Plan for sosial kompetanse Vasshus skule og barnehage I Kunnskapsløftet (LK06) heiter det at opplæringa skal gje elevane «kyndighet og modenhet til å møte livet sosialt, praktisk og personlig» (Generell del). God skulestart Omtanke Vennskap Mot Sosialt Årshjul Samarbeid Ansvar Respekt
Det vert uttrykt at det i skulen skal arbeidast med å utvikle elevane sine sosiale ferdigheiter, og det vert påpeikt at skulen ikkje berre skal dreie seg om fag. Skulen skal ikkje berre sjå til at elevane får skulefaglege kunnskapar, men òg bidra til at elevane utviklar seg sosialt og personleg. På skulen skal elevane utvikle sosiale ferdigheiter som samarbeid, sjølvkontroll, ansvar og empati for andre. Sosial kompetanse er det omgrepet som best skildrar dette. Sosial kompetanse er vi alle avhengige av for å kunne delta i sosiale fellesskap. Denne kompetansen dreier seg om evna eleven har til å samhandla med andre i sosiale situasjonar, og er for barn og unge ein viktig føresetnad for å meistra kvardagen i lag med dei andre på same alder. Dette er kunnskapar og ferdigheiter som mennesket til alle tider har lært og brukt. Sosial kompetanse kan sjåast på som: o ein føresetnad for verdsetting, vennskap og sosial integrering o ein ressurs for å meistra stress og problem o ein viktig faktor for å motvirka utviklinga av problemåtferd
Skulen sine mål for arbeidet med sosial kompetanse: o Vi skal ha klare, felles forventningar til elevane. o Vi skal skape grunnlag for eit godt læringsmiljø. o Elevane skal møta tydelege vaksne. o Vi skal gje elevane opplæring og erfaring i samarbeid. o Våre elevar skal ta ansvar for seg sjølv og visa omtanke og respekt for andre. o Elevar og tilsette skal trivas. o Foreldra er nødvendige støttespelarar.
Sosialt årshjul God skulestart Omtanke Vennskap Mot Sosialt Årshjul Samarbeid Ansvar Respekt Skulen skal ha fokus på sosial kompetanse gjennom året i arbeidet med det sosiale årshjulet. Heile skulen skal ha same fokusområdet i ein periode.
God skulestart august/september Respekt Vennskap Omtanke God Skulestart Ansvar Samarbeid Vennskap september/oktober Kva er ein god ven? Det er lov å gjera feil Vera positiv til andre Vennskap Vera inkluderande Snakka fint til og om kvarandre
Samarbeid november/desember Lytta Lojal til fleirtalet Samarbeid Kunne samarbeida med alle Ta initiativ Dela oppgåver og gjera din del Respekt januar/februar For medelevar For dei vaksne Respekt For den som snakkar For reglar For tid
Ansvar februar/mars For eigne handlingar For å ha rett utstyr Ansvar For orden For eit godt læringsmiljø For eiga læring Mot april/mai Til å vera deg sjølv Til å seie nei/stopp Mot Til å stå for det du seier og gjer Til å bry seg og sei ifrå Til å tole å gjere feil
Omtanke mai/juni Sei fine ting Vera inkluderande Empati Omtanke Ikkje alltid meg først Bry seg om andre God skulestart vi vil at Vasshus skule skal vera ein trygg plass å vera Vi gjennomgår skulen sine ordensreglar Vi lager klassereglar Vi gjennomgår god framferdplakaten Vi får til gode rutinar i gruppa og på trinnet Vi arbeider for å skape eit godt miljø og trivsel på trinnet Vennskap eg er i stand til å halde på og utvikle nye vennskap Eg er ein god venn Eg prøver å forstå korleis andre har det Eg tek omsyn til at vi ikkje er like Eg er ein som andre kan stole på Eg støttar og hjelper andre Eg kan gje kompliment til andre Eg kan ta andre med i leiken
Samarbeid eg klarer å arbeida med andre og fullføre ei oppgåve Eg kan samarbeide saman med andre om faglege og praktiske oppgåver Eg kan samarbeide i leiken Eg tar initiativ og kjem med forslag til idear Eg kan lytte aktivt til personane eg samarbeider med Eg kan gje og ta i mot hjelp Eg kan gje og godta andre sine forslag Respekt eg viser respekt for medelevar og vaksne Eg let andre sine saker vera i fred Eg er høfleg og eier ting på ein fin måte Eg helsar når eg møter nokon Eg lyttar til andre sine meiningar utan å erte, le eller avbryte Eg høyrer på dei vaksne Ansvar eg kan ta ansvar for eigen handlingar Eg bidreg til eit godt klassemiljø Eg kjem presis til timane Eg er modig og har eigne meiningar Eg snakkar sant, og innrømmer om eg har gjort noko dumt Eg tek ansvar for eiga læring Eg kan seie ifrå til ein vaksen om nokon er lei seg eller vert plaga Eg held orden på eigne saker, og ryddar opp etter meg Mot eg har mot til å vera meg sjølv, og eg gjer det som er rett Eg har mot til å vera ærleg Eg har mot til å stå imot gruppepress Eg har mot til å uttrykkje eigne meiningar Eg har mot til å ta sjansar Eg har mot til å ta eigne val Eg har mot til å hjelpe andre Omtanke eg kan vise at eg bryr meg om andre gjennom ord og handlingar Eg kan trøste, oppmuntre og hjelpe andre Eg bryr meg om korleis andre har det Eg har kontroll på handlingane mine, og tenkjer over konsekvensane av det eg gjer Eg kan la andre sine behov koma framfor mine eigne
Forventningar Vasshus skule og barnehage Vasshus skule er ein stad for læring, meistring og trivsel. Alle som er involverte i skulen sitt arbeid er viktige for at elevane våre skal trivast best mogeleg og ha ha best mogleg læringsutbytte. Dette dokumentet har vi utarbeidd i lag; elevar, foreldre og tilsette. Forventningane seier korleis Vasshus skule skal vera. Forventningar til tilsette: Presist ut til friminutt og matpause til rett tid Forklarer slik at alle forstår, i timane og lekser Gir både posistive og negative tilbakemeldingar til elevar og foreldre Elevane vårt felles ansvar, viktig å sjå alle Støtte opp om, respektere og motivere elevane Behandler elevane rettferdig Lojale mot kvarandre, leiing, ulike verv og beslutningar Førebudde til undervisning og ulike møter Dra lasset saman Delingskultur og kollektivitet Snakke ærleg og sakleg til kvarandre Engasjerte i jobben Forventningar til foreldre: Hjelpe med leksene kvar dag Bli med på skulen sine arrangement Barna leveres utkvilte, opplagte og med sunn matpakke Støtter i forhold til lekser og hjelper barna med å ha orden i sekk og utstyr Snakker skulen og lærarane opp Følgjer opp ungane Foreldra engasjerer seg Tar ansvar for eigne barn når det gjeld klede, utstyr rett utstyr til rett dag Deltek på foreldremøter og utviklingssamtalar Viser respekt for lærarrolla/ lærarprofesjonen Snakkar positivt om skulen Gjev tilbakemeldingar til skulen viss det er noko som ikkje er greit Forventningar til eleven: Ikkje mobbe andre Vere snille og ærlege Ro i timane Positive til faget, sjølv om ein ikkje synes det er så kjekt
Gjer sitt beste Gjer leksene, følgjer lekseplanen Er engasjert og motivert Har orden i sekken og i utstyret sitt Syner respekt, omsorg og ansvar for medelevar og vaksne Følgjer skulen sine reglar og rutinar ORDENSREGLAR Frå opplæringslova: 2-9. Ordensreglement og liknande Kommunen skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte grunnskolen. Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet og reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlast. Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Kravet i 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje. Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast. Før det blir teke avgjerd om refsing, blant anna om bortvising, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda. 2-10. Bortvising Kommunen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar på årstrinna 8-10 som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga i inntil tre dagar, og at elevar på årstrinna 1-7 kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen. Rektor sjølv vedtek bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Før det blir gjort vedtak, skal ein ha vurdert å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak. Foreldra til elevar på årstrinna 1-7 skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen. Med mindre kommunen fastset noko anna, kan rektor bestemme at lærarane skal ha mynde til å ta avgjerd om bortvising frå eiga undervisning for ei opplæringsøkt, avgrensa til to klokketimar. Endra med lover 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660), 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010, etter res. 25 juni 2010 nr. 982). Frå skadeerstatningslova: 1-1. (barns ansvar.) Barn og ungdom under 18 år plikter å erstatte skade som de volder forsettlig eller uaktsomt, for så vidt det finnes rimelig under hensyn til alder, utvikling, utvist adferd, økonomisk evne og forholdene ellers. 1-2. (foreldres ansvar m.v.) 1. Foreldre plikter å erstatte skade voldt av barn og ungdom under 18 år, såfremt de har latt det mangle på tilbørlig tilsyn eller på annen måte ikke har gjort det som etter forholdene er rimelig å kreve av dem for å hindre skadeforvoldelse. 2. Uansett egen skyld svarer foreldre for skade voldt forsettlig eller uaktsomt av deres barn under 18 år som de bor sammen med og har omsorgen for, med inntil 5.000 kroner for hver enkelt skadevolding. Endret ved lover 13 feb 1976 nr. 1, 21 juni 1985 nr. 81, 12 mai 1995 nr. 21.
Vasshus skule har reglar for god åtferd, for å sikre eit godt psykososialt miljø for alle elevar og vaksne. Reglane gjeld for skule og SFO, frå kl. 07.15-16.30 kvar dag. Desse reglane er utarbeidd i samsvar med 2-9 og 2-10 i opplæringslova, i tillegg til 9 a- 1. ledd. Slik har vi det på skulen Vi møter presis og har arbeidsro i timane. Elevane går inn kl. 08.20. Alle elevar skal ha med naudsynt utstyr. Det er heimen sitt ansvar at elevane har gjort leksene. Inne på skulen går vi. Vi er på skulen for å lære. Vi viser kvarandre respekt; både medelevar og vaksne, med positivt snakk. Skulen har Handlingsplan mot krenkjande åtferd.(ligg som vedlegg på skulen si heimeside.) Vi følgjer skulen sine reglar når det er snø. (sjå vedlegg) Alle syklar skal stå i sykkelstativa. Syklane er privat eigedom, og der skal dei stå i fred. Foreldre/ føresette skal gje melding til skulen om fråver frå 1. dag. Heimen skal kontaktast, kl 09.00, dersom ein elev er borte, og skulen ikkje har fått beskjed om fråveret. Til og frå skulen Alle har rett til å kome seg trygt til og frå skulen. Alle skal bruke sykkelhjelm når dei er på sykkeltur i skuletida. Vi vil oppmode alle til å bruke refleksvest og sykkelhjelm på veg til og frå skulen, i samsvar med råd frå Trygg Trafikk. Dei elevane som tek bussen må høyre på bussvakta. Skulen er fri for Bruk av mobiltelefon og digitale spel er ikkje tillatt. Bruk av mobil kan avtalast mellom rektor og heimen for kortare periodar og i spesielle tilfelle. Ting som kan skade oss sjølv eller andre skal konfiskerast av skulen. Snop er ikkje tillatt i skuletida, utanom etter avtale med lærarane. Tyggegummi er aldri lov. Tobakk, snus, alkohol, narkotika eller andre rusmiddel er forbode på skulen sitt område. Rutinar Vi bruker innesko. På skulen har alle trinn ordenselevar. Etter undervisningsslutt skal tavle og tavlerenner vere reine. I tillegg skal golvet vera moppa og stolen skal opp på pulten. Avfall skal kildesorterast. Matavfall skal kastast kvar dag. Spesialrom skal ryddast etter kvar time. (Sløyd, mat og helse, tekstil og utstyrsrom for gymsal) Klede og sko skal vere på tilvist plass utanfor klasserom. Alle tek ansvar for at skulen skal vere rein og triveleg, ute og inne.
Kva skjer ved brudd på reglane? Skulen har følgjande sanksjonar som skal kunne nyttast ved regelbrot av elevane. Elevane må på førehand vere kjende med konsekvensane ved regelbrot, og har alltid rett til å forklare seg. Tiltaka følgjer det som er fastsett i opplæringslova 2-9 og 3-7.: Munnleg eller skriftleg advarsel frå lærar. Munnleg eller skriftleg advarsel frå rektor. Kontakt med heimen og involvering av føresette. Ved manglande lekser/ utstyr over tid, skal heimen kontaktast. Ved uakseptabel åtferd eller brot på reglar, kan ein avgrense eleven sitt område i friminutt, eller eleven må vere inne i friminutt. Elevar kan bli haldt igjen eller innkalla før skuletid, for samtale med lærar og/ eller rektor. Bortvising for resten av timen eller resten av dagen etter rektor si avgjerdsle, etter rådføring med lærar. (Jmf. 2-10 i opplæringslova) Midlertidig klassebyte. Beslag av ulovlege gjenstandar. Pålegg om oppgåver for å rette opp skade eleven har påført skulen sin eigedom eller eigedeler (t.d. rydde, vaske, fjerne tagging og liknande.) Erstatningsansvar. Dersom materiell/ utstyr blir øydelagt eller mista, kan eleven blir gjort ansvarleg for erstatning. Føresette er ansvarlege for erstatning etter skadeerstatningslova sin 1-1 og 1-2, for inntil 5000 kroner. Vedteke i Samarbeidsutvalet 12. mars 2014 Krenkjande åtferd og mobbing Vasshus skule og barnehage har eigen plan mot krenkjande åtferd og mobbing. Denne planen viser skulen sitt arbeid mot krenkjande åtferd og mobbing. Det er fire viktige prinsipp i dette arbeidet: 1. Avdekking av mobbing 2. Problemløysing i mobbesaker 3. Førebygging 4. Kontinuitet Planen viser skulen si haldning og tiltak innanfor desse fire prinsippa. Alle tilsette ved skulen les planen og signerer innan 15.09 kvart år.
Skjema for registrering av, eller mistanke om krenkjande åtferd/ mobbing Dato: Namn på elev som er utsett for/ ein har mistanke om er utsett for krenkjande åtferd/ mobbing: Klasse: Namn på elev/- ar som mobbar/ ein har mistanke om er med på å krenkje/ mobbe: Klasse: Kva har blitt gjort? Kva tiltak skal gjerast vidare, og korleis følgjer vi dette opp? Underskrift: (Kopi til rektor)