KVARTALSRAPPORT 2. kvartal 2014 (ikkje revidert)
Hovudtal TAL I TUSEN KRONER RESULTATREKNESKAP Resultat etter skatt 59 164 41 928 93 971 Netto renteinntekter i % av gjennomsnittleg forvaltningskapital 1,74 % 1,46 % 1,60 % Resultat etter skatt i % av gjennomsnittleg forvaltningskapital 1,30 % 1,00 % 1,09 % HOVUDTAL FRÅ BALANSEN Brutto utlån til kundar 8 854 494 8 486 274 8 677 723 Nedskriving på utlån 9 091 13 832 15 013 Eigenkapital 735 019 490 583 469 755 Forvaltningskapital 9 355 070 9 048 832 9 202 569 Gjennomsnittleg forvaltningskapital 9 067 954 8 493 339 8 648 834 ANDRE NØKKELTAL Kostnader i % av driftsinntekter 4,53 % 5,01 % 4,70 % Nedskriving i % av brutto utlån (Resultatført) 0,07 % 0,01 % 0,01 % Nedskriving i % av brutto utlån (Balanseført) 0,10 % 0,16 % 0,17 % Eigenkapitalavkastning etter skatt *) 16,44 % 18,69 % 20,95 % Kapitaldekningsprosent 18,79 % 13,40 % 13,16 % BALANSEUTVIKLING 12 MND. VEKST Vekst i forvaltningskapital 3,38 % 31,01 % 8,15 % Vekst i utlån til kundar 4,34 % 30,11 % 7,44 % Opplysningar om utlånsporteføljen Overdekning i sikringsmassen (mill. kr) 2 096 2 335 2 027 Overdekning i sikringsmassen (%) 29,1 % 35,1 % 28,4 % Kommitert overdekning (%) 11,0 % 11,0 % 11,0 % Indeksert LTV 55,7 % 54,4 % 55,9 % Uindeksert LTV 58,6 % 58,6 % 57,6 % Utferda OMF-volum (mill. kr) 7 200 6 662 7 133 Anna fyllingssikkerheit enn utlån (mill. kr) 500,0 566,2 530 Vekta tid sidan låna vart oppretta (år) 3,0 2,8 2,6 Vekta restløpetid for utlåna (år) 16,2 15,9 16,2 Andel lån med flytande rente 100 % 100 % 100 % Andel fleksilån 28,6 % 29,8 % 29,2 % Gjennomsnittleg volum pr. lån (mill. kr) 1,14 1,11 1,12 Tal lån 7 775 7 669 7 743 Andel lån med trygd i bustad i utlandet 0 % 0 % 0 % *) Rekna av inngåande eigenkapital justert for kapitalutviding. Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS KVARTALSRAPPORT 2. KVARTAL 2014 (ikkje revidert) 3
Kvartalsrapport 30.06.2014 HOVUDTREKK Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS er eit heileigd dotterselskap av Sparebanken Sogn og Fjordane. Selskapet har hovudkontor i Førde. Gjennom Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS har konsernet Sparebanken Sogn og Fjordane sikra langsiktig finansiering til konkurransedyktige vilkår. Tenester som kundeoppfølging, forvaltning av lån, dagleg leiing og administrative tenester blir leverte av Sparebanken Sogn og Fjordane. Ved utgangen av juni 2014 hadde kredittføretaket 7.775 bustadlån på til saman 8.854 mill. kr. Alle lån i Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS har flytande rente. 28,6 % av utlånsvolumet er fleksilån. Gjennomsnittleg belåningsgrad (vekta etter saldo) er på 55,7 %, vekta gjennomsnittleg nedbetalingstid er på 16,2 år og vekta tid sidan låna vart oppretta er 3,0 år. Gjennomsnittleg lån pr. kunde er på 1,14 mill. kr. Veksten i utlånsmassen siste år er 368 mill. kr. Volumet av utferda obligasjonar med fortrinnsrett er på 7,2 mrd. kr. RATING OMF OMF-programmet til Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS vart i 3. kvartal 2011 tildelt long term rating Aaa av ratingbyrået Moody s. Status i dag er uendra. HOVUDTAL (Tala i parentes er pr. 30.06.13) Resultat etter skatt 59,1 mill. kr (41,9 mill. kr) Rentenetto 78,4 mill. kr (61,7 mill. kr) Provisjonsinntekter 0,6 mill. kr (0,5 mill. kr) Driftskostnader 3,6 mill. kr (3,0 mill. kr) Netto tap på finansielle instrument 0,2 mill. kr (1,3 mill. kr) Nedskriving på utlån 5,9 mill. kr (-0,4 mill. kr) Eigenkapitalavkastning etter skatt 16,4 % p.a. (18,7 %) Kapitaldekning 18,79 % (13,40 %) RESULTAT Resultat pr. 2. kvartal 2014 før skatt er på 81,0 mill. kr. Resultat etter skatt er på 59,2 mill. kr og gir ei eigenkapitalavkastning på 16,4 % p.a. Tilsvarande tal pr. 2. kvartal 2013 var eit resultat før skatt på 58,3 mill. kr, resultat etter skatt på 41,9 mill. kr, og ei eigenkapitalavkastning på 18,7 %. Resultat etter skatt i % av gjennomsnittleg forvaltningskapital er på 1,30 %, mot 1,00 % på same tid i fjor. NETTO RENTEINNTEKTER Netto renteinntekter er på 78,4 mill. kr. Rentenetto i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital utgjer 1,74 % pr. 30.06.14. Tilsvarande tal pr. 30.06.13 var 61,7 mill. kr og 1,46 %. Den positive utviklinga så langt i 2014 skuldast ein kombinasjon av gode marginar på utlåna og større utlånsmasse. DRIFTSKOSTNADER Drifskostnadene er på 3,6 mill. kr, mot 3,0 mill. kr på same tid i 2013. Dei største postane knyter seg til kjøp av tenester frå Sparebanken Sogn og Fjordane, kostnader i samband med utlegging av obligasjonar og kostnader med rating. Kostnadsprosenten er redusert, frå 5,0 % pr. 2. kvartal 2013 til 4,5 % pr. 2. kvartal 2014. NEDSKRIVING PÅ UTLÅN OG GARANTIAR Kredittføretaket nyttar Sparebanken Sogn og Fjordane sine retningslinjer for vurdering av nedskriving for tap på utlån. Selskapet har pr. 30.06.14 tre lån i misleghald over 90 dagar, og ingen konstaterte tap. Kredittrisikoen er låg og det er ikkje gjort individuelle nedskrivingar. Gruppenedskrivingane er estimerte med utgangspunkt i ein modell som tek omsyn til kvalitet, storleik og risikofordeling av utlånsporteføljen. Modellen som blir brukt er den same som blir brukt i Sparebanken Sogn og Fjordane. Pr. 2. kvartal 2014 er det tilbakeført 5,9 mill. kr knytt til gruppenedskrivingar. Denne inntektsføringa skuldast at modellen for gruppenedskrivingar er justert i 2014 slik at godt sikra bustadlån blir lågare vekta i berekninga av samla gruppenedskrivingar. BALANSEN Selskapet har ein forvaltningskapital på 9.355 mill. kr pr. 30.06.14. Forvaltningskapitalen har auka med 306 mill. kr dei siste 12 mnd. (3,4 %). Auken i forvaltningskapitalen skuldast i hovudsak vekst i utlån til kundar. UTLÅN TIL KUNDAR OG ANNA FYLLINGSSIKKERHEIT I tillegg til bustadlåna på 8.854 mill. kr, er det etablert anna fyllingssikkerheit med i alt 500 mill. kr. Samla sikringsmasse (justert) er 9.297 mill. kr, og er 29,1 % høgare enn volumet av utferda obligasjonar med fortrinnsrett. Omlag 50 % av utlånsporteføljen i Bustadkreditt Sogn og Fjordane er innanfor 60% av panteverdien. Risikoen i utlånsporteføljen blir vurdert som låg. Figuren under viser vekta belåningsgrad for låna som ligg i kredittføretaket. 4 Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS KVARTALSRAPPORT 2. KVARTAL 2014 (ikkje revidert)
Vekta belåningsgrad 45 40 35 30 25 21% 20 17% 40% EIGENKAPITAL OG KAPITALDEKNING Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS har pr. 30.06.14 ein eigenkapital på 735 mill. kr. Kapitaldekninga er på 18,79%. Tilsvarande tal for 2. kvartal 2013 var ein eigenkapital på 491 mill. kr og ein kapitaldekningsprosent på 13,40%. Den store endringa i eigenkapital skuldast i hovudsak at morbanken det siste året har kjøpt nye aksjar i selskapet for 300 mill. kr. Samla opptent resultat i perioden 2009 2013 er betalt ut i utbytte til morbanken siste år. Dette gjer auken i eigenkapital noko mindre enn aksjekjøpet frå morbanken skulle tilseie. 15 10 5 0 Den geografiske fordelinga av bustadporteføljen, ut frå kor hovudlåntakar er busett, ser slik ut: Landsdel Prosent Vestlandet 78,9 % Austlandet 18,9 % Midt-Norge 0,9 % Sørlandet 0,6 % Nord-Norge 0,6 % Utlandet 0,1 % Totalt 100,0 % Fylke Under 40% 5 største fylke i utlånsvolum Prosent Sogn og Fjordane 50,0 % Hordaland 24,9 % Oslo 9,2 % Akershus 6,4 % Rogaland 2,5 % Resten av landet 7,0 % Totalt 100,0 % Kommune 5 største kommunar i utlånsvolum Prosent Bergen 21,4 % Førde 15,5 % Flora 10,4 % Oslo 9,2 % Sogndal 3,6 % Resten av landet 39,9 % Totalt 100,0 % Andre opplysningar om låneporteføljen Lånestørrelse 12% 40 50% 50 60% 60 75% Fordeling utlånsvolum 10% over 75% Volum (mill. kr) 0 1 mill. 1.898 1 2 mill. 3.669 2 3 mill. 2.137 over 3 mill. 1.150 Totalt 8.854 Summen av utlånsvolum for dei 5 største låna er på 54,0 mill. kr. Kapitaldekninga blir rekna ut med utgangspunkt i målingar av kredittrisiko etter standardmetoden og operasjonell risiko etter basismetoden. LIKVIDITET Ved utgangen av 2. kvartal 2014 hadde Bustadkreditt Sogn og Fjordane bankinnskot i Sparebanken Sogn og Fjordane på 173,0 mill. kr og fyllingssikkerheit i form av plasseringar i eksterne OMFobligasjonar på til saman 327,1 mill. kr. I tillegg har selskapet sterke trekkrettar hos Sparebanken Sogn og Fjordane. Desse skal sikre at selskapet kan betale renter og avdrag til OMF-eigarane, at selskapet er i stand til å dekkje kundane sine opptrekk på etablerte fleksilån, at selskapet har mellomfinansiering ved overføring av lån frå morbanken til kredittføretaket og finansiering av nødvendig overdekning i sikringsmassen. RISIKO Med konsesjon som kredittføretak er Bustadkreditt Sogn og Fjordane underlagt lover, forskrifter og regelverk som set avgrensingar for risikoen selskapet kan vere eksponert for. Styret og dagleg leiar er ansvarlege for at det er etablert ei forsvarleg risikostyring, og at denne er tilstrekkeleg og i samsvar med lover og reglar. Bustadkreditt Sogn og Fjordane er utsett for kredittrisiko, operasjonell risiko, likviditetsrisiko og renterisiko. Styret legg vekt på at selskapet skal ha låg risiko. Det er utarbeidd rammer for risikoeksponeringa knytt til dei ulike risikotypane, og det er etablert system for måling, styring og kontroll av ulike risikotypar. Kredittrisiko Kredittrisiko er fare for tap som følgje av at kundane/ motparten ikkje har evne eller vilje til å oppfylle pliktene sine overfor BSF. Selskapet har i eigen kravspesifikasjon fastsett krav til lån som kan kjøpast frå morbank. Krava er strenge, og medfører at kredittrisikoen i utgangspunktet er låg. Krava spesifiserer lånetype, lånegrad, risikoklasse og type pant som må vere på plass for å kunne kjøpe låna. Ved utgangen av 2. kvartal 2014 er den gjennomsnittlege lånegraden i selskapet 55,7 %, målt i forhold til godkjend verdi på panteobjekta utarbeidd av Eiendsomsverdi AS. Styret vurderer kvaliteten på låneporteføljen som god og kredittrisikoen som låg. Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS KVARTALSRAPPORT 2. KVARTAL 2014 (ikkje revidert) 5
Marknadsrisiko Marknadsrisiko er risiko som oppstår som følgje av at føretaket har posisjonar i utlån og finansielle instrument og der verdiane over tid blir påverka av endringar i marknadsprisar. Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS har ikkje investert i aksjar og valuta, så all marknadsrisiko knyter seg difor til renterisiko. I risikorammene til BSF er det sett rammer for kor stor marknadsrisiko selskapet kan ta. Styret legg vekt på at selskapet skal ha låg marknadsrisiko. Likviditetsrisiko Likviditetsrisiko er risikoen for at føretaket ikkje klarer å oppfylle pliktene sine og/eller finansiere ein auke i eigedelane, utan at det oppstår vesentlege ekstrakostnader i form av prisfall på eigedelar som må realiserast, eller i form av ekstra dyr finansiering. Styret har vedteke at selskapet skal ha låg likviditetsrisiko. Dette blir mellom anna reflektert i krav til storleiken på likviditetsreserven. Kredittfasilitetane mot morbanken er også viktige for å redusere likviditetsrisikoen til selskapet. Operasjonell risiko Operasjonell risiko er definert som fare for tap som skuldast menneskelege feil, eksterne hendingar eller svikt og manglar i føretaket sine system, rutinar og prosessar. Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS har inngått ein avtale med Sparebanken Sogn og Fjordane som mellom anna omfattar levering av tenester knytt til kundehandtering, administrasjon, IT-drift, økonomi og risikostyring. På desse områda er det banken som må rette opp eventuelle feil som blir gjort og handtere den operasjonelle risikoen. Det er styret si vurdering at dette blir gjort på ein god måte. UTSIKTER FRAMOVER Selskapet kan vise til eit godt resultat så langt i 2014. Gjennom første halvdel av 2014 har bustadprisane auka, og er ved utgangen av 1. halvår på eit historisk høgt nivå. Optimismen ser ut til å vere tilbake i bustadmarknaden, og prognosane for det komande året er betre enn ved forrige kvartalsskifte. I kombinasjon med ein god utlånsvekst i morbanken legg dette grunnlag for vidare vekst i Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS. Auka bustadprisar vil også trekkje i retning av lågare lånegrad på låna i sikringsmassen. Det blir arbeidd aktivt med å leggje til rette for kjøp av ein større del av bustadlånsporteføljen til Sparebanken Sogn og Fjordane i framtida, og for å utferde fleire obligasjonar med fortrinnsrett. Dette er viktig for å halde oppe konkurransekrafta i bankkonsernet Sparebanken Sogn og Fjordane. Førde, 11.08.2014 Styret i Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS Frode Vasseth Styreleiar Peter Midthun Hallvard Klakegg Ingeborg Aase Fransson Harald Slettvoll Dagleg leiar 6 Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS KVARTALSRAPPORT 2. KVARTAL 2014 (ikkje revidert)
Resultat Note Renteinntekter 173 119 159 698 334 046 Rentekostnader 94 749 98 016 194 879 Netto renteinntekter 78 371 61 682 139 167 Provisjonsinntekter 563 461 973 Netto provisjonsinntekter 563 461 973 Netto tap/vinst på verdipapir 244 1 292 2 359 Sum andre driftsinntekter 244 1 292 2 359 Netto andre driftsinntekter 319 832 1 385 Sum driftsinntekter 78 689 60 851 137 781 Løn og andre personalkostnader 0 0 28 Administrasjonskostnader 560 256 1 194 Andre driftskostnader 3 004 2 794 5 256 Sum driftskostnader 3 564 3 050 6 477 Driftsresultat før nedskriving på utlån 75 125 57 801 131 304 Nedskriving på utlån 3, 4, 5 5 922 432 749 Resultat av ordinær drift 81 047 58 233 130 555 Skatt 21 883 16 305 36 584 Resultat for perioden 59 164 41 928 93 971 TOTALRESULTAT Resultat for perioden 59 164 41 928 93 971 Totalresultat 59 164 41 928 93 971 8 Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS KVARTALSRAPPORT 2. KVARTAL 2014 (ikkje revidert)
Balanse EIGEDELAR Note Utlån til og krav på kredittinstitusjonar 172 961 256 068 219 927 Brutto utlån til kundar 3, 4, 5 8 854 494 8 486 274 8 677 723 Individuelle nedskrivingar 0 0 283 Gruppenedskrivingar 9 091 13 832 14 730 Netto utlån til kundar 8 845 403 8 472 442 8 662 710 Finansielle eigedelar til verkeleg verdi over resultat: Sertifikat og obligasjonar med fast avkastning 327 098 310 174 310 091 Utsett skattefordel 777 575 777 Andre krav/opptente ikkje mottekne inntekter 8 832 9 573 9 064 Sum eigedelar 9 355 070 9 048 832 9 202 569 EIGENKAPITAL OG GJELD Innskoten eigenkapital Aksjekapital 675 000 375 000 375 000 Sum innskoten eigenkapital 675 000 375 000 375 000 Opptent eigenkapital Anna eigenkapital 7 60 019 115 583 94 755 Sum opptent eigenkapital 60 019 115 583 94 755 Sum eigenkapital 735 019 490 583 469 755 Gjeld Gjeld til kredittinstitusjonar 1 359 418 1 862 883 1 543 651 Annan finansiell gjeld: Utferda sertifikat og obligasjonar 6 7 201 350 6 660 139 7 134 039 Betalbar skatt 41 058 16 305 36 785 Påkomne kostnader 18 226 18 922 18 338 Sum gjeld 8 620 051 8 558 249 8 732 814 Sum eigenkapital og gjeld 9 355 070 9 048 832 9 202 569 Førde, 11.08.2014 Styret i Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS Frode Vasseth Styreleiar Peter Midthun Hallvard Klakegg Ingeborg Aase Fransson Harald Slettvoll Dagleg leiar Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS KVARTALSRAPPORT 2. KVARTAL 2014 (ikkje revidert) 9
Kontantstraumoppstilling Resultat før skatt 81 047 58 233 130 555 Nedskriving på utlån/garantiar 5 922 432 750 Betalt skatt 17 611 17 611 17 611 Andre ikkje kontanttransaksjonar 120 2 778 2 853 A) Netto likviditetsendring frå operasjonelle driftsaktivitetar 57 634 37 412 110 841 Reduksjon/auke i utlån til og krav på kundar 176 772 409 561 601 009 Reduksjon/auke i plassering i sertifikat og obligasjonar 17 007 28 54 B) Netto likviditetsendring frå investeringsaktivitetar 193 778 409 589 600 955 Auke/reduksjon i lån frå kredittinstitusjonar 184 233 337 054 17 822 Auke/reduksjon i verdipapirgjeld 67 311 164 279 638 179 Auke/reduksjon i innbetalt aksjekapital 300 000 0 0 Utbytte 93 900 0 72 871 C) Netto likviditetsendring i finansieringsaktivitetar 89 178 501 333 583 129 D) Netto endring likvidar i året (A+B+C) 46 967 129 156 93 015 Likviditetsbehaldning inngåande behaldning 219 927 126 912 126 912 Likviditetsbehaldning utgåande behaldning 172 961 256 068 219 927 Spesifikasjon av likviditetsbehaldning Innskot i andre finansinstitusjonar 172 961 256 068 219 927 Sum 172 961 256 068 219 927 10 Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS KVARTALSRAPPORT 2. KVARTAL 2014 (ikkje revidert)
Eigenkapitaloppstilling INNSKOTEN EIGENKAPITAL OPPTENT EIGENKAPITAL Sum innskoten Annan Sum annan Total Aksjekapital eigenkapital eigenkapital eigenkapital eigenkapital Inngåande eigenkapital 01.01.13 375 000 375 000 73 655 73 655 448 655 Utdelt utbytte 0 0 72 871 72 871 72 871 Resultat for perioden 0 0 93 971 93 971 93 971 Utgåande eigenkapital 31.12.13 375 000 375 000 94 755 94 755 469 755 Inngåande eigenkapital 01.01.14 375 000 375 000 94 755 94 755 469 755 Utdelt utbytte 0 0 93 900 93 900 93 900 Resultat for perioden 0 0 59 164 59 164 59 164 Eigenkapitaltransaksjonar Innbetalt ny aksjekapital 300 000 300 000 0 0 300 000 Utgåande eigenkapital 30.06.14 675 000 675 000 60 019 60 019 735 019 Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS KVARTALSRAPPORT 2. KVARTAL 2014 (ikkje revidert) 11
Notar til rekneskapen NOTE 1 REKNESKAPSPRINSIPP OG REKNESKAPSESTIMAT Rekneskapen for Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS er utarbeidd i samsvar med forenkla IFRS. Delårsrekneskapen er presentert i samsvar med IAS 34 «Delårsrapportering». Selskapet nyttar same rekneskapsprinsipp og utrekningsmetodar som pr. 31.12.2013. For meir informasjon om rekneskapsprinsipp og rekneskapsestimat viser vi til årsrapporten for 2013 for Bustadkreditt Sogn og Fjordane. Sjå: www.ssf.no Alle tal er oppgitt i tusen kroner, dersom ikkje anna er oppgitt. NOTE 2 SEGMENT Selskapet har i hovudsak eitt segment. Segmentet består av utlån til privatkundar og eit mindre volum av utlån til private næringsdrivande. Alle utlån er overført frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Selskapet driv ikkje verksemd utanfor Norge. Kundar med adresse i utlandet blir klassifisert som ein del av den norske verksemda. NOTE 3 NEDSKRIVING PÅ UTLÅN OG GARANTIAR Auke/reduksjon i individuell nedskriving -283 0 283 Auke/reduksjon i gruppenedskriving 5 639 432 466 Konstaterte tap i perioden dekt av tidlegare nedskriving 0 0 0 Konstaterte tap i perioden utan tidlegare individuell nedskriving 0 0 0 Inngang på tidlegare års konstaterte tap 0 0 0 = Tapskostnader for året 5 922 432 749 NOTE 4 TAPSAVSETNING PÅ UTLÅN OG GARANTIAR Individuell nedskriving ved starten av perioden 283 0 0 + Auke i individuell nedskriving på engasjement der det tidlegare er føreteke nedskriving 0 0 0 Tilbakeføring av individuell nedskriving frå tidlegare periodar 283 0 0 + Nedskriving på engasjement der det tidlegare ikkje er føreteke individuell nedskriving 0 0 283 Konstaterte tap i perioden der det tidlegare er føreteke individuell nedskriving 0 0 0 Individuell nedskriving ved slutten av perioden 0 0 283 Gruppenedskriving ved starten av perioden 14 730 14 264 14 264 + Periodens endring i gruppenedskriving 5 639 432 466 Gruppenedskriving ved slutten av perioden 9 091 13 832 14 730 Total nedskriving i slutten av perioden 9 091 13 832 15 013 NOTE 5 MISLEGHALDNE OG TAPSUTSETTE ENGASJEMENT Misleghaldne utlån Brutto misleghald over 90 dagar 4 923 2 776 2 776 individuell nedskriving 0 0 283 Netto misleghaldne utlån 4 923 2 776 2 493 Avsetningsgrad 0 % 0 % 10 % Andre tapsutsette engasjement 0 0 0 Tapsutsette engasjement (ikkje misleghaldne) 0 0 0 Individuelle nedskrivingar 0 0 0 Netto andre tapsutsette engasjement 0 0 0 Avsetningsgrad 0 % 0 % 0 % 12 Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS KVARTALSRAPPORT 2. KVARTAL 2014 (ikkje revidert)
NOTE 6 VERDIPAPIRGJELD (PÅLYDANDE VERDI) Sertifikat og andre kortsiktige låneopptak 0 0 0 Obligasjonsgjeld 7 200 000 6 662 000 7 132 500 Eigne ikkje amortiserte sertifikat/obligasjonar 0 0 0 Sum gjeld stifta ved utskriving av verdipapir 7 200 000 6 662 000 7 132 500 Løpetid Gjenståande løpetid (pålydande verdi) 2015 1 200 000 2 062 000 1 632 500 2016 1 700 000 1 700 000 1 700 000 2017 1 000 000 1 000 000 1 000 000 2018 1 800 000 1 300 000 1 800 000 2019 1 000 000 600 000 1 000 000 2020 500 000 0 0 Sum 7 200 000 6 662 000 7 132 500 Nye lån i 2014 500 000 Tilbakebetalingar i perioden 432 500 UTLØPS BOKFØRT ISIN NUMMER PÅLYDANDE RENTE MARGIN DATO 30.06.14 NO0010572290 700 000 3 MND. NIBOR 0,55 % 27.04.15 *) 699 355 NO0010630973 500 000 3 MND. NIBOR 0,70 % 07.12.15 499 300 NO0010593155 700 000 3 MND. NIBOR 0,58 % 10.03.16 696 730 NO0010625619 1 000 000 3 MND. NIBOR 0,55 % 28.06.16 997 271 NO0010637101 1 000 000 3 MND. NIBOR 0,72 % 17.02.17 1 001 300 NO0010660020 800 000 3 MND. NIBOR 0,55 % 18.04.18 800 080 NO0010673395 1 000 000 3 MND. NIBOR 0,48 % 20.09.18 1 000 480 NO0010665177 1 000 000 3 MND. NIBOR 0,58 % 13.08.19 1 003 836 NO0010710676 500 000 3 MND. NIBOR 0,36 % 15.06.20 499 500 Amortisering 3 498 Sum gjeld stifta ved utskriving av verdipapir 7 201 350 Tabellen viser ordinære forfall. *) Iflg. avtalevilkår kan utløpsdato forlengast med eitt år. Alle lån er i NOK Til inngåtte låneavtalar er det knytt standard lånevilkår. Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS KVARTALSRAPPORT 2. KVARTAL 2014 (ikkje revidert) 13
NOTE 7 KAPITALDEKNING Ansvarleg kapital Aksjekapital og overkurs 675 000 375 000 375 000 Annan eigenkapital 855 73 655 94 755 Andel delårsresultat 0 0 0 Eigenkapital 675 855 448 655 469 755 Annan kjernekapital 0 0 0 Frådrag: Utsett skattefordel 777 576 777 Netto kjernekapital 675 078 448 079 468 978 Rein kjernekapital 675 078 448 079 468 978 Netto tilleggskapital 0 0 0 Netto ansvarleg kapital 675 078 448 079 468 978 Minimumskrav ansvarleg kapital Kredittrisiko Herav: Institusjonar 2 767 4 097 3 519 Massemarknadsengasjement 17 339 15 044 27 154 Engasjement med pant i bustad 253 170 242 698 242 649 Forfalne engasjement 417 226 207 Obligasjonar med fortrinnsrett 2 617 807 805 Andre engasjement 40 18 191 Sum minimumskrav kredittrisiko 276 350 262 890 274 525 Operasjonell risiko 11 747 5 629 11 747 Frådrag: Gruppenedskrivning 727 1 107 1 178 Minimumskrav ansvarleg kapital 287 370 267 412 285 094 Overskot ansvarleg kapital 387 708 180 667 183 884 Kapitaldekning Kapitaldekningsprosent 18,79 % 13,40 % 13,16 % Kjernekapitaldekning 18,79 % 13,40 % 13,16 % Rein kjernekapitaldekning 18,79 % 13,40 % 13,16 % Kapitaldekninga er utrekna i samsvar med nye kapitalkravsforskrifter (Basel II). Standardmetoden er nytta for kredittrisiko og marknadsrisiko og basismetoden for operasjonell risiko. Basel II er inndelt i tre pilarar (områder). Pilar 1 omhandlar minstekravet til kapitaldekning og er ei vidareutvikling av tidlegare regelverk etter Basel I. Pilar 2 omhandlar institusjonen si vurdering av samla kapitalbehov og tilsynsmessig oppfølging (ICAAP), medan Pilar 3 omhandlar krav om offentleggjering av finansiell informasjon. 14 Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS KVARTALSRAPPORT 2. KVARTAL 2014 (ikkje revidert)
NOTE 8 TRANSAKSJONAR MED NÆRSTÅANDE PARTAR Transaksjonar med konsernselskap Renter motteke frå Sparebanken Sogn og Fjordane 2 106 1 570 3 286 Renter betalt til Sparebanken Sogn og Fjordane 13 597 16 384 32 572 Renter betalt til Sparebanken Sogn og Fjordane på OMF 3 489 14 558 24 928 Kjøpte tenester av Sparebanken Sogn og Fjordane 1 863 1 638 3 449 Innskot i Sparebanken Sogn og Fjordane 172 961 256 068 219 927 Gjeld til Sparebanken Sogn og Fjordane 1 359 418 1 862 883 1 543 651 OMF-gjeld til Sparebanken Sogn og Fjordane 50 115 1 062 117 632 968 Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS har ingen tilsette. Det er inngått avtale med Sparebanken Sogn og Fjordane om levering av tenester knytt til låneadministrasjon og drift av selskapet. Alle utlån som selskapet har, er overført frå Sparebanken Sogn og Fjordane og det er inngått avtale med banken om forvaltning av denne utlånsporteføljen. Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS påtek seg all risiko knytt til låna som er kjøpte frå morbanken. Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS har fått tilgang til sterke kredittfasilitetar hos Sparebanken Sogn og Fjordane. Desse skal sikre at selskapet kan betale renter og avdrag til OMF-eigarane, at selskapet er i stand til å dekkje lånekundane sine opptrekk på etablerte fleksilån, at selskapet har mellomfinansiering ved overføring av lån, og finansiering av nødvendig overdekning i sikkerheitsmassen. Nærare om kredittavtalane: Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS har fire kredittavtaler med Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF): a) Ein 3-årig kreditt som går til utløp i juni 2017. Kreditten skal brukast til kjøp av bustadlån frå SSF. Ramma på kreditten er 750 mill. kr. b) Ein kredittavtale som skal sikre at OMF-eigarane får oppgjer også i tilfelle der kredittføretaket ikkje klarer å gjere opp for seg. Ramma på avtalen pr. 30.06.14 er på 870 mill. kr. Pliktene til morbanken er knytt til oppgjer mot OMF-eigarane eitt år fram i tid. c) Ein kredittavtale som kan nyttast for å finansiere opptrekk på til ei kvar tid ubrukte fleksilånsrammer. Pr. 30.06.14 er ramma på avtalen 949 mill. kr. d) Ein kredittavtale knytt til overkollateralisering. Avtalen skal berre nyttast til kjøp av lån som inngår i sikringsmassen, og til kjøp av instrument som kvalifiserer som likviditetsreserve. Ramma pr. 30.06.14 er på 1.080 mill. kr, og er avhengig av OMF-volumet som til ei kvar tid er utferda. Alle avtalar er inngått etter prinsippet om armlengdes avstand. NOTE 9 FORPLIKTINGAR UTANOM BALANSEN Unytta kredittrammer 948 809 854 154 876 548 = Sum betinga forpliktingar 948 809 854 154 876 548 Unytta kredittrammer gjeld ledige rammer på innvilga fleksilån. Selskapet har ingen andre plikter utanom balansen. NOTE 10 FYLLINGSSIKKERHEIT Bankinnskot i morbank 172 961 256 068 219 927 Sertifikat med statsgaranti 0 209 324 209 416 Andre sertifikat og obligasjonar 327 098 100 850 100 675 Sum fyllingssikkerheit 500 059 566 242 530 018 Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS KVARTALSRAPPORT 2. KVARTAL 2014 (ikkje revidert) 15
ERKLÆRING FRÅ STYRET OG DAGLEG LEIAR Vi erklærer etter beste overtyding at kvartalsrekneskapen pr. 2. kvartal 2014 er utarbeidd i samsvar med gjeldande rekneskapsstandardar og at opplysningane i rekneskapen viser eit rett bilde av selskapet sine eigedelar, gjeld, finansielle stilling og resultat. Styret meiner at kvartalsrapporten gir ei rett oversikt over utviklinga, resultat og stillinga til selskapet, og ei vurdering av dei mest sentrale usikre forholda og risikofaktorane selskapet står overfor. Førde, 11.08.2014 Styret i Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS Frode Vasseth Styreleiar Peter Midthun Hallvard Klakegg Ingeborg Aase Fransson Harald Slettvoll Dagleg leiar 16 Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS KVARTALSRAPPORT 2. KVARTAL 2014 (ikkje revidert)
OPPLYSNINGAR OM SELSKAPET Adresse: Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS Langebruvegen 12 6800 Førde Telefon: 57 82 97 00 Føretaksnummer: 946 917 990 Leiing: Harald Slettvoll Dagleg leiar Styre: Frode Vasseth Hallvard Klakegg Ingeborg Aase Fransson Peter Midthun Styreleiar Styremedlem Styremedlem Styremedlem Kontaktperson: Harald Slettvoll, dagleg leiar, tlf. 57 82 97 52