Vanylven kommune MØTEPROTOKOLL Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Fiskåbygd Møtedato: 11.02.02 Tid: 13.00-14.35 Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 29. januar 2002 Desse medlemene møtte: Dei faste medlemene i kommunestyret er: Det norske arbeiderparti Jon Aasen Sissel Stokke Hoddevik Lasse Rindal Odd Westerås Janne Brit Aasen Kystpartiet Einar Ebbesen Bjørn Fiskaa Geir Jan Storeide Jostein Rusten Kristeleg Folkeparti Elin Nordvik Gisle Rolandsen Hallstein Ljoså Målfrid Lade Sommerset Senterpartiet Tormod Hvattum Geir Nordal Åge Sørdal Anne Mundal Aarskog Høgre Jostein Holsvik Helge Svarstad Idar Brekke Venstre Magni Helen Vik Postadresse: Besøksadresse: Postboks C Rådhuset Telefon: 70 02 37 00 6139 Fiskåbygd FISKÅBYGD Telefaks: 70023737
Forfall: Janne-Brit Aasen Elin Nordvik Helge Svarstad Jostein Rusten Geir Jan Storeide Varamedlemer: For Janne-Brit Aasen møtte Jermund Rekkedal, for Elin Nordvik møtte Paul Eikrem, for Helge Svarstad møtte Mary Vik Enebakk og for Jostein Rusten møtte Stig Ersvåg. For Geir Jan Storeide møtte ingen. Det var 20 representantar til stades ved starten av møtet. Frå administrasjonen møtte: Rådmann Gunnar P. Strand og as. rådmann Arnstein Nupen. Merknader: Utskrifta frå siste møte vart godkjent uten merknader. Innkallinga vart godkjent uten merknader. Saker som vart handsama: 1, 2, 3, 4, 5, 6, og 7/2002. Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Einar Ebbesen Jostein Holsvik Side 2 av 8
SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 0001/02 02/00025 MØTEPLAN 2002 FORMANNSKAP OG KOMMUNESTYRE 0002/02 02/00026 ETABLERINGSLÅN OG BUSTADTILSKOT 2002 - SØKNAD FOR 2002 TIL HUSBANKEN 0003/02 01/01497 SØRE SUNNMØRE KOMMUNEREVISJON IKS - SELSKAPSAVTALE NY HANDSAMING 0004/02 02/00029 SØRE SUNNMØRE KOMMUNEREVISJON IKS - VAL AV STYREMEDLEM 0005/02 02/00082 GJESTEGAARDEN A/S - UTVIDA SKJENKELØYVE - OG SKJENKETID DANSEGALLA I OLIVINHALLEN 20.04.02 0006/02 02/00154 A. O. KRAGSETH EFTF. - SØKNAD OM SALSLØYVE FOR ØL 0007/02 01/01486 ADMINISTRASJON - POLITIKARAR - NEDSETJING AV ARBEIDSNEMND Side 3 av 8
0001/02 MØTEPLAN 2002 FORMANNSKAP OG KOMMUNESTYRE Framlegg til vedtak: Det vert halde kommunestyremøte slik i 2002: 11. februar, 18. mars, 6. mai, 17. juni, 2. september, 7. oktober, 4. november og 16. desember. Kommunestyremøte startar kl. 13.00. Budsjettmøtet og eventuelle temamøter kan starte kl. 10.00. Magni Helen Vik gjorde framlegg: Møtet 6. mai vert flytta til 13. mai. Sissel Stokke Hoddevik gjorde framlegg: Budsjettmøtet startar og kl. 13.00. Er det lite saker, kan det bli kalla inn med seinare møtestart. Framlegget med endringar framsett av Magni Helen Vik og Sissel Stokke Hoddevik vart samrøystes vedteke. Det vert halde kommunestyremøte slik i 2002: 11. februar, 18. mars, 13. mai, 17. juni, 2. september, 7. oktober, 4. november og 16. desember. Kommunestyremøte startar kl. 13.00. Eventuelle temamøter kan starte kl. 10.00. Er det lite saker, kan det bli kalla inn med seinare møtestart. 0002/02 ETABLERINGSLÅN OG BUSTADTILSKOT 2002 SØKNAD FOR 2002 TIL HUSBANKEN Ingen merknader. Framlegget samrøystes vedteke Vanylven kommune tek opp kr. 1.500.000 i etableringslån for 2002. Lånet vert tatt opp på vanlege vilkår som serielån med flytande rente, ikkje avdragsfri periode og 15 års nedbetalingstid. Det vert vidare søkt om kr. 180.000 i bustadtilskot for tilpassing. Side 4 av 8
0003/02 SØRE SUNNMØRE KOMMUNEREVISJON IKS - SELSKAPSAVTALE NY HANDSAMING Ingen merknader. Framlegget samrøystes vedteke Vedtaket i kommunestyresak 96/2001 vert gjort til inkjes. Vanylven kommunestyre seier seg samd i at Søre Sunnmøre Kommunerevisjon vert omdanna til interkommunalt selskap (IKS) i samsvar med lov om interkommunale selskap av 29.01.1999 nr. 6. Vanylven kommunestyre godkjenner framlegg til selskapsavtale datert 6. desember 2001. 0004/02 SØRE SUNNMØRE KOMMUNEREVISJON IKS - VAL AV STYREMEDLEM Ordføraren gjorde framlegg som vart samrøystes vedteke. Som styremedlem i Søre Sunnmøre Kommunerevisjon IKS vert vald Geir Nordal. Som varamedlem for Geir Nordal vert vald Sigrunn Sundnes. Side 5 av 8
0005/02 GJESTEGAARDEN A/S - UTVIDA SKJENKELØYVE - OG SKJENKETID DANSEGALLA I OLIVINHALLEN 20.04.02 Framlegg til vedtak: Skjenkeløyvet til Gjestegaarden AS vert utvida til og å gjelde Olivinhallen laurdag 20. april 2002. Skjenkeløyvet gjeld øl opp til og med 4,75 volumprosent alkohol og vin. All skjenking skal vere slutt seinast kl. 01.00 og all drikking av utskjenkt alkohol skal stanse seinast kl. 01.30. Det må under heile arrangementet vere ansvarleg frå Gjestegaarden AS til stades. Vedkomande må ha bestått kunnskapsprøve etter alkohollova. All skjenking skal skje i lokala til Olivinhallen. Det vert ikkje gitt løyve til uteservering av alkohol. Det er klagerett på vedtaket. Klage må framsetjast innan 3 veker frå vedtaket er kunngjort. Kage skal rettast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal via Vanylven kommune, 6143 Fiskåbygd. Jostein Holsvik gjorde framlegg: All skjenking skal vere slutt seinast kl. 01.30 og all drikking av utskjenkt alkohol skal stanse seinast kl. 02.00. Det vart først røysta over første setning i framlegget. Dette vart vedteke med 13 røyster for. 7 røysta mot. Det vart så røysta alternativt mellom framlegget til Jostein Holsvik og framlegget til vedtak (tilrådinga frå formannskapet). Framlegget til Jostein Holsvik vart vedteke med 15 røyster for. 5 røysta for framlegg til vedtak. Skjenkeløyvet til Gjestegaarden AS vert utvida til og å gjelde Olivinhallen laurdag 20. april 2002. Skjenkeløyvet gjeld øl opp til og med 4,75 volumprosent alkohol og vin. All skjenking skal vere slutt seinast kl. 01.30 og all drikking av utskjenkt alkohol skal stanse seinast kl. 02.00. Det må under heile arrangementet vere ansvarleg frå Gjestegaarden AS til stades. Vedkomande må ha bestått kunnskapsprøve etter alkohollova. All skjenking skal skje i lokala til Olivinhallen. Det vert ikkje gitt løyve til uteservering av alkohol. Det er klagerett på vedtaket. Klage må framsetjast innan 3 veker frå vedtaket er kunngjort. Kage skal rettast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal via Vanylven kommune, 6143 Fiskåbygd. 0006/02 Side 6 av 8
A. O. KRAGSETH EFTF. - SØKNAD OM SALSLØYVE FOR ØL Framlegg til vedtak: Framlegg til vedtak vart vedteke med 19 røyster for. 1 røysta mot. Det vert gitt salsløyve for øl opptil 4,75 volumprosent alkohol til A. O. Kragseth Eftf., Åram frå vedtaksdato til 31.12.2003. Løyvet gjeld i dei forretningslokala A. O. Kragseth Eftf. har i dag. Ansvarleg for løyvet er Oddvin Kragseth med Inger Kragseth som reserve for ansvarleg. Det er høve til å selje øl mellom kl. 09.00-18.00 på kvardagar. På laurdagar og dagar før helgedagar er det lov å selje mellom kl. 09.00-15.00. Løyvehavar pliktar å etterleve alkohollova, reglar gitt i medhald av alkohollov og andre relevante lover samt kommunale retningsliner for praktiseringa av løyvet. 0007/02 ADMINISTRASJON - POLITIKARAR NEDSETJING AV ARBEIDSNEMND Geir Nordal gjorde framlegg. Det vart halde gruppemøte. Framlegget frå Nordal vart vedteke med 11 røyster for. 9 røysta mot. Partigruppene utpeika så sine representantar i nemnda. Kommunestyret ser det som avgjerande at administrasjonen lojalt følgjer opp politiske vedtak og signal. Det vert nedsett ei nemnd frå kvart politisk parti som skal vurdere påstand frå ordføraren på kommunestyremøtet 26.06.2001, og vurdere delegasjonsreglementet. Dersom nemnda kjem til at påstandane er rette, vil kommunestyret ha framlegg om tiltak for å endre noverande praksis. Nemnda får frist til 1. mai 2002 for å kome med uttale. Representantar i nemnda vert: Einar Ebbesen, Kystpartiet, Magni Helen Vik, Venstre, Lasse Rindal, Det norske Arbeiderparti, Geir Nordal, Senterpartiet, Elin Nordvik, Kristeleg Folkeparti, Jostein Holsvik, Høgre. Side 7 av 8
Under skriv og meldingar vart politisk informasjon frå Kommunenes Sentralforbund delt ut. Under eventuelt tok Einar Ebbesen opp Vanylven hamnedistrikt og Jostein Holsvik tok opp Djuvika terasse og sakshandsaminga. Til å skrive under møteboka vart valde Einar Ebbesen og Jostein Holsvik. Rett utskrift 12.02.02 Kirsti Hoel sekretær Arnstein Nupen Ass.rådmann Side 8 av 8