REGIONALPLAN FOR BIBLIOTEK I ROGALAND : HØYRINGSUTTALE

Like dokumenter
Regional plan for bibliotek til offentleg høyring og ettersyn

Det er ei avveging av kva som er regionalt og nasjonalt ansvar. Kompetansebygging er viktig for dei nye oppgåvene.

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

HØYRING - ENDRINGAR I LOV OM FOLKEBIBLIOTEK

Høyringsuttale Bibliotekreform 2014

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Utval Saksnummer Møtedato Plan- og økonomikomiteen 082/ Time kommunestyre 040/

02. MAI ,Oo S 2. Seljord kommune. Kuhur Seljord. Kultur- og kyrkjedepartementet Pb Dep, 0030 OSLO

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/621 12/6208 C60 RIF

Kommunalsjef samfunn. Forslag til busetjingsordning for flyktningar med mål om raskare busetjing høyringsuttale

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

ÅRSBUDSJETT 2018 OG ØKONOMIPLAN

ULVIK HERAD SAKSPAPIR

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

EID KOMMUNE RÅDMANNEN

Servicetorgsjefen. Hoyringsuttale - " Bibliotekreform 2014" Kultur- og kyrkjedepartementet. Pb Dep 0030 Oslo

Saksbehandlar JournalpostiD.: 07/7713 Tone Storesætre, e-post: PARTSBREV

Fear in a librarian s heart

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

STRATEGI FOR KOMPETANSEUTVIKLING I FOLKEBIBLIOTEK O G SKULEBIBLIOTEK I HORDALAND

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

Debatt og opplevelser på tvers (Ref #b6a4857c)

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM KVALIFIKASJONSKRAV FOR PERSONALE I FOLKEBIBLIOTEK

Fordeling av støtte til biblioteksprosjekt. Modellbibliotek i Hordaland i 2016

Bibliotek- og informasjonsvitenskap

Strategi Forord

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

konsekvensar Ruth Ørnholt Rica Dyreparken Hotel, Kristiansand 21.oktober 2009

Kommunestyret Sak nr 24/10 FELLES BIBLIOTEKSYSTEM FOR KOMMUNANE SOLA, TIME OG KLEPP

RETNINGSLINJER FOR UTFORMING AV UTANDØRS SERVERING OG SAL I BRYNE SENTRUM

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

- print preview

Saka var til uttale i utval for Levekår i møte Utvalet gjorde fylgjande vedtak:

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Saksframlegg. Kompetanseutvikling i biblioteka i Sogn og Fjordane

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Prosjekt Leselunden (Ref #1074)

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2017/ Einar Mikkelsen,

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Revidering av programområder for Kulturelt utviklingsprogram 2014

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Bibliofil til vgs i Møre og Romsdal

Rådmannens innstilling Forslag til høringsuttalelse vedtas jfr saksbehandlers vurdering i saksframlegget.

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Gry Susanne Hetlelid Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 18/1533-1

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune.

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Marit Magdalene Schweiker K /5829

Saman for framtida (Ref # )

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Kviteseid kommune 02. MAI 2007 Ø(,, (5 3- JAS. Sektor for service og utvikling MELDING OM VEDTAK. Kunu

EIGERSUND KOMMUNE Formannskapet

24. og 25. september 2019

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2016/ Dato:

Høyring NOU 2013:9 Ett politi rustet til å møte fremtidens utfordringer. Uttale frå Gulen kommune.

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: SAKSDOKUMENT

Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 020/18 Formannskapet /18 Kommunestyret

Radøy kommune Saksframlegg

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

PARTSAMANSETT UTVAL FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Partssamansett utval - Ullensvang kommune

SAKSDOKUMENT. Uttale til høyring - NOU 2011:20 Ungdom, makt og medverknad

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Dykkar referanse: Vår referanse: Dato: / 151/ VH 22. mai 2007

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

KOMMUNEREFORMA - VEGEN VIDARE FOR TIME KOMMUNE

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

FELLESNEMND FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Fellesnemnd Ullensvang kommune

Viser til til vedlagt utskrift av vedtak gjort i Masfjorden formannskap den

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

SAKSLISTE Saksnr. Tittel side: 1/17 MØTEPROTOKOLL GODKJENNING 2

Høyringsuttale frå Time kommune - lov om endring av konsesjonslova, jordlova m.fl.

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

"Noge for adle!" (Ref # )

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Regional bibliotekplan for Rogaland

Fordeling av midlar til modellbibliotek i Hordaland 2019

Fordeling av støtte til bibliotekprosjekt. Modellbibliotek i Hordaland 2017

02. MAI Vår ref. Arkivkode Deres ref Dato 07/ /ASTRID C60 &

Årsmelding for biblioteka i Lom 2009

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Transkript:

Arkiv: K2-C60, K3-&13 Vår ref: 12/1999-3 Journalpostid 13/26212 Saksbeh.: Kristensen Aud S. REGIONALPLAN FOR BIBLIOTEK I ROGALAND 2014-2017: HØYRINGSUTTALE Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet 036/13 11.11.2013 Levekår 052/13 13.11.2013 Framlegg til vedtak: Levekår godkjenner at høyringsuttalen slik den kjem fram under «Vurdering og uttale» i saksframlegget vert sendt Rogaland fylkeskommune. Senior- og Brukarrådet Forslag frå Sissel Løchen, FUN: Senior- og brukarrådet har ingen innspel til planen. Forslag frå Sissel Løchen vart samrøystes vedtatt (8 røyster). SBR-036/13 Framlegg: Senior- og brukarrådet har ingen innspel til planen. Levekår Framlegget vart samrøystes vedtatt. LEV-052/13 Vedtak: Levekår godkjenner at høyringsuttalen slik den kjem fram under «Vurdering og uttale» i saksframlegget vert sendt Rogaland fylkeskommune.

REGIONALPLAN FOR BIBLIOTEK I ROGALAND 2014-2017: HØYRINGSUTTALE SAKA GJELD Rogaland fylkeskommune har sendt Regionalplan for bibliotek i Rogaland 2014-2017 til offentleg høyring og ettersyn. Høyringsfristen er sett til 31.oktober 2013. Rogaland fylkeskommune har fått melding om at høyringsuttalen frå Time kommune vert politisk behandla den 13.11.2013. SAKSOPPLYSNINGAR Føremålet med planen er å prioritera kva område og tiltak som bør gjerast innanfor biblioteksektoren dei neste åra, med særleg vekt på fylkeskommunen si rolle og utviklingstrekk innanfor folkebiblioteka i Rogaland, med desse hovudmåla: Fremja opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd Styrkje biblioteka si rolle i lokalsamfunna Kort oppsummering av dei sju satsingsområda som planen skisserer: 1. BIBLIOTEK I SAMARBEID Fylkeskommunen vil stimulera til forpliktande samarbeid og konsolidering av folkebibliotek på tvers av kommunane. * Stimulere til forpliktande samarbeid mellom folkebibliotek inspirert av samarbeidsmodellar som i Ryfylkebiblioteket (seks bibliotek i Ryfylke) og Jærbiblioteka (Klepp, Sola og Time). * Samordne tekniske tenester for å frigjera tid til formidling i lokalbiblioteka. * Tildele faglege ansvarsområde til regionale biblioteksamarbeid 2. BARN OG UNGE Fylkeskommunen vil fremje og styrkje skulebiblioteka og folkebiblioteka sine barne- og ungdomstenester gjennom å setje i gang utgreiingsarbeid som kan føre til konkrete tiltak i både stat og kommune. * Utvikle skulebibliotektenester etter mønster frå kommunar som har gode skulebibliotek. * Utvikle barnehagebibliotek * Auke samarbeidet mellom biblioteka og andre aktørar lokalt og regionalt. 3. BIBLIOTEKET SOM LOKAL UTVIKLINGSAKTØR Fylkeskommunen skal bidra med kompetansebygging og nettverksarbeid for å styrkje biblioteka si rolle som lokalsamfunnsutviklarar. * Samarbeide med næringsaktørar om utvikling av metodikk for samfunnsutvikling. * Utvikle nettverk mellom bibliotek og lokale aktørar. * Biblioteka skal utvikle tenester i nært samarbeid med både friviljuge, private og offentlege aktørar. 4. BIBLIOTEKET SOM MØTEPLASS OG DEMOKRATISK ARENA Fylkeskommunen skal vera initiativtakar til å utvikle biblioteka si rolle som debattarena, uformell møteplass og formidlarar. * Utvikle rolla som debattarena i lokalsamfunnet.

* Styrkje biblioteka som uformell møteplass gjennom gode opningstider og eigna lokale. 5. BIBLIOTEKET SOM INKLUDERINGSARENA Fylkeskommunen skal bidra til å auke biblioteka sin kompetanse til å ta imot sine nye innbyggjarar. * Auke kompetansen innan fleirkulturell kommunikasjon. * Styrkje samarbeid mellom biblioteka og minoritetsorganisasjonar. * Utvikle internasjonalt bibliotek og samarbeidet med Det fleirspråkelege biblioteket. 6. KOMPETENT BIBLIOTEK Fylkeskommunen må leggje til rette for eit kompetanseløft for å gjera biblioteka i fylket betre i stand til å fylle dei nye oppgåvene. Kommunane må fylgje opp med tilsvarande ressursar slik at dei tilsette kan nyttiggjera seg slike tilbod. * Vera aktiv i bibliotekutviklinga nasjonalt og internasjonalt. * Bidra til å auke kompetansen innan ulike tema i biblioteka i fylket. * Utvikle praksisfellesskap på tvers av bibliotek, t.d. Gjennom hospitering internt i fylket og med resten av landet. * Fylgje opp bibliotek med ufaglærte biblioteksjefar for å styrkje kompetansen. 7. BIBLIOTEKA OG DET DIGITALE SAMFUNNET Fylkeskommunen skal finne fellesløysningar på ulike digitale område som e-bøker, kunnskapsressursar og biblioteksystem slik at folkebiblioteka kan fokusere meir på formidling av både fysiske og digitale media. * Finne fellesløysningar for e-bøker og andre e-media. * Auke omfanget av digital formidling og medieinnkjøp * Arbeide for å digitalisere lokale kulturuttrykk. VURDERING OG UTTALE Rådmannen syns det er positivt at fylkeskommunen utarbeider plan for samordning og utvikling av folkebiblioteka i Rogaland. Bibliotekfagfeltet er i stor endring. Nye oppgåver kjem til, særleg innan digitalisering, men utan at klassiske bibliotekoppgåver dermed forsvinn. Dette set krav både til ekstra personell og auka kompetanse. Den nye føremålsparagrafen i biblioteklova slår i tillegg fast at biblioteket skal vera arena for offentleg samtale og debatt, noko som set krav til eigna møtelokale. Dette er utfordringar som legg trykk på kommunar og folkebiblioteka. Samordning er viktig. Boktransporten mellom biblioteka i Rogaland er eit godt døme på samhandling mellom biblioteka med fylkesbiblioteket som koordinator. Dette har gitt brukarar av biblioteka ei mykje betre teneste enn tidligare sending av fjernlånte bøker i posten. Samordning viser seg å styrkja bibliotektilbodet til publikum. Folkebiblioteka treng fylkesbiblioteket for samhandling, organisering, utvikling og kompetanseheving. Uttale til punkt 1: Samarbeid Time bibliotek er del av Jærbiblioteka og har hausta erfaring med formelt samarbeid på tvers av kommunegrensene gjennom fleire år. Samarbeidet har ført til smidigare tilbod for publikum, tett og inspirerande fagleg samarbeid biblioteka imellom og større utnytting av ressursar. Erfaringa kan vera til inspirasjon og lærdom for andre folkebibliotek. Personalet ved Time bibliotek deltek også i andre og fleire bibliotekfaglege nettverk med andre bibliotek i distriktet som ikkje er del av det formelle samarbeidet. Nokre av desse nettverka vart i si tid organisert av fylket (nå sjølvgåande), andre har me start opp sjølv etter behov. Nettverkbygging innan fagmiljøet er av stor betydning, og bør organiserast slik det kjennest mest

naturleg, dvs at det må gå an å veksla mellom formelt og uformelt samarbeid. Uttale til punkt 4: Møteplass og demokratisk arena Time bibliotek har nye lokale, noko som har auka tilstrøyminga av publikum enormt. Lokala gjer det mogleg å vera arena og møteplass for samtale og debatt. Dette samsvarer med den nye føremålsparagrafen i biblioteklova slik planen skisserer. Fylkesbiblioteket må vera ein pådrivar og inspirator for at kommunar legg til rette for folkebiblioteka som gode møteplassar. Brukarane av biblioteket viser endring i åtferd. Dei søker biblioteket ikkje bare for å låna bøker, men oppheld seg gjerne i lengre tid i lokalet, enten ved å nytta digitale tilbod, studera i kollokviegrupper eller som einskildstudentar, eller dei nyttar gratis møterom til ulike føremål. I Time får me ofte tilbakemelding frå publikum om at biblioteklokalet kjennest godt å vera i. Folk vert såleis trekt mot det offentlege romet og fleire og fleire tek del i ulike arrangement. Rådmannen meiner denne utviklinga er både viktig og naudsynt. Det er ikkje «farleg» å vera her. Dette går inn i demokratiseringstanken som den nye biblioteklova legg vekt på, noko som er av stor verdi i eit samfunn som stadig er i rørsle og som vert meir og meir komplisert og spesialisert. Folkebiblioteka er for alle, dei er gratis og ingen spør kvifor og kor lenge du er der. Både fylket og kommunar må vera pådrivarar for ei utviklinga av folkebiblioteka som går i retning av å vera gode møteplassar. Men med auka aktivitetar og mangfald står også utfordringane for folkebiblioteka i kø, ikkje minst når det gjeld tildeling av nok ressursar: økonomi og kompetanse. Utviklinga av biblioteket her i Time viser behov for variert spisskompetanse. Dette trur me vil gjelda fleire. Fylket må legga til rette for kompetanseheving og kunne gje råd for korleis ressursar kan nyttast. Eitt døme på nye arbeidskrevjande oppgåver er marknadsføring og publisering. Dette er oppgåver som er tidkrevjande og krev spissa kompetanse digitalt og «journalistisk». Desse oppgåvene bør få ein tydelegare plass i bibliotekplanen som ei naudsynt, men ressurskrevjande oppgåve som kommunane må ta inn over seg, og som fylket kanskje kan gje opplæring i.. Uttale til punkt 7: Digitalt bibliotek Det området som brenn mest akkurat nå for folkebiblioteka i Rogaland også på landsbasis er å koma i gang med utlån av e-bøker og e-lydbøker. Her treng me fylkesbiblioteket sterkare på banen. Folkebiblioteka på Jæren har diskutert dette og etterlyser større trykk på Nasjonalbiblioteket og andre aktuelle aktørar for å få på plass avtalar og verktøy slik at utlån av e-dokument kjem på plass så fort som råd. Planen legg fram å finna regional løysing på utfordringa. Folkebiblioteka treng å kunne svara og sørva publikum som går og ventar på tenesta. Me utfordrar fylkesbiblioteket til å prioritera denne saka særs høgt. Ei anna sak som er nemt i planen, er at folkebiblioteka, forutan å driva formidling av litteratur, også må formidla til publikum om korleis å nytta det digitale biblioteket. Her kan mykje gjerast. Utfordring til fylket: vera inspirator og bevisstgjera denne oppgåva sterkare ut til folkebiblioteka. KONKLUSJON Rådmannen tilrår at høyringsuttalen slik den kjem fram under «Vurdering og uttale» vert sendt Rogaland fylkeskommune.

For rådmannen i Time, den 29.10.2013 Bjørn Meling Kommunalsjef samfunn Aud S. Kristenesen Biblioteksjef Vedlegg: Høyringsutkast til «Regionalplan for bibliotek i Rogaland 2014 2017» av 18.09.2013. Dette dokumentet er elektronisk godkjent i systemet og krev derfor ikkje signatur