagny Alvik overingeniør 1 Jf. ureiningsforskrifta kap. 39 om gebyr til statskassen for arbeid med tillatelser og kontroll etter ureiningslova Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde post@fmsf.no Telefon: 57 65 50 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 50 05 Telefon: 57 65 50 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 72 32 50
Side 2 av 10 Innhald 1. Ramme for løyvet... 3 2. Generelle vilkår... 3 2.1. Plikt til å redusere ureining så langt som mogleg... 3 2.2. Tiltak ved auka ureiningsfare eller unormale driftsforhold... 3 2.4. Internkontroll... 4 2.5. Økonomisk sikkerheit... 4 2.6. Krav til rekneskap ved lagring av farleg avfall... 4 2.7. Krav til kompetanse... 5 3. Mottak og lagring... 5 3.1. Mottak av farleg avfall... 5 3.2. Lagringstid... 5 3.3. Lagring av farleg avfall... 5 3.4. Eige avfall... 6 4. Utslepp til vatn... 6 5. Grunnureining og ureina sediment... 6 6. Testing og substitusjon av kjemikal og råstoff... 7 7. Førebyggande tiltak og beredskap mot akutt ureining... 7 7.1. Miljørisikoanalyse... 7 7.2. Førebyggande tiltak... 7 7.3. Etablering av beredskap... 7 8. Rapportering til Fylkesmannen... 8 9. Overvaking av resipient... 8 10. Større endringar... 8 10.1. Utskifting av utstyr... 8 10.2. Eigarskifte... 8 10.3. Nedlegging eller lengre driftsstans... 8 VEDLEGG 1 Innhald i årsrapport...10
Side 3 av 10 1. Ramme for løyvet Løyvet gjeld ureining og andre miljøulempe frå årleg mottak og mellomlagring av inntil 5 000 m 3 avfall frå offshoreverksemd ved tankanlegg på Fjordbase. Ramma gjeld for avfall som er flytande eller har eigenskapar som gjer at det må handterast som flytande avfall. Ramma gjeld både for ordinært og farleg avfall. Følgjande avfallstypar og mengder kan til ei kvar tid lagrast på anlegget: Mengd Avfallstype Avfallsstoffnr.* EAL kode # Oljehaldige emulsjonar frå 7031 16 07 08 boredekk 16 10 01 Maksimal Oljebasert borevæske 7142 16 50 71 samla Kaks med oljebasert 7143 16 50 71 mengd borevæske 16 50 72 samtidig lagra: Vassbasert borevæske som inneheld farlege stoff 7144 16 50 73 01 05 05 og 06 16 10 01 700 m 3 Prosessvatn/vaskevatn 7165 16 10 01 16 07 08 Flytande ordinært avfall * Norsk standard avfallskoder # Europeiske avfallsliste Tilsetjing av kjemikal, fortynning ol. behandling er ikkje tillate etter dette løyvet. Ved vesentlege endringar skal verksemda søkje om endring av løyvet, jamvel om utsleppa ligg innafor dei fastsette grensene. Tankanlegget kan ikkje nyttast til mottak eller mellomlagring av andre typar farleg avfall eller produkt utan etter nærare godkjenning frå Fylkesmannen. 2. Generelle vilkår 2.1. Plikt til å redusere ureining så langt som mogleg Verksemda pliktar å hindre sine utslepp, så langt dette er teknisk mogleg med best tilgjengeleg teknologi. For å unngå, eller avgrense ureining og avfallsproblem, skal de nytte den teknologien som ut frå ei samla vurdering også av økonomiske tilhøve, gir dei beste resultata for noverande og framtidig tilstand i miljøet. 2.2. Tiltak ved auka ureiningsfare eller unormale driftsforhold Dersom det som følgje av unormale driftsforhold eller av andre grunnar oppstår auka fare for ureining, pliktar verksemda å setje i verk dei tiltaka som er nødvendige for å fjerne eller redusere den auka faren, også om nødvendig å redusere eller innstille drifta. Verksemda skal straks informere Fylkesmannen når: det vert planlagt aktivitet som mellombels kan føre auka fare for utslepp, mottak av avfall/råvarer som viser seg å kunne gje uføresette utfordringar,
Side 4 av 10 i situasjonar der utstyr, maskinar eller anna kritiske installasjonar for vern mot utslepp sviktar. Ved gjentekne hendingar skal verksemda etablere eit dokumentert system for registrering av klager/meldingar. Verksemda skal gje ei vurdering av årsak til hendinga, kva som har skjedd og tiltak som er sett i verk eller som er planlagt for å motverke og avgrense verknadar og hindre gjentaking. Informasjonen skal gjerast kjent for nabolag og Fylkesmannen. Merk at verksemda også har varslingsplikt etter gjeldande forskrift om akutt ureining 2. 2.3. Internkontroll Verksemda pliktar å etablere internkontroll for si verksemd i høve til gjeldande forskrift om dette 3. Internkontrollen skal blant anna sikre og dokumentere at verksemda held krava i dette løyvet, ureiningslova, produktkontrollova og relevante forskrifter til desse lovene. Verksemda pliktar å halde internkontrollen oppdatert. Verksemda pliktar til ei kvar tid å ha oversikt over alle aktivitetar som kan føre til ureining og kunne gjere greie for risikoforhold. 2.4. Økonomisk sikkerheit Verksemda skal stille økonomisk sikkerheit for kostnader med å ta hand om alt farleg avfall ved verksemda sitt anlegg ved nedlegging, stans eller ved betalingsproblem. Sikkerheita skal dekke dei kostnadene som maksimalt kan tenkast å oppstå ut frå dei typane farleg avfall anlegget kan ta imot og dei mengder farleg avfall som lovleg kan lagrast jf. punkt 1. Verksemda skal stille sikkerheit i form av pant for Fylkesmannen i sperra bankkonto med ein innbetalt sum tilsvarande den summen som skal sikrast eller ved ein løpande påkravsgaranti frå bank utskriven til Fylkesmannen på tilsvarande sum. Dersom verksemda kan dokumentere at det vil gje tilsvarande sikkerheit, kan Fylkesmannen etter ei vurdering godta andre former for sikring av den aktuelle summen. Så snart som mogleg etter at løyvet er motteke, skal verksemda sende skriftleg melding til Fylkesmannen om korleis ein stiller sikkerheit. 2.5. Krav til rekneskap ved lagring av farleg avfall Lagra farleg avfall skal takast med i verksemda sitt årlege rekneskap i tråd med rekneskapsloven slik at dei framtidige kostnadane ved vidaresending og behandling av dette avfallet kjem fram i rekneskapen. 2 Forskrift om varsling av akutt ureining eller fare for akutt ureining av 09.07.1992, nr. 1269 3 Jf. forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i verksemder av 06.12.1996 nr. 1127 eller seinare utgåve (internkontrollforskrifta)
Side 5 av 10 2.6. Krav til kompetanse Verksemda skal i den daglege drifta ha tilgang til kompetanse på minst bachelornivå med kjemi i fagkretsen. Alle som handterer farleg avfall i verksemda skal ha dokumentert opplæring i slik handtering. 3. Mottak og lagring 3.1. Mottak av farleg avfall Verksemda skal vere registrert som aktør i farleg avfall systemet, og skal ha alle nødvendige avtalar i det nasjonale farleg avfallssystemet 4 før farleg avfall kan takast imot. Ved mottak av farleg avfall skal verksemda ha etablert eit system som sikrar at motteke farleg avfall er deklarert slik at den vidare handteringa kan skje på ein forsvarleg måte. Mottak av den enkelte avfallslevering/-mottak skal journalfarast. Av journalen skal minst framgå: Dato for mottak, avfallsprodusent, lagerplass/tank, mengd avfall, EAL-kode og tal kolli/volum. Det skal og noterast i journalen når avfallet forlet plassen og kor det vert levert (dato og namn). Nødvendige opplysningar om avfallet skal vere lett tilgjengelege ved kontroll. Fylkesmannen kan påleggje mottaksanlegget å sende kopi eller samandrag av alle journalar til Fylkesmannen eller andre. Journalane skal oppbevarast i minst 3 år, og skal vere lett tilgjengelege ved kontroll. Journaldata skal vere sikra med kopi lagra annan stad for å unngå tap ved uføresett hending. Orientering om tillate mengd brannfarleg avfall skal vere slått opp i brannsikker avstand frå mellomlagerplass. 3.2. Lagringstid Motteke farleg avfall kan ikkje lagrast lenger enn 6 månader. 3.3. Lagring av farleg avfall Farleg avfall skal lagrast på ein slik måte at det ikkje oppstår ureining. Lagra farleg avfall skal til ei kvar tid ha tilstrekkeleg tilsyn. Som eit minimum skal følgjande tiltak vere oppfylt: All lagring skal vere basert på dokumentert risikovurdering. Lagringa skal vere sikra slik at uvedkomande ikkje får tilgjenge. Faren for søl eller lekkasje frå motteke avfall skal vere minimal, og i samsvar med dokumentert akseptnivå. Ev. uhellsutslepp skal samlast opp umiddelbart med oppsamlings-/absorberande utstyr i mengd og storleik tilpassa maksimal lagringsmengd. Blanding av ulike typar farleg avfall som ikkje kan samdeklarerast er ikkje tillate. Fortynning av motteke farleg avfall for å unngå farleg avfall-klassifisering er ikkje tillate. 4 For tida avtalar med NORSAS og innsamlar/ar
Side 6 av 10 Stoff som ikkje kan samlastast i høve ADR-reglane skal lagrast på fysisk skilde område. Verksemda skal ha kart over lager avfallet der det går fram kor dei forskjellige typane avfall er lagra. Lagertankar for flytande farleg avfall større enn 10 000 liter skal ha overfyllingsvarsel. Alle tankvolum med større kapasitet enn 3 000 liter skal sikrast med oppsamlingsvolum tilsvarande kapasiteten på tanken pluss 10 % av lagervolumet til tanken. Tankar i same området kan sikrast med oppsamlingsvolum tilsvarande kapasiteten på største tanken pluss eit tillegg på 10 % av lagervolumet til den største tanken. Tankar for lagring av farleg avfall skal med jamne mellomrom tømmast og reingjerast bl.a. for å hindre opphoping av slam og/eller farlege stoff og for å kunne tilstandsvurdere tanken. Sjølv om ein del av tankane vert leigd ut til andre firma, er løyvehavar som eigar ansvarleg for at punkta over vert følgt opp for heile tankparken. 3.4. Eige avfall Verksemda pliktar så langt det er mogleg utan urimelege kostnader eller ulemper å unngå at det vert danna restavfall som følgje av drifta. Brenning av avfall er ikkje tillate utan at det skjer i forbrenningsomn med særskild løyve frå Fylkesmannen. 4. Utslepp til vatn Tankanlegget skal ikkje ha utslepp til vatn. Avrenning av overflatevatn frå verksemda sine uteareal skal handterast slik at det ikkje medfører skade eller ulempe for miljøet. 5. Grunnureining og ureina sediment Verksemda skal vere innretta slik at det ikkje skjer utslepp til grunnen som kan medføre nemneverdige skader eller ulemper for miljøet. Verksemda pliktar å halde oversikt over eventuell eksisterande ureina grunn på eige område og ureina sediment utanfor. Ein skal til ei kvar tid ha oversikt over faren for spreiing, samt vurdere behovet for undersøkingar og tiltak. Er det grunn til å tru at undersøkingar eller andre tiltak vil vere nødvendig, skal ureiningsstyresmakta varslast om dette.
Graving, mudring eller andre tiltak som kan påverke ureina grunn eller ureina sediment, treng løyve etter ureiningslova, evt. godkjenning frå kommunen 5 Side 7 av 10 6. Testing og substitusjon av kjemikal og råstoff For kjemikal som vert nytta på ein slik måte at det kan medføre fare for ureining, skal verksemda dokumentere at den har gjort ei vurdering av helse- og miljøverknadane. Vurderinga skal skje med bakgrunn i testing eller annan relevant dokumentasjon. Verksemda pliktar å etablere eit system for substitusjon av kjemikal og råstoff. Det skal gjennomførast jamlege vurderingar av faren for skadelege effektar på helse og miljø som kan skuldast dei kjemikal som vert nytta, og av om det finst alternativ. Skadelege effektar knytt til produksjon, bruk og endeleg disponering av produktet, skal vurderast. Der det finst meir miljøvenlege alternativ, pliktar verksemda å nytte desse så langt dette kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe 6. Stoff aleine, i stoffblandingar og/eller i produkt, kan berre framstillast, omsettast, eller brukast når dei er i samsvar med krava i REACH-regelverket. 7. Førebyggande tiltak og beredskap mot akutt ureining 7.1. Miljørisikoanalyse Verksemda skal gjennomføre ein miljørisikoanalyse av sin aktivitet. Verksemda skal vurdere resultata i forhold til akseptabel miljørisiko. Potensielle kjelder til akutt ureining av vatn, grunn og luft skal kartleggast. Miljørisikoanalysen skal dokumenterast og skal omfatte alle forhold ved verksemda som kan medføre akutt ureining med fare for helse- og/eller miljøskadar inne på verksemda sitt område eller utanfor. Ved modifikasjonar og endra produksjonsforhold skal miljørisikoanalysen oppdaterast. Verksemda skal ha oversikt over dei miljøressursane som kan bli truga av akutt ureining og dei helse- og miljøkonsekvensane slik ureining kan føre med seg. 7.2. Førebyggande tiltak På grunnlag av miljørisikoanalysen skal verksemda setje i verk risikoreduserande tiltak. Både sannsynlegheitsreduserande og konsekvensreduserande tiltak skal vurderast. Verksemda skal ha ei oppdatert oversikt over dei førebyggande tiltaka. 7.3. Etablering av beredskap Verksemda skal, på bakgrunn av ein miljørisikoanalyse og dei risikoreduserande tiltaka som er sett i verk, etablere og vedlikehalde ein beredskap for å hindre, oppdage eller stanse akutt ureining. Beredskapen skal vere tilpassa den miljørisikoen som verksemda til alle ei kvar tid representerer, og skal også omfatte utstyr til å fjerne og avgrense omfanget og skadane og ulempene som kan skje. Beredskapen mot akutt ureining skal øvast minst ein gang pr. år. 5 Jf ureiningsforskrifta kapittel 2 om opprydning i ureina grunn ved bygge- og gravearbeider og ureiningsforskrifta kapittel 21. 6 Jf Produktkontrolloven av 11.06.1979 nr. 79 3a
Side 8 av 10 8. Rapportering til Fylkesmannen Fylkesmannen ber om ein skriftleg årsrapport innan 1.mars om miljøtilhøva ved dei ulike aktivitetane på området. Rapporten må omtale dei aktuelle områda som er vist i vedlegg 1. Det er ikkje sett direkte krav til måling, utrekning eller rapportering av spesifikke nivå når det gjeld utslepp av lukt, støy eller støv. Rapporten bør likevel innehalde ei vurdering av desse miljøtilhøva. Verksemda bør i samband med rapportering av avfalls- og utsleppsdata oppgje og kommentere usikkerheita i datamaterialet. 9. Overvaking av resipient Fylkesmannen kan stille krav om nærare gransking av støy, luftutslepp og vass- eller grunnureining (jf. ureiningslova 51). Verksemda skal betale for slike granskingar. Den ansvarlege for verksemda kan òg påleggjast å betale ein høveleg del av kostnaden ved eit kontrollprogram for området der utsleppa er plasserte. 10. Større endringar 10.1. Utskifting av utstyr Dersom utskifting av utstyr i verksemda gjer det teknisk mogleg å motverke ureining på ein vesentleg betre måte enn då løyvet vart gitt, skal Fylkesmannen på førehand ha melding om dette. Ved utskifting av utstyr skal beste tilgjengelege teknikkar nyttast med sikte på å motverke ureining. 10.2. Eigarskifte Løyvet kan ikkje overdragast til andre utan samtykke frå Fylkesmannen. Ny eigar kan ikkje ha eller ta imot avfall ved anlegget utan etter avklaring med Fylkesmannen. 10.3. Nedlegging eller lengre driftsstans Dersom anlegget vert nedlagt eller stansar lenger enn 1 månad, skal eigaren eller brukaren melde frå til Fylkesmannen og gjere det som til ei kvar tid er nødvendig for å motverke fare for ureining. Dersom noko ved anlegget kan medføre ureining eller det er avfall som kan verke skjemmande etter driftsstans, skal det opplysast særskild. Fylkesmannen kan fastsetje nærare kva for tiltak som er nødvendig for å motverke ureining og rydde opp i avfall. Fylkesmannen kan pålegge eigaren eller brukaren å stille garanti for dekking av framtidige utgifter og mogleg erstatningsansvar.
Side 9 av 10 Ved nedlegging eller stans skal verksemda sørgje for at avfall vert teke hand om på forsvarleg måte, mellom anna skal farleg avfall handterast i høve til gjeldande forskrift 7. Dei tiltaka som vert gjennomført i slike høve, skal rapporterast til Fylkesmannen innan 3 månader etter nedlegging eller stans. Rapporten skal også innehalde dokumentasjon på disponeringa av kjemikalierestar og ubrukte kjemikal og namn på eventuell kjøpar/ar. Ved ny oppstart skal den ansvarlege syte for at driftsstaden er i miljømessig tilfredsstillande stand. Før oppstart skal den ansvarlege i god tid i førevegen gje melding til Fylkesmannen. Dette gjeld for all aktivitet som kan medføre fare for ureining eller kunne verke skjemmande. 7 Avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall
Side 10 av 10 VEDLEGG 1 Innhald i årsrapport Føremål: Å informere tilsynet om aktiviteten ved anlegget siste året. Rapporteringa skal generelt gje opplysningar om verksemda som tilsynet har behov for i utøving av tilsynsoppgåvene etter kapitel 7 i ureiningslova (tilsyn med forurensninger og avfall). Opplysningane er offentleg tilgjengeleg så framt dei ikkje vert råka av unntaks- eller teiepliktreglane i forvaltningslova, offentlegheitslova eller miljøinformasjonslova. Rapporteringsform: verbal og tabell/figur levert elektronisk til miljøvernavdelinga på WORD og/eller EXCEL-lesbart format. Innhald 1. Kort og verbal omtale av drifta og ev. førebyggande tiltak mot miljøulempe. 2. Evaluering av miljøprestasjon 8 (dersom utvikla). 3. Totalmengd avfall som er motteke førre år, og delt etter type (jf. dei 4-sifra kodane i NS 9431). EAL-kode skal spesifiserast så langt råd. 4. Mellomlagra avfall pr. 31.12, gruppert som under punkt 3. 5. Levert mengd, gruppert som under punkt 3, og mottakar av vidarelevert avfall. 6. Resultat av ev. målingar av utslepp. 7. Verksemda si vurdering om utslepp til luft (støy, støv, lukt m.m.) eller til vatn har auka, minka eller ligg på same nivå i høve til førre år. 8. Omtale av skriftlege eller muntlege klagar eller merknader til drifta frå andre, og om eigen oppfølging. 9. Omtale av ev. unormale hendingar, spesielle problem o.l. Her også om tiltak ved ev. stans i avfallsmottaket, påverknadar av miljøet rundt anlegget og om moglege eller faktiske utslepp til grunn eller vatn. 10. Omtale av visuelle tilhøve som kan verke skjemmande. 11. Oversikt over eigne, genererte avfallsmengder. 8 Miljøprestasjon (Environmental performance evaluation (EPE)) er eit omgrep for verksemder som er sertifisert etter ISO 14000 eller registert etter EMAS-forordninga, og nærare omtalt i NS-EN ISO 14031. Verksemd som ikkje har slikt miljøstyringssystem, kan nytte opplegg og råd i NS-EN ISO 14031 så langt det passar, eller rapportere etter pkt. 3 10 i denne lista (så langt det passar).