Vi Os kyrkjelyd inviterer til Konfirmantåret 2015/2016
Nore Neset kyrkje Os Kan du Kyrkjelyd tenkja deg å vera konfirmant i Os kyrkjelyd det komande året? Me kan tilby eit spanande opplegg også i år, som me trur vil falla i smak hos dei fleste. Ta ein kikk og sjå om dette er noko for deg.
Kvifor Konfirmant? konfirmant? Det er mange gode grunnar for å velje konfirmasjon. Ein kan tenkje på festen og gåvene, ein vil læra meir om trua, Bibelen og Gud, ein vel å fylgje tradisjonen eller ein vil ha del i fellesskapet. Uansett svar er det viktigaste at du gjer dette fordi du sjølv ynskjer det. Du er hjarteleg velkomen til oss. Konfirmere = å bekrefte I konfirmasjonsgudstenesta bekreftast løftet som vart gjeven i barnedåpen. Er du døypt men likevel i tvil om du ønskjer å verta konfirmert? Er du ikkje døypt men ynskjer å konfirmerast? Du er velkomen til å vera med gjennom konfirmantåret og ta eit val utifrå. Velkomen til ei spanande og utfordrande konfirmanttid! Prisar for materiell, konfehelg etc: Konfirmantavgift - ulike tilbod KRIK-GRUPPER JOIN US/ KONF: TUNE IN TT-GRUPPA/ Saman FORandre BÅT & SJØLIV KONF-CAMP Undervisning og konfirmasjon 0,- 0,- 0,- 0,- 0,- Felles utgifter. Dekker konfirmantbibel, leige av konfirmant-kappe, enkel bevertning på ulke samlinger. Medlemskap organisasjon (KFUK/M, KRIK m.m.) 850,- 850,- 850,- 850,- 850,- 250,- 250,- Konf-Camp deltakeravgift 1750,- Helgetur til M/S Gann (Stavanger) 1200,- Kostnader kjem i tillegg på helgetur, leir og andre turar * * * SUM 1100,- 1100,- 850,- 2050,- 2600,- Giro vert tilsendt etter påmelding.
Undervisning Vi legg opp til eit variert og innhaldsrikt opplegg for deg som er konfirmant i Os kyrkjelyd. Undervisningssamvær, gruppeaktivitet, gudstenester, turar og leirtilbod Det vert fem temasamlingar frå oktober til april. Alle er med på ein PULShelg med undervisning og deltaking på gudsteneste. Konfirmasjonstida er ein viktig del av trusopplæringa di. Den skal gje deg kunnskap og hjelp til å ta eit sjølvstendig val i høve til trua og fellesskapet du høyrar til gjennom dåpen. Konfirmant tyder at du ved forbøna får bekrefta at Guds løfte til deg i dåpen fortsatt gjeld for deg.
Presentasjon Alle konfirmantar vert presentert for kyrkjelyden på ein presentasjonsgudsteneste. Nore Neset kyrkje, 30. august og 13. september Os kyrkje, 6. og 20. september Søfteland, 13. september Presentasjonsgudstenester, hausten 2015 KickOff samling for alle konfirmantar i Os kyrkje, laurdag 22. august, kl. 16-19. Dette får du vera med på gjennom konfirmantåret ARBEIDSFORM Gudstenester: Presentasjonsgudsteneste Konfirmantane i Os sokn vert presentert. PULShelg med tema - Kristent liv i praksis; Bibel, Bøn og Tru i kvardagen. Gudstenesteverkstad og medverknad på gudstenesta sundag. Gudstene med gruppa di. Andre gudstenester Konfirmanten vel sjølv tid, stad og type gudsteneste. Trusopplæring Temasamlingar med variert undervisning (2-3 timar pr.gong). 5 Nettkonfirmant* Nettbasert undervisning som sjølvstudie. 10 Aktivitetsgruppe du kan velje mellom gruppene som er presentert her i brosjyra. Fasteaksjonen Infosamling veke 11. Innsamlingsaksjon 15. mars. 2 Foreldremiddag hyggjeleg samling for konfirmant og foreldre med mat, prat og info. 1 Leir eller weekend-turar Eit tilbud for nokre av gruppene (sjå info i brosjyra). Øving og kappeprøving førebuing og test, onsdag før konfirmasjonen. 1 Konfirmasjonsgudstenester Laurdag 23. april, sundag 24. april, laurdag 7. mai og sundag 8. mai. * Nettkonfirmant er ein ny undervisningsform der konfirmanten sjølv skal studere 10 ulike tema som gjeld kristen tru. For kvart tema sender ein sine svar til sin nettkontakt. Meir info ved oppstart. ANTALL 1 1 1 4 1
Konfirmantgrupper 19.-23.mars 2016 Vi gjentar suksessen! Eit konsentrert og kanonbra opplegg! Passar for alle og spesielt for dei som har mykje å gjere på fritida. 5 dagar fullspekka med gøy. Nokre få gruppesamlingar gjennom året. Denne gruppa har færre samlingar enn andre grupper. Pris på leiren er 1750,-. Prisen er godt rabattert, men reiseutgifter, skikort/skileige kjem i tillegg. Sjekk ut: Facebook f Logo CMYK /.ai Facebook f Logo CMYK /.ai konfcamp etne
2015/2016 Join Us SONG BAND - DANS DRAMA TEKNIKK Eit supert kormiljø på ca. 50 personar der du får oppleve godt venskap, kjekke aktivitetar og mykje moro som kan utvikle og inspirere deg. Øvingar kvar onsdag kl 19-21 og to helgeturar. Opplegget krev innsats av deg, men gir deg veldig mykje tilbake. Årets høgdepunkt er eit Vårshow med imponerande konsertrigg. Når du søkjer skriv du i kommentarfeltet kva du vil vere med på (td. drama) og evt. relevant erfaring. Koret har kjekke øvingshelgar med overnatting i nærområdet og deltek i store arrangement som nattcup i Bergen og Vinterfestivalen på Voss.
Konfirmantgrupper Saman FORandre Vil du vere med og bety ein forskjell for nokon? Konf: Tune In Kreativitet, initiativ og fest! Konf: Tune In får i oppdrag å arrangere 4 temafester på Klubben gjennom året. Det blir garantert gøy, lærerikt og du får utvikle det du er flink på. Pynting, lyd og lys, mat, lage program mm. Saman med andre er vi med på å skape kjekke arrangement for folk i Os. Pensjonistar, innvandrarar, born m.m. Frivillig innsats og hjelp er viktig for at alle skal ha det bra i Os. Ein samling pr.mnd. Bli med du og! I fjor var vi 60-80 stk i snitt på ein fredagskveld, så her trengs innsats og mot!
2015/2016 NY GRUPPE I ÅR! TT gruppa Trivs du med å gjere praktiske oppgåver? TT står for «Til Teneste». Det vil sei at du er med som medhjelpar på fem oppgåver gjennom året og 3-4 gruppesamlingar der vi planlegg og samtalar om det du skal vere med på. Du kan velje mellom fleire aktivitetar i kyrkjelyden. Til dømes: Gudstenestemedhjelpar, hjelpe til med kyrkjekaffi, fredagstaco, hjelpeleiar på barnesamlingar eller andre arrangement for born og unge, levere ut kyrkjeblad o.l Oppgåvene gjer du saman med dei som har ansvar for desse. Båt- og sjøliv Båtliv som hobby og lidenskap? For deg som vil lære alt om båtliv og sjøvett! Vi bruker kursboka «Veien til båtførerøven» og det vert om lag to undervisningssamvær pr mnd frå okt - apr. Kurset har mykje teori og krev motivasjon for å gjennomføre. På nyåret vert det weekend på skuleskipet Gann i Stavanger. Vi bur om bord i båten og lærer om livet om bord. Pris: ca. kr. 1200,- (reise kjem i tillegg). Vi har kursbok til utlån. Du får tilbod om å ta båtførar-prøven i april og betalar då eksamensavgift.
Konfirmantgrupper KRIK Golf Vil du prøve å ta en tee off, bruke et handicap, slå birdie eller bogey, ta en wedge og lære å putte? Då er golfgruppa et godt val for deg. I samarbeid med Bjørnefjorden golfklubb har vi samlingane våre i klubbhuset og på golfbana. Du får delta på eit helgekurs som gjev deg «Grønt kort» (golfkortet). Haust og vår vert det om lag 2 samlingar kvar mnd. Vinterstid øver vi oss på simulator 1 gong pr.mnd KRIK explore Utforsk livet, utforsk naturen, utforsk trua! Denne KRIK-gruppa legg vekt på uteaktivitetar. Her kan du prøva deg på kajakkpadling, skyting, fisking og turar til fjells og på ski. Du treng ikkje vera supersprek for å vera med, men motivert på å gå litt i naturen og open for å prøva deg på nye utfordringar. Det blir garantert flotte turar og gode samtalar. Til saman er det 5-7 samlingar pluss ein overnattingstur, noko kan bli lagt til helg.
saman I KONFIRMANTARBEIDET I OS MØTER VI KVARANDRE MED: Høflegheit, Respekt, Audmjukheit Saman vil vi alle gjera vårt for å få ei flott konfirmanttid. Det krev din tid og heilhjarta innsats. Mange av gruppeleiarane våre er frivillige som brukar av fritida si for å gje deg eit godt tilbod. Det er viktig å møte dei og alle med respekt og følgje godt opp alle beskjedar og avtaler. Ditt ansvar er: Å delta aktiv og ta omsyn til dei andre Å møte opp på samlingane og vera presis Å vera oppmerksam og tilstade ( skru av el. Utstyr!) i undervisningstida Ved mykje fråvær og/eller gjentekne regelbrot vil konfirmantlærar kontakte dei føresette. Respektlaus åtferd og stort fråvær kan føra til utsetjing av konfirmasjonen. Ved påmelding skriv konfirmant, føresett og konfirmantlærar under på ei forventningsavtale.
INFORMASJON TIL DEI FØRESETTE Velkomen til samarbeid! De som er foreldre/ føresette er viktige medspelarar under konfirmantførebuinga!
Informasjonsmøter Informasjonsmøter Vi innbyr alle foreldre til informasjon om opplegg og forventningar for konfirmasjonstida i Os: Tirsdag 16. juni kl. 17.30-18.30 i Nore Neset kyrkje og kl 19.00-20.00 i Os Kyrkje. Det vert informasjonsmøte ved semesterstart haust og vår, då får de vite litt meir om korleis året vert. Vi sender ut melding til alle føresette om tidspunkt for dette. Første gruppesamlinga i september vert både konfirmantar og føresette invitert. Vi innbyr til FORELDREMIDDAG i januar Vi kjem til å be om hjelp til: «Pulshelger». Hjelp til å laga og servera mat og til kyrkjekaffi. Fasteaksjonen 15. mars, som sjåfør og bøsseberar saman med konfirmanten. Baking av kaker, boller o.l. til ulike arrangement me skal ha for konfirmantane. Så ber vi dykk om: Det er særs viktig at de melder frå om særskilde behov (t.d. lesevanskar, funksjonshemming, allergi og anna) Å hjelpa konfirmanten til å møta på dei samlingane dei skal. Gje melding dersom konfirmanten har planlagt fråver, ved ferie og anna. Konfirmantførebuing må få prioritet framfor trening/kampar. Oppmuntre konfirmanten til å lære kjernestoffet i konfirmantbibelen. Motivere til arbeid med Nettundervisninga.
Påmelding www.os.kyrkja.no www.os.kyrkja.no Påmeldinga til konfirmantåret skjer via internett. Fyll inn all informasjon vi ber om og klikk på «send» for å verte påmeld. Adressa er www.os.kyrkja.no. Finn linken «konfirmantpåmelding» Du får ei stadfesting på e-post. Ta kontakt med kyrkjekontoret om du ikkje mottar bekreftinga, tlf. 56572400. UTAN INTERNETT? Påmeldinga kan gjerast på kyrkjekontoret. Adresse: Kyrkjetunet på Osøyro. INFORMASJON TIL PÅMELDINGA I tillegg til fullt namn og adresse/postadresse må du ha klart e-post til konfirmant og foreldre, mobilnummer til konfirmant og foreldre, personnummer til konfirmant og foreldre og dåpsdato, dåpskyrkje og bilde (passfoto i jpg-format/mindre enn 500kb) av konfirmanten.
Vi møtast til hausten!
Har du spørsmål? Ring 56 57 24 00 eller send ein e-post til: post@os.kyrkja.no Du kan óg koma innom kontoret og ta ein prat der.