Vanylven kommune OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL Formannskapet Møtestad: Ordførarkontoret Møtedato: 16.01.2006 Tid: 14.30 15.00 ( Møte i planutvalet kl. 15.00.) Møtet vart sett igjen kl. 15.50. Møtet slutt kl. 18.25. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 10.01.06 Desse medlemene møtte: Forfall: Varamedlemer: Ordførar Jan Helgøy Varaordførar Tormod Hvattum Lasse Rindal Nils Olav Moen Brita Hoel Drage Sissel Stokke Einar Ebbesen For Sissel Stokke møtte Magne Vik Arset For Einar Ebbesen møtte Eli Tefre Nordal. Frå administrasjonen møtte: Kvangarsnes. Rådmann Einar Vik Arset og møtesekretær Kåre Merknader: Ingen Knut Aksel Thunem og John Breivik frå Vanylven Vekst orienterte om Vanylven Næringsforum. Ynskjer å vere høyingsinstans i saker som gjeld næringsliv og samferdsel. Rådmannen vil legg fram sak til neste møte vedk. samarbeid mellom kommunen og Vanylven Næringsforum. Skriv og meldingar: Skriv av 11.01.06 frå Cruiseservice AS vedk. forslag til båtrute Rovde Ålesund vart utdelt. John Breivik frå Vanylven Vekst orienterte. Adm. organisering gjennomgang i små steg - rådmannen orienterte. Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 70 02 37 00 6143 Fiskåbygd FISKÅBYGD Telefaks: 70023737
Lasse Rindal gjekk frå som ugild under voteringa i sak 010/06. Sak 010/06 vart handsama først. Saker som vart handsama: 0001/06-0012/06. Ekstrasakene 0011/06 0012/06 vart tekne opp på møtet. Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Stad, dato Side 2 av 11
SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 0001/06 06/00043 KS - STRATEGIKONFERANSE - DEBATTHEFTE 0002/06 05/00300 BUDSJETT 2006 - FORDELING AV ETATSRAMMER 0003/06 05/00300 VANYLVEN VEKST KF - BUDSJETT 2006 0004/06 06/00046 FORELDREBETALING I BARNEHAGANE FRÅ 1.1.06 0005/06 04/00565 FELLES KOMMUNIKASJONSLØYSING FOR KOMMUNEORGANISASJONEN 0006/06 03/00115 STARTLÅN - REVIDERING AV RETNINGSLINENE 0007/06 05/01106 REGLAR FOR UTLEIGE OG BRUK AV KOMMUNESTYRESALEN OG MØTEROM 0008/06 04/00813 TILSKOT TIL LAG OG ORGANISASJONAR 2005 2. HALVÅR 2005 - FORMANNSKAPSPOSTEN 0009/06 01/01309 ROVDE UTLEIGEBYGG AS - FORLENGING AV FESTEKONTRAKT 0010/06 06/00044 Ikkje offentleg 6 NÆRINGSSAK 0011/06 01/01058 NAUST - ARVID STEEN. LØYVING 0012/06 06/00079 ANBOD FERJA ÅRVIK - KOPARNES Side 3 av 11
0001/06 KS - STRATEGIKONFERANSE - DEBATTHEFTE Det vart ikkje gjort vedtak Vedtak ikkje fatta. 0002/06 BUDSJETT 2006 - FORDELING AV ETATSRAMMER Samrøystes vedtak som framlegget. Budsjettet for 2006 for sektorane og etatane vert fordelt på ansvarsområde slik det framgår av saksutgreiinga. 0003/06 VANYLVEN VEKST KF - BUDSJETT 2006 Framlegg til vedtak: Formannskapet tilrår: Budsjett for Vanylven Vekst KF for 2006 vert godkjendt slik det framgår av oppsett i saksutgreiinga. Framlegg frå Brita Hoel Drage: Saka vert utsett til 27.01.06 då formannskapet skal ha eit møte med Vanylven Vekst. Framlegget frå Brita Hoel Drage vart samrøystes vedteke. Saka vert utsett til 27.01.06 då formannskapet skal ha eit møte med Vanylven Vekst. Side 4 av 11
0004/06 FORELDREBETALING I BARNEHAGANE FRÅ 1.1.06 Samrøystes tilråding som framlegget. Formannskapet tilrår: Satsane for foreldrebetaling i barnehagane vert redusert frå kr 2600.- til kr 2250.- pr heildagsplass pr månad frå 1. januar 2006.01.10 Betaling for deltidsplass og andre betalingssatsar vert redusert tilsvarande.. Reglane for syskjenmoderasjon vert ikkje endra. 0005/06 FELLES KOMMUNIKASJONSLØYSING FOR KOMMUNEORGANISASJONEN Samrøystes tilråding som framlegget. Formannskapet tilrår: Kommunestyret godkjenner at kommunen finansierer ny felles kommunikasjonsløysing gjennom leasingavtale. 0006/06 STARTLÅN - REVIDERING AV RETNINGSLINENE Samrøystes vedtak som framlegget. Vanylven kommune vedtek desse retningslinjene for tildeling av startlån: Side 5 av 11
1 Formål Startlån skal bidra til at husstandar med vanskar med å etablere seg på bustadmarknaden skal få høve til å etablere seg og bli buande i nøkterne og gode bustadar. Husstandar med vanskar med å etablere seg på bustadmarknaden er husstandar som har behov for heil eller delvis finansiering frå kommunen. Finansieringa skal gje husstanden stabile butilhøve. 2 Kven kan få lån Startlån er behovsprøvd og kan omfatte unge i etableringsfasen, barnefamiliar, einslege forsørgjarar, funksjonshemma, flyktningar, personar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag og andre økonomisk vanskelegstilte husstandar. Lånsøkjarar må dokumentere at husstanden sine framtidige inntekter og eventuelle stønader er store nok til å betale renter og avdrag på lån i tillegg til vanlege levekostnader. Dokumentasjonen skal leverast i form av ei egenvurdering av økonomien etter låneopptaket. Kommunen kan krevje ytterlegare dokumentasjon. Søknaden vil ikkje bli innvilga om kommunen meiner lånsøkjar ikkje vil klare framtidige betalingsforpliktelsar. Alle medlemar av husstanden som bidreg til nødvendig inntektsgrunnlag, bør normalt og være låntakarar. 3 Kva det kan gjevast lån til Kjøp av bustad Startlån kan bli gitt til kjøp av bustad, enten som topp- eller fullfinansiering. Utbetring Startlån kan nyttast til utbetring av bustaden. Oppføring av bustad Startlån kan nyttast til toppfinansiering, saman med grunnfinansiering frå Husbanken eller andre finansinstitusjonar. Refinansiering Startlån kan nyttast til refinansiering av dyre lån om det fører til at husstanden får høve til å bli buande i bustaden. Forhåndsgodkjenning Kommunen kan gi ei skriftleg stadfesting på at lånsøkjar vil få startlån om søkjar finn ein egna bustad med kjøpesum innanfor eit bestemt beløp. Side 6 av 11
Kommunen vil vurdere kva behov husstanden har, både med omsyn til bustad og finansiering. Val av bustad og finansieringsløysing forutset at husstanden kan bli buande i bustaden. Uansett er det ein føresetnad at bustaden ikkje er dyrare enn at søkjer kan klare å betale buutgiftene over tid og framleis ha nødvendige midlar igjen til livsopphald. Nærare om bustaden Bustaden skal være rimeleg og nøktern samanlikna med prisnivået på staden. Akseptabel kjøpesum kan difor variere noko mellom bygdene i kommunen. Særleg vil det kunne være aktuelt å godta høgare pris i dei største bygdene. For bustadar i burettslag (om det kjem til Vanylven) vil både kjøpesum og andel fellesgjeld bli lagt til grunn for vurderinga. 4 Låneutmåling - finansieringspakkar Låneutmålinga vert fastsett innanfor 100% av kjøpesum, nybyggs-, utbetringskostnader eller bustaden sin verdi pluss eventuelle omkostninger. Ved refinansiering blir det krevd takst som ikkje er eldre enn 4 år. Lånet sin storleik vil og, som nemnt under punkt 2, avhenge av den enkelte sin økonomi og av annan långjevar si låneutmåling. Startlån kan bli gitt som topplån eller fullfinansiering. Som prinsipp legg kommunen til grunn at dess meir vanskelegstilt husstanden er, dess større andel av finansieringa kan være startlån. For særleg vanskelegstilte husstandar kan startlånet nyttast i kombinasjon med bustadtilskot. 5 Rente- og avdragsvilkår, betalingsterminar, gebyr m.v. Startlån vert tilbode med utgangspunkt i Husbanken sine rente- og avdragsvilkår. I samband med årleg vedtak om innlån avgjer kommunestyret nedbetalingstid og eventuell avdragsfri periode. Avdragstid: - Startlån som hovudlån/fullfinansiering: 25 år avdragstid. - Startlån som toppfinansiering: 20 år avdragstid. - Startlån som utbetringslån: 20 år avdragstid. Avdragsfrie perioder: Som hovudregel vert det ikkje gitt avdragsfrie perioder. Etter nærare avtale og vurdering kan det likevel verte gitt slike avdragsfrie perioder: - Startlån som hovudlån/fullfinansiering: inntil 5 år (5 + 20 år) - Startlån som toppfinansiering: inntil 3 år (3 + 17 år) - Startlån som utbetringslån: inntil 3 år (3 + 17 år) Side 7 av 11
Betalingsterminar: Startlån skal normalt betalast tilbake i månadlege terminar. 6 Sikkerheit for lånet Når startlånet er hovudlån eller ved fullfinansiering med startlån, skal kommunen ha 1. prioritet pant i eigedommen. Når startlånet er toppfinansieringslån eller utbetringslån, skal kommunen ha 2. prioritet pant i eigedommen. Dersom det seinare blir teke opp lån med pant i eigedommen som går ut over opphavleg finansiering, skal desse ha prioritet etter Vanylven kommune sitt lån. I saker som gjeld prioritetsviking, får administrasjonen fullmakt til å gjere vedtak når prioritetsvikinga skuldast refinansiering og der kommunen si sikkerheit ikkje blir vesentleg svekka ved prioritetsvikinga. 7 Tildeling Rådmannen tildeler følgjande startlån inntil kr. 250.000,- til - toppfinansiering ved kjøp av bustad - toppfinansiering ved oppføring av bustad - utbetring av bustad - refinansiering Formannskapet tildeler startlån utover kr. 250.000,- til - kjøp av bustad - oppføring av bustad - utbetring av bustad - refinansiering 8 Klage Det er høve til å klage på kommunen sitt vedtak om tildeling, utmåling, avvising og avslag på lån. Klagen må være skriftleg og skal sendast den avdelinga i kommunen som har skrive saka. Klagen må grunngjevast og skal nemne det vedtaket det vert klaga over og kva endring som ein ynskjer. Klagefristen er tre veker frå melding om vedtaket er kome fram. Om klagen ikkje vert innvilga, skal den sendast til kommunen si klagenemnd. Side 8 av 11
0007/06 REGLAR FOR UTLEIGE OG BRUK AV KOMMUNESTYRESALEN OG MØTEROM Samrøystes vedtak som framlegget. 1. Møteromet og kommunestyresalen er gratis for alle samkomer som ein kommunale ombodsmann eller tenestemann finn tenleg for å utføre oppgåvene sine. Det same gjeld for leiarar av ikkje-kommunale etatar, som held til i huset. Roma er óg gratis for lokale politiske lag og til idelle lag/organisasjonar. 2. Ved utleige til private føremål, interesse-, nærings- og forretningssamkipnader, som ikkje skal ha gratis hus etter pkt. 1, skal det betalast leige etter gjeldande satsar for utleige. 3. Ved utleige av prosjektorar skal det óg betalast leige for dei gruppene som kjem inn under pkt. 2. 4. Roma skal vere rydda etter bruk Utleigesatsar: Møterom kr. 200,- Kommunestyresalen 750,- Kantina 500,- Kommunestyresalen + Kantina 1.000,- Prosjektor 1 (liten) 100- Prosjektor 2 (stor) 100,- 0008/06 TILSKOT TIL LAG OG ORGANISASJONAR 2005 2. HALVÅR 2005 - FORMANNSKAPSPOSTEN Framlegg frå Nils Olav Moen: Saka vert utsett. Framlegget frå Nils Olav Moen vart samrøystes vedteke. Saka vert utsett. Side 9 av 11
0009/06 ROVDE UTLEIGEBYGG AS - FORLENGING AV FESTEKONTRAKT Samrøystes vedtak som framlegget. Vanylven formannskap godkjenner framlegget til festekontrakt mellom Vanylven kommune og Rovde Utleigebygg AS. 0010/06 Ikkje offentleg 6 NÆRINGSSAK Samrøystes vedtak som framlegget. 0011/06 NAUST - ARVID STEEN. LØYVING Ordføraren tok opp saka på møtet. Skriv av 20.12.05 frå Sparebanken Møre vart utdelt. Han bad om tilslutning til at kommunen løyver kr. 10.000,.-. Framlegg frå Lasse Rindal: Det vert løyvd kr. 10.000 over konto 14901 880 reserve formannskapet i samband med naust - Arvid Steen. Framlegget vart samrøystes vedteke. Det vert løyvd kr. 10.000 over konto 14901 880 reserve formannskapet i samband med naust - Arvid Steen. Dette fører til slik budsjettendring: 14901 880 reserve formannskapet ned kr. 10.000,- 14730 190 tilskot opp kr. 10.000,-. Side 10 av 11
0012/06 ANBOD FERJA ÅRVIK - KOPARNES Saka vart teken opp på møtet av Nils Olav Moen. Framlegg frå Nils Olav Moen: Vanylven kommune tar opp i regionrådet, fylke, fylkesordførar i Møre og Romsdal, fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Statens vegvesen og kommunane frå Ålesund til Florø riksveg 61 om at ferjesambandet blir tilpassa Hareid Sulesund 7 dagar pr. veke, 24 timar i døgnet. Framlegget vart samrøystes vedteke. Vanylven kommune tar opp i regionrådet, fylke, fylkesordførar i Møre og Romsdal, fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Statens vegvesen og kommunane frå Ålesund til Florø riksveg 61 om at ferjesambandet blir tilpassa Hareid Sulesund 7 dagar pr. veke, 24 timar i døgnet. Eventuelt: Nils Olav Moen tok opp følgjande saker: - Overføring av gamlebanken til Fiskå Utvikling kva skjer? Rådmannen opplyste at saka vil bli fremja på nytt til neste møte i formannskapet. - Barnehagedekking i kommunen statlege overføringar, kostnader m.m.. Rådmannen tok opp fylgjande: - Oppstartmøte 09.02.06 vedk. kommuneplan for Vanylven. - Planlegging bustadfelt Syvde og Fiskå. Satsar på rask oppstart. Rett utskrift 17.01.06 Kåre Kvangarsnes Side 11 av 11