Fylkesmannen i Telemark Miljøvernavdelinga Saksbehandlar, innvalstelefon Elisabeth Hammerli, 35 58 61 36 Kontrollrapport Kontrollrapport nummer: 2013.031.I.FMTE Saksnummer: 2013/3316 Dato for kontroll: 29.08.2013 Informasjon om kontrollert verksemd: Navn: Telemark Bilruter as (Bedriftsnr.: 924099658) Føretaksnr. (morselskap): 924099658 Postadresse: Postboks 34, 3835 SELJORD Tlf/e-post: 35065400/ aasmund.kroken@telemarkbil.no Besøksadresse: Brøløsvegen 7, 3840 SELJORD Kommunenr / kommune.: 0828/SELJORD Bransjenr. (NACE-kode): 49. 391 Rutebiltransport utenfor by og 49.410 Godstransport på vei Anleggsnr.: 0828.0024.01 Til stades under kontrollen: Frå verksemda: Åsmund Kroken, teknisk sjef, Telemark Bilruter Nils Helge Dalen, verkstadleiar avd, Seljord Kontrollomfang: Frå Fylkesmannen: Elisabeth Hammerli Kontrollen er ikkje ein uttømmande kontroll innan tilsynsområdet til Fylkesmannen, men er avgrensa til: Handtering av farleg avfall (lagring, merking, deklarering etc.) og avfall generelt Oppfølging av desse temaa i internkontrollen til verksemda. Innhaldet i kontrollrapporten: Rapporten beskriv merknader og avvik som blei avdekt under kontrollen og som gjeld krav fastsett i: Avfallsforskrifta Internkontrollforskrifta Resultat frå kontrollen: Fylkesmannen avdekte 1 avvik* under kontrollen. Det er gitt 1 merknad. Sjå nærare omtale i rapporten. Oppfølging etter kontrollen: Vi syner til fristar for tilbakemelding i oversendingsbrevet til denne rapporten. Skien 04.09.2013 Elisabeth Hammerli sted dato Fylkesmannen i Telemark (etter fullmakt, rapporten er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift) * Avvik og merknad er definert på side 2 i rapporten
Definisjon - avvik: Brot på krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga (til dømes brot på krav i forureiningslova og /eller produktkontrollova og /eller forskrifter heimla i desse, eller krav og vilkår fastsett i utsleppsløyvet.) Definisjon - merknad: Eit tilhøve som tilsynsetatane meiner det er naudsynt å peike på for å ta vare på helse, miljø og sikkerheit, men som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik. Informasjon om kontrollgebyr: Fylkesmannen kan fastsetje gebyr for arbeid med løyve og kontrollar, jf forureiningsforskriftas kapittel 39. Nærare informasjon om dette kan ein få via http://lovdata.no/for/sf/md/td-20040601-0931- 103.html. Se vedtak om gebyr i oversendingsbrevet. Informasjon om vedtak om tvangsmulkt: Dersom Fylkesmannen ikkje mottar den skriftlege tilbakemeldinga innan den fristen som er fastsett, har vi høve til å fatte vedtak om tvangsmulkt. Vedtak om tvangsmulkt blir fatta med heimel i forureiningslova 73 og /eller produktkontrollova 13. Ein eventuell tvangsmulkt kan bli fastsett som eit eingongsgebyr eller eit løpande dagsgebyr som gjeld så lenge ei tilbakemelding som godtgjer at avvik kan bli lukka, ikkje er teke imot. Aktuelt regelverk: Aktuelle heimlar for avvik som blir avdekt gjennom kontrollen finst i følgjande regelverk: Forskrift om systematisk, helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta), av 6. desember 1996 med seinare endringar Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 11 Farlig avfall, av 1. juni 2004, med seinare endringar Sjå lover og forskrifter på heimesida til Miljødirektoratet (tidligare Klima- og forurensningsdirektoratet, Klif) www.miljodirektoratet.no eller via www.regelhjelp.no. Avvik Det blei funne følgjande avvik under kontrollen: Avvik 1: Handteringa av farleg avfall er ikkje tilfredsstillande. Avvik frå: Avfallsforskriftas 11-5, forsvarleg oppbevaring, 11-8, leveringsplikt, og 11-12, deklarasjonsplikt. Grunnlag for avviket: a) Lagring av farleg avfall i verksemda er ikkje fullt ut tilfredsstillande. a)verksemda har ikkje overhalde leveringsplikta som seier at alt farleg avfall må leverast til godkjent avfallsmottak minst ein gong per år. b) Verksemda har mangelfull dokumentasjon i form av gjenpart av deklarasjonsskjema som viser at farleg avfall er levert til godkjent mottak. Kommentarar a) Farleg avfall vert lagra ute på betongplatting med tak over, men det er ikkje lagt til rette for oppsamling av eventuelt spill og lekkasje, og avfallet vert ikkje oppbevart utilgjengeleg for
uvedkommande. Det er ikkje satt opp eigen behaldar for drivstoffilter, dei vert kasta saman med oljefilter. Sprayboksar vert kasta i stålcontainer og oljeoppsugingsmatter og anna oljehaldeg avfall vert kasta i restavfallet. Verksemda må setje opp eigne behaldarar for drivstoffilter, sprayboksar, frostvæske og oljehaldeg avfall (inkl. innsatsfilter i papp). b)verksemda har levert spillolje og oljefilter kvart år, og opplyser at avfall frå oljeutskiljar og batteri vert levert minst ein gong per år. Det vert opplyst at frostvæske ikkje vert levert årleg, og verksemda kunne ikkje dokumentere at farleg avfall frå oljeutskiljar eller batteri vert levert årleg. c)verksemda har deklarasjonsskjema for innlevert spillolje og oljefilter for fleire år tilbake, og for slam frå oljeutskiljar frå 2012, men ingen skjema for andre fraksjonar av farleg avfall. Alle fraksjonar av farleg avfall må deklarerast for kvar levering, og verksemda må oppbevare sin del av deklarasjonsskjemaa som dokumentasjon på at alt farleg avfall er levert til godkjent mottak. Fylkesmannens forventningar til oppfølging og tilbakemelding frå verksemda Det må setjast opp eigne merka behaldarar for alle typar farleg avfall, og dei må vere utilgjengelege for uvedkommande og sikra mot forureining av grunn. Dokumentasjon i form av t.d. bilete må sendast Fylkesmannen. Verksemda må levere alt farleg avfall til godkjent mottak minst ein gong i året, og deklarasjonsskjema må oppbevarast som dokumentasjon. Merknader Merknad 1: Verksemda har manglar i internkontrollrutinene Syner til Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder (internkontrollforskrifta), 5, andre ledd punkt. 7. Kommentarar: Verksemda har ei skriftleg rutine for handtering av farleg avfall, men denne manglar opplysningar om at farleg avfall skal leverast minst ein gong per år, og at det skal deklarerast. Det manglar nokre typar farleg avfall i oppramsinga, og det står ikkje noko om forsvarleg lagring. Verksemda har skriftlege rutinar for behandling av avvik, men dei kan tilpassast betre til avvik knytt til ytre miljø. Fylkesmannens forventningar til verksemdas tilbakemelding: Kopi av oppdaterte rutinar for handtering av farleg avfall må sendast Fylkesmannen. Kopi av revidert rutine for avviksbehandling inkludert avviksskjema må sendast Fylkesmannen. Andre tilhøve: Verksemda har oljeutskiljar som er knytt til kommunalt avløp. Sandfang på verkstaden vert tømt av Brødrene Hørte Transport as, og oljefase og sand frå oljeutskiljaren vert tømt av Septikservice as, Kristiansand. Verksemda sjekkar sjølv at sandfang og oljeutskiljar verkar ok, og har skriftleg journal for tømming av desse. Det er ikkje tatt nokon analyse av avløpsvatten frå oljeutskiljaren. Minner om at oljeutskiljaren er ei nødløysing for å fange opp oljehaldeg vatten, og at ein ikkje skal helle noko i utskiljaren. Det er verksemda sjølve som er ansvarleg for at oljeutskiljaren verkar som han skal.
ANNAN NYTTIG INFORMASJON: Informasjon om farleg avfall og kjemikaliar Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som ikkje skal handterast saman med forbruksavfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske eller dyr. Farleg avfall på avvegar kan føre til at miljøgifter blir spreidd og hopar seg opp i naturen. Spreiinga kan skje gjennom forureina sigevatn frå deponi eller gjennom utslipp av forureina avgassar, slagg eller oske frå forbrenningsanlegg. Dersom farleg avfall kjem ut i avløpsnettet, kan det føre til at kloakkreinseanlegga ikkje fungerer som dei skal slik at meir forureining kjem ut i sjø og vassdrag. Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) har i kapittel 11 reglar for farleg avfall. Her er det reglar for forsvarleg oppbevaring med vidare ( 11-5), krav om løyve ( 11-6 og 11-7), leveringsplikt ( 11-8), deklarering ( 11-12) og tilsyn ( 11-15). I tillegg finst regelverk knytt til bestemte typar farleg avfall. Dette gjeld blant anna for batteri, spillolje, oljehaldig avløpsvatn, PCB-haldig avfall som kondensatorar, isolerglasvindauge og liknande. Informasjon om kva for kjemikaliar som er regulerte /forbodne finst i forskrift om begrensning i bruk av helse- og miljøfarlige kjemikalier og andre produkter (produktforskrifta). Reguleringar finst blant anna på bromerte flammehemmarar, kortkjeda klorparafiner, kadmiumforbindelsar, nonyl- og oktylfenol og deira etoksilatar. Det finst lenker til aktuelle lover og forskrifter på heimesida til Miljødirektoratet, www.miljodirektoratet.no eller via www.regelhjelp.no Informasjon om internkontroll (HMS) Internkontroll (HMS) er eit system med oversyn, rutinar og dokumentasjon som skal sikre og dokumentere at verksemda overheld krava som er satt i helse-, miljø og sikkerheitslovgivinga. Ved utarbeiding av eit slikt system skal verksemda systematisk gå igjennom alle ledd av drifta og kartlegge risikoen med omsyn til helsa og tryggleiken til dei tilsette samt påverknaden på ytre miljø. Innan forureiningsområdet vil det mellom anna gjelde oppbevaring av alle typar avfall og farleg avfall, levering av avfall og farleg avfall til godkjent mottak, eventuelle utslipp frå verksemda til jord, luft og vatn, samt støy og lukt, innkjøp, oppbevaring og bruk av kjemikaliar. Det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet skal tilpassast tilhøva i verksemda, og omfanget vil følgjeleg variere frå verksemd til verksemd. Viktige faktorar her er risikobiletet og talet på tilsette. Informasjon om substitusjonsplikta Helse- og miljøfarlege produkt kan føre til skade på naturen og på helsa til menneske. Dei som brukar kjemiske produkt i eit yrke har plikt til å finne ut om det finst alternative produkt som kan nyttast, som fører til mindre skade på naturen og helsa til menneske. Denne plikta gjeld både for brukarar i privat og offentleg sektor, i produksjonsverksemder og i tenesteytande verksemder. Informasjon om nokre av pliktene som produksjons- eller tenesteytande verksemd har når det gjeld handtering av kjemikaliar, avfall og farleg avfall: Verksemder skal ha oversikt over kva for kjemikaliar som vert nytta. Verksemda skal ha oppdaterte HMS-datablad for alle kjemikaliar som vert nytta.
Verksemda skal dokumentere at det systematisk blir vurdert om dei helse- og miljøfarlege kjemikaliane dei bruker kan bli byta ut med mindre farlege kjemikaliar jf. produktkontrollova. Verksemda skal levere farleg avfall til godkjent mottak. Verksemda skal levere farleg avfall til godkjent mottak minst ein gong kvart år når den totale mengda farleg avfall overstig 1 kg pr år. Verksemda skal ved levering av farleg avfall fylle ut deklarasjonsskjema og oppbevare dette skjemaet som dokumentasjon på at avfallet er deklarert og levert til godkjent mottak. Verksemda skal oppbevare farleg avfall på ein sikker måte, med sikring mot uvedkommande (barn, dyr etc.) og ytre påverknad som vær og vind og med moglegheit for oppsamling ved ev. uhell og spill. Avfallet skal vere synleg merkt.